Sakspapir Saksbehandlar Arkiv ArkivsakID Anny Bastesen FA - M30, FE - 231 17/2797 Saksnr Utvalg Type Dato 138/ Formannskapet PS 29.11. Kommunestyret PS Vass- og avlaupsavgifter 2018 Vedlegg: Forslag GEBYRREGULATIV VATN OG AVLAUP 2018 Gebyrrprofil vatn Gebyrprofil avlaup Saksopplysningar: Bakgrunn Gebyrutrekning er heimla i Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg av 16.03.2012, og Forskrift om begrensning av forurensning av 01.06.2004. Den lokale forskrifta, som heimlar Meland sine gebyr, vart sist revidert av kommunestyret i møte 17.12.2014. I tillegg gjeld leveringsvilkår for Drikkevatn og Avlaupstenester. Utrekningsgrunnlaget for årsavgiftene er summen av driftsutgifter, avskrivingar av anlegga og kalkulatoriske renter på investeringane. I tiltaksplanen for vatn og avlaup blir investeringsplanen analysert, og tiltaka blir fastsett gjennom årlege vedtak i økonomiplan og investeringsbudsjett. Tiltaka er prioritert med målsetting om å sikre alle innbyggjarane i Meland ei stabil og trygg vassforsyning, og hindre ureining frå avlaup. Dei siste åra har nordre delen av kommunen fått nytt og oppgradert vassforsyningsnett og dei gamle vasskjeldene er fasa ut. Det gjenstår ein trasé frå Holmeknappen til Tveit, både for vatn og avlaup; denne ligg inne i investeringsplanen. Vidare er sanering av Rosslandspollen prioritert. Det største tiltaket i har elles vore sanering av VA-anlegga i Grønlandsområdet på Frekhaug. I 2018 startar utbygging av fullverdig vassbehandlingsanlegg på Hestdal for fullt. Investeringsplanen omfattar sjølve vassbehandlingsanlegget og nye hovudvassleidningar ut frå vassverket. Det er no eit stort behov for å oppgradere dimensjonane på overføringsleidningane frå Meland Vassverk til Frekhaugområdet; deler av det eksisterande nettet vart bygd ut så langt tilbake som i 1975. Framdrifta er tilpassa Nordhordlandspakken, noko som gjev store samdriftsfordelar. Vatn- og avlaupsområdet skal behandlast etter sjølvkost-prisippet, og kostnadsbiletet må reknast ut så korrekt som mogeleg. I peroden 2010 2014 vart inntektene likevel vesentleg høgare enn
ugriftene, og det bygde seg opp fond på begge avgiftsområda. Dette skjedde i hovudsak fordi rentenivået var lågare enn venta, nokre investeringar vart skubba fram i tid og driftsnivået vart ikkje heva slik tiltaksplanane tilrådde. For å imøtegå tendensen med veksande fond har årsavgiftene delvis stått i ro og delvis vore sett ned sidan 2011, fram til 2016. Fonda er redusert og innbyggjarane har fått tilbake det dei har betalt for mykje. Rådmannen rår til at bruken av gjenståande fondsmidlar blir fordelt over dei neste åra slik at dei er brukt opp før 2020. Det vil sikre ei utjamning av avgiftsnivået dei neste åra, med relativ moderat vekst. Det inneber ein auke i fondet for vatn 2018, før det blir bygd ned, for å jamne ut verknaden av nytt vassrenseanlegg på Hestdal. Sjølvkostmodellen som kommunen nyttar syner med dette ei balansert utvikling av investerings-, drifts- og avgiftsnivået framover. Utvikling i gebyret 2013 og anslag for 2018, vatn: 2013 2014 2015 2016 Budsj 2018 Vassfond pr 1/1 4 489 3 585 703 2 150 142 1 671 1 101 325 813 937 Bruk av fond 904 110 1 155 326 478 205 570 612 +592 721 Tal 2692 2803 2862 2995 3059 3109 normalabonnementar Endring frå året før +128 +111 +59 +133 +64 +50 Innbetalte avgifter i alt 13 619 12 971 11 480 12 248 13 797 14 967 Årsavgift vatn, 4 241,- 4 114,- 3 290,- 3 594,- 3 864,- 4 170,- normalab. Endring frå året før 0-3 % -20 % +9,2 % +7,5 % +7,9 % Utvikling i gebyret 2013 og anslag for 2018, avlaup: 2013 2014 2015 2016 Budsj 2018 Avlaupsfond pr 1/1 6 392 4 304 461 2 978 423 2 841 2 525 059 706 879 Bruk av fond 2 423 1 326 038 136 544 316 820 1 197 527 724 Tal 1475 1545 1647 1762 1805 1845 normalabonnementar Endring frå året før +91 +70 +102 +115 +43 +40 Innbetalte avgifter i alt 5 755 4 147 5 281 5 952 6 722 6 937 Årsavgift avlaup, 3 263,- 2 349,- 1 980,- 2 958,- 3 063,- 3 063,- normalab. Endring frå året før 0-28 % -15,7 % +49,4 % +3,5 % 0
Vurdering Avgiftsnivået vil framleis vere lågare i 2018 enn det var i 2013, med den profilen som er foreslått. Samla avgiftsauke for vatn og avlaup er på 4,8 % (kr 332,-) frå til 2018. Dvs endring frå 6 927,- til 7 259,-. Sett i høve til arbeidet som må gjerast for å oppgradere drikkevassforsyninga, meiner rådmannen at dette er eit akseptabelt nivå. Det er søkt å unngå store svingingar i satsane frå eitt år til neste. I høve til Lindås og Radøy ligg Meland noko høgare enn dei andre kommunane når tala for blir samanlikna (gjeld normalabonnement, bustad 90-300m2, prisar utan mva): Årsavgift vatn Årsavgift avlaup Sum Tilknytingavgift Radøy 3 136,- 3 166,- 6 302,- 14 700,-/15 900,- Lindås 2 975,- 3 623,- 6 598,- 10 386,-/12 660,- Meland 3 864,- 3 063,- 6 927,- 20 000,- Både Lindås og Radøy informerer om investeringsplanar framover. På grunn av behov for å bygge ned større fond i begge kommunane har ikkje administrasjonane der gjort framlegg om vesentleg avgiftsauke i 2018. Meland tok størstedelen av fondsnedbygging i 2014 og 2015. Frå 2020 må avgiftene samordnast, og framtidige investeringar planleggjast på nytt. Folkehelse: Trygg vassforsyning til alle innbyggjarane i kommunen Miljø: Tiltak innafor avlaupsområdet hindrar ureining Økonomi: Budsjettet er sett op for at vatn- og avlaupsområdet skal gå i balanse. Konklusjon Når Meland går inn i Alver kommune frå 2020, er det lagt opp til at resten av fonda skal vere brukt opp, samstundes som vassforsyninga er trygg og stabil og avlaupstilhøva er uproblematiske. Gebyrprofilen er laga for å unngå store svingingar i avgiftsnivået fram til 2020. Når det nye vassbehandlingsanlegget er bygd og hovudleidningane inn mot utbyggingsområda er lagt, er kommunen godt skodd for framtida. Framlegg til vedtak: «Kommunestyret godkjenner at årsavgifta for vatn blir auka frå kr 3 864,- til kr 4 170,-eks mva for normalabonnement, med tilsvarande prosentvis endring for andre abonnementstypar. Jf framlegg til gebyrregulativ for 2018. Årsavgifta for avlaup blir uendra, kr 3 063,- eks mva for normalabonnement. Tilknytingsavgifta blir uendra kr 20 000,- eks mva for kvar tilknyting.»
Formannskapet - 138/ FS - behandling: FS samrøystes framlegg til vedtak: «Kommunestyret godkjenner at årsavgifta for vatn blir auka frå kr 3 864,- til kr 4 170,-eks mva for normalabonnement, med tilsvarande prosentvis endring for andre abonnementstypar. Jf framlegg til gebyrregulativ for 2018. Årsavgifta for avlaup blir uendra, kr 3 063,- eks mva for normalabonnement. Tilknytingsavgifta blir uendra kr 20 000,- eks mva for kvar tilknyting.»
GEBYRREGULATIV VATN OG AVLAUP FOR MELAND KOMMUNE Vedteke i Meland kommunestyre,., med verknad frå 01.01.2018. Rammer for gebyrutrekning. Gebyra skal ikkje overstige kommunen sine kostnader, men kan utliknast over ein periode på 5 år. Oversikt over forventa kostnader (drifts- og kapitalkostnader) for dei næraste 3 åra skal føreliggje før storleik på gebyra vert fastsett. Gebyrutrekning skal baserast på Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg av 16.03.2012 3-5, samt Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) av 01.06.2004 16-1. Meirverdiavgift kjem i tillegg. Type bygg i fire kategoriar: Kategori 1: Næring og off. verksemder. Kategori 2: Bustader, hytter/fritidshus og burettslag. Kategori 3: Aktive gardsbruk. Kategori 4: Lagshus eigd og drivne av frivillige organisasjonar som kan få eller får driftstilskot over kommunalt kulturbudsjett, og som ikkje har dusjanlegg, vert senka til same abonnementsgebyr som kategori 2 (bustader og hytter/fritidshus pga. lite forbruk. 1. Eingongsgebyr for tilknytning. Eingongsgebyr skal betalast ved tilknytning til offentleg vass- og/eller avlaupsnett. Alle abonnentar betaler likt eingongsgebyr: kr 20 000,-. 2. Årsgebyr 2.1 Abonnementsgebyr Kommunen sine totale årsinntekter frå abonnementsgebyr skal dekkje følgjande del av kommunen sine samla årskostnader for vass- og avlaupstenester. Dette gjenspeglar kommunen sine faste kostnader for desse tenestene. - Vatn ca 50 % - Avlaup ca 50 %. Abonnementsgebyret skal differensierast etter brukarkategori: Alle abonnentane i same brukarkategori betaler likt abonnementsgebyr.
Abonnementsgebyr Vatn Avlaup Kategori 1 kr 3 706,-/abonnent kr 2 757,-/abonnent Kategori 2 kr 2 157,-/abonnent kr 1 599,-/abonnent Kategori 3 Som i kategori 1 Kategori 4 kr 3 706,-/abonnemenet kr 2 757,-/abonnement 2.2 Forbruksgebyr. Forbruksgebyr vert utrekna på grunnlag av målt eller stipulert forbruk med utgangspunkt i nedanforståande m³-pris. Kategori 1 skal betale etter målt forbruk. Kategori 2 skal betale etter målt eller stipulert forbruk. Abonnentane kan sjølve velje metode. Kategori 3 skal betale etter målt eller stipulert forbruk. Abonnentane kan sjølve velje metode. Kategori 4 skal betale etter målt eller stipulert forbruk. Abonnentane kan sjølve velje metode. M³-pris. M³-pris vatn kr 13,42/m³ M³-pris avlaup kr 9,76/m³ Målt forbruk. Forbruksgebyret er basert på faktisk vassforbruk (vassmålar) og pris per m³. Avlaupsmengde vert rekna lik vassmengde. Unnatak frå dette må abonnenten dokumentere. Forbruksgebyr ved bruk av vassmålar: -Vatn : M³ (kr 13,42/m³) * målt forbruk (m³) -Avlaup : M³ (kr 9,76/m³) * målt forbruk (m³) Stipulert forbruk. Forbruksgebyret vert basert på stipulert forbruk og pris per m³. Stipulert forbruk (m³) vert utrekna slik: Bruksareal BRA (m²) * spesifikt forbruk (m³/m²) der - BRA per abonnement vert sett til 150 m² for alle bygg i kategori 2. - Spesifikt forbruk vert sett til 1,0 m³/m².
Forbruksgebyr bustader, hytter/fritidshus: -Vatn : M³ (kr 13,42/m³) * stipulert forbruk (150 m³) = kr 2 013,00 -Avlaup : M³ (kr 9,76/m³) * stipulert forbruk (150 m³) = kr 1 464,00 3. Årleg vassmålarleige. Kommunen eig vassmålarar for bustad, lagshus, hytte og fritidsbustader og desse abonnentane betaler alle kostnader som er knytta til installering og vedlikehald av målaren. Det skal betalast ei årleg leige for å dekke desse kostnadene. Kostnaden kan variere etter storleik på målaren etter følgjande modell: - t.o.m. 25 mm kr 365,- - 26-50 mm kr 500,- - 51-150 mm kr 626,- - større enn 150 mm kr 1 253,- Målarleige forfell til betaling på 1. termin. Andre abonnentar skaffar og kostar sjølv vassmålarane sine. Desse skal installerast og vedlikehaldast etter kommunen si tilvising. 4. Mellombels bruk av vatn og avlaup. Eigar/festar av eigedom som vert mellombels knytta til kommunen sitt vass- og avlaupsanlegg skal betale abonnements- og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, sjå pkt 2.1 og 2.2. Det skal ikkje betalast eingongsgebyr etter pkt 1. Ved sal av vatn til private, via tankbil, skal det betalast kr. 50,- per m³, min kr. 500,- per fylling, etter avtale om tilvist plass og med kommunal driftsoperatør til stades.
Utgifter i mill. kr 18 16 14 12 10 8 6 4 2 0 Utvikling drifts- og kapitalkostnader vatn - 2020 i mill. kr. 7,85 6,55 Prognose 7,37 10,90 6,71 6,88 2018 Budsjett 2019 Økonomiplan 15,28 7,05 2020 Økonomiplan Direkte driftsutgifter Direkte kapitalkostnader 7 000 6 000 Normalgebyr vatn - 2020 6 2346 247 5 000 4 000 3 8643 864 4 170 3 682 4 539 5 019 3 000 Årsgebyr eksklusiv mva. 2 000 1 000 0 2018 2019 2020
4 500 4 000 Normalgebyr avlaup - 2020 4 125 4 157 3 735 3 500 3 000 2 500 3 063 3 063 3 063 2 453 3 155 2 000 1 500 Årsgebyr eksklusiv mva. 1 000 500 0 Prognose 2018 Budsjett 2019 Økonomiplan 2020 Økonomiplan