FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: Løpenummer: Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 17.02.2015 Tid: 15.45-17.25 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart sendt medlemene og varamedlemene 10.02.15 og gjort kjent via heimesida. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Ingebjørg Naa Hjelle Roald Samnøy Steinar Berland Turid Ekeberg Harald Hjartåker Desse medlemene møtte: Geir Inge Eide hadde forfall. For han møtte Hans Fr. Fotland. Haldor Tuft meldte forfall møtedagen. Det var difor ikkje kalla inn vararepresentant for han. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Ingebjørg Naa Helle hadde følgjande merknad til innkalling og sakliste: Kvifor er ikkje sak nr 4 i formannskapet vedk. konsekvensvurdering og avklaring av budsjettvedtaket på saklista til rådet? Saka skulle vore på saklista i dag. Ansvarleg sekretær orienterte om at det var teke opp, men tilbakemelding frå ordførar var at den saka berre skulle gå i formannskapet. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande framlegg som vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet ber om at slike og likande saker, som har betydning for brukarinteressene rådet skal ivareta, vert lagt fram for senior- og funksjonsrådet. Det var elles ingen merknad til innkalling og sakliste. Leiar og ansvarleg sekretær ga elles følgjande påminning: Dersom det er spørsmål til saklista, sakene m.m: Send det inn pr e-post så tidleg som mogeleg slik at det kan undersøkjast før møtet. Digitale løysingar for folkevalde Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen, viste til at ein no har fått utlevert ipadane.
Tilbakemeldinga var at dei fleste av møtande medlemer og varamedlemer treng meir opplæring. Det vart orientert om at ordførar tek sikte på at det vert opplæring i bruk av ipad og funksjonalitet i programvaren vi brukar. Opplæringa vert på kveldstid i byrjinga eller midten av mars - og informasjon om tid og stad kjem. Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 25.02.15 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 001/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 002/15 PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 003/15 EVALUERING POLITISK ORGANISERING 2015-2019 - INNSPEL FRÅ RÅD OG UTVAL 004/15 SKRIV OG MELDINGER 005/15 ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST I MØTET 17.02.15 006/15 PLANLEGGING AV- ELDREDAGEN 2015
001/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteprotokoll frå møtet 25.11.14 vert godkjent Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-001/15 VEDTAK: Møteprotokoll frå møtet 25.11.14 vert godkjent 002/15: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: PROSJEKTRAPPORTEN VERT TEKEN TIL ETTERRETNING. Saka vart samrøystes teken til orientering med følgjande merknader: Til prosjekt FBBS prosjekt 270: Senior- og funksjonsrådet ber om meir utfyllande orientering i saka eller i møtet i april. Senior- og funksjonsrådet ber om status og orientering på Dagsentersaka. RAAD-002/15 VEDTAK: Saka vart samrøystes teken til orientering med følgjande merknader: Til prosjekt FBBS prosjekt 270: Senior- og funksjonsrådet ber om meir utfyllande orientering i saka eller i møtet i april. Senior- og funksjonsrådet ber om status og orientering på Dagsentersaka.
003/15: EVALUERING POLITISK ORGANISERING 2015-2019 - INNSPEL FRÅ RÅD OG UTVAL FRAMLEGG TIL VEDTAK: Utvalet/rådet gjev følgjande innspel til evaluering av politisk organisering, (moment sjå saksutgreiinga.) Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes å senda over følgjande innspel til evaluering av politisk organisering: Det fungerer bra med eitt felles råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne i ein kommune som Fusa. Senior- og funksjonsrådet tek eit heilhetleg ansvar for brukargruppene og saksområda. Kva er utfordringane? Vedtekne uttalar frå senior- og funksjonsrådet vert for lite vektlagt av formannskapet, utval for plan og miljø og kommunestyret. Ein kjem ikkje tidleg nok inn i alle saker og saker vert ikkje sendt via senior- og funksjonsrådet. I ny periode: Sikra at rådet vert involvert tidlegare i planprosessar og andre saker. Sikra at at lovpålagde og andre saker som framgår av retningslinjene vert sendt via senior- og funksjonsrådet. Sikra at vedtekne uttalar frå senior- og funksjonsrådet vert høyrde i formannskapet, utval for plan og miljø og kommunestyret. Senior- og funksjonsrådet får delta på folkevaldopplæringa i ny periode. Ønskje om at det vert representasjon både frå formannskapet og utval for plan og miljø medlemer som også er kommunestyrerepresentantar. RAAD-003/15 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes å senda over følgjande innspel til evaluering av politisk organisering:
Det fungerer bra med eitt felles råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne i ein kommune som Fusa. Senior- og funksjonsrådet tek eit heilhetleg ansvar for brukargruppene og saksområda. Kva er utfordringane? Vedtekne uttalar frå senior- og funksjonsrådet vert for lite vektlagt av formannskapet, utval for plan og miljø og kommunestyret. Ein kjem ikkje tidleg nok inn i alle saker og saker vert ikkje sendt via senior- og funksjonsrådet. I ny periode: Sikra at rådet vert involvert tidlegare i planprosessar og andre saker. Sikra at at lovpålagde og andre saker som framgår av retningslinjene vert sendt via senior- og funksjonsrådet. Sikra at vedtekne uttalar frå senior- og funksjonsrådet vert høyrde i formannskapet, utval for plan og miljø og kommunestyret. Senior- og funksjonsrådet får delta på folkevaldopplæringa i ny periode. Ønskje om at det vert representasjon både frå formannskapet og utval for plan og miljø medlemer som også er kommunestyrerepresentantar 004/15: SKRIV OG MELDINGER :RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande forslag: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne saknar orientering undervegs i prosessen med nytt dagsenter for menneske med psykisk utviklingshemming og psykisk liding. Me ser oss tent med informasjon og samarbeid tidleg i framtidige planprosessar, for å sikra brukarmedverknad og for å unngå unødige misforståelsar. Framlegget frå Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke. Skriv og meldingar vart elles samrøystes teke til orientering med følgjande tillegg. Sjå også vedtak i sak 3 og 5.
RAAD-004/15 VEDTAK: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne saknar orientering undervegs i prosessen med nytt dagsenter for menneske med psykisk utviklingshemming og psykisk liding. Me ser oss tent med informasjon og samarbeid tidleg i framtidige planprosessar, for å sikra brukarmedverknad og for å unngå unødige misforståelsar. Skriv og meldingar vart elles samrøystes teke til orientering Sjå også vedtak i sak 3 og 5. Senior- og funksjonsrådet ber om status og orientering på Dagsentersaka. 005/15: ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST I MØTET 17.02.15 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: SAKA VERT LAGT FRAMT TIL ORIENTERING Følgjande saker vart teke opp i forrige møte; "Senior- og funksjonsrådet i Fusa kommune har gjort følgjande samrøystes vedtak: Fusa kommune må be Skyss om å oppretthalda rutetilbodet i søre luten på same nivå som våren 2014. Eit alternativ kan evt. vera tilbringarteneste til desse reisande. Redusert rutetilbod vil særleg ramma eldre som kun har dette som reisetilbod. Slik det er i dag, er det uråd å koma til helsetenester som lege, tannlege og andre kommunale tenester ved hjelp av kollektiv reisemåte. Senior- og funksjonsrådet ynskjer informasjon kring saksgangen for nytt dagsenter. Saka har tidlegare vore til handsaming. Det viser seg no at det er kome fram nye element i saka eks. samlokalisering av funksjonshemma og gruppe for psykisk sjuke. Saka vart elles teke til orientering."
Når det gjeld spørsmål vedk. dagsenter, er to skriv lagt ved i forrige sak sak 4 -skriv og meldingssaka. Tilbakemelding frå ordførar og status vedk. ovanemnde saker vart elles gitt i møtet. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, hadde gitt følgjande tilbakemelding. Når det gjeld nytt dagsenter viser eg til brev frå einingsleiar Gro Elisabeth Almås Fredag 16.01.2015 hadde ordførar og einingsleiar Terje Raunsgard møte med Skyss i samband med at dei arbeidar no med nye anbodsrundar for busstrafikk i vårt område. I dette møtet tok vi opp bortfall av rute 745 Stusvik Kilen om morgonen, og var tydeleg på at denne ruta må oppretthaldas også i skuleferien. Vi fekk ingen lovnadar i møtet, men dei lova å sjå på dette og antyda forskjellige løysingar. Vi vil at ruta skal kjørast kvar dag, mens Skyss antyda som før men med 4 veker stopp i sommarferien noko vi avviste. Ei anna løysing kan vera at dei ikkje kjører ruta kvar dag men reduserer til 2 eller 3 dagar i veka. Vi har enno ikkje fått noko tilbakemelding frå Skyss, men Utvalet skal bli informert straks Skyss har meldt tilbake. Ordføraren hadde elles oversendt brev av 15.10.14 til Skyss vedk. tilbodet sør i kommunen og det vart referert i møtet. Ingebjørg Naa Helle fremja følgjande forslag: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne saknar orientering undervegs i prosessen med nytt dagsenter for menneske med psykisk utviklingshemming og psykisk liding. Me ser oss tent med informasjon og samarbeid tidleg i framtidige planprosessar, for å sikra brukarmedverknad og for å unngå unødige misforståelsar. Elles vart følgjande teken opp under open post: Leier i senior- og funksjonsrådet Roald Samnøy, orienterte om deltaking i arbeidet med bustadsosial plan. Utkast til plan, samt innkallingar og referat frå møte han hadde delteke i, vart delt ut. Evt. tilbakemeldingar på planutkastet til Roald Samnøy. Fremlegget frå Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke med følgjande tlllegg. Sjå også vedtak i sak 3 og 4. Saka vart elles samrøystes teke til orientering RAAD-005/15 VEDTAK: Sjå også vedtak i sak 3 og 4. Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne saknar orientering undervegs i prosessen med nytt dagsenter for menneske med psykisk utviklingshemming og psykisk
liding. Me ser oss tent med informasjon og samarbeid tidleg i framtidige planprosessar, for å sikra brukarmedverknad og for å unngå unødige misforståelsar. Senior- og funksjonsrådet ber om status og orientering på Dagsentersaka. Saka vart elles samrøystes teke til orientering 006/15: PLANLEGGING AV- ELDREDAGEN 2015 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: SAKA VERT LAGT RRAM TIL DRØFTING I forrige møte vart det gjort følgjande vedtak: Senior- og funksjonsrådet er tilfreds med gjennomføring av eldredagen i 2014 Harald Hjartåker, som er medlem i styret i Fusa senioruniversitet, undersøkjer på komande styremøte 20.01.15 om det er aktuelt å samarbeida om arrangement 01.10.15. Opplegg for eldredagen vart drøfta. Det vart opplyst at på eldredagen i 2014 var det 29 betalande. Mogeleg foredragshalder vart drøfta. T.d. Hindenes som har mykje kunnskap om Etiopia, j.f. tur til Etiopia. Tilbakemelding frå Harald Hjartåker: Senioruniversitetet er positive til samarbeid. Forelesinga deira går i 2 økter x 45 min. Foredraga er på 45 min x 2 med kaffipause. Tema for forelesing i september 29.09.15 er ikkje bestemt enda. Senior- og funksjonsrådet tilpassar seg med dag og opplegg for å få til eit samarbeid med senioruniversitetet Eli Dalland vert truleg ny leiar i senioruniversitet. Roald Samnøy tek kontakt med henne etter 17.03.15. Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes opplegg som framgår under handsaminga.
RAAD-006/15 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes opplegg som framgår under handsaminga.