MØTEPROTOKOLL Utval: Stad: Komite for næring, kultur og idrett Herøy rådhus, Formannskapssalen Dato: 12.12.2016 Tid: 16:00 18:30 Medlemer som møtte: Stig Arne Helsem Sævik Leder H Hilde Marie Brungot Medlem H Knut Johan Voldsund Nestleder FRP Henry Jøsokbakke Medlem V Reidun S Myrvågnes Medlem AP Forfall: Janne-Katrin Hansen Sævik MEDL H Bjarne Kvalsvik MEDL FOLK/SP Varamedlemer som møtte: Edel Kvalsund Goksøyr Janne-Katrin Hansen Sævik KRF Andre: Kulturleiar Eileen Gjerde Til å skrive under protokollen saman med leiaren vart desse valde: Reidun Myrvågnes og Edel Kvalsund Goksøyr Reidun Myrvågnes Stig Arne Helsem Sævik Edel Kvalsund Goksøyr underskrifter
SAKLISTE: Saksnr PS 74/16 PS 75/16 PS 76/16 PS 77/16 PS 78/16 PS 79/16 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte Referatsaker Søknad om kulturmidlar - eingongsinvestering, Gurskøy Idrettslag Søknad om kulturmidlar - disposisjonspost, Toftetunet/Myklebusttunet Søknad om kulturtilskot - disposisjonspost, kulturhelg i Molde 2016 PS 80/16 Årsmelding og rekneskap Herøy frivilligsentral 2015 PS 81/16 PS 82/16 Jensholmen Nord - søknad om RDA-midlar Idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av ballbinge på Frøystad samt støtte til tiltaket RS 11/16 RS 12/16 Referatsaker Tilskot til 17.mai 2016 på Bergsøy Tilskot til 17. mai 2016 på Moltustranda
PS 74/16 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Ingen hadde merknader til innkalling og sakliste PS 75/16 PROTOKOLL FRÅ FØRRE MØTE Protokollen frå førre møte låg føre PS 76/16 REFERATSAKER Referatskriv frå avdelingane låg føre og vert tekne til vitande PS 77/16 SØKNAD OM KULTURMIDLAR - EINGONGSINVESTERING, GURSKØY IDRETTSLAG Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken 1. Gurskøy Idrettslag får tilsegn om tilskot til eingongsinvestering på kr. 40 000 til innreiing av garasje/klubblokale slik omsøkt. 2. Tilskotet kan utbetalast når det ligg føre kvitteringar for gjennomført prosjekt. 3. Tilskotet skal dekkjast over post 14700.4011.231 Prosjektmidlar. PS 78/16 SØKNAD OM KULTURMIDLAR - DISPOSISJONSPOST, TOFTETUNET/MYKLEBUSTTUNET Rådmannen si tilråding med slikt nytt punkt 4 vert samrøystes vedtatt:
«For komande år vert det sett av ein fast sum på kr. 10 000 pr. år til formålet. Tilskot ut over dette skal leggjast fram for komiteen for behandling» 1. Toftetunet Myklebusttunet får tilskot til dekning av 40 t. støttekontakt, samt til køyreutgifter for bebuarar på tunet i høve deltaking dei aktuelle dagane av Herøyspelet 2016. 2. Tilskotet vert utbetalt når timelister og reiserekningar ligg føre. 3. Tilskotet vert dekt over post 14700.4011.377 Disposisjonspost 4. For komande år vert det sett av ein fast sum på kr. 10 000 pr. år til formålet. Tilskot ut over dette skal leggjast fram for komiteen for behandling PS 79/16 SØKNAD OM KULTURTILSKOT - DISPOSISJONSPOST, KULTURHELG I MOLDE 2016 Rådmannen si tilråding med slikt nytt punkt 4 vert samrøystes vedtatt: «For komande år vert det sett av ein fast sum på kr 2.000 pr. pers/pr. år til formålet, dog inntil kr 30.000 totalt. Tilskot utover dette skal leggast fram for komiteen for behandling» 1. I høve Kulturhelg i Molde 2016 vert det gitt eit tilskot på kr. 2 000 pr. person til dekning av kostnader for 7 deltakarar og 6 personale. 2. Tilskotet kan utbetalast når det ligg føre rekneskap for reise, opphald og kursavgift. 3. Tilskotet vert utbetalt over post 14700.4011.377 Disposisjonspost. 4. For komande år vert det sett av ein fast sum på kr 2.000 pr. pers/pr. år til formålet, dog inntil kr 30.000 totalt. Tilskot utover dette skal leggast fram for komiteen for behandling PS 80/16 ÅRSMELDING OG REKNESKAP HERØY FRIVILLIGSENTRAL 2015 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken.
Tilråding i Komite for næring, kultur og idrett - 12.12.2016 Årsmelding og rekneskap for Herøy Frivilligsentral 2015 vert godkjend. PS 81/16 JENSHOLMEN NORD - SØKNAD OM RDA-MIDLAR Komite for næring, kultur og idrett kom med slik ny samrøystes tilråding: Med bakgrunn i at komiteen for næring, kultur og idrett 21.11.16 gjorde vedtak på feil søknadsgrunnlag, vert saka teken opp til ny handsaming og komiteen gjer fylgjande vedtak: Komiteen har ingen innvending til innstillinga i Herøy Næringsforum, då retningsliner og forvaltning av RDA-midlar er fulgt. Etter retningslinene for bruk og forvaltning av RDA-midlane og etter forvaltningslova 28, kan vedtaket påklagast til særskild klagenemnd. Eventuell klage skal sendast Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg, og klaga skal ligge føre seinast 3 veker etter at søkjaren er gjort kjend med vedtaket i saka Komiteen har ingen innvending til innstillinga i Herøy Næringsforum, då retningsliner og forvaltning av RDA-midlar er fulgt. Etter retningslinene for bruk og forvaltning av RDA-midlane og etter forvaltningslova 28, kan vedtaket påklagast til særskild klagenemnd. Eventuell klage skal sendast Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg, og klaga skal ligge føre seinast 3 veker etter at søkjaren er gjort kjend med vedtaket i saka PS 82/16 IDRETTSFUNKSJONELL FØREHANDSGODKJENNING AV BALLBINGE PÅ FRØYSTAD SAMT STØTTE TIL TILTAKET Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Tilråding i Komite for næring, kultur og idrett - 12.12.2016 1. Herøy kommune godkjenner søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av plan for ballbinge på Frøystad, med vilkår nemnt i saksutgreiinga. 2. Herøy kommune kan forskottere spelemidlar og mva-kompensasjon til ballbingen med inntil kr. 410 000 i 2017 og til spelemidlar og mva-kompensasjon vert utbetalt, og under føresetnad av at søknad om spelemidlar vert godkjend.
MØTET SLUTT!