ORDENSREGLAR VED FORSAND SKULE Ordensreglementet til Forsand skule tek sikte på å fremja samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet. Det skal også gjera sitt til å førebyggja skadar og ulukker. Dette reglementet gjeld difor både på skulevegen/-skyssen, i skuletid, på biblioteket og ved arrangement/turar som skulen står for. Ordensreglementet er ei forskrift, jf Opplæringslova 2-9 og 3-8 og Forvaltningslova 2. PÅ SKULEN SKAL DU: Visa omsyn og respekt for medelevar og tilsette ved skulen Møta presis til timar og avtalar Retta deg etter dei beskjedar som blir gitt Halda skulen sitt område reint og ryddig Ta godt vare på alt som høyrer til skulen, både inne og ute Ta ansvar for private eigendeler sjølv PÅ SKULEN SKAL DU IKKJE: Vera rusa, ha med deg eller bruka tobakk, snus, alkohol eller andre rusmidlar Ha med deg kniv, våpen eller andre farlege gjenstandar Ha med deg brus/leskedrikkar eller snop (unnateke etter avtale med skulen) Forstyrra i undervisningssituasjonen Bruka mobiltelefon eller anna elektronisk utstyr utan løyve frå lærar Ha grov munnbruk, banna eller snakka nedsetjande om andre Forsøpla, gjera hærverk eller tagga Slåst, plaga, mobba eller krenka andre. Dette gjeld også gjennom elektronisk kommunikasjon Juksa på prøver eller andre elevarbeid Vera borte frå timar utan gyldig grunn Bruka sykkel, sparkesykkel, rullebrett/rulleskøyter eller liknande på andre stader enn det skulen godtek, då med fullt tryggleiksutstyr Driva med farleg leik Kasta snøball på/mot andre
REAKSJONAR VED BROT PÅ ORDENSREGLEMENTET - UNGDOMSTRINNET Skulen har ulike reaksjonsformer ved brot: Irettesetjing, samtale med lærar/inspektør/rektor, telefon/melding heim, konfiskering av ulovleg utstyr, nedsett karakter i orden eller åtferd, utvising inntil tre dagar for elevar i 8.-10. klasse, heimsending frå tur på skulen si rekning, melding til politiet, melding til barnevernet Eleven/føresette er økonomisk ansvarleg for utbetring av det hærverket og dei øydeleggingane eleven eventuelt har gjort med vilje Alle forhold som er straffbare etter norsk lov vil bli kunna bli melde til politiet Spesifisering: Brot på ordensreglementet skulen sin reaksjon Røyking/snus: Første gong: Merknad, brev heim Gjentekne gonger: Nedsett karakter i orden Rusmiddel:: Elev bli henta av føresette. Utvising Melding til barnevern/politiet Skulking: Første gong: Ordensmerknad, telefon heim Gjentekne gonger: Brev heim, møte med føresette, nedsett ordenskarakter Forseintkoming: Kvar gong: Ordensmerknad Ved gjentaking: Telefon heim, nedsett ordenskarakter Mobilbruk: (alltid avslått, skal ikkje brukast) Første gong: Ta mobil frå elev, elev kan henta på forkontoret når dagen er slutt. Ordensmerknad Gjentekne gonger: Mobil bli levert på forkontoret, føresett må henta Juksing: På vanlege prøver: Ingen karakter. Åtferdsmerknad. Informasjon til føresette
Tentamen/terminprøver: Som ved eksamen. Ingen karakter. Nedsett åtferdskarakter. Utvising Grov munnbruk/banning/krenking: Første gong: Åtferdsmerknad. Informasjon til føresette Ved gjentaking: Kontakt med heimen. Nedsett åtferdskarakter Slåsting/farleg leik: Første gong: Kontakt med heimen. Åtferdsmerknad Ved gjentaking: Utvising Mobbing/rasisme/vald mot andre: Melding til føresette, utvisning. Nedsett åtferdskarakter Grov vald blir meld til politiet Overgripar kan måtta skifta skule Forsøpling/øydelegging/hærverk: Opprydding/utbetring/erstatning. Kontakt med heimen Grovt hærverk blir meldt til politiet Uro i timane/ordrenekt: Åtferdsmerknad, telefon heim, oppfølging av skuleleiinga ------------------------SVARSLIPP---------------------------------------------------------------------- Me har gjort oss kjende med ordensreglane til Forsand skule: Underskrift elev Underskift føresette Lever svarslipp til kontaktlærar innan 31.08.
DIVERSE INFORMASJON - UNGDOMSTRINNET Skulevegen: Elevar i første klasse sit fremst i bussen, så følgjer andre klasse osv Alle skal sitja stilt på eitt sete, bruka setebelte under heile turen, ha ranselen på golvet ved føtene. Elevar som har rett på skyss, skal ha sitjeplass. Elevar som kjøper skyss, vil kunna måtta stå. I skulegarden: Syklar skal stå i sykkelskura eller like ved. Mopedar skal parkerast på parkeringsplassen. I skulegarden er det ikkje lov å sykla eller bruka moped. Elevar på mellomtrinnet må bruka fullt tryggleiksutstyr (hjelm samt for kne, olboge og hand) viss dei skal bruka rollerblades/skateboard i rampeområdet. Friminutt: Elevar skal vera på tilvist område for sitt alderstrinn. Skulen opnar kl 08.05 og ranselen kan plasserast i garderoben, før eleven går ut att. Skulen startar kl 08.15. I matfriminuttet er elevane inne til kl 11.05. Elevar i 8.-10. klasse er ute i friminutta, men har lov å vera i sitt klasserom frå kl 08.05 og frå 11.05-11.15, dersom dei er rolege og oppfører seg etter reglane som gjeld på skulen. Privilegiet med å vera inne i friminutt kan dragast inn ved brot på gjeldande reglar. Elevane på ungdomstrinnet har lov å gå rundt kulturhuset og på sykkelstien til Steinberg. Elevar skal aldri gå på taket på skulen. I klasserommet: Alle får oppdrag som ordenselev, dvs henta frukt og mjølk, hjelpa lærar med utdeling av lappar o l, og rydding av fellesområder. Elevar på ungdomsskulen har lov å ha sukkerfrie pastillar på skulen. Mediatek: Er eit stillerom utan gjennomgang for elevar. Elevar kan gå gjennom for å henta frukt/mjølk, eller når dei er i følgje med ein vaksen. Aktivitetsrom: Ikkje gjennomgang for elevar. Elevar kan gå gjennom for å henta frukt/mjølk, eller når dei er i følgje med ein vaksen. Snø: Når snøen kjem er det lov å kaste snøball mot trevegg mot symjehall, murvegg ved ATO og frittståande ballvegg på fotballbanen. Det er ikkje lov å kaste snø eller snøball på/mot personar på skulen utan samtykke og tilsyn av vaksne. Bre: Skulebøker skal få bre. Fristen for dette er utgangen av august. Elles i året er fristen ei veke. Elevar kan få plastbre på skulen eller bruka anna bre. Telefon: Elevar kan be om å få ringja på forkontoret (kr 2 pr samtale). Elevar har ikkje lov å ha mobiltelefon slått på i skuletida. Han skal liggja avslått i ransel/bag. Anna elektronisk utstyr er heller ikkje lov. Kamera o l er forbode på skulen. Søknad om permisjon for elevar: Når ein elev treng permisjon, skal føresette søkja skriftleg til kontaktlærar for ein dag. For to inntil ti dagar skal det søkjast til rektor. Søknaden skal
godkjennast av rektor/rådmann, som kan gi permisjon inntil ti dagar, viss det er forsvarleg. Eit vilkår for permisjon er at heimen syter for nødvendig undervisning i permisjonstida. Søknadsskjema ligg på skulen si heimeside. Sykkelhjelm: Når elevar er på sykkeltur med skulen, skal dei bruka sykkelhjelm. Datamaskiner: Kan bare brukast etter avtale med lærar og etter dei retningslinjene som gjeld på skulen/i undervisningsrommet.