her (kryss av) (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.)



Like dokumenter
her (kryss av) (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.)

Kjønn K X M (kryss av) Frå Noverande stilling Kapellan på Voss, Hardanger og Voss prosti 2008

Velkomen til soknerådskurs

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

Veivalg for fremtidig kirkeordning

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Kjønn K x M (kryss av) Frå Noverande stilling Selvstendig næringsdrivende 2011

Strategidokument

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Kjønn K X M (kryss av) Frå Noverande stilling Kapellan på Voss, Hardanger og Voss prosti 2008

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Kandidatpresentasjon kyrkjeval 2015 Bø sokneråd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Høyringssvar - "Veivalg for fremtidig kirkeordning" Bø sokneråd

Navn på menighet/kirkelig fellesråd/organisasjon:

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

Kven vil du skal styre i kyrkja?

Velkomen til soknerådskurs

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Brødsbrytelsen - Nattverden

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:...

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Kandidater til Fana sokneråd 2015

SAK: 18/ 2015 Høyring «Veivalg» for framtidig kyrkjeordning.

Veivalg for fremtidig kirkeordning

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Veivalg for fremtidig kirkeordning

DEN NORSKE KYRKJA KM 7/14 Kyrkjemøtet 2014

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Den norske kyrkja ønskjer å vera ei bekjennande, misjonerande, Kyrkja deler sin historie med folket sin historie og vert på den

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

Halvor Nordhaug. Curriulum vitae. Måltrostveien 3 b, 1430 Ås. Fødselsdato

Til deg som bur i fosterheim år

Veivalg for fremtidig kirkeordning

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

modell for vedtak om lokal grunnordning

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Vår grøne. kyrkjelyd

Møtebok for Bore sokneråd. Olaug Mestad Slettbakk, daglig leder Siri B. Lindtveit deltok på sak 08/14 11/14

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Velkommen til menighetsrådskurs

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Kjell Bertel Nyland. Curriculum vitae. Bergveien 45, 5152 Bønes. Fødselsdato 20. mars 1949

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Vegval for framtidig kyrkjeordning

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Høyringssvar frå Ullensvang sokneråd: Vegval for framtidig kyrkjeordning

Organisering av kyrkja.

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI


Vigsling av evangelist

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling til andre tenester

Valdres vidaregåande skule

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Vegvag for framtidig kyrkjeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning

DEN NORSKE KYRKJA Suldal kyrkjelege fellesråd

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Transkript:

Skjema for presentasjon av lek kyrkjelege tilsette kandidatar ved val av bispedømeråd/kyrkjemøtet Bjørgvin Opplysningane bispedøme. er til bruk ved offentleg presentasjon av kandidatane. Fødselsdato Namn Bustadsadresse Telefon Bustadssokn Kjønn Noverande stilling 1964 Inger Elisabeth Aarvik Lofthus Epost Ullensvang K M (kryss av) ieaa@ullensvang.herad.no her 1992 Kantor i Ullensvang herad (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Yrke/Utdanning (Inntil 60 teikn) Norges musikkhøgskule, kirkemusikk, kandidatstudiet. Menighetsfakultet, kristendom grunnfag NTNU/ Presteforeningen, liturgisk vidareutdanning. Deltidsstudium Norges musikkhøgskule/mf, kurshaldarkurs, vidareutdanning til gudstenestereformen. (Årstal) 1988 1987 2003 2011 Til (Årstal) 1992 1988 2005 2012 (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Kyrkjelege verv Ung Kyrkjesong, medlem i landsstyret Ung kyrkjesong Bjørgvin, leiar og nestleiar. Kyrkjemusikkutvalet, Bjørgvin bispedøme Trusopplæringsutvalet, Bjørgvin bispedøme Høringsutval, gudstenestereformen, Kirkerådet. 2007 2003 2003 2007 2009 Til 2009 2009 2007 2011 2010 Offisielle og andre verv (Inntil 60 teikn) Til (Årstal) (Årstal) 2014 2016 (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Fleire periodar i FAU, Opedal skule, i tidsrommet 1996-2010 Harding Puls, kunstnarorganisasjon. Styremedlem. Satsingsområde (inntil 5) (Inntil 30 teikn) (Aktivitetar i og planar for kyrkja som kandidaten er særleg oppteken av. Opptil 5 område som kandidaten vil prioritera høgast.) Trusopplæring. Miljø og klima. Gudstenesta.

Spørsmål til lek kyrkjelege tilsette kandidatar i Bjørgvin. Spørsmåla er bestemt av nominasjonskomiteen for lek kyrkjelege tilsette i Bjørgvin, med utgangspunkt i valrådet sine spørsmål til dei leke kandidatane. Spørsmåla har to funksjonar, dei skal hjelpa nominasjonskomitéen i arbeidet med å setja opp kandidatlista, og dei skal brukast i presentasjonen av deg som kandidat. Dette medfører at teksten vil bli offentleg (på nett og på trykk) dersom du blir nominert. Vi ber om at de skriv kort, maks. 800 teikn inkl. mellomrom pr. spørsmål. Namn: Inger Elisabeth Aarvik 1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Eg er opptatt av ei levande kyrkje og vil gjerne vera med i arbeidet på fleire nivå. Det viktigaste arbeidet skjer lokalt, og det er viktig å leggja til rette for godt arbeid i alle kyrkjelydane. Kyrkja er ein heim, ein stad for å leva og ein stad for å arbeida. 2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk- lutherske folkekyrkja som Vedkjennande Open Tenande Misjonerande Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? Trusopplæringsreformen og gudstenestereformen har sett fokus på det sentrale arbeidet i alle kyrkjelydar. Her må det arbeidast vidare og leggjast til rette for at alle lokale kyrkjelyder kan få til eit godt arbeid for alle aldersgrupper. Gudstenester, trusopplæring, diakoni, musikk mange element er viktige for at me skal få ei varm kyrkje der mange kjenner seg heime. Gudstenesta er pulsslaget i kyrkja og vår viktigaste møtestad. Det er og viktig at kyrkja tar tak når det gjeld miljø- og klimaspørsmål. Alle har ansvar for jorda, kyrkja må vera ein pådrivar for å ta vare på skaparverket. 3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? Dette er ei vanskeleg sak for mange. Eg trur det no er tid for dette: Likekjønna par bør få rett til vigsel i kyrkja. 4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva vil du vektlegge med omsyn til Rekruttering organisering arbeidsgjevaransvar i kyrkja? Alle oppgåver og yrkesgrupper i kyrkja er viktige, uansett korleis ein organiserer dette. Kyrkja må arbeida vidare for å få til ein ordning som er god for alle tilsette slik at alle profesjonar kan arbeida godt, og kan arbeida saman. Kyrkja treng ei enklare ordning med tydelegare organisering. Rekruttering: Trusopplæringa, med babysong, kor, klubbar og aktivitetar er ein gylden anledning til å arbeida med rekruttering. Her kan ein få til møte mellom kyrkja og dei døpte og deiras familier, og her leggjast grunnlaget for å kjenna seg heime i kyrkja. 5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Me har truvedkjenninga og ein felles tradisjon i kyrkja vår. Trua på Jesus, livet hans, døden og oppstoda er vår felles arv. Dette held oss saman som kyrkje. Me kan leva med usemje i mange saker og framleis vera same kyrkje. Godt samhald tåler usemje.

Skjema for presentasjon av lek kyrkjelege tilsette kandidatar ved val av bispedømeråd/kyrkjemøtet Bjørgvin Opplysningane bispedøme. er til bruk ved offentleg presentasjon av kandidatane. Fødselsdato 1971 Namn Beate Husa Bustadsadresse Skogsvåg Telefon Epost beate.husa@sund.kommune.no Bustadssokn Sund Kjønn K X M (kryss av) Noverande stilling Kyrkjeverje 2011 Yrke/Utdanning (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Kirkeledelse KAs lederutviklingsprogram 2013 2014 Bachelor Samfunnsøkonomi 2009 2011 Bedriftsøkonomstudiet BI 1991 1992 Kyrkjelege verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til (Inntil 60 teikn) (Årstal) (Årstal) Offisielle og andre verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Kommunestyrerepresentant Sund kommune 2007 2015 Medlem i formannskapet Sund kommune 2011 2015 Nestleiar i Hordaland KrF 2010 2015 Lokallagsleiar Sund KrF 2006 2015 Satsingsområde (inntil 5) Kyrkjeleg organisering Omdømmebygging (Aktivitetar i og planar for kyrkja som kandidaten er særleg oppteken av. Opptil 5 område som kandidaten vil prioritera høgast.)

Spørsmål til lek kyrkjelege tilsette kandidatar i Bjørgvin. Namn: Beate Husa 1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Eg opplever denne tida som svært viktig i høve til at Den norske kyrkja skal finne fram til ei organisering som i størst mogeleg grad gjer oss i stand til å ivareta vårt viktigaste oppdrag. Min motivasjon for å stilla til val er først og fremst knytt til å være eit tydeleg talerør for dei fellesrådstilsette i prosessen med ny organisering. Eg vil arbeida for at kyrkjemøtet sitt vedtak om felles arbeidsgjevaransvar for alle som arbeider i Den norske kyrkja blir gjennomført. Vidare er eg opptatt av at vi i kyrkja må arbeida målretta og strategisk for å betra omdømmet vårt, og få fram den relevansen som kyrkja har for menneske i dag. 2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som Vedkjennande Open Tenande Misjonerande Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? - Kyrkja sitt visjonsdokument er godt og samlande. For at visjonane skal bli til verkelegheit må vi være bevisst på dei i rådsarbeidet, og la dei gjennomsyre vedtak og planar. - Det er likevel slik i Den norske kyrkja at det er ein gode visjonar både nasjonalt, på bispedømmenivå og lokalt. Det kan være vanskeleg for oss å sjå desse i samanheng. Eg ser det som viktig at ein jobbar meir med å samkjøre visjonane slik at stadig fleire får eigarskap til dei. - Med gode visjonar og verdens beste bodskap ligg ting til rette for at mange skal finne vegen til kyrkja. Når dei ikkje gjer det i den grad vi ynskjer, bør vi jobbe endå meir med omdømmebygging. Vi bør ha kontinuerleg fokus på korleis vi kan kommunisere betre i dagens samfunn. 3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? Eg meiner at Den norske kyrkja ikkje skal opne for vigsel av likekjønna par. 4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva vil du vektlegge med omsyn til Rekruttering organisering arbeidsgjevaransvar i kyrkja? Rekruttering: Det må arbeidast strategisk med rekruttering og dette må sjåast i samanheng med omdømmebygging som er nemnt over. Ein bør og sjå på utdanningane sitt innhald og utdanningskrav på nytt. Alternative vegar til ei kyrkjeleg utdanning basert på relevant utdanning bør vurderast. Organisering: Med kommande kommunereform kan ein forventa større fellesrådsområder. Kyrkja må i mykje større grad kople seg på kommunereforma og være aktive i forhold til den. Vi må finne den organiseringa som bidreg til at ressursane i størst mulig grad kjem lokalkyrkja til gode. Arbeidsgjevaransvar: For meg har det førsteprioritet at vi får eit felles arbeidsgjevaransvar i kyrkja. Her må ein prøve å finne løysingar som alle kan leve med. Om vi får større fellesrådsområder bør ansvaret ligge der. 5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Eg vil ha fokus på ein retorikk og ein kommunikasjon som bidreg til å dempa, heller enn å skjerpa frontar. Ein må sjå på meiningsbryting som ei styrke, og søka å finna fram til kompromiss som kan gjera det mogeleg å bevare eit godt fellesskap på tross av ulik tilnærming.

Skjema for presentasjon av lek kyrkjelege tilsette kandidatar ved val av bispedømeråd/kyrkjemøtet Bjørgvin bispedøme. Opplysningane er til bruk ved offentleg presentasjon av kandidatane. Fødselsdato 1976 Namn Dag Reidmar Pettersen Bustadsadresse Straume Telefon Epost dag.pettersen@sund.kommune.no Bustadssokn Fjell Kjønn K M (kryss av) Noverande stilling Trusopplærar i Sund sokn 2011 Yrke/Utdanning (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Bachelor teologi Misjonshøgskolen 2000 2009 Årsstudium psykologi Universitetet i Bergen 2004 2005 Menighetsarbeider (konfirmantar) Laksevåg menighet 2010 2013 Assistent Danielsen Barne- Ungdomssskule Sotra 2008 2012 Kyrkjelege verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til (Inntil 60 teikn) (Årstal) (Årstal) Offisielle og andre verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til (Inntil 60 teikn) (Årstal) (Årstal) Satsingsområde (inntil 5) (Aktivitetar i og planar for kyrkja som kandidaten er særleg oppteken av. Opptil 5 område som kandidaten vil prioritera høgast.) At den bibelske forkynninga og undervisninga i kyrkja skal styrkast. Ungdom at kyrkja skal nå dei og inkludera dei i fellesskapet At kyrkjefelleskapet skal bli meir synleg utanfor kyrkjebygget

Spørsmål til lek kyrkjelege tilsette kandidatar i Bjørgvin. Spørsmåla er bestemt av nominasjonskomiteen for lek kyrkjelege tilsette i Bjørgvin, med utgangspunkt i valrådet sine spørsmål til dei leke kandidatane. Spørsmåla har to funksjonar, dei skal hjelpa nominasjonskomitéen i arbeidet med å setja opp kandidatlista, og dei skal brukast i presentasjonen av deg som kandidat. Dette medfører at teksten vil bli offentleg (på nett og på trykk) dersom du blir nominert. Vi ber om at de skriv kort, maks. 800 teikn inkl. mellomrom pr. spørsmål. Namn: Dag Reidmar Pettersen 1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Eg er brennande oppteken av Den norske kyrkje. Eg er oppteken av at Den norske kyrkje skal bevarast på bibelsk grunn at kyrkja skal vera sterk og tydeleg i sitt særpreg og annleisheit til samfunnet elles, med sin bodskap om Guds kjærleik, Hans skapande og frelsande gjerning. Eg er oppteken av at kyrkja i større grad skal nå ut globalt, men òg her heime til menneske som ikkje endå er ein del av fellesskapet; finna dei, møta dei og formidla til dei Jesus Kristus i ord og gjerning. 2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som Vedkjennande Open Tenande Misjonerande - Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? Ei vedkjennande kyrkje må ha ei tydeleg forkynning og undervisning av den bibelske bodskapen som trua vår er bygd på. Slik kan sanninga bli høyrd, trudd og vedkjent. Gudstenestene, trusopplæringa, bibelgrupper, Alpha-kurs osb. er viktige samlingar for å styrka dette. Eg trur mange som i dag ikkje er med i kyrkjefellesskapet, ynskjer å bli med. Eit større fokus på ulike typer smågrupper ein kan vere med å bidra i, vil vere ei hjelp til å få fleire med og auka eigarskapet til kyrkja. Kyrkja er kalla til teneste og frimot i møte med både global og lokal naud og urettvise. Vi må støtte kristne søsken i andre land, særleg dei som er forfølgte eller religiøse minoritetar. Eg ynskjer òg eit meir oppsøkande og synleg kyrkjefellesskap i vår eigen kultur, som møter menneske der dei til vanleg ferdast. 3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? Bibelen slår fast at Gud har skapt mennesket til å leva saman som mann og kvinne. Ekteskapet er gjeven som vern og ramme for det seksuelle samlivet og for familielivet. Både Jesus og apostlane lærer tydeleg at alt seksuelt samliv utanfor ekteskapet (mellom éin mann og éi kvinne) er imot Guds vilje. Difor meiner eg at vigsel av likekjønna par strir imot kristen samlivsetikk. 4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva vil du vektlegge med omsyn til Rekruttering organisering arbeidsgjevaransvar i kyrkja? Organiseringa av Den norske kyrkja, med den doble strukturen, har eg både erfart styrker og svakheiter med, og eg har nok ikkje heilt landa på kva som er den beste løysinga her. Men eg gler meg til å setja meg betre inn i dei ulike argumenta. Eg meiner at det er eit gode for kyrkja at ho sjølv utan innblanding frå staten styrer kven som skal tilsetjast i dei ulike stillingane. 5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Det er viktig for meg at alle i kyrkja blir tekne vare på, sjølv om ein har ulike meiningar. Men det er mogleg at dette krev endringar i organiseringa av kyrkja og at ein må laga nokre nye strukturar og «køyrereglar».

Skjema for presentasjon av lek kyrkjelege tilsette kandidatar ved val av bispedømeråd/kyrkjemøtet Bjørgvin bispedøme. Opplysningane er til bruk ved offentleg presentasjon av kandidatane. Fødselsdato 1969 Namn Joy Elizabeth Taylor Bustadsadresse Dale i Sunnfjord Telefon Epost kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no Bustadssokn Fjaler Kjønn K x M (kryss av) Noverande stilling Kyrkjesekretær 2001 Yrke/Utdanning (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Kyrkjesekretær i Gaular sokn 2009 2015 Kyrkjesekretær i Fjaler sokn 2001 2015 Kyrkjetenar i Dale kyrkje (Fjaler) 1997 2011 Bachelorgrad i musikk, med liturgisk musikk som hovudfag (Colchester Institute) 1987 1991 Kyrkjelege verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Redaktør, Kyrkjeblad for Fjaler 2000 2015 Leiar, Laurdagsklubben i Dale (tilslutta Søndagsskulen Norge) 1998 2015 Offisielle og andre verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Vara til styret, Sparebankstiftinga i Fjaler 2012 2015 Satsingsområde (inntil 5) Open, inkluderande folkekyrkje Barn og ungdom Kyrkja i media/på Internett Kor og kyrkjemusikk Miljø og rettferd (Aktivitetar i og planar for kyrkja som kandidaten er særleg oppteken av. Opptil 5 område som kandidaten vil prioritera høgast.)

Spørsmål til lek kyrkjelege tilsette kandidatar i Bjørgvin. Spørsmåla er bestemt av nominasjonskomiteen for lek kyrkjelege tilsette i Bjørgvin, med utgangspunkt i valrådet sine spørsmål til dei leke kandidatane. Spørsmåla har to funksjonar, dei skal hjelpa nominasjonskomitéen i arbeidet med å setja opp kandidatlista, og dei skal brukast i presentasjonen av deg som kandidat. Dette medfører at teksten vil bli offentleg (på nett og på trykk) dersom du blir nominert. Vi ber om at de skriv kort, maks. 800 teikn inkl. mellomrom pr. spørsmål. Namn: Joy Elizabeth Taylor 1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Eg ønskjer ei kyrkje der det er rom for både tru og tvil, der ingen kjenner seg uønskt eller framand, og der det er plass for ulike meiningar. Eg vil vere med på å tilrettelegge for dette i den endringsprosessen vi no er oppe i. 2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som Vedkjennande Open Tenande Misjonerande Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? Eg ønskjer ei kyrkje med låg terskel, der alle kan kjenne seg heime og der kyrkja opplevast som ein naturleg del av nærmiljøet. Trusopplæringsreforma har gjort mykje for å auke deltaking i gudstenesta og nattverden, og det er viktig å fortsette med dette arbeidet. Barn og foreldre får høyre Guds ord, blir kjent i kyrkjerommet og opplever at dei høyrer til. Korarbeid og bruk av medliturgar/frivillige senkar terskelen for aktiv deltaking i gudstenesta og gjev eit eigarskapsforhold til den. Det er viktig at kyrkja er synleg i media og i nærmiljøet, og opplevast som relevant. Vi må vere til stades for folk i kvardagen og i krise. Kyrkjebygg og kyrkjelydshus må så langt som mogeleg vere tilgjengeleg for alle, t.d. med rullestolrampe, handikapptoalett og teleslynge (universell utforming). 3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? Jesus tok imot alle, spesielt dei som av ulike grunner blei sett ned på. Han viste oss at absolutt alle er elska av Gud, og at frelsa er for alle. Det er ikkje vår oppgåve å stenge folk ute av kyrkja og nekte dei å delta i det som er sjølvsagt for andre kristne det var Jesus tydeleg på. Det finst nokre få bibelvers som nemner homofili, men mange fleire som påpeiker at alle har synda, og som refser dei som vil dømme andre. Paulus skriv i Romarbrevet: "Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste." Gud er kjærleik, og kjærleiken kjem frå Gud også i likekjønna parforhold. Eg ser ingen bibelsk grunnlag for at to av same kjønn ikkje kan leve saman i forpliktande kjærleik med Guds velsigning. Eg meiner derfor at det er riktig å gje plass for likekjønna ekteskap i ei open og levande kyrkje. 4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva vil du vektlegge med omsyn til Rekruttering organisering arbeidsgjevaransvar i kyrkja? Større administrative einingar for arbeidsgjevaransvar kan ha nokre fordelar, f.eks at tilsetjing på tvers av soknegrenser kan gje større stillingsprosent for lek tilsette og dermed lettare rekruttering, men fordelane med "stordrift" må vegast opp mot den sterke forankring i nærmiljøet som alltid har vore viktig for kyrkja. Soknet må bestå som grunneining med tilstrekkelege ressursar, og må ha uttalerett som skal tilleggjast vekt i alle tilsetjingssaker som gjeld soknet. Alle kyrkjelege tilsette bør ha same arbeidsgjevar, gjerne på prostinivå. 5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Usemje er ikkje noko nytt i den kristne kyrkja, som trass dette har eksistert i 2000 år. Ei inkluderande folkekyrkje må sjølvsagt ha plass for ulike meiningar. Vi må vise toleranse for kvarandre og sette pris på dei ulikskapane som er mellom oss. Ved å halde fokus på dei sentrale elementa i vår tru og det vi har felles, kan vi unngå at usemje splittar oss.

Skjema for presentasjon av lek kyrkjelege tilsette kandidatar ved val av bispedømeråd/kyrkjemøtet Bjørgvin Opplysningane bispedøme. er til bruk ved offentleg presentasjon av kandidatane. Fødselsdato 1962 Namn Arne Tveit Bustadsadresse Søfteland Telefon Epost Arne.tveit@bergen.kirken.no / famtveit@gmail.com Bustadssokn Os Kjønn K M x (kryss av) Noverande stilling Kirkebyggsjef i Bergen kirkelige fellesråd 2014 Yrke/Utdanning (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Kirkeverge i Vestvågøy, Lofoten 2008 2013 Senior salgssjef / prosjektleder / produktsjef i Poseidon (kunder i 60 land) 1997 2007 KA s lederutdanning, del 1 og 2 / verdibasert ledelse 2011 2013 Ingeniørhøgskolen i Narvik 1984 1986 Indremisjonsselskapets bibelskole, Staffeldts gate, Oslo 1981 1982 Kyrkjelege verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Delegat til kirkemøtet 2009 2013 Nestleder Sør-Hålogaland bispedømmeråd 2009 2013 Leder Buksnes menighetsråd 2002 2007 Nord-Norges diakonistiftelse, varamann til styret 2010 2012 Medlem av Santalmisjonens ungdomsråd i Nordland 1984 1986 Offisielle og andre verv (Opptil 5 oppføringar vel dei mest relevante.) Til Styremedlem Lofitech AS 1992 2015 Leder/nestleder Buksnes skoleutvalg 1999 2001 Gravdal håndballklubb, sekretær 2008 2009 Gravdal fotballklubb, oppmann 2000 2000 Satsingsområde (inntil 5) (Aktivitetar i og planar for kyrkja som kandidaten er særleg oppteken av. Opptil 5 område som kandidaten vil prioritera høgast.) Trosopplæringsreformen, at vi må nå nye generasjoner med evangeliet om Jesus. At vi må lage gudstjenester og samlinger der folk ønsker å delta, opplever seg velkommen og der troen får vokse frem. Når vi skal fullføre kirkemøtets bestemmelse om EN arbeidsgiverlinje, må det bli på fellesrådsnivå, etter kommunereformen. Vi må finne en god finansiering og organisering som gir oss mulighet for å ta vare på kirkebyggene våre på en god måte. Fellesrådene gjør en god jobb som gravplassforvaltere dette er en oppgave vi må beholde, forvalte og videreutvikle.

Spørsmål til lek kyrkjelege tilsette kandidatar i Bjørgvin. Namn: Arne Tveit 1.Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: Jeg har et stort engasjement for kirka vår og ønsker å bidra til at den skal utvikle seg på en god måte. Dette handler om fornuftig organisering, at vi får rekruttert gode medarbeidere, både lønnede og ulønnede, og at vi står sammen om kirkas store oppdrag.gjennom 4 år i bispedømmeråd og kirkemøte har jeg erfart at min brede erfaring fra ulike deler av kirke-norge kunne brukes konstruktivt til å finne gode løsninger. Som kirkeverge i en liten kommune og kirkebyggsjef i stor kommune har jeg jobbet nært med mange yrkesgrupper i kirken og lært om deres ulike utfordringer, en viktig kjennskap for gode beslutningsprosesser i kirkemøte og bispedømmeråd. Jeg vil også bidra til at vi tar godt vare på kirkebyggene våre, og fortsatt beholder gravplassmyndigheten og forvalter denne på en god måte. 2.Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer Den evangelisk-lutherske folkekyrkja som Vedkjennande Open Tenande Misjonerande- Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? Visjonsdokumentet skal være rettessnor for arbeidet vi gjør og beslutningene vi tar. Alle vedtaksforslag skal kunne prøves mot visjonene. Det er først og fremst ute i menighetene at visjonsdokumentet kan settes ut i praksis det er der kirka møter sine mange medlemmer. Et viktig moment for å nå visjonen blir derfor å legge til rette for at kirkeansatte og frivillige har tid og gode verktøy for å kunne arbeide utadrettet. I kirka må vi også bli bedre på effektiv erfaringsdeling, slik at gode ideer enkelt kan spres ut over landet. Biskopens tilsynsansvar inkluderer ansvar for at alle kirkeansatte etterlever visjonene. Biskopen får bedre tid og større frihet til dette arbeidet om han slipper arbeidsgiveransvaret. 3.Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? Jeg mener det finnes gode argumenter for flere syn i denne saken. Det er viktig å prøve å finne løsninger som gjør at mennesker med ulikt syn på vigsel av likekjønnede par kan jobbe videre sammen for å bygge Guds kirke i Norge. Jeg er usikker på hvordan vi skal tolke Bibelens ord om vigsel av likekjønnede par, men de som lever et homofilt samliv i ordnede forhold skader hverken medmennesker eller kloden vår med dette. Jeg tror ikke det er avgjørende for hverken kirken eller frelsen hvordan vi løser denne saken. Dersom kirkemøtet vedtar at det skal åpnes for vigsel av likekjønnede par, må det samtidig vedtas gode ordninger for reservasjonsrett for kirkeansatte. 4.Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva vil du vektlegge med omsyn til Rekruttering organisering arbeidsgjevaransvar i kyrkja? Når kirkemøtevedtakene om én arbeidsgiverlinje for alle kirkeansatte gjennomføres, bør det være arbeidsgiver på fellesrådsnivå. Etter kommunereformen vil fellesrådsområdene være store og robuste enheter som kan være arbeidsgiver på en god måte for alle, nær nok og samtidig robust nok. En god finansiering av kirka kan bare skapes gjennom nært samarbeid mellom kommune og fellesråd. Biskop m/stab vil kunne fylle tilsynsansvaret på en langt bedre måte hvis han ikke er arbeidsgiver. En arbeidsgiver på fellesrådsnivå vil være nær nok menighetene til at en kan tenke god rekrutteringspolitikk i hverdagen gjennom å engasjere ungdom og andre i frivillig og lønnet arbeid, slik at de gjennom egen erfaring får oppleve kirken som arbeidsplass og gjennom det motiveres til å ta en kirkelig utdanning. 5.Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Guds kirkes ledere har gjennom hele historien vært uenige i ulike spørsmål. Hvilke spørsmål som har vært mest fremtredende i diskusjonene har variert opp gjennom tidene. Likevel har vi oftest klart å holde sammen og sett at det er mer som forener enn som skiller. Det er avgjørende viktig at vi deler bekjennelsen av Jesus som vår Herre og Frelser, som døde for oss og som oppstod for oss. Uenigheter i andre spørsmål kan vi i hovedsak leve med samtidig som vi står sammen i arbeidet med å ære den treenige Gud ved å forkynne Kristus, bygge menigheter og fremme rettferdighet. (visjonen for Bjørgvin bispedømme) Det er viktig at vi i kirka lærer oss til å være klare i det sentrale, rause i det perifere. Dette er en grunntanke som må formidles av alle ledere i kirka, både gjennom ord og handling.