Program 2012 vinter vår sommar haust



Like dokumenter
Program 2013 vinter - vår - sommar - haust

HAUST. VINTER. VÅR. i vakre Geiranger 2018/19

VINTER. VÅR i vakre Geiranger 2018

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

CHRISTMAS DINNER & SHOW

HJERTELIG VELKOMMEN. til en stemningsfull adventstid hos oss!

ROGSTADMOEN LODGE. Innlosjering og begivenheter ved Gaulas elvebredd. Rogstadmoen 7295 Rognes, Norway» rogstadmoenlodge.

Å vandre i kulturlandskapet er en opplevelse du kan leve lenge på Fysisk utladet og mentalt fornyet

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Juvet Landskapshotell

HOTELL & RESTAURANT KURS & KONFERANSE

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

CHRISTMAS LIKE THE ONES YOU USED TO KNOW

3 smaksrike juleopplevelser. En forsmak på julens kulinariske opplevelser. Ta julebordet med dine venner, familie eller kolleger på Farris Bad.

KURS & KONFERANSE kursv1.indd :10

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Opplev toppen av Fjord Norge!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Sommartur til Sverige,

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Utgave nr. 1 PRISLISTE. HOTELL, HYTTER OG LEILIGHETER FERIE OG FRITID 1. utgave

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

meter over hverdagen... Telefon:

Månadsbrev for ROSA mars 2015

GENERALFORSAMLING Stavanger juni. Invitasjon. og program

Roleg fjordvandring i UNESCO verdsarvområdet. Vandring, sightseeing på Geirangerfjorden og ein smak av lokal produsert mat!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkommen til songarstemne i Florø!

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Velkommen til Quality Hotel Waterfront, Ålesund

VENEZIA OG LIDO. Mange har forsøkt, men i virkeligheten kan ingen by sammenligne seg med La Serenissma Venezia!

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Gladkjøkkenet - Kurs i matgleder

JULEMARKED I LÜBECK. Vi fortsetter suksessen fra de tre siste årene. Bli med på et førjulseventyr til hansabyen Lübeck!

Nytt: SMAK OG BEHAG HELG Kr

JULEMARKED I LÜBECK. Vi fortsetter og utvider suksessen fra i fjor med et ekstra døgn i Lübeck. Bli med på et førjulseventyr til hansabyen!

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Europas ukjente Mat & vintur til Budapest og Eger

mmm...med SMAK på timeplanen

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Sommerfest. i skjærgården. Gladkjøkkenet

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE.

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Sølvgarden Hotell og Feriesenter AS

Hva kan Kulinarisk Akademi Mathallen tilby deg?

SPA FILOSOFI RO I SJELA ER EIN GOD START PÅ VEGEN MOT EI KJENSLE AV LYKKE.

HYLLENGET GÅRD OVERHALLA

SINGELTUR TIL SARVAR

Velkomen som konfirmant!

OPERA I HAMBURG. På denne reisen skal vi nyte og oppleve! Filharmonisk kammerkonsert i selve Elbphilharmonie og operaen Fidelio på Staatsoper Hamburg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Oslo Airport Hotell konferansetilbud. Tlf I I

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

JUL I BERGEN JULETILBUD 2018 DET BLIR IKKE MER JUL EN DETTE! DITT JULEBORD. Fløien Folkerestaurant Bryggen Tracteursted Schøtstuene i Bergen

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

VANDRETUR CINQUE TERRE

SPA FILOSOFI RO I SJELA ER EIN GOD START PÅ VEGEN MOT EI KJENSLE AV LYKKE.

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

La Bella Italia BLI MED TIL MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA SLOW TRAVEL, SLOW FOOD, SLOW LIFE

Layout: GD reklame, Lillehammer. Foto: Maihaugen, Opplysningskontoret for kjøtt og Asmund Hanslien BRYLLUP

naturen, kystmiljøene og kulturen Petra Wöbke

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

En samarbeidspartner på vegen året rundt

Bestefars klokke. Bestefars klokke tikkar i rommet snart vil ho slå ein time er omme

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Ålesunds flotteste selskapslokale.

Til deg som bur i fosterheim år

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Velkomen som konfirmant

Tjenester. Sollihøgda Trivselshus er et pensjonat for eldre i naturskjønne omgivelser på Sollihøgda, rett utenfor Oslo.

Helsereise Eger 20. August 3. September 2013

SINGELTUR TIL ROVINJ

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

EXPLORE. Actionfylte opplevelser. Det fine Vestlandet. 5 plasser å besøke denne sommeren NORWAY

WIEN MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Gdansk julemarked

Dublin juli 2018

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

MARIBOR- VED DRAVAS BREDDER

SJARMERENDE GDANSK MED ANDREA BOCELLI

Imola hotel platan, det ultimate sted for SPA-og behandlingsreiser

Plassebakken Barnehage

Opplev vestkysten av Sverige, skalldyrsmat, skjærgård, natur og rolige utfluktsmål. Bohusgården Hotell och Konferens. Hotellet.

Transkript:

Program 2012 vinter vår sommar haust

VINTER Landskapet endrar seg. Vinteren kler seg i kvitt og blått. Elvane stilnar og fossane frys til skulpturar og eventyrslott. Isen legg seg på fjorden. Heile naturen kviler. Det er tid for gode stunder. Tull deg inn i badekåpa, og gle deg til varme opplevingar i Union Bad & Spa. Ta med deg ei god bok, eller unn deg ei velgjerande behandling. Utandørs tek du vinteren i bruk. La deg freiste til ein frisk rattkjelketur, Nordic Walking eller skreddarsydde vinter-events. Innandørs nyt du varmen og atmosfæren. Lærer om yoga, franske vinar eller hudpleie. Kjøkenet sørgjer for spennande, lokal mat. Eit romantisk bord for to, koseleg venekveld i Mollaløa, eller vinterfest for gode kollegaer i intime restaurant Julie. Vinen hentar vi frå eigen vinkjellar. Velkomen hit!

Vinterpakke med spa Kampanjeperiode: Midtveke: (onsdag fredag) 1. november til 1. april. Velkomen til lune vinterdagar i Union Bad & Spa. Ta med deg kjærasten eller ein god kollega og del friske opplevingar og gode måltid. Du har fri inngang til Union Spa under heile opphaldet. Tull deg inn i badekåpa og nyt eit måltid i varmen frå peisen. Bli med på vanngym og Nordic Walking. Kos deg med tradisjonsrik nonsmat, kaffi og te. Tilbodet gjeld i perioden 1. november til 1. april. per person i dobbeltrom, per døgn Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald - Frukost - Nonsmat - Middag - Nordic walking - Vanngym - Inngang Union Bad & Spa Midtvekepakke: frå kr 1050,- Konferansepakke: frå kr 1395,- per person i enkeltrom, per døgn Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald - Frukost - Lunsj - Nonsmat - Middag - Konferanserom - Kaffipauser - Nordic walking - Vanngym - Inngang Union Bad & Spa NYTT Nonsmat På Hotel Union løftar vi no fram ein god sunnmørsk tradisjon: Nonsmaten. Vi hentar fram minne frå eit lunt bestemorkjøken. Dufta av nykokt kaffi og heimebaka brød. Noko søtt saman med det sunne. Nonsmaten vart tradisjonelt servert på ettermiddagen, klokka tre eller noko seinare. I vinterpakken vår får du nonsmaten inkludert. Vi byr deg på ferskt, heimebaka brød, heimelaga syltetøy og litt søtmat. Håpar det smakar!

Spahelg Ei helg for alle sansar 13. 15. januar Velkomen til ei sanseleg helg der vi inviterer deg inn i Union Spa med fri entré. Frisk luft og effektiv trening med Nordic Walking, velgjerande gymnastikk i vatnet, SPA og yoga for mentalt og fysisk velvære. Temabuffé med biff og raudvin. Vinkurs med fokus på Bordeaux, Rhône og Burgunder. Helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad & Spa. Showhelg med Fredrik Steen «Gi Labb» 20.-22.januar Desse dagane har vi sett av til deg, som lengtar etter varme og innekos. Unn deg gode stunder i badekåpa, med SPAbehandlingar og velfortent kvile. Vi tilbyr yogakurs med instruktør frå Meretes Zen Garden. God mat og god drikke høyrer med. Laurdag kveld blir det show med Fredrik Steen. Helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Showpris kr. 200,-. Jentehelg 27.- 29. januar Ei herleg jentehelg med trening som tema. Treningsøkter og foredrag med Yngvar Andersen treningsinstruktøren frå Puls. Yogakurs, pilatestrening og Nordic Walking velgjerande og vakkert. Vi har instruktør, stavar og broddar. BABOR vil presentere seg med hudpleieprodukt, velværekurs og hudanalyse. Ekstra gode tilbod denne helga. Lading av kropp og sinn i Union Bad & Spa. Helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Vinterferie. Aktivitet og avkopling for heile familien. Vi har tilbod om mange hyggelege familieaktivitetar, gode matopplevingar og eigen barnebuffé. Opplev den blå timen - ei magisk naturoppleving for store og små. Lett utemat og rattkjelketur for den som vil. Innandørs har vi leikerom, skytebane, diskotek, basseng og barneklubb. For dei vaksne tilbyr Union Bad & Spa avkopling og velvære. I heile vinterferien inviterer vi dei vaksne inn i Union Spa med fri entré. Prøv Nordic Walking Geiranger - ei effektiv og sosial treningsform som passar alle fysiske nivå. Vi har broddar og truger. Kort veg til gode skiløyper. Vinterferieprisar: Midtvekeprisar frå kr.1050,- og helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad & Spa. Gardsmat. Lokale spesialitetar og råvarer i verdsklasse 2. -4. mars Vi får besøk av lokale matprodusentar og råvareleverandørar. Denne helga bognar buffeen av lokale spesialitetar. Kjøkenet serverer spanande smaksopplevingar, basert på våre aller beste råvarer. Nyt ei vinterhelg med god mat, Nordic Walking, vanngym og eit besøk i Union Bad & Spa. Helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Ny giv 9. 11. mars Ei helg med påfyll. Karin Fevang Larsen, frå Ny Giv, vil halde det spennande, fargerike og inspirerande foredraget Endelig Mandag!. Yogakurs, velgjerande gymnastikk i bassenget og Nordic Walking. Lading av kropp og sinn i Union Bad & Spa. Helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. S M XL. Showhelg 16. 18. mars Ein god latter reinsar lungene, reduserer stress og styrkjer immunforsvaret. Laurdag blir det showkveld med Small Medium Extra Large. Nyt ei helg med god underhaldning, avslapping, god mat og drikke. Bli med på ei herleg økt med Nordic Walking. Vanngym, avspenning og kvile i Union Bad & Spa. Helgeprisar frå kr. 2295,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Showpris kr. 200,-. Korhelg 23. 25. mars Vi byr inn til ei spennande helg for dei songglade. Ta med koret ditt på eit minnerikt og musikalsk Geirangerbesøk. Helga passar som øvingshelg eller eit sosialt høgdepunkt i sesongen. Ta kontakt for eit godt songartilbod! Helgeprisar frå kr 2295,- per person i dobbeltrom Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald 2 døgn - Frukost laurdag og søndag - Middag laurdag og søndag - Nordic walking - Vanngym - Inngang Union Bad

PÅSKE Påska i Geiranger 31.mars 9. april Naturen vaknar til liv. Påskesola kikar fram og lokkar oss ut og opp - til våryr glede og friske utfordringar. Det er tid for skiturar og avkopling. Appelsin og kakao i solveggen og eit vårleg bad i hotellhagen. Kjøkenet sørgjer for dei gode matopplevingane. Påskefjellet Sjølv om snøen smeltar ved fjorden, har fjellet framleis rikeleg med snø. Her er utfordringar nok for erfarne friluftsfolk, og flotte preparerte løyper for mosjonistar. Bli med på ein familieskitur med guide. Hotel Union er også eit ypparleg utgangspunkt for spaserturar og Nordic Walking. Union Bad & Spa Union Bad har herlege fasilitetar for store og små. Utandørs og innandørs basseng, eiga barneavdeling, sauna og kvilestolar. I SPA-avdelinga kan du nyte avkopling og massasje. Unn deg den gode stunda med opplevingsdusjar, damp, varme og vatn. Ta deg tid til ei velgjerande behandling. Union Barneklubb Kom og bli med! Vi har tryllekurs, danseskule, ansiktsmaling og buttonsverkstad. Gle deg til nye vener og mykje moro! Hotel Union har eiga skytebane, biljard- og bordtennisbord og eiga barneavdeling i Union Bad. Show med Celine frå MGP jr. Palmehelga får vi besøk av Celine frå MGP jr., og laurdag ettermiddag blir det show! Ei musikalsk oppleving for store og små! Påskeprisar frå kr 1050,- (langfredag frå kr. 1195,- og påskeaftan frå kr. 1395,-) per person i dobbeltrom, per døgn Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald - Frukost - Middag - Nordic walking - Vanngym - Inngang Union Bad - Aktivitetar

Union Bad & Spa Ta ein velfortent pause frå kvardagen. Nyt frukosten og utsikta i badekåpe og tøflar. Finn deg ein mjuk lenestol i velværesona. Kjenn varmen frå peisen, nyt stemninga, velværet og roa. Les ei bok, drikk ein kopp te og la blikket og tankane vandre. Ta ei velgjerande spabehandling før du bestiller lunsj. Opplev saunarituale, vatn, damp og urter. Utforsk dei ulike opplevingsdusjane våre. Slapp av i utandørsbassenget ein vinterkveld under snøtung himmel. Nyt den gode stunda. Prisar SPA Buande gjester: Inngang per dag kr 250 2 dagar-/helgepass kr 400 Eksterne gjester: Inngang per dag kr 350 Prisar BAd Buande gjester: Inngang fritt under hotellopphaldet Eksterne gjester: Høgsesong Lavsesong vaksne kr 200 kr 120 barn kr 100 kr 60 familie kr 480 kr 350 Ved å ta behandlingar som kostar frå kr. 840,- er det gratis inngang i spa. Besøk oss på www.hotelunion.no for fullstendig oversikt over spabehandlingstilbodet vårt. Spapakke helg frå kr. 4300,- per person i dobbeltrom inkl, middag, frukost, lunsj laurdag, inngang Union Bad & Spa og 3 stk 50 minutt spabehandlingar* Spapakke midtveke frå kr. 3100,- per person per døgn i dobbeltrom inkl. middag, frukost, lunsj, inngang Union Bad & Spa og 3 stk 50 minutt spabehandlingar. Pakkane gjeld fram til 1. juni 2012 * Maks ei behandling per dag

VÅR Naturen vaknar til liv. Fossebrus og fuglesong fyller lufta. Ta ein fottur gjennom vakre lier. Kjenn vårsola varme i andletet. Det er tid for bryllaup, utflukter, kick-off og jubileum. Naturen stiller med perfekte kulissar: Fruktbløming og grøne bakkar, kvite toppar over djupblå fjord. Hotel Union sørgjer for den gode atmosfæren og dei gjennomtenkte detaljane. Vi byr på utsøkt mat frå lokale leverandørar og gode vinar frå vinkjellaren. Opplev den første lufteturen i open veteranbil. I høgda ligg snøen og freistar til fart og spenning, våryr glede og friske utfordringar. I Union Bad & Spa finn du attende til freden og roa. Velkomen til avkopling, nyting, urter og vatn. Ta eit vårleg bad i hagen, i pastellfarga kveldslys. La den nye livskrafta sleppe til.

KONFERANSE Fort - Bratt - Vått Rafting, rapellering, fjellklatring, padling, brevandring, snørafting og grottevandring. Tilboda i nærområdet er mange. Vi samarbeider med lokale ekspertar på ekstremt friluftsliv, og hjelper deg å planlegge opplevingar med den rette dosen adrenalin. Er du på jakt etter fartsfylte opplevingar på eiga hand, eller skal du arrangere ein event? Vi hjelper deg å organisere friluftsopplevingar for små og store grupper. Heile året. Eksklusive møteopplevingar. Ynskjer du å legge litt ekstra i møtearrangementet ditt, kan vi anbefale den oppgraderte businesspakken vår. Her får du eit finare møterom, ekstra god service, varierte forfriskingar og snacks. Etter eit profesjonelt gjennomført møte, kan du ta med deg gruppa di på ei eksklusiv matreise med «Ein smak av Møre». Vi dekkjer opp i Mollaløa, fyrer bålet og ynskjer velkomen til ei minnerik stund. Frå vinkjellaren hentar vi fram vin av god årgang. Kokken og servitøren vil vere til stades heile kvelden, og sørgje for ein fantastisk 8- retters meny, basert på utvalde råvarer frå heile fylket. Businesspakke frå kr 1890,- per person i enkeltrom, per døgn Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald - Frukost - Lunsj - Nonsmat - Middag - Oppgradert konferanserom - Gratis trådlaust nettverk - Frukt og snacks - Kaffi, te, mineralvatten og juice - Nordic walking - Inngang Union Bad & Spa Ein smak av Møre frå kr. 2500,- Inkludert 8-retters meny og kjellarvinar tilpassa rettene

Inspirerande scrappehelg 27. 29. april Klippe, lime, brette, skrive, pynte, pusle... Er du glad i scrapbooking, er dette helga for deg. Vi byr på spennande foredrag og inspirerande tips frå dei aller beste. Nyt ei hyggeleg og kreativ helg saman med andre scrappeglade. Tilbod om yogakurs, vanngym og fotturar. God mat og drikke. I Union Bad & Spa ventar den gode stunda. Vakre maidagar i Geiranger. Gode helgetilbod. Ta ei vårhelg på Hotel Union. Opplev den vakre naturen; epleblomstringa og dei majestetiske fossefalla. Bli med på fotturar med guide og Nordic Walking. Bestill spahelg til pakkepris, og nyt late dagar i Union Spa. Helgeprisar frå kr. 2295,- per person i dobbeltrom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Bilhelg - med nye modellar og klassiske godbitar. 4. - 6. mai Har du bildilla? Då er dette draumehelga for deg. Brages Bilforretning besøkjer oss med sine nyaste bilmodellar. Vi håpar på godvêr, og trillar veteranbilane våre ut i vårsola. Kanskje får du høve til ein luftetur i open veteranbil. Karl Mjelva gir omvising og fortel historier om dei mange klenodia våre. Fossane bruser, ferja på fjorden har byrja sesongen. Alt ligg til rette for ei flott helg! Pinsehelg. 25.-28.mai Legg pinseturen til vakre Geiranger. Lad batteria i Union Bad & Spa, eller nyt den storslegne naturen. Vel mellom mange flotte turstiar og joggeløyper. Spør oss om tilhøva i fjellet eller be om tips til dagsturar med bil eller båt.

Feiring Familieselskap, jubileum, dåp eller lansering. Store dagar blir minnerike når du legg feiringa til Hotel Union Geiranger. Her finn du fasilitetar og omgjevnader som innbyr til trivsel, hyggje og høgtid. Vi skreddarsyr arrangementet ditt slik du ynskjer det, dekkjer for intime selskap eller store bankettar. Vi gjer ekstra stas på jubilanten, spanderer oppgradert rom og pyntar bordet med blomar og lys. I Geiranger vil du finne aktivitetstilbod som passar alle. Eit opphald i Union Bad & Spa vil gjere opplevinga endå større - for både små og store gjester. Bryllaup Til kyrkja i blankpolert veteranbil - med vind i sløret og bankande hjarte. Strålande smil på kyrkjetrappa og vakker utsikt over Geirangerfjorden. Fotografering ved Knuten eller Flydalsjuvet, medan gjestene nyt ein aperitiff i hotellhagen. Stilfull og romantisk oppdekking på Hotel Union. Bryllaupsmeny og bryllaupskake frå dyktige kokkar og konditorar. Musikk og dans i nattklubben eller i eige festlokale. Samle nære og kjære i Mollaløa kvelden før bryllaupet. Lad opp til den store dagen med herleg stell, brudepynting og draumespa. Nyt kjærleiken i brudesuiten, og få frukosten servert på rommet. Kva er dykkar draum? Vi veit at det er summen av dei små detaljane som skapar dei store opplevingane. Vi har hovmeistrar som hjelper dykk - frå planlegging til gjennomføring. Minna vil vare livet ut. Bryllaupspakke frå kr. 990,- per person* Inkludert i pakken: - Aperitiff - 3-retters middag - Vinpakke - Avec - Kaffi - Dans til husorkester i danserestaurant * Bryllaupspakken er standardisert på innhald. Utanom standard, gjeld eigne prisar.

SOMMAR Verda kjem til Geiranger. Cruiseskipa fyller fjorden. Det yrer av liv i sentrum, og turistar prisar den vakre bygda vår, på alle verdas språk. Det er feriestemning og tid for lange, late sommardagar. Ta ein rusletur i butikkane. Nyt naturen frå ein kvilestol i hagen, medan borna sym og boltrar seg. Unn deg ein tur med MS Geirangerfjord. Eller opplev det storslegne landskapet frå ein liten kajakk på fjorden. Oppdag stiar gjennom frodig natur. Finn fram til fjellgardar og fossefall. Bli bergteken av nye utsikter. Samle minner for livet. Dra på gardsbesøk med hesteriding. Opplev Herdalssetra med hundrevis av geiter. Dagsturmåla er mange og verdskjende: Trollstigen, Briksdalsbreen, Ålesund. Tilbake på Hotel Union nyt du lange sommarmåltid, sprudlande drikke, fred og ro. Velkomen inn i sommardraumen, midt i hjartet av Fjord-Noreg. Unike sommarminne Hotel Union Geiranger hjelper deg å samle gode sommarminne. Bu godt og rimeleg hjå oss. Nyt fasilitetane på hotellet; eit godt måltid på terrassen, ein symjetur i bassenget, fjordutsikta og den internasjonale stemninga. Naturen rundt oss er bergtakande og lokkar til aktive sommardagar. Kva med eit fjordcruise, besøk på fjellgardar eller kajakkpadling på fjorden? Om du nyttar deg av sommarkampanjen vår, kan du sove og ete godt på hotellet, og delta på ein av dei utvalde sommaraktivitetane våre. Sommarpakken frå kr 1295,- per person i dobbeltrom, per døgn Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald - Frukost - Middag - 1 valfri aktivitet Aktivitetar å velje mellom - Inngang Union Spa - Guida tur på Geirangerfjorden med MS Geirangerfjord og moglegheit for avstiging til fjordgardsbesøk - Kajakktur på Geirangerfjorden - Gardsbesøk med servering av rjomegraut - Nordic Walking - vandring og trening med stavar i verdsarvnatur

HAUST Opplev hausten i Geiranger. Sterke fargar. Klår luft. Gå ut og la naturen setje spor i minnet. Del gleda over raude kinn og små støvlar som knuser nattefrosne pyttar. Kom inn i varmen. Forsyn deg av lekre rettar, basert på ferske lokale råvarer. Vilt, grønsaker, fisk, frukt og bær. Del djupe samtalar, latter og lange måltid. Hald ei kjær hand i di. Eller nyt den gode einsemda. Flyt bort frå kvardagen i SPA-avdelinga. Gje deg tid til å døse, nyte, samle energi og klarne tankane. Dagane vert kortare no. Naturen tek tak og slengjer stormkast og regn mot ruta. Snøgrensa kryp nedover liene, mot bygda og fjorden. Vi fyrer i peisen, tenner lys og ynskjer deg velkomen som julebordsgjest. Hotellet er pynta til fest, og bordet bognar av heimelaga julemat.

Helgeprisar frå kr. 2750,- per person i dobbeltrom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Havets festbord 14. 16. september Denne helga serverer vi rettar frå havets spiskammers. Buffeen bognar av alt frå tradisjonelle fiskerettar og skaldyr til nye smakskombinasjonar og moderne sushi. Vin frå vår eigen vinkjellar høyrer med. Flyt bort frå kvardagen, og unn deg nokre gode timar i Union Bad & Spa. Lokale smaksopplevingar 21. - 23. september Denne helga løftar vi fram den lokale gardsmaten og dei norske mattradisjonane. Unionsbuffeen vil bere preg av tradisjonsrike rettar, utsøkte nisjeprodukt og kanskje nokre nye smakar. Råvarene kjem frå gardane som ligg rundt oss, i det reine og frodige fjordlandskapet. Ta ein tur i den klare haustlufta før måltidet, eller nyt utsikta gjennom hotellvindauget eller frå bassenget i hagen. Haustferie med mange aktivitetar i veke 40 Velkomen til ein hyggjeleg haustferie i Geiranger. Unn deg ei velgjerande oppleving i Union Bad & Spa. Vi har symjebasseng og utandørs terapibasseng, og du kan velje mellom mange gode behandlingar. Bli med på ein flott fottur med guide, eller ta eit kurs i stavgang. Du kan også vere aktiv innandørs. Vi har skytebane, treningsrom, bordtennis og biljard. Og vi har luftige salongar og skjerma sitjegrupper, perfekte for lange samtalar eller ei god bok. For borna har vi leikerom, barnebasseng, Playstation, diskotek og barneklubb. Midtvekeprisar frå kr. 1050,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. Helgeprisar frå kr. 2750,- pp i dbl rom inkl, middag, frukost, aktivitetar og inngang Union Bad. 3-døgnspris midtveke frå kr. 2395,- og tilknytta helg frå kr. 3150,-. Jakt- og vilthelg 12. - 14. oktober Jaktsesongen er i gang, og vi inviterer deg til ei smakfull og spennande helg. Vi fyller sjølvsagt Unionbuffeen med vilt. Nyt dei aller beste smakane frå fjell, skog og vidde. Vinen hentar vi frå vår eigen vinkjellar.

Julebord Tradisjonen: Julebord på Hotel Union Geiranger har vorte tradisjon for svært mange. Vi fyrer i peisen, tenner lys og ynskjer deg velkomen til eit festpynta hotell. Maten: Sjølve julebordet får stå i sentrum i julebordstida. Vi nyttar mange av dei gode, velprøvde oppskrifter, men komponerer også nye rettar av dei aller beste råvarene. Smak på spesialitetar frå nabogardane, pinnekjøt, lutefisk og vår eigen heimerøykte laks. Her er alt du kan tenkje deg av vilt og sjømat, og kaldtbordet fyller vi med lammerull, gås, salatar, sild og mykje meir. Konditoren byr på herlege kaker, dessertar, terter og julegodter. Julebordsprisar, helg frå kr 3195,- per person i dobbeltrom Inkludert i opphaldet: - Gratis parkering - Opphald - Frukost - Middag fredag - Julebord laurdag - Aktivitetar - Inngang Union Bad Julehuset: Julehuset i Mollaløa gjer vi om til gourmetbutikk, med eit smakfullt utval av matgåver. Lun stemning, smaksprøver og gode historier. Kosen: Denne helga har vi fokus på innekos, og ei god stund i Union Bad & Spa vil gje deg velfortent avkopling og kvile. Opplev Geirangernaturen i førjulstida. Vi tilbyr tur med stavar kvar julebordshelg.

VELKOMEN! Design: Anne Hagen. Foto: Husmo Foto, Frank Stenersen, Rune Hagen, Arne Hagen, Terje Rakke/Nordic Life, Damian Heinisch. Tekst: Akka Tekst Hotel Union, 6216 Geiranger. Norway Tel: +47 70 26 83 00, Fax: +47 70 26 83 50, E-mail: geiranger@hotel-union.no www.hotelunion.no