INFORMASJONSBREV FRÅ BYKLE OG HOVDEN VEKST

Like dokumenter
REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

MEDBORGERNOTAT. «Stortingsval Veljarvandring»

Innkalling til Flora eldreråd

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

MEDBORGERNOTAT. «Sympatibarometer for norske politiske parti i perioden »

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Handsaming i Kommunestyret :

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Velkomne til fellessamling for prosjektet. "Samfunnsansvarleg næringsliv i Sogn og Fjordane

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Vintervèr i Eksingedalen

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Arbeiderpartiet ,34. Sosialistisk Venstreparti 46 1,84. Rødt 19 0,76. Fremskrittspartiet ,74. Høyre ,39

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Søknadsskjema for Bolyst. 1. Hva er navnet på prosjektet? FLYTT TIL HUGLO. 3. Søknadsbeløp: Huglo: kr ,-

Til veljarane i Tysnes

KOMMUNEDELPLAN FOR OPPVEKST FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM 25. AUGUST 2015

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Planstrategi for Balestrand kommune

0101 HALDEN OVERSIKT ENDELIGE STEMMETALL PARTIVIS -ALLE KRETSER

Sysselsette (arbeidsplassar i Nordhordland)

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Velkomen som konfirmant

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Invitasjon til samling i Nasjonalt Museumsnettverk for Kulturlandskap Rosendal august 2008

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

MASFJORDEN KOMMUNE. Vedtaksprotokoll for Teknisk utval

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

Uttale: Forslag til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernomra de, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat i Bykle kommune

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

Eksamen 2P MAT1015 Vår 2012 Løysing

Program for. Sykkylven Venstre

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

SULA KOMMUNE Kommunestyret

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Venstre 55 5,14. Senterpartiet 70 6,54. Fremskrittspartiet ,95. Miljøpartiet De Grønne 41 3,83. Kystpartiet 3 0,28

Vågå. - Eit verdival. Årets barne- og ungdomskommune Ordførar, Iselin Jonassen Vågå kommune

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Transkript:

INFORMASJONSBREV FRÅ BYKLE OG HOVDEN VEKST Oversikt over verksemdene i det nye Hovdetun HEIMTE Mange distriktskommunar slit med fråflytting, medan me i Bykle er så heldige å ha ei positiv utvikling og auke i folketalet. Me har no passert 920 innbyggarar, Fjellgardane skule har fleire elevar enn nokon gong tidlegare og Bykle er den kommunen med flest nyetableringar per innbyggar. Me ønskjer gjennom aktiv tilrettelegging å bidra til at den gode trenden fortset. Folketalsframskrivingar for Bykle viser at det ikkje er nok å få unge til å flytte heim att, me må i tillegg ha anna tilflytting for å oppretthalde og helst auke folketalet. Som ei utviding av Heimte-prosjektet skal me i gang med eit prosjekt for å kartlegge flyttemønster inn og ut av kommunen, og forsøke å finne årsakar. Neste steg i prosjektet blir å jobbe fram konkrete Bulyst-tiltak. Målgruppe er unge som bur i kommunen, dei som har flytta ut, dei som har budd her midlertidig og potensielle nye tilflyttarar. Når me skriv unge har me ikkje definert dette klart enno, så foreløpig går me breitt ut. Dersom opplegget blir som tenkt vil trulig fleire av dykk bli kontakta i samband med den nevnte kartlegginga. I den samanheng og andre er det nyttig for oss å ha oppdatert kontaktinformasjon. Me blir derfor svært glade om de tar dykk bryet å fylle ut vedlagte skjema og returnere til oss.

KOM OG JOBB I BYKLE! På nettsidene våre www.bhv.no ligg det ute oppdatert oversikt over ledige jobbar i Bykle. Det er mellom anna ledige stillingar i kommunen som tenesteleiar helse og omsorg, autorisert sjukepleiar og pedagog. Laila Johnsen Kjær fristar med gode lunsjar og anna i kafeen sin Smak og Nyt i Fjellgardstun VALRESULTAT FRÅ BYKLE Kommunevalet i Bykle resulterte ikkje i særlig store endringar med tanke på fordeling av mandat mellom partia. Framstegspartiet stilte liste for første gong, og kom inn med eitt mandat. Bygdelista mista eitt mandat. Valrestultatet blei slik: Høgre Arbeidarpartiet Sosialistisk venstreparti Senterpartiet 27,5 % 22,6 % 10,7 % 8,8 % 4 mandat 3 mandat Framstegspartiet Bygdelista Venstre Kristleg folkeparti 8,4 % 7,8 % 7,3 % 6,9 %

LENGE SIDAN DU HAR VORE HEIME? Som eg har skrive til dykk tidlegare var Bykle den kommunen som hadde flest nyetableringar i forhold til innbyggarar første halvdel av 2007. Dette er mest synlig på Hovden, som no i større grad enn tidlegare framstår som eit handelssentrum. Av forholdsvis nye etableringar kan eg nevne: Aperitiv Mote klesforretning i Hovdetun Hovden Antikviteter og galleri Hovdetun Høydepunktet kaffibar kaffi, kaker, lunsj, gåver og garn i Hovdetun Smak og Nyt lunsj/ kaffebar i Fjellgardstun Hovden Hud og Velvære hudpleiesalong under etablering i Fjellgardstun Bjåen Fjellstove overnatting, mat og opplevingar på Bjåen BykleMat produksjon av pinnekjøt og fenalår i Bykle Bellos Service hytteservice, matservering og meir Grønn Linje trefelling, linjerydding og meir Hovden Interiørmaling malarfirma Rammesjarmøren utvidar med galleri der Bamse gatekjøkken tidlegare var Elles kan det nevnast at skisenteret er i gong med utvidinga av anlegget mot Breive. Ny heis skal vere klar denne vinteren, og vil doble kapasiteten i anlegget. Dei søker no etter sesongmedarbeidarar, sjå oversikt over ledige stillingar på nettsidene våre. Høydepunktet kaffibar i Hovdetun. Her kan du få godt både å ete og drikke, samt gåver og garn. Innehavar er Gyri Bjåen, men denne dagen var mor Gunn bak disken.

YMSE ANNA Som mange av dykk kjenner til some på godt, andre på vondt var det rift om tomtene som vart lagt ut for sal i det nye bustadfeltet i Røyrvikåsen. Det var om lag 50 søkarar til 20 tomter. Det er positivt at mange vil bygge og bu her, så no gjeld det for kommunen å vere raske med å legge til rette for fleire bustadtomter. Eg minner om Byklaren som kjem ut ei gong i månaden, der de kan finne informasjon om ulike ting som rører seg i Bykle. Denne blir lagt ut på nettsidene til kommunen. Septemberutgåva kan de finne her. Kommunestyret har vedteke kommuneplanen for 2006 2018. Mange av dykk har delteke på samlingar der kommuneplanen var tema, og samfunnsdelen bygger i stor grad på innspel frå dykk. Takk for alle bidrag! Planen blir lagt ut på nettsidene www.bykle2020.no når den er ferdig utforma, samt distribuert til alle husstander i kommunen. Samfunnsdelen er i stor grad uendra frå høyringsutkastet som ligg på nettsidene, medan det er nokre endringar i arealdelen. Det er sett i gong eit forprosjekt som skal gi grunnlag for vurdering av satsing på helseturisme på Hovden. Prosjektet er eit samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og akademia. Prosjektet tar utgangspunkt i demografisk utvikling, og har fokus på førebyggande helse og trendar i samband med kobling av helse, idrett og reiseliv. BHV har prosjektleiinga av dette prosjektet. Referat frå styremøter i BHV blir lagt ut på nettsidene våre www.bhv.no. Her kan du og finne informasjon om prosjekt me jobbar med og anna. 6. 7. oktober blir norgescup i terrengsykling arrangert på Hovden. I tillegg til konkurransen blir det familiearrangement. Meir informasjon kan de finne på www.hovden.com. Mellom mykje anna dei held på med spilte Trym Bjønnes og Lars Rysstad Nordgreen på Protestfestivalen i Kristiansand 8. september. Noko av musikken dei har laga kan de finne her: Musikkvideo Trym og Lars: http://www.youtube.com/watch?v=xuxpq6nuhlo&mode=related&search= Trym på myspace: http://profile.myspace.com/index.cfm?fuseaction=user.viewprofile&friendid=51746256

Ellen Robsahm ønskjer velkomen til Aperitiv Mote i Hovdetun Delar av sortementet til Hovden Antikviteter i Hovdetun Kantarellar frå Stavenes Elles kan me minne om at det no er fine haustfargar i Bykle, og ein skogstur i går ga fin fangst med kantarellar! Me ønskjer alle ein fortsatt fin haust! Vennleg helsing Bykle og Hovden Vekst AS v/ Ingvild Hovden