KVAM HERAD NOTAT Til Jarle Sortevik Skulekontoret Dato: 17.01.2013 Frå Jarle Sortevik Vår ref: 13/66-2/N-212.0//JASO Forslag til felles forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam Forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Kvam herad Kapittel 1 Innleiing 1.1 Heimel Heimel for ordensreglementet finn me i opplæringslova frå 1998 i 2 9, der det står at kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskule. 1.2 Innhald og verkeområde Ordensreglementet gjeld alle grunnskulane, skulefritidsordninga og vaksenopplæringa og kulturskulen så langt det passar. Ved vaksenopplæringa gjeld dette dei elevane som får opplæring på grunnskulen sitt område. Reglementet inneheld reglar for orden og åtferd, reglar for kva tiltak som skal nyttast ved brot på reglementet (refsingstiltak og sanksjonar) og reglar for framgangsmåten når slike saker skal handsamast (sakshandsamingsreglar). Skulane har ansvar for elevane i undervisning, friminutt, arrangement, ekskursjonar m.m. der skulane har tilsyn og ansvar for elevane. Reglementet gjeld i alle typer undervisningslokale, fellesrom og uteareal, på skulevegen og når elevane har undervisning på leirskule og studieturar. 1.3 Skulane sine eigne ordensreglement I tillegg til eit felles ordensreglement for Kvam herad skal den enkelte skulen utarbeida sitt eige regelverk for trivsel, orden og åtferd. Skulane sine ordensreglar skal ta utgangspunkt i
dei lokale tilhøva ved skulen og skal innehalda reglar og rutinar som ivaretek elevane sitt psykososiale skulemiljø. Rektor vedtek dei lokale ordensreglane etter høyring i alle rådsorgana ved skulen. Ved ein eventuell motstrid vil opplæringslova og Kvam herad sitt ordensreglement gjelda framfor det lokale reglementet på skulane. Kapittel 2 Formål, rettar og plikter for elevane 2.1 Formål Kvam herad sine skular skal vera prega av eit konstruktivt samarbeid mellom elevar, føresette og dei tilsette. Det er viktig at elevane lærer å sjå seg sjølve som medansvarlege for eit godt fellessskap der alle syner respekt og toleranse for kvarandre. Ordensreglementet er eit verkemiddel for å nå denne målsetjinga. Reglementet tek utgangspunkt i at skulen er til for elevane og at elevane ynskjer å bruka sine positive ressursar så me når målsetjinga om eit godt skulesamfunn. Elevane har både rettar og plikter. 2.2 Rettar Elevane har krav på: - eit godt lærings- og skulemiljø - arbeidsro i timane - å verta handsama med omtanke og på ein skikkeleg måte - å ikkje verta utsett for krenkjande ord, handlingar eller mobbing - at dei tilsette grip inn og reagerer mot mobbing 2.3 Plikter Eleven har plikt til å: - arbeida for eit godt lærings- og skulemiljø - handsama andre på ein skikkeleg måte - visa andre respekt og ikkje øydeleggja noko på skulen eller for andre - ikkje utsetta andre for krenkjande ord, handlingar eller mobbing Kapittel 3 Reglar, sanksjonar og refsingstiltak 3.1 Reglar for orden og åtferd Skulen er ein stad for læring og er arbeidsplass for mange menneske, både barn, unge og vaksne. Alle har ansvar for at det vert eit godt arbeidsmiljø både for elevane og dei tilsette. Elevane skal følgja dei vanlege reglane i samfunnet, alminneleg god folkeskikk: - visa omtanke og respekt for andre - halda arbeidsro i timane og visa respekt for undervisninga - møta presis til timar og andre avtalar - gjera skulearbeidet til rett tid
- ha med nødvendige bøker og utstyr - ta godt vare på alt som høyrer skulen til, både ute og inne, og stella fint med skulebøker, IKT-utstyr og anna undervisningsmateriell - ta godt vare på personlege ting og unngå å ta med verdisaker på skulen Dette er ikkje tillate: - banning, slåsting og å øydeleggja for andre i leiken - krenkjande ord og handlingar knytta til kjønn, religion, seksuell legning eller nasjonalitet - alle former for mobbing og plaging - å bruka mobiltelefon, ipod og liknande i timane - å ta bilete av andre utan løyve - å ha med våpen eller andre farlege gjenstandar - oppføra seg på ein måte som set andre sine liv og helse i fare - bruka eller ha med seg energidrikk med høgt innhald av koffein - å bruka, ha med eller omsetja rusmiddel. Dette gjeld tobakk, snus/skrå, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel - å forlata skulen sitt område utan løyve - fusk eller førsøk på fusk ved prøver eller eksamen 3.2 På skulevegen Ordensreglementet gjeld også på vegen til og frå skulen, og kan difor ha reglar som er meint å førebyggja skader og uhell på skulevegen. Den enkelte skulen kan vedta lokale reglar for bruk av sykkel, rullebrett og liknande. 3.3 Vurdering i orden og åtferd Kontaktlæraren skal frå 1. steget av gi ei halvårleg vurdering av orden og åtferda til eleven. Denne vurderinga skal gjerast i samband med den halvårlege foreldresamtalen jf 3-15 og 20-3 i forskrift til opplæringslova. Frå 8. steget skal eleven ha karakterar i orden og åtferd. Karakteren vert knytt til i kva grad eleven si framferd er i samsvar med ordensreglementet for grunnskulen i Kvam og på den enkelte skulen. Nedsett karakter i orden og åtferd skal er ikkje ein straffereaksjon, karakteren må settast ut frå ei samla vurdering. Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd og korleis arbeidsvanar og arbeidsinnsats er. Til dømes om eleven møter presis, følgjer opp arbeid som skal gjerast og har med nødvendige læremiddel og utstyr. Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven er mot medelevar og tilsette i og utanom opplæringa: Eleven må visa omsyn og respekt for andre. 3.4 Sanksjonar og refsingstiltak ved brot på ordensreglementet Refsingstiltak etter opplæringslova er tiltak primært for å straffa ein elev medan sanksjonar er tiltak som har grunnlag i ordens- og undervisningstilhøve. Ein sanksjon kan vera at to elevar ikkje lenger får sitja ved sida av kvarandre på grunn av for mykje uro. Tiltaket kan opplevast som straff, men vert ilagd fordi det forstyrrar undervisninga. Tiltak som har grunnlag i
ordens- og undervisningstilhøve treng ikkje å stå i ordensreglementet medan alle refsingstiltaka må vera nemnde. Alle sanksjonane og refsingstiltaka skal vera slik at elevane kan forstå kva for reglar som er brotne og kvifor skulen reagerer på dette. Tiltaka skal stå i rimeleg forhold til brotet på ordensreglementet. Før refsingstiltaka vert sette i verk, har eleven rett til å få forklara seg til den som skal fatta vedtaket. Det er berre dei elevane som er skuldige i regelbrotet som kan straffast. Kollektiv avstraffing er ikkje tillate. Fysisk avstraffing kan ikkje nyttast, men fysisk arbeid for å ordna opp i det som er øydelagt f.eks. rydding, vasking og reparasjon er tillate. Elevane pliktar å retta seg etter ilagde refsingstiltak eller sanksjonar. Brot på reglane som følgjer av lov eller reglement, kan føra til refsingstiltak eller sanksjonar etter reglane i dette kapitlet. 3.4.1 Tiltak ved brot på ordensreglementet Brot på reglane kan medføra følgjande tiltak etter kor alvorleg brotet er: - munnleg åtvaring frå tilsette til eleven - skriftleg åtvaring frå lærar eller rektor til eleven - munnleg eller skriftleg melding til foreldre/føresette - inndraging av mobiltelefon, ipod og liknande - sitja att på skulen - pålegg om oppgåver for å retta opp skade/hærverk på eigedom eller eigedelar - møta på skulen før eller etter skuletid for samtale/utføring av pålagde oppgåver - utestenging frå spesielle arrangement - nedsett karakter i orden og/eller åtferd - inndraging av våpen og farlege gjenstandar - inndraging av rusmiddel - inndraging av gjenstandar brukt på ein farleg, krenkjande eller provoserande måte - bortvising - individuelt undervisningsopplegg - mellombels eller permanent flytting til anna klasse/gruppe - overføring til anna skule - erstatningsansvar etter skadeerstatningslova - melding til politiet ved tilhøve som er straffbare 3.4.2 Bortvising etter 2-10 i opplæringslova Ved bruk av vald og/eller trugsmål, særleg provoserande åtferd eller andre grove brot på ordensreglementet, kan elevar på 8. 10. steget verta: - vist bort frå klassen/gruppa for resten av timen/arbeidsøkta - vist bort frå klassen/gruppa for resten av dagen - vist bort frå skulen i inntil 3 dagar Elevar på 1. 7. steget kan verta: - vist bort frå klassen/gruppa for resten av timen/arbeidsøkta - vist bort frå klassen/gruppa for resten av dagen
Rektor sjølv tek avgjerd om bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven og høyrt på eleven si forklaring. Foreldra til elevar på 1. 7. steget skal varslast før det vert sett i verk bortvising for resten av dagen så dei kan få høve til å ta seg av eleven. Rektor kan delegera avgjerdsmynde til lærarar for bortvising frå eiga undervisningsøkt for inntil 2 klokketimar. Ein lærar kan visa ein elev bort frå undervisninga, men ikkje frå skulen. Ei avgjerd om bortvising for ein eller fleire dagar frå skulen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova sin 2 og i slike høve må foreldra varslast før vedtaket vert gjort. Dei andre refsingstiltaka i punkt 3.4.2 er normalt ikkje enkeltvedtak. 3.4.3 Flytting av elev til anna skule, 8-1, tredje leddet i opplæringslova Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein anna skule enn nærskulen utan at føresette samtykkjer. Før det vert gjort vedtak om flytting, skal ein ha prøvd andre tiltak. Flyttinga er eit enkeltvedtak, rådmannen gjer vedtaket. Flytting til anna klasse på same skulen kan også vera eit aktuelt tiltak. 3.5 Meir om konkrete regelbrot og sanksjonar 3.5.1 Ugyldig eller ulovleg fråvær Elevane har plikt til å møta presis til undervisninga og delta på den undervisninga som vert gitt. Dersom eleven kjem for seint fleire gonger eller er ulovleg borte frå skulen, skal skulen ta kontakt med heimen for å få greie på årsaka. Dei tiltaka som vert sette i verk, må ein sjå i samanheng med årsaka og kor ofte det førekjem. Føresette må få informasjon om ansvaret for at eleven møter på skulen. Føresette kan straffast med bøter dersom dei er skuld i mykje ulovleg fråvær. 3.5.2 Reaksjonsmåtar ved fusk Fusk eller forsøk på fusk er brot på ordensreglementet og kan få konsekvensar for vurderinga/karakteren i åtferd. Har eleven fuska i ein prøvesituasjon, vil prøva verta annulert. Bruk av hjelpemiddel som ikkje er tillatne eller kommunikasjon med andre i ein prøvesituasjon vert rekna som fusk. Det same gjeld for kopiering og plagiering av andre sitt arbeid som vert innlevert som eige produkt. Ved fusk eller forsøk på fusk til eksamen er det eigne reglar i 3-37 i forskrifta til opplæringslova. 3.5.3 Mobbing og valdeleg åtferd Vald og trugsmål om vald skal ikkje aksepterast i skulen i Kvam. Mobbing er fysiske og psykiske angrep over tid retta mot ein eller fleire elevar eller tilsette og må reknast som vald. Den enkelte skulen skal ha eit handlingsprogram som tek føre seg elevane sitt psykososiale miljø etter kapittel 9a-3 i opplæringslova.
Dersom nokon som er tilsett ved skulen får kunnskap eller mistanke om at ein elev vert utsett for krenkjande ord og handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkja saka og varsla skoleleiinga, og dersom det er mogleg eller nødvendig sjølv gripa direkte inn. Dersom ein elev eller føresett ber om tiltak mot slike handlingar som her er nemnde, skal skulen snarast handsama saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Elevar som brukar vald eller kjem med trugsmål om vald kan visast bort frå undervisninga etter reglane i punkt 3.4.2 og kan også verta flytta til anna skule etter reglane i punkt 3.4.3. Skulen skal ta kontakt med føresette til elevar som mobbar og føresette til dei som vert mobba. Sjå også punkt 3.5.6. 3.5.4 Mobiltelefon og anna elektronisk utstyr Mobiltelefonar, ipod, kamera og anna elektronisk utstyr som forstyrrar undervisninga eller vert brukt til mobbing skal takast frå elevane i skuletida. Ved brot på skulen sine IKT reglar kan eleven missa retten til å bruka skulen sitt IKT-utstyr i samsvar med skulen sitt ordensreglement. Den enkelte skulen vedtek meir detaljerte reglar for bruk av internett og elektronisk utstyr som er nemnt i dette punktet. 3.5.5 Erstatningsansvar etter skadeerstatningslova Ved forsetteleg eller aktlaus skade eller skadeverk på skulen sin eigedom og utstyr kan eleven også verta erstatningsansvarleg etter skadeerstatningslova 1-1. Det same gjeld ved øydelegging av bøker og anna utstyr. Skulen skal også reagera dersom elevar øydelegg eigedelar til elevar eller tilsette. Foreldre/føresette er erstatningsansvarlege etter skadeerstatningslova 1-2. 3.5.6 Tilhøve som kan føra til straffeansvar Dersom det er grunnlag for mistanke om handlingar som kan føra til straffeansvar skal skulen be om hjelp frå politiet til å gjennomføra kontroll eller andre tiltak. Alle slike tilhøve bør meldast til politiet uavhengig om det gjeld ein elev eller ein tilsett. Rådmannen tek avgjerd. Dette gjeld tilhøve som tjuveri, skadeverk, brannstifting, grov vald, grove trugsmål, tvang, narkotika, rasistiske utsegner og handlingar, seksuell trakassering, sjikane på grunn av religion eller livssyn ol. Rektor vurderer kor alvorleg den straffbare handlinga er, og kan i første omgang be politiet om å snakka med eleven og dei føresette utan at det vert meldt. Eleven sine føresette skal om mogleg få varsel munnleg samstundes som politiet vert kontakta. Føresette skal i alle tilfelle få skriftleg varsel om at politiet er kontakta.
3.5.7 Våpen og andre farlege gjenstandar På skulen sitt område er det ikkje lov å ta med seg våpen eller farlege gjenstandar som kan skada andre. Farlege gjenstandar vil verta tatt frå elevane og vil verta leverte til føresette. Ulovlege gjenstandar kan verta leverte til politiet. Rektor kan gjera unntak frå regelen i samband med spesielle undervisningsopplegg, Det må gjerast ei konkret vurdering av tryggleiken ved slike høve. 3.5.8 Rusmiddel og andre skadelege stoff Det er forbode å vera rusa, bruka, omsetja eller ha med seg tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre typar rusmiddel på skulen. Skulen kan ta frå elevane rusmiddel. Tobakk, snus alkohol og liknande vil verta leverte til føresette. Ulovlege rusmiddel vil verta leverte til politiet. Energidrikk med høgt innhald av koffein kan vera skadeleg for undom og er difor heller ikkje tilate brukt på skulen. Den enkelte skulen vedtek eigne reglar for bruk av søtsaker og sukkerhaldig drikke. 3.5.9 Kontroll Har ein mistanke om at ein elev har med farlege gjenstandar eller rusmiddel kan skulen si leiing undersøkja i garderobeskap og bokskap som eleven disponerer. Ved slike høve kan også skulen si leiing be eleven sine føresette om løyve til å gjera ein utvendig kontroll av eleven sine eigedelar som lommer på klede, sekkar eller baggar. Er det praktisk mogleg skal eleven sine føresette få høve til å vera til stades under denne kontrollen. Let ikkje dette seg gjennomføra og saka er alvorleg tek skulen kontakt med politiet. Kapittel 4 Sakshandsaming Handsaming av brot på ordensreglementet følgjer i hovudsak reglane i opplæringslova 2-9, fjerde leddet og 2-10, andre leddet. Ved enkeltvedtak gjeld sakshandsamingsreglane i forvaltningslova, kapittel III-IV. Bortvising av ein elev i ein eller fleire dagar krev enkeltvedtak. Andre sanksjonar og refsingstiltak er normalt ikkje enkeltvedtak. I saker som gjeld krenkjande ord og handlingar som mobbing, diskriminering vald eller rasisme følgjer ein reglane i 9a-3. Generelle sakshandsamingsreglar: Skulen pliktar å syta for at saka vert så godt opplyst som råd, og at avgjerda vert teken på eit grunnlag som er forsvarleg etter kva saka gjeld. Før alle typar alvorlege refsingstiltak vert vedtekne, har eleven krav på å få forklara seg til den som skal gjera vedtaket. Vedtaket skal ha ei grunngjeving.
Grunngjevinga vert gitt samtidig med informasjonen om avgjerda til eleven med mindre særskilde tilhøve gjer dette vanskeleg. Grunngjevinga kan vera munnleg, men ved alvorlege brot bør grunngjevinga vera skriftleg. Føresette skal få informasjon om kva saka gjeld og om avgjerda som skulen har tatt. Ved alvorlege brot bør føresette varslast også før vedtaket vert gjort. Kapittel 5 Iverksetjing Denne forskrifta om felles ordensreglement for grunnskulane i Kvam vert sett i verk frå 01.08. 2013. Forskrifta skal gjerast kjend for elevar, føresette og tilsette kvart år ved starten av skuleåret. Dette er den enkelte skulen sitt ansvar. Ordensreglementet vil verta endra i samsvar med endringane som kjem i lovene og forskriftene som gjeld for grunnskulen. Ordensreglementet skal liggja ute på kommunen si heimeside.