NormisjonsNYTT. Livet tok ei ny vending. Region Hordaland. Lyst til å være med på Soul Children i Bergen? Vi sponser nye brønner i Mali:



Like dokumenter
EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

6. trinn. Veke 24 Navn:

Til deg som bur i fosterheim år

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Månadsbrev for ROSA mars 2015

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Strategidokument

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Månadsplan for Hare November

Brødsbrytelsen - Nattverden

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Informasjon til elevane

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

Jon Fosse. For seint. Libretto

Psykologisk førstehjelp i skulen

S.f.faste Joh Familiemesse

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MEDLEMSINFO. august 2009

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

NormisjonsNYTT. Med hjerte for Ecuador. Region Hordaland. Vi sponser nye brønner i Mali: Regionblad for Normisjon Nr. 3 juli/august 2009 årgang 6

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

«Ny Giv» med gjetarhund

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Psykologisk førstehjelp i skulen

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Velkomen som konfirmant!

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

bli i stand til å fatte bredden og lengden, høyden og dybden, Preken i Stavanger domkirke onsdag 3.oktober 2018

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Månedsbrev april 2015

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Transkript:

Region Hordaland Foto: Stockbyte NormisjonsNYTT Regionblad for Normisjon Nr. 6 desember 2008/januar 2009 årgang 5 Livet tok ei ny vending Då Jørgen Augestad hadde passert 50 år merka han og dei næraste at noko var i ferd med å skje. Livet gjekk ikkje heilt som før. Jørgen skulle stått i klasseromet inne i Bergen i dag og undervist, men den snikande sjukdomen har stoppa 58-åringen til det. Gode minnene og rike opplevingar kan likevel ingen røva frå han. Og så er han inderleg glad over å ha ei omsorgsfull kone og ein god familie som støttar han. Vi set i heimen til Solfrid og Jørgen Augestad, Kråkestølen, på Follese. Den låge haustsola laga ein gylden brunfarge over det vidsynte landskapet og skipsleia til Bergen. Tørvikbygd og Solund Jørgen Augestad har alltid vore glad i livet, og spesielt var han interessert i historie og språk. Både faren og bestefaren var båtbyggjarar i Hardanger. I ei særoppgåve som har gått inn i bygdesoga, skreiv Jørgen om «Grindfossen» i Tørvikbygd, eit fossefall som vart utnytta til sagbruk og materialer i båtbygginga. Han sveik aldri hardingamålet og den bygdekulturen han var ein del av. Det var på bedehuset heime i Tørvikbygd han også fekk rotfesta si kristne tru. Då Jørgen var ferdig med gymnaset i Øystese, reiste studenten til Solund i Ytre Sogn som lærarvikar og budde i skulehuset slik det var vanleg på den tida. Dette var eit fint år. Eg likte å undevisa, og her kunne eg gå ut og inn hjå folk som eg ville, minnest Jørgen. Fleire gonger under intervjuet må han få hjelp av Solfrid til å rydda opp i hukommelsen. Jørgen Augestad. Samfunnsengasjert lærar Så vart det studier i engelsk og kristendom ved Universitetet i Bergen, pluss eit studieopphald seinare i England i mediefag. For han vart det naturleg å vera med i Bergen Kristelige Landsungdomslag på fritida. Laget var svært aktiv med turar og samlingar, og her møtte han Solfrid som han seinare skulle dela livet med. På 70-talet var det vanskeleg for ein som var utdanna frå Universitetet utan lærarskule å få jobb i den vanlege skulen. Men som eit under opna det seg ein stilling på Danielsens Skoler i Bergen som han gjekk rett inn i. Det var midt i blinken, for her fekk han utvikla sine fagkunnskaper og kontakten med ungdom. Han vart studieinspektør og var med på å utvikla eit samarbeid for eit studieopplegg i USA der elevane fekk høve til å ta eit år der borte som ledd i den vidaregåande skulen. Familien busette seg på Follese og overtok småbruket der Solfrid hadde vakse opp. Dette var midt i blinken for Jørgen som tidleg hadde bestemt seg for enten å bli gartnar eller lærar. No fekk han oppfylt begge deler. >>> Fortsettelse side 9 Foto: Gerhard Vik Foto: Fredrik Arff Lyst til å være med på Soul Children i Bergen? Er du klar for sang, musikk, bevegelser, fellesskap og kreativitet og er mellom 10 og 15? Ta kontakt med Ingrid for spørsmål og påmelding på e-post: vikingrid@hotmail.com Det er ingen opptaksprøver. Vi sponser nye brønner i Mali: Tømrer Oddbjørn Angelskår Byggmester Bjarte Monstad Tømrer Astor Angelskår Monstad & Angelskår Bygg A/S

Kristen tru berre ei privatsak? Harald Fylling menighetsprest i Fjell og sitter i regionstyret Ansvarlig redaktør: Region Hordaland Regionskontor Øvre Korskirkealm. 5 5017 BERGEN tlf. 55 21 40 90 faks 55 21 40 91 e-post: region.hordaland@normisjon.no Ekspedisjonstid: tirsdag fredag kl 09.00 14.30 mandag stengt Gavekonto regionen: bankgironummer. 3625 07 70825 Gavekonto Oslo: (godskrives regionen) Normisjon, Postboks 7153 St.Olavs plass 0130 OSLO Bankgiro nr. 3000 14 74 207 Regionleder Bjørn Malvin Hisdal tlf. 55 21 40 92 Regionstyreformann: Asbjørn Risa Slettenv. 148 5258 BLOMSTERDALEN tlf. 55 22 69 93 Administrasjonsleder Aud Else Vesetvik tlf. 55 21 40 90 ACTA-leder Liv-Helga Fure tlf. 55 21 40 95 Barne- og familiearbeider Ingrid Vik tlf. 55 21 40 95 I landet vårt er det opplest og vedtatt at tru er ei privatsak. Ingen treng vel bry seg om kva andre trur? Og trua skal i alle fall ikkje tvingast på nokon! Sjølv ein prest må respektera det. Og likevel sa Meisteren noko om å fortelja det vidare, ein tanke som for mange verkar heilt avleggs. Kven har vel rett til å diktera andre kva dei skal tenkja og tru? Sjølvsagt ingen! I Normisjon har vi tenkt annleis om dette. Det handlar verken om å tvinga eller diktera nokon, men det handlar om å dela. Den kristne trua skal delast. Det blir ikkje rett å halda Guds kjærleik for seg sjølv. Fleire må få del i det. No kan det vera lett å «flagga» misjonen si store sak på bedehuset og på julemessa i Normisjon. Men det er ikkje alltid like lett å stå for det vi trur på i møte med kollegaer, vener og naboar som ikkje har del i trua. Altfor ofte har vi vore feige og ikkje brukt sjansane vi fekk. Så er ikkje vegen lang til å bli mismodig og i praksis har kanskje mange mist trua på at naboen kan bli ein kristen. Kristendom taper terreng i folket vårt, og politikarane vedtar «ukristelege lover». Korleis skal dette enda? Paulus brukar eit par uttrykk i 2. Korintarbrevet som kan hjelpa oss til å forandra fokus. Vi er Kristi gode ange (2. Kor 2,15) og Kristi brev (kap. 3,3). For apostelen var det aldri snakk om at trua kunne vera ei privatsak. Tvert imot! Livet til ein kristen skal spreia ei god duft ifrå den Gud som vi trur på. Desse to uttrykka frå Paulus viser oss at vitneansvaret vårt ikkje berre handlar om ord. Ein kristen sitt liv fungerer som eit ope brev lest og kjent av alle Kristi brev. Dette gjeld både i ord og gjerning. Det kan handla om å vera ein god nabo, om å ta venleg imot tilflyttarar til nabolaget, gje praktisk hjelp til dei som bur rundt oss, ta tid til ein prat med menneske vi møter ja, rett og slett vera eit godt medmenneske. På den måten kan vi skapa gode sirklar rundt oss som kan byggja ned terskelen til tru. Snakk gjerne saman i bibelgruppa di eller i den forsamlinga du høyrer til om korleis vi kan hjelpa våre medmenneske til å koma nærare Gud. Fellesskapsutvikler og misjonsarbeider tlf. 55 21 40 94 Misjonsarbeider Sunnhordland Jo Kjetil Løsnesløkken Norkirken Bergen tlf. 55 21 40 90 e-post: post@norkirken.no www.norkirken.no Bankgironummer 3000 16 23903 Norkirken Nordhordland tlf. 56 17 78 35 e-post: arve@voiceinvest.no Bankgironummer 3632 50 83195 Julehelsing Som tilsette i regionen vil vi gjerne ynskja alle våre lesarar ei Velsigna Julehøgtid! Det har vore mange ulike kontaktpunkt også dette året, og vi gler oss over og blir inspirert av alle frivillige som står på i teneste for misjonen på ulike måtar. Hjarteleg takk til dykk alle! NormisjonsN Y T T Nr 6/2008 Årgang 5 FELLESSTOFF FRA ORGANISASJONEN Ansvarlig redaktør Leif Gunnar Vik, tlf. 948 10 746 e-post: leif.gunnar.vik@normisjon.no Grafisk formgiver Torunn Hvale Trykkeri: Haugesund Bok & Offset AS Opplag 1800 Utkommer med seks nummer i året. Frist for stoff til neste nummer: 30. januar 2009 Bjørn Malvin Hisdal Aud Else Vesetvik Liv-Helga Fure Ingrid Vik Camilla Ormevik Jo Kjetil Løsnesløkken John Birger Wold (i Sunnhordland) 2 Reдionblaд Hordaland 2008

Som å koma heim Sylvia og Berge Toppe har i haust vore i teneste for Normisjon i Ecuador. Det er no deira fjerde korttidsopphold i landet der de var utsende som misjonærar i perioden 1969-79 og 1987-89. Hovedoppgåva vår har vore undervisning og opplæring for leiarane i indianarkyrkja. I november avslutta vi eit truslærekurs basert på «Jeg vet på hvem jeg tror». Vi prøver dessutan å ha god kontakt med ein del av dei som budde på eit skuleinternat samen med oss for ca. 30 år sidan. Ein del av dei er med i lutherske og andre evangeliske kyrkjer her i landet, medan andre har vorte meir passive enn tidlegare. Korleis har det vore å kome tilbake til gamle traktar? Dette er fjerde turen på mindre enn to år. Vi kjenner difor tilhøva no, og er alltid spente på korleis alt har utvikla seg sidan sist vi var her. Å koma til Ecuador er som å koma heim. Vi har mange gode vener her, og ofte møter vi att menneske vi ikkje har møtt på 20-30 år. Vi har difor mange sterke opplevingar, og kvardagane er sjeldan gråe. Har de nokre hjartesakar? Vi har sett at indianarkyrkja slit på fleire plan. Dei treng den støtta dei kan få frå Normisjon, og dei ynskjer denne støtta. Vi har sett det som svært viktig at det vert plassert misjonærar i opplæringsarbeidet, og no ser vi med glede at ekteparet Ølstørn kjem inn i arbeidet litt over nyttår. Blir det nye korttidsopphald til neste år? Det veit vi ikkje sikkert. Det er mellom anna avhengig av misjonen sin økonomi. Men vi ynskjer ein tur til Ecuador for å ta Ølstørns med i møte med ein del sentrale leiarar i indianarkyrkja. Vi trur at det er viktig å overføra vårt kjennskap og vennskap til desse leiarane til dei misjonærane som skal føra arbeidet vidare. Kva utfordringar ser de i arbeidet? Det vert ei viktig oppgåve for dei nye misjonærane, saman med IBLE (bibelinstituttet), å samarbeide med leiinga i indianarkyrkja, slik at ein del unge leiarar får mykje større framdrift enn no i sine teologiske studier, slik at leiarskapet i kyrkja kan fornyast. Kva er viktig å be for? Det er ein del synd og personlege motsetningar i indianarkyrkja, slik som i alle kyrkjer. Men i indianarkyrkja ser vi at dette hindrar vekst både åndeleg og i antall medlemmer. Be om at ein del av desse problema må verte løyste. Misjonsarbeidet tek ikkje slutt så lenge verda står. Vi vil bringa frelsesbodskapen til menneska. Og det er fantastiske menneske vi treff. Eg veit ikkje om nokon som har besøkt Ecuador utan å verte glad i land og folk. Vi har hatt ein del besøk av norske denne hausten. Kanskje fleire burde unna seg den luksusen å verte kjende med eit land der Normisjon har arbeid. Eg trur ikkje at inntektene til misjonen vil gå ned av den grunn. Hjemme hos Delfina Zaruma, der menigheten Nuevo Mandamiento var samlet for anledningen. De fleste er quichuatalende og bor litt utenfor Cuenca. Foto: Gunnleik Seierstad regionnytt Nytt fra Oussoubidiagna I oktober forlot kone og barn i Norge for å fortsettje arbeidet i Mali. Det er litt rart å være her uten familien, men John Kåre treng litt tid til vaksiner og å vokse før dei andre kan reise. Og ennå har vi ikkje full likestilling i Norge, så min permisjon tok fort slutt! Men det høres ut som familien har det godt hjå bestemor og bestefar på Dokka, og det går jo fint med meg som grasenkemann. Oussoubidiagna og Goundara Eg har vert i Oussoubidiagna og satt igang muringa på oversettjarbygget og besøkt Goundara for å kondolera hjå ei av dei kristne som mista si unge datter i barsel. Det er alltid vondt når nokon døyr, men ekstra vondt når det er unge mennesker med livet foran seg. Ras av problem Denne gangen var det eit ras av problem som møtte meg i Oussou. Fleire kjøleskap (som går på gass) hadde takka for seg, komfyren til Karen Ekern brant opp, vannkranen på kjøkkenet mitt var gått i stykker, bakakslingen på pickuppen til prosjektet til Karen var knekt, og fleire foringar på den kvite misjonsbilen vår (giraffen) var utslitt slik at den vibrerte fælt på rattet. Så eg har litt å henge fingrane i ei stund frammover. Samling i Bamako Onsdag 5. november var alle misjonerane samlet i Bamako til oppbyggjing og samtale rundt arbeidet i Bafoulabe. Be gjerne for det og alle dei praktiske utfordringane eg har. Be også at familien i Norge får vere friske. Jan Sanden Reдionblaд Hordaland 2008 3

REGIONNYTT Ett fellesskap - Mange muligheter! Arrangerer Barnas dag Midt i den hektiske førjulstiden velger Norkirken Nordhordland å gjøre noe til glede og hjelp for andre. Foto: Privat Fra og med 30. november samles alle i Norkirken Bergen til ett gudstjenestefellesskap klokken 17:00, og bytter møteplass fra Terminus Hall til Møllendalsbakken 6 M6. Hotelloppholdet vårt er over. Vi flytter til et annet og billigere sted, for vi har ikke økonomi til å være i Terminus Hall. Å finne egnede lokaler som er ledig både formiddag og kveld har ikke lyktes. De gode nyhetene er at det finnes menighetslokaler i Bergen som vi kan leie på ettermiddagstid på søndager, og det er inngått leieavtale for lokalene til Kristent Fellesskap i Møllendalsbakken 6. Mulighetene med én gudstjeneste Dette gir oss mulighet til å ha én felles gudstjeneste sammen, hver søndag! En gang i uken er vi ett, én stor familie Guds familie med flere «generasjoner» som ser hverandre og hjelper hverandre. Dessuten får vi de sosiale treffpunktene tilbake i Møllendalsbakken 6. Det er mange som har savnet kakebiten til kirkekaffen. Nå kommer vi til et sted med to kaféer med skikkelig kaffemaskin! hele fem barnerom og det tekniske på plass. Ut sammen Mange mennesker vil ikke komme til kirken. Derfor må vi kristne ut i samfunnet og vise at vi finnes og vise hvem vi er. Slik kan vi fortelle at Guds rike er kommet nær! Dette er ikke lett å gjøre helt alene, så derfor står vi sammen og hjelper hverandre til det. Vi vil ha én felles gudstjeneste som base og utrustningssted for de nye misjonale fellesskapene storgruppene som når ut til mennesker i Bergen med Guds kjærlighet og nåde. Foto: Privat Lørdag 6. desember er det vaffeldag der det deles ut gratis vafler både på Frekhaug og Knarvik senter. Sammen med vaflene inviteres alle småbarnsfamilier til gratis barnetilsyn i Meland Aktiv lørdag 13. desember. Vi gleder oss, sier Anne Hilde Garnes Reigstad. Garnes Reigstad er en av de ansatte i Norkirken Nordhordland og er koordinator for Barnas dag. Ledelsen for Meland Aktiv synes dette er så positivt at vi får låne hallen gratis, siden dette er i tråd med intensjonen for virksomheten som er at frivillighet skal være bærebjelken i alt arbeid tilknyttet hallen. Barmhjertighetsmenighet Så mange som 30 frivillige fra menigheten satte av to helger midt i julestria i fjor for å gjøre en innsats for bygden. Mange bærer på et ønske om å hjelpe til, og det mangler ikke på villighet. Menigheten har et ønske om å være en barmhjertighetsmenighet en menighet som viser Jesus sin omsorg gjennom praktiske handlinger. Derfor ble det i vårsemesteret i fjor arrangert en godhetsdag etter modell av IMI Kirkens godhetsfestival i Stavanger. Men det var ikke lett å samle folk, for vi har mange småbarnsforeldre blant oss og mai var en vanskelig måned. Så dukket idéen om barnetilsyn i julestria opp, og menighetens forsøk på godhetsdag ble til Barnas dag i Meland Aktiv. Det ble en stor suksess. Norkirken Nordhordland inviterer til Barnas dag lørdag 13. desember. Vi gleder oss, sier Anne Hilde Garnes Reigstad som er koordinator for Barnas dag. Super dag 70 barn var med på arrangementet, mens foreldrene fikk mulighet til å forberede jul. De fikk en super dag med mange gøye aktiviteter i hallen, og nå gleder arrangørene seg til årets happening for barn i Nordhordland. Vi skal lage to måltider og kose oss med barna sier Anne Hilde Garnes Reigstad. Vi er heldige og får bruke hele hallen denne dagen. Det blir derfor ulike aktiviteter i hallen og film og formingskrok i kultursalen. Til hjelp og glede Vi har ingen skjult agenda om å bruke anledningen til å ha søndagsskole, sier Garnes Reigstad. Norkirken Nordhordland har eget barnemøte for barn annenhver søndag i hallen. Hit er alle velkommen. Men denne lørdagen ønsker vi bare å være til hjelp og glede. Vi ønsker å være en menighet som gjør gode ting for andre, og denne gangen velger vi å gjøre noe for småbarnsfamiliene. Martin Olsen 4 Reдionblaд Hordaland 2008

regionnytt >>> Fortsettelse fra side 1 Livet tok en ny vending Den samfunnsengasjerte læraren fekk også to periodar i lokalpolitikken på Askøy. Det var ei ny opplæring som var nyttig, seier Jørgen. Ringen vert utvida Santalmisjonen hadde bruk for lærar på den norske skulen i Ecuador 1984. Familien Augestad med 3 born tok utfordringa. Det vart eit opphald på 4 år, først som lærar og seinare rektor. Solfrid arbeidde i internatet. Vi hadde ikkje status som misjonærar, men i realiteten var vi det, etter som Jørgen hadde ansvar for ei menighet og deltok i leirarbeid, fortel Solfrid. Det blenkjer i augo på begge når dei fortel om åra i Ecuador. Desse åra ga oss veldig, veldig mykje og var ei rik tid. Det ligg att noko av oss der ute som vi aldri vil gløyma. Det mest tøffe var å koma heim att, spesielt for borna som skulle tilpassa seg lokalsamfunnet og skulemiljøet. Livet endra seg Etter at Jørgen hadde passert 50 endra han oppførsel. Det gjekk til tider over «stokk og stein» fortel Solfrid som ofte vart irritert over alt Jørgen gløymde. Han var stadig trøytt og hadde lite overskot til arbeid heime og på småbruket. Det verka som han var utbrent. På skulen merka dei det same. Han gløymde timar og avtalar. Rektor reagerte og Jørgen vart sjukmeld 1 år for å kunne byggja seg opp fysisk. Skuffelsen var stor då diagnosen vart stilt til Alzheimer. No prøver vi å forsona oss med situasjonen og gler oss over at vi trass alt har det godt, seier begge. Men Solfrid har også fått ein ny kvardag og forholda seg til. Dei prøver å halda kontakten med sin gamle venekrins, og er framleis med på møtesamvær og torsdagsturane med «eldrebølgen». Du må få med at vi har fine samlingar i Follese mannsforening, seier Jørgen. Dette er ein forening han starta i slutten på 80-talet etter han kom tilbake frå Ecuador. -Her har vi det kjekt og godt, seier han med eit stort smil. Jørgen var også ein sentral aktør då Norkirken Bergen vart stifta for nokre år sidan. Kva meining trur du Gud har med at du vart sett til sides så tidleg? Eg spør ikkje om meining, for det får eg likevel ikkje svar på før eg kjem til himmelen. Men eg er til tider litt skuffa og lei må eg innrømma. Når det er sagt, har eg jo hatt eit rikt liv å sjå tilbake på, og så har eg eit godt nettverk i familien. I januar kjem den eldste dottera med mann og barn tilbake frå 1 års opphald i Ecuador. Eg gler meg veldig til småjentene kjem att, seier Jørgen med tårer i augo. Gerhard Vik Foto: Gerhard Vik Har du en journalist i magen? Har du en journalist i magen? Kunne du tenke deg gjøre intervjuer eller skrive om små eller store saker som er aktuelle for Normisjon Hordaland? Nøl ikke med å ta kontakt med oss! Vi trenger flere skribenter i bladet og til nettsiden vår, og er takknemlige for hver og en som ønsker å bidra. Du kan være fast skribent, eller skrive av og til det er helt opp til deg. Ta gjerne kontakt med oss og gi tilbakemeldinger på hva som er bra, og kom ellers gjerne med innspill på hvordan blad og nettside kan bli bedre. Forslag til saker og intervjuer motas også med stor TAKK! Du kan kontakte oss på e-postadressen: eystein.wiig@ normisjon.no eller tlf: 55 21 40 94. Foto: Stockxpert Solfrid og Jørgen Augestad. Reдionblaд Hordaland 2008 9

ANDAKT regionnytt Matt. 20, 20-34 Gode investeringar No i disse finanskrisetider har vi alle lært at det å være kloke investorar ikkje er like lett. Foto: Nils Arne Lavik Herre, lat oss få synet! Bøna kom frå to blinde ved vegen nær Jeriko. Jesus stoppa. Han høyrde deira rop om miskunn. - Herre, du Davids son, forkynte dei frimodig. - Tei, sa folkemengda, og skjente på dei. Dei blinde forstyrra, passa ikkje inn, kunne ikkje arbeide dei måtte tigge, leve av andres miskunn. Dei hadde ingenting å tape, ingen prestisje, ingen posisjon, ingen ting Alt dei hadde var eit naudrop. Og naudropet var retta rett stad. Forbi folkemengda. Forbi jantelova. Gjennom tida. Eit gjennomtrengande rop; - Hjelp, Jesus hjelp! Jesus har medkjensle med dei som ikkje vert rekna med, dei som ikkje er noko, og dei som er sett til side av ulike grunnar. - Jesus tykte hjarteleg synd i dei. Jesus høyrer og han ser DEG! Han kjenner oss betre enn vi kjenner oss sjølv. Han veit svaret på spørsmålet vi endå ikkje har våga nemne for han. Han stoggar ved dei desperate og spør: - Kva vil de at eg skal gjera for dykk? Når vi ikkje lengre bryr oss om kva folk meiner og tenkjer om oss, når vi ikkje lenger er redd for å rope ut vår vedkjenning og trong for miskunn, då er han der: Heilt nær, med si stemme, sitt nærvær, sin lækjedom og sitt Rike. Les Matt. 20, 20-34 i samanheng og sjå Jesu respons på læresveinane sitt «blinde» ønskje om makt og posisjon i kontrast til Jesu møte med dei to blinde. «Desperasjon» eller uendelege kjærleik: Ljoset, Håpet, Sanninga, Ordet, Livet, Vegen vart send som eit sårbart spedbarn. Sverre Johan Nærheim Det vi har av jordisk gods og gull er veldig forgjengelig. Løfte blikket I slike tider er det viktig å løfte blikket og sjå kva som er viktig. I bergpreika, i Matt.6 seier Jesus at vi skal samle oss skattar i himmelen. Og at der hjartet vårt er der skal skatten vår òg være. Kvar er skatten din? Acta er opptatt av å invistere i Guds rike. Vi vil investere trygt med framtidige mål, verdiprognosen er så høg at ingen bank kan gi bedre avkastning! Grensesprengande fellesskap Vårt ynskje er å skape grensesprengande fellesskap der barn og unge i Hordaland får møte, kjenne og ære Jesus. Men for å få dette til treng vi fleire med. Og vi tilbyr 3 investerings-modellar: 1. Bønn. Vi treng folk som ber for oss og arbeidet, og som vi kan kontakte når det er noko spesielt. Acta sitt ynskje er å skape grensesprengande fellesskap der barn og unge i Hordaland får møte, kjenne og ære Jesus. 2. Tid og krefter. Vi treng folk som kan tenke seg å starte eller være med og drive klubbar, kor og lignande. Vi treng og folk som har lyst å være med som leder på leir. 3. Pengar. Alt kostar. For å kunne oppretthalde drift og satse vidare, treng vi inntekt. Vi ynskjer derfor faste givere. Størrelsen på summen er ikkje så viktig. Spørsmålet blir då om du ynskjer å være med å investere? Er svaret ja på ein eller fleire av modellane våre, ta kontakt med Liv-Helga på mail: liv-helga.fure@ normisjon.no eller tlf. 410 93 794. Liv-Helga Fure Har du lyst å være med som leder på leir? Bildet er fra Buheimeleir i Strandebarm. Foto: Privat 10 Reдionblaд Hordaland 2008

Trekningsliste Ostereidemessen 1. Åkle: Birger Klokkeide 2. Ryggsekk: olav Ebbesvik Fjellanger 3. Trillekoffert: Kjellaug Mjelstad Eide 4. Jumper/vest Oleanna: Hjørdis Ramsøy 5. Skigensar: Helga og Sverre Stokke 6. Brodert bilete: Kjellaug Mjelstad Eide 7. Ullpledd: inger Aksnes 8. Treleikar: Anna Angelskår 9. Gåvekort Knarvik Senter: Ingeborg Henanger 10. Veggur frå urm. Eknes: Fam. Egil Austbø 11. Gåvekort, Eikanger Bo Grønt: Hjørdis Høyland 12: ½ mål ved: Herman Hagenes Villanger 13. ½ laks frå Fyllingsnes: Aslaug Risa 14. ½ laks frå Fyllingsnes: Arnt Brakstad Hjarteleg takk til alle som var med og solgte og kjøpte lodda! regionnytt Bjørn Malvin 60 år 21. desember 2008 fyller vår kjære regionleder Bjørn Malvin Hisdal 60 år. Julemessa i Bergen Litt tidleg men julemessa 2008 vart gjennomført 1. november i Fensal. Her var vi òg i 2000 og 2001 så det var kjende lokale. I år starta vi med salg og kafé kl. 11.00, og mange kom og tok seg god tid til handling og sosialt fellesskap i kaféen. Kl. 12.00 inntok det nystarta Bergen Soul Children scena. Her var det stort engasjement og fekk gode tilbakemeldingar frå forsamlinga. Berit Bakke hadde andakt, og ho har mykje å bidra med frå sine mange år i Mali. Dagen fortsette med åresalg, tombola, auksjon m.m. Totalt kom det inn kr 117 538,- (i 2007: 112 625,-) inkludert forhåndssalget på hovedtrekningen. Veldig kjekt å sjå at resultatet går oppover! Enno ein gong takk til alle våre gode medarbeidarer som bidrar både denne dagen, og med alt som er produsert på førehand av bakverk og handarbeid. Alt Mange kom på julemessa og tok seg god tid til handling og sosialt fellesskap. til hovedtrekningen og åregevinstane er òg gitt av våre misjonsvenner. Utan alt dette og alle våre flotte frivillige medarbeidarar hadde det ikkje blitt julemesse. Frå kontoret si side vil vi gjerne sei at vi set verkeleg stor pris på dykk alle, og det er ein stor inspirasjon i arbeidet å ha dykk som medarbeidarar! Takk og til alle foreningar og enkeltpersonar rundt om i regionen som sel/kjøper lodd. Det er alltid spennande å sende ut alle loddbøkene, men veldig gledelig å konstatere at dei alle fleste bøkene kom selde tilbake i år også. Takk til dykk alle! Aud Else Vesetvik Foto: Gerhard Vik Vi har en dyktig leder som vi setter stor pris på. Han er positiv, kreativ og kjent for sine mange treffende kommentarer til det meste. Dagen feires med invitert slekt og venner midt i desember. I den forbindelse ønsker han ikke gaver til seg selv, men en gave til Normisjons arbeid knyttet opp mot sykehuset i Okhaldhunga, Nepal. Om noen av våre lesere skulle ønske å gi ein «bursdagsgave» til prosjektet han har valgt, så kan kto. 3625.07.70825 brukes og merkes med «Okhaldhunga - Bjørn Malvin 60 år». Vi ønsker lykke til med feiringen, og Guds rike velsignelse over årene som kommer! Hilsen staben i region Hordaland Trekningsliste Julemessa 2008: 1. Vevd åkle Kristin Winther Jørgensen, Bergen 2. Digitalt kamera Gerty Rønnestad, Straume 3. Steiketakke olaug Myklebust, Nesttun 4. Rosemalt bolle Aksel Solberg, Lonevåg 5. Dokke m/klær og trille Liv Helga og Eirik Gulestøl, Jondal 6. Barnedrakt - Kids of Norway Ruth og Edvin Birkeland, Blomsterdalen 7. 6 par porselenskoppar m/kanne m.m. I iver Eikrem Åndal, Frekhaug 8. Middag på Hordaheimen verdi kr. 500.- E ella og Gunnar Kaaresen, Arna 9. Gavekort Bergen Storsenter verdi kr. 500.- Gudrun S. Langeland, Norheimsund 10. Gavekort Bergen Storsenter verdi kr. 500.- Brynjulv Melve, Voss 11. Gavekort Bergen Storsenter verdi kr. 500.- Jostein Grimsbø, Stord 12. Dobbelt vaffeljern Brit og Lars Bjørke, Norheimsund 13. Gavekort Bergen Storsenter verdi kr. 500.- R rune Haugland, Isdalstø 14. Gavekort Bergen Storsenter verdi kr. 500.- T tolleiv Haugland, Straumsgrend 15. Trillekoffert olav Dørdal, Bergen 16. Strikka babyteppe erle Mangersnes, Voss 17. Vaffeljern Georg Tvedt, Straume 18. Gavekort Bok & Media kr. 500.- Ruth Tjøstheim, Arna 19. Stor juleduk Craig Taunton, Lofthus 20. Håndmixer Viktor Skjoldal, Arna 21. Stor engel m/telysholder Lise Lotte Auestad, Klokkervik 22. 1 årsabonnement på Agenda 3:16 Kari Fløysand, Frekhaug 23. 3 mnd. Gaveabonnement på Dagen Rebekka Fylling, Straume 24. 3 mnd. Gaveabonnement på Dagen Eirik Skutlaberg, Espeland 25. 1 mnd. Gaveabonnement på Vårt Land Inger Albrektsen, Åsane 26. 1 mnd. Gaveabonnement på Vårt Land Inger Lise Vik, Askøy 27. Presskanne m/4 glass oddhild Godøy, Nesttun 28. Presskanne m/4 glass Anna og Olav Kjelby, Blomsterdalen 29. Dundyne thorolf Birkeland, Blomsterdalen 30. Linduk Gustav Hannevik, Bergen Reдionblaд Hordaland 2008 11

B-Postabonnement Returadresse: NORMISJON Region Hordaland Øvre Korskirkealmenningen 5 5017 Bergen oppslagstavle Årsmøtet til Normisjon region Hordaland arrangeres 28. mars i Ostereidet kyrkje. Sett av datoen allerede nå. Mer informasjon kommer i neste blad. Møter og arrangement våren 2009 Planlegging av vårsemesteret er nok i full gang når dette blir lese. Normisjon vil gjerne vera med her, og våre tilsette og mange frivillige vil gjerne ut i regionen og møta misjonsfolket. Gospel-og lovsangskoret Seraf synger julen inn lørdag 6. og søndag 7. desember i Centralkirken (ved Fløyen stasjon). Konsertene starter klokken 20 begge kvelder. Billetter koster 150 kroner, og kan kjøpes ved inngangen. Velkommen! Velkommen Velkommen til Norkirken til Norkirken Bergen! Gudstjenester i Møllendalsbakken 6 kl. 17.00. Oppstart etter nyttår: Søndag 4. januar. Storgrupper og smågrupper Se www.norkirken.no for mer informasjon Nordhordland! Storsamlinger annenhver søndag kl. 11.00 i Meland Aktiv. Julegudstjeneste på Julaften kl. 15.00 i Storstova på Nordhordland Folkehøgskule. Oppstart etter nyttår: Søndag 11. januar. Husfellesskap hver uke. Ta kontakt om de vil ha besøk anten det gjeld tale, eller nokon som kan fortelja om arbeidet «ute». Vi har etter kvart mange som har opplevd misjonsarbeidet på nært hald, og som gjerne vil dela dette med fleire! Håpar å høyra frå dykk! Aud Else Vesetvik Pinsestemnet på Leirvik bedehus I 2009 blir stemnet flytta frå pinsen til helga 25.-26. april. Talar biskop Ole D. Hagesæther Merk datoen - meir informasjon i neste regionblad. 12 Reдionblaд Hordaland 2008