Informasjon Mangerfestivalen Laurdag 18.nov 2017 Radøyhallen TIL DELTAKANDE KORPS: Komiteen har satt fredag 3.november som frist for innlevering av følgande til mailadresse: mangerfestivalen@gmail.com 1.Korpset sitt konkurranseprogram med komponist/arrangør. 2.Kort omtale av korpset og om programmet de skal spele. 3.Stol- og notestativplassering og slagverksoppstilling. 4.Namn og telefonnr på kontaktpersonar som skal vere med aspirantane festivaldagen. 5.Partitur (bare 1.div brass) skal sendast innan 03.11. i papirform til: Manger skulemusikklag v/ Mangerfestivalen Postboks 50 5931 MANGER side 1
ASPIRANTSEMINAR Seminaret vert gjennomført i samarbeid med Manger Folkehøgskule. I år er det ca. 80 aspirantar påmeldt. Frammøte på Manger Folkehøgskule kl 09:30. (Storsalen, raud bygning) Undervisninga varer fram til ca kl 13:45. Aspirantane får eit gratis frukostbrød, frukt og saft under aspirant-samlinga. Viktig: Under aspirantseminaret vil det vera mange barn samla. Aspirantgruppa vert delt inn etter 1. og 2. års aspirantar. Det er difor eit krav at kvart korps må stilla 2 vaksne som har ansvar for sine eigne aspirantar( korps med mange aspirantar må sjølvsagt ha med seg fleire vaksne) som følgjer med borna under heile samlinga. Manger skulemusikklag er teknisk arrangør for aspirantseminaret, og Manger Folkehøgskule har det musikalske ansvaret, og gjennomføringa av undervisninga. Aspirantane skal spela på festkonserten kl 18.00 (merk tida), og det gler vi oss til. Det vert gratis (og frivillig) filmframsyning for aspirantar og leiarar i kinosalen på Manger - på Rådhuset kl.14:30. Etter filmen skal aspirantane møta korpset sitt på Radøy ungdomsskule og gjere seg klar til festkonsert. KONKURRANSEN Konkurransen startar kl 09:00 i Radøyhallen. Bedømming: Mangerfestivalen har open bedømming. Berre korpsa i 1.div brass skal levere partitur. Radøy kommune sin vandrepokal går til korpset med best heilskap-inntrykk av framføringa. Program: Maksimal speletid er 15 minutt. side 2
FRAMMØTE: Radøy ungdomsskule næraste nabo til Radøyhallen, ein time før korpset sin opptreden. Kvart korps vil verta tildelt plass/rom på ungdomsskulen. OPPVARMING: Vil foregå på Radøy ungdomsskule. Korpsa vert henta 30 min. før dei skal på scena. Kvart korps får ca. 20 min. oppvarming. SLAGVERKSUTSTYR: På scena vil alle deltakande korps kunna nytta seg av følgjande slagverksutstyr: Trommesett, konsert- stortromme, fire pauker, klokkespel, xylofon, vibrafon, marimba, bongos, to congas, tam-tam og rørklokker. Alle andre instrument, samt køller og trommestikker må korpsa ha med sjølv. OPPRYDDING: Vi bed kvart korps setje opp ansvarlege foreldre til å ta seg av «utsjekking» av klasseromma. Ungdomsskulen er låst under festkonserten, og vert låst opp att rett etter at konserten er ferdig. Aspirantane/aspirantleiarar skal ta med seg instrument/kassar inn i Radøyhallen frå kl 17:00. KAFETERIA RADØY UNGDOMSSKULE: Kafeteriaen opnar kl 09:00, og er open under heile konkurransen. Kafeteriaen stengjer ca. kl. 17:45. Det vil verta servert varm og kald mat, varm og kald drikke. Dersom det er korps som vil ha mat til bestemte tider, er dette mogleg. Ta kontakt med vår kafeteria-ansvarlege Sven Bjørnar Hermansen seinast 3.11. på denne adressa: svenbjornarhermansen@gmail.com BILLETTAR: Konkurransen kostar 50 kr. Korpsmusikantar får gratisbillettar til festkonserten. To korpsleiarar og to aspirantleiarar får gratisbillett. Aspirantane skal spela og treng ikkje billett til festkonserten. Øvrige reisefølgje/leiarar må betala kr. 150,- for festkonserten. Gratis for born under skulealder. Det vert førehandssal av billettar til festkonserten i sekretariatet på Radøy ungdomsskule heile dagen. side 3
YMSE: * Festkonserten startar kl 18.00 i Radøyhallen. Aspirantane skal vera «konsertklar» med instrument i hallen seinast kl 17:20. *Avstand: Manger Folkehøgskule ligg eit minutt med bil frå Radøyhallen/Radøy ungdomsskule, gangavstand er ca 5 min. *Parkering: Bussar kan sleppa musikantar og foreldre av ved Radøy ungdomsskule, men må parkera på tilvist plass. Dei som kjem i privatbilar må parkera på tilvist plass. *Symjebasseng Radøyhallen: Radøy kommune har 25 m symjebasseng i Radøyhallen. Opningstida på laurdagar er frå kl. 10.30 14.30. Her må ein løysa billett på vanleg måte i billettluka, evt kan korpsa ringe Radøy kommune (tlf 56349000) og bestille badetid i bassenget. Festivalen tek ikkje i mot bestilling/påmelding. Festivalen vert som vanleg avslutta med ein flott festkonsert. I år får me høyra Manger Musikklag før premieutdeling. Informasjon om Mangerfestivalen finn de på adressa http://www.msml.no og på Facebook. Arrangør/kontaktar: mangerfestivalen@gmail.com Christel V. Håland (93025156) Anne Kolstad Morken (95937449) VELKOMMEN TIL MANGERFESTIVALEN 18.11.2017 side 4
Kart over Festivalområdet: side 5