Nissedal kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: 22.06.2017 Tidspunkt: 08:30 11:15 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Halvor Homme Ordførar AP/KRF Geir Christian Enger Varaordførar AP/KRF Runa Vee Tveit Medlem AP/KRF Ian Parry-Jones Medlem SP/H Kristine Sandall Medlem SP/H Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Følgjande frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Sverre Sæter Rådmann Sissel Bronken Einingsleiar skule Gro Midtsund Einingsleiar barnehage Frå saksnr.: 82/17 Til saksnr.:92/17 Halvor Homme ordførar
Saksliste Utvalssaksnr PS 82/17 PS 83/17 PS 84/17 PS 85/17 PS 86/17 Innhald Saker til behandling N - 36/73 - Reguleringsplan Utsjå - Mindre planendring N - 36/19 - Reguleringsplanane Solheia I-II - mindre planendring N - 31/133 - Naurak felt 6 - mindre planendring N - 28/1 Reguleringsplan Nordskogbukta - mindre planendring N - 11/2 - Reguleringsplan Huvtjønnleiken m.fl. - mindre planendring PS 87/17 Søknad om tilskot til Skuggenatten Opp/Telemark Tøffaste 2017 PS 88/17 PS 89/17 PS 90/17 PS 91/17 PS 92/17 N - Søknad om tilskot frå friluftsfondet for Arendalsvassdraget. Klage på delegert vedtak om løyve til landing med helikopter Referat- og drøftingssaker Nytt behov for spesialundervisning ***** ***** ***** frå august 2017 N - 11/4 - Stemtjønnvegen 129 - Deling av tomt - mindre planendring Lukka X
Saker til behandling PS 82/17 N - 36/73 - Reguleringsplan Utsjå - Mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, desse endringane i planføresegnene for reguleringsplanen Utsjå hyttegrend: Punkt 2.1 k) får denne ordlyden: Det er ikkje lov å sette opp flaggstong på tomta. I punkta 2.2, 2.3 og 2.4 blir kulepunktet om takvinkel endra til: Bygg med saltak skal ha takvinkel 20-34. Bygg med pulttak skal ha takvinkel minimum 2. Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, desse endringane i planføresegnene for reguleringsplanen Utsjå hyttegrend: Punkt 2.1 k) får denne ordlyden: Det er ikkje lov å sette opp flaggstong på tomta. I punkta 2.2, 2.3 og 2.4 blir kulepunktet om takvinkel endra til: Bygg med saltak skal ha takvinkel 20-34. Bygg med pulttak skal ha takvinkel minimum 2. PS 83/17 N - 36/19 - Reguleringsplanane Solheia I-II - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, denne endringa i planføresegnene for reguleringsplanane Solheia I og Solheia II: Solheia I, føresegn 2.6 siste setning går ut: (Det er ikkje lov å montere parabolantenner på eller ved hyttene.) Solheia II, Fellesføresegn a) 2. setning går ut: (Det er ikke lov å montere parabolantenne på eller ved hyttene.) Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, denne endringa i planføresegnene for reguleringsplanane Solheia I og Solheia II: Solheia I, føresegn 2.6 siste setning går ut: (Det er ikkje lov å montere parabolantenner på eller ved hyttene.) Solheia II, Fellesføresegn a) 2. setning går ut: (Det er ikke lov å montere parabolantenne på eller ved hyttene.)
PS 84/17 N - 31/133 - Naurak felt 6 - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, desse endringane i plankartet for reguleringsplanen Naurak felt 6 og del av felt 1: - Det blir lagt inn ei ny tomt i svingen før tomt 16, ca. 920 m2, som søkt om. - Det blir lagt inn ei ny tomt ved at arealet avsett til renovasjonsbu blir omgjort til byggeområde for fritidsbustad, ca. 860 m2, som søkt om. Vilkåret for den siste godkjenninga er at renovasjonsbua i staden blir bygd i regulert område for dette på nedsida av Fjonevegen, jf. flatereguleringsplanen for Nauraksoddane. Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, desse endringane i plankartet for reguleringsplanen Naurak felt 6 og del av felt 1: - Det blir lagt inn ei ny tomt i svingen før tomt 16, ca. 920 m2, som søkt om. - Det blir lagt inn ei ny tomt ved at arealet avsett til renovasjonsbu blir omgjort til byggeområde for fritidsbustad, ca. 860 m2, som søkt om. Vilkåret for den siste godkjenninga er at renovasjonsbua i staden blir bygd i regulert område for dette på nedsida av Fjonevegen, jf. flatereguleringsplanen for Nauraksoddane. PS 85/17 N - 28/1 Reguleringsplan Nordskogbukta - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, ei endring av reguleringsplanen Nordskogbukta ved at det blir etablert ei ny tomt 5, ca. 1 000 m2, nord for tomt 9. Restarealet av opphavleg tomt 5 blir omgjort til friluftsområde. Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, ei endring av reguleringsplanen Nordskogbukta ved at det blir etablert ei ny tomt 5, ca. 1 000 m2, nord for tomt 9. Restarealet av opphavleg tomt 5 blir omgjort til friluftsområde.
PS 86/17 N - 11/2 - Reguleringsplan Huvtjønnleiken m.fl. - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, endra plasseringar av bygg på tomtene 22 og 24 slik at desse bygga kan koplast saman, jf. søknaden. Formannskapet har ikkje heimel til å godkjenne dei føreslegne endringane av tomt 81 som mindre planendring. Formannskapet kan heller ikkje sjå at ein søknad om dispensasjon etter pbl 19-2 for det søknaden ber om, kan føre fram. Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, endra plasseringar av bygg på tomtene 22 og 24 slik at desse bygga kan koplast saman, jf. søknaden. Formannskapet har ikkje heimel til å godkjenne dei føreslegne endringane av tomt 81 som mindre planendring. Formannskapet kan heller ikkje sjå at ein søknad om dispensasjon etter pbl 19-2 for det søknaden ber om, kan føre fram. PS 87/17 Søknad om tilskot til Skuggenatten Opp/Telemark Tøffaste 2017 Omforeina endringsframlegg: Nissedal kommune ser positivt på søknaden frå Treungen IL og løyver kr. 20.000 til arrangementa "Skuggenatten Opp" og "Telemarks tøffaste" 2017. Ein legg særleg vekt på at løyve vil kunne gje Nissedal kommune profilering og marknadsføring som ein friluftsdestinasjon. Løyvinga vert tatt av KMD-fondet og utbetalt etter mottak av dokumenterte utgifter. Votering: samrøystes for endringsframlegget- Nissedal kommune ser positivt på søknaden frå Treungen IL og løyver kr. 20.000 til arrangementa "Skuggenatten Opp" og "Telemarks tøffaste" 2017. Ein legg særleg vekt på at løyve vil kunne gje Nissedal kommune profilering og marknadsføring som ein friluftsdestinasjon. Løyvinga vert tatt av KMD-fondet og utbetalt etter mottak av dokumenterte utgifter.
PS 88/17 N - Søknad om tilskot frå friluftsfondet for Arendalsvassdraget. Vinkeldammens venner v/ Hølje Haugsjå får kr 15.000 i tilskot frå friluftsfondet til flytebrygge på Sandarhylen ved vinkeldammen. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjennomført. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan 1. juli 2018 vert tilskotet trekt tilbake. Kyrkjeneset Camping v/ John Nordbø får kr 10.000 i tilskot til vedlikehald fornying av brygge ved Framnesbukta. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjenomført. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan 1. juli 2018 vert tilskotet trekt tilbake. Bjørn Dagfinn Tveit får kr 30.000 i tilskot til vedlikehald, fornying og utviding av bryggeanlegget i Leirosen. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjenomført. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan 1. juli 2018 vert tilskotet trekt tilbake. Framnes Vel får avslag på sin søknad om tilskot til båtutslipp ved Framnesbukta. Avslaget er grunna med at det er gitt ein del tilskot til dette området i fleire omgangar og difor blir ikkje Framnes Vel sin søknad prioritert nå. Omforeina endringsframlegg: Likt som rådmannen si tilråding med endring at søknaden frå Kyrkjeneset camping vert imøtekomen med kr. 15.000 og Framnes vel får kr. 10.000 Votering: samrøystes for endringsframlegget. Vinkeldammens venner v/ Hølje Haugsjå får kr 15.000 i tilskot frå friluftsfondet til flytebrygge på Sandarhylen ved vinkeldammen. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjennomført. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan 1. juli 2018 vert tilskotet trekt tilbake. Kyrkjeneset Camping v/ John Nordbø får kr 15.000 i tilskot til vedlikehald fornying av brygge ved Framnesbukta. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjenomført. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan 1. juli 2018 vert tilskotet trekt tilbake. Bjørn Dagfinn Tveit får kr 30.000 i tilskot til vedlikehald, fornying og utviding av bryggeanlegget i Leirosen. Tilskotet blir utbetalt når tiltaket er gjenomført. Dersom tiltaket ikkje er gjennomført innan 1. juli 2018 vert tilskotet trekt tilbake. Framnes Vel får kr. 10.000 til båtutslipp ved Framnesbukta. PS 89/17 Klage på delegert vedtak om løyve til landing med helikopter Klaga blir ikkje tatt til fylgje. På grunn av formålet med landinga kan ikkje kommunen gje løyve til landing jf. Lov om motorferdsel i utmark.
Omforeina endringsframlegg: Klagen vert imøtekomen, jf. Rundskriv med departementet si tolking av forskriften. Klagen vert imøtekomen, jf. rundskriv med departementet si tolking av forskriften. PS 90/17 Referat- og drøftingssaker Referat- og drøftingssaker vert teke til vitande. E: Interkommunalt samarbeid F: Rekruttering regionrådsleiar G: Høyringsuttale Åmotsfoss kraftverk H: Kunstnar Ruth Nordbø ynskjer å etterlate kunst til Nissedal kommune I: Vann/avløp, sak Havrefjell og Kyrkjebygdheia. J: Forvaltingsrevisjon utbygging småskulen. Formannskapet gjev ordførar fullmakt til å kome fram til korleis denne saka skal følgast opp vidare i kontrollutvalet sitt første møte etter ferien. Votering: Samrøystes for rådmannen si tilråding. Referat- og drøftingssaker vert teke til vitande. PS 91/17 Nytt behov for spesialundervisning ***** ***** ***** frå august 2017 PS 92/17 N - 11/4 - Stemtjønnvegen 129 - Deling av tomt - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, oppretting av ei ny tomt for fritidsbustad, maksimalt 2 000 m2, ved at tomt g/bnr 11/4 blir delt omlag slik det er søkt om. Alternativt kan den nye tomta flyttast noko mot vest, ved kjøp av areal frå g/bnr 11/2, men framleis avgrensa til maksimalt 2 000 m2. Det blir samstundes gitt delingsløyve etter pbl 20-1 m) for det alternativet søkar vel. Votering: Samrøystes for rådmannen si tilråding.
Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendring, oppretting av ei ny tomt for fritidsbustad, maksimalt 2 000 m2, ved at tomt g/bnr 11/4 blir delt omlag slik det er søkt om. Alternativt kan den nye tomta flyttast noko mot vest, ved kjøp av areal frå g/bnr 11/2, men framleis avgrensa til maksimalt 2 000 m2. Det blir samstundes gitt delingsløyve etter pbl 20-1 m) for det alternativet søkar vel.