- Orientering om pleie- og omsorgstenesta i Sunndal kommune v/pleie- og omsorgssjef Jorunn Telstad

Like dokumenter
Fylkeseldrerådet i Troms

Rådet for funksjonshemma

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem SL/TVP Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J.

Utval: Eldrerådet Møtestad: Kommunestyresalen, Nesset rådhus, Nesset kommune Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 4/13

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Eldrerådet Årsmelding 2012 Bilder fra Eldredagen 2012 i Kulturhuset Banken. Foto: Maria Seines.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Frå strategisk plan til handling - bruk av handbok for fylke og kommunar. Fagkonferanse og nettverksamling i Florø juni 2013

Rådet for funksjonshemma. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Eldrerådet. Årsmelding Bilder fra Eldredagen 2012 i Kulturhuset Banken. Foto: Maria Seines.

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Lillehammer Seniorråd Årsmelding 2016

Lillehammer Seniorråd Årsmelding 2016

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Eldrerådet

HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Dok.nr. 1 3 MÅi 2008

Utvalg: Eldres Råd Møtested: Formannskapssalen, rom 3008, Levanger kommune Dato: Tid: 10:00

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ann Elida Solheim Medlem FRP

Møteinnkalling. Side1. Utval: Eldrerådet Møtestad: 103, Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Frøydis Austigard Per Vidar Klee Kjølmoen V Margareth Hoff Berg Cine Finstad Austnes UAVH

Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Romsdal vidaregåande skole, Molde, møterom B114 Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 1/2018

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Torvald Bakken, Sigrid Hamre Nyseth, Gunhild Brun, Ivar Kvalen. SAKLISTE

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

PROTOKOLL ØRSTA KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtestad: Ørstafjord Rådhuset Dato: Møtet starta 13:00 Møtet slutta 14:15

Møteprotokoll. Møtestad: Møterom 102, Fylkeshuset, Molde Dato: Tid: 10:30 Protokoll nr: 2/2018

HITRA KOMMUNE. Innkalling til møte i Eldres Råd Fillan den: Medlemmer og varamedlemmer av Eldres Råd

Møtestad: Tingvoll eldresenter og rådhuset i Tingvoll kommune Dato: Tid: 11:00 Protokoll nr: 2/2017

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Mellvin Steinsvoll Medlem AP Ann Elida Solheim Medlem FRP

Program: Fredag 27. januar Kl Møtestart Kl Overrekking av prisen for Årets Ungdomskommune til Smøla ungdomsråd/smøla kommune

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Fylkeshuset, møterom Skåla. Møtedato Kl

MØTEINNKALLING. FYLKESRÅDET FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Fylkeshuset - Leikanger Møtedato: Tid: 10:30

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Storehagen Atrium, Førde. Møtedato Kl. 10:00 15:00

UngData Orientering om arbeidet med UngData, ved avdelingsleiar Rita Valkvæ, Kompetansesenter Rus Midt-Norge

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

HØRING - RÅD I KOMMUNER OG FYLKESKOMMUNER FOR UNGDOM, ELDRE OG PERSONER MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer. Mellvin Steinsvoll Medlem AP

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.

Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Namn Funksjon Representerer Odd Himle Medlem Seniorsaken

Sammøtet med Møre og Romsdal eldreråd startar kl Det blir møte i Vestnes Eldreråd i etterkant av dette møtet.

REGLEMENT FOR SEKTORUTVAL FOR SKULE- OG KULTUR

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ELDRERÅDET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Sunnhordland, 4. etasje, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:00-14:00

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. et, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Dato: 21. februar 2013 Kl.: Stad: Bergen Wigandgården Agnes Mowinkelsgt. 6 Saknr.: 6/13-7/13

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalssalen 3. etg., Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:50-12:50

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Rådet for funksjonshemma. Møterom ved kantina Rådhuset, Rådhuset, Kl.14:00

Kvæfjord kommune. Møteinnkalling. Utvalg: Kvæfjord ungdomsråd Møtested: Kvæfjord rådhus, møterom 2 Dato: Tid: 18:30

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

Årsmelding 2014 Vedtatt av Hedmark fylkes eldreråd i møte 26. februar 2015 og i Hedmark fylkesting i møte 21. april 2015.

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Hedmark fylkes eldreråd

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Dato: 12. september 2013 Kl.: Stad: Fylkeshuset, møterom 4 etg.nordhordland Saknr.: 16/13-19/13

MØTEBOK. Fylkeseldrerådet i Hordaland

BRUKERUTVALGET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Torleiv Rogne Medlem UAVH Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J.

Endringar i delegasjonsreglementet for Hordaland fylkeskommune

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

Råd i kommunar og fylkeskommunar for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høring. Foto: Geir Hageskal

EID KOMMUNE Helse-og sosialutval. Møteinnkalling

Møteprotokoll. Rådet for likestilling av funksjonshemma Møtestad: Scandic Seilet Molde Dato: Tid: 09:15 Protokoll nr: 1/2017

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

MØTEBOK. Fylkeseldrerådet i Hordaland

Buskerud fylkeskommune

Fitjar kommune Møteprotokoll

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Monica Molvær Leiar H

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

MØTEPROTOKOLL. Program:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

BRUKARUTVALET I HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Austevoll kommune Møteprotokoll

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

SANDE KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Utval: Kontrollutvalet Møtestad: Sande rådhus - Formannskapssalen Dato: Tid:

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Trond Hansen Riise Medlem V

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J. Vaag

MØTEPROTOKOLL. Johannes Lad, Kjartan Kvien, Sigrid Hamre Nyseth, Inger Møyfrid Sperle, Torvald Bakken, Ivar Kvalen. Kåre Høyheim

MØTEINNKALLING SAKSLISTE. Utvalg: Eldrerådet Møtested: Kommunestyresalen Møtedato: Tid: Kl 11.00

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Møteinnkalling. Halden kommune. Halden eldreråd. Utvalg: Møtested: Rådhuskantinen, Rådhuskantinen. Dato: Tidspunkt: 13:30

Rådet for funksjonshemma. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Brit Aanning Aarseth Medlem H Amalie Hovdenakk Medlem AP

Helse- og sosialsjef Økonomisjef Sekretær

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Anne Helene Øvstedal Iversen Medlem Njål Sellereite

Følgjande medlemmar hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Dagfinn Wiik Medlem FRP

Kartlegging av rammevilkår

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Årsmelding Fylkesrådet for funksjonshemma i Sogn og Fjordane.

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Leif Elde Nestleiar SAFO Erik Husby Medlem NAV

Transkript:

Møteinnkalling Utval: Eldrerådet Møtestad: Kommunestyresalen Rådhuset i Sunndal Dato: 25.09.2012 Tid: 10:30 Forfall skal meldast til kulturavdelinga på tlf. 71 25 89 21 eller på e-post mia.mari.silseth.smordal@mrfylke.no, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling. Program: Kl 10.30 - Velkommen til Sunndal Kl 12.00 Lunsj - Orientering om pleie- og omsorgstenesta i Sunndal kommune v/pleie- og omsorgssjef Jorunn Telstad - Orientering om DMS v/anne Berit Vullum - Orientering frå eldrerådet i Sunndal kommune v/jan Silseth Kl 12.30 Behandling av saker etter saklista Side1

Saksnr Innhold Uoff E-16/12 Møteplan for 2013 for eldrerådet E-17/12 Reglement for fylkeseldrerådet E-18/12 Fylkesplan 2013-2016 - høyringsdokument E-19/12 Fellesmøte med trøndelagsfylka 2013 E-20/12 Fylkeskonferansen 2013 E-21/12 Studietur for eldrerådet E-22/12 Taparane i samhandlingsreforma - uttale frå eldrerådet RS-13/12 Melding om vedtak - Lovfesta rett til sjukeheimsplass - uttale til Storting og Regjering RS-14/12 Årsmelding eldrerådet 2011 Side2

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 09.07.2012 44287/2012 Toril Eliassen Rusten Saksnr Utval Møtedato E-16/12 Eldrerådet 25.09.2012 Møteplan for 2013 for eldrerådet Bakgrunn Kulturavdelinga har i 2013 sekretariatsansvar for fire utval og råd. For å kunne handtere dette og samtidig gi best mogleg service til alle råd og utval, er det behov for å ha ein samordna møteplan. Med bakgrunn i dette legg fylkeskultursjefen fram møteplan for kultur- og folkehelseutvalet, eldrerådet, likestillingsutvalet og rådet for likestilling av funksjonshemma. Møteplan for fylkestinget og fylkesutvalet vart vedteke av fylkesutvalet i møte 25. juni 2012, og er lagt til grunn for planlegginga, slik at det er teke omsyn til møte og saksfristar i høve fylkesutval og fylkesting. Samla møteplan følgjer vedlagt. For kultur- og folkehelseutvalet gjer fylkeskultursjefen framlegg om totalt sju møte i 2013 med fast møtedag på onsdag. Det blir lagt opp til to-dagars møte i juni. For likestillingsutvalet, eldrerådet og rådet for likestilling av funksjonshemma gjer fylkeskultursjefen framlegg om fire møte samt eit fellesmøte med tema. Forslag til vedtak: Møte for 2013 for eldrerådet blir fastsett slik: Onsdag 13. februar (fellesmøte med likestillingsutvalet og rådet for likestilling av funksjonshemma) Onsdag 27. februar Onsdag 22. mai Onsdag 2. oktober Onsdag 20. november Arvid Blindheim fylkeskultursjef Vedlegg 1 Framlegg til møteplan 2013 Side3

Side4

Side5

Side6

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.09.2012 52553/2012 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato E-17/12 Eldrerådet 25.09.2012 Reglement for fylkeseldrerådet Bakgrunn Arbeidsutvalet (AU) for eldrerådet tok opp i møtet 6. september som sak reglementet for eldrerådet i Møre og Romsdal. Etter val av nytt fylkeseldreråd i 2011 har ikkje reglementet vore lagt fram til gjennomgang i rådet. Vurdering Gjennomgang av reglementet er nødvendig særleg ut frå følgjande to grunnar: 1. Nytt råd nødvendig opplæring 2. Vurdere nødvendige revideringar av retningslinene Punkt 1 Reglementet beskriv korleis val og samansetjing skal vere, kva arbeidsområde eldrerådet skal ha og rammene for møta. I tillegg kva krav som er lagt til organisasjonen for å innhente eldrerådets syn i saker som blir lagt fram til politisk behandling. Det er eit krav at eldrerådet skal utarbeide årsmelding som skal leggjast fram for fylkestinget. For at eldrerådet skal kunne utføre det arbeidet som er forventa, må alle medlemmene av rådet ha nok kunnskap om kva desse forventningane betyr. Det er viktig at eldrerådet har ei forståing for eigen rolle og kva krav rådet kan stille til organisasjonen for å gjere den jobben dei er sett til. Reglementet er lagt ved saka. Punkt 2 Reglementet vart sist revidert i 2008 (sak T-11/08 og T-12/08). Vi har gått gjennom og gjort nokre mindre endringar i høve dei lovparagrafane som det blir vist til i reglementets 1 og 3. Eventuelle forslag til endringar i innhaldet i reglementet må behandlast vidare og leggast fram som sak for fylkestinget. Saka blir lagt fram utan forslag til vedtak. Arvid Blindheim Fylkeskultursjef Side7

REGLEMENT FOR ELDRERÅDET Vedteke av fylkesutvalet i møte 24.08.1992, sak U-169/92 A, m/endringar vedteke i sakene T-85/93, T-48/95, T-53/99, T-11/08 og T-12/08. I VAL OG SAMANSETJING 1 Eldrerådet er oppretta med heimel i lov av 8. november 1991 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd 5. Eldrerådet blir valt av fylkestinget for den fylkeskommunale valperioden. Rådet skal ha 7 medlemer. 5 av medlemene skal vere alderspensjonistar i fylket og skal fortrinnsvis veljast etter framlegg frå fylkesomfattande organisasjonar. For desse 5 blir det valt 5 varamedlemer i rekkje. For kvar av dei 2 andre blir det valt 3 personlege varamedlemer. 2 Eldrerådet vel sjølv leiar og nestleiar mellom pensjonistane i rådet for den fylkeskommunale valperioden. Dersom ein medlem eller ein varamedlem trer endeleg ut av utvalet, skal fylkestinget i medhald av kommunelova 16 nr 3 velje ny medlem eller varamedlem. II ARBEIDSOMRÅDE 3 Eldrerådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen. Rådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre, jfr. lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd 6. Rådet skal m.a. behandle alle budsjettframlegg og planar som gjeld eldre. Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket. Side8

III MØTE OG SEKRETARIAT 4 Eldrerådet skal ha møte når leiaren eller 1/3 av rådsmedlemene krev det. Eldrerådet blir innkalla med rimeleg frist. Innkallinga vedlagt saksdokument skal sendast medlemer og varamedlemer. 5 Rådet kan gje fråsegn når minst halvparten av rådsmedlemene er til stades. 6 Det skal førast møtebok i samsvar med reglement fastsett av fylkestinget, jfr. kommunelova 30 nr 3. Utskrift av møteboka skal sendast medlemene, varamedlemene, fylkesordføraren og etatsjefane. 7 Sekretariatsfunksjonen skal liggje til fylkesdirektøren ved kulturavdelinga.. IV SAKSBEHANDLINGSREGLAR 8 Den enkelte etat-/avdelingssjef har ansvar for å innhente eldrerådets syn som ledd i saksførebuinga. 9 Dersom det ikkje er mogleg å innhente eldrerådets syn på førehand, skal ein representant frå eldrerådet innkallast til møtet i hovudutvalet. 10 Eldrerådet skal ha tilsendt saklister og protokoll frå møta i hovudutvala, fylkesutvalet og fylkestinget. V ÅRSMELDING 11 Eldrerådet skal kvart år utarbeide ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for fylkestinget, jfr. lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd 8. Side9

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.09.2012 52679/2012 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato E-18/12 Eldrerådet 25.09.2012 Fylkesplan 2013-2016 - høyringsdokument Bakgrunn Vedlagt følgjer høyringsdokument fylkesplan 2013 2016. Frist for å gi uttale til dokumentet er sett til 26. oktober 2012. Fylkesplan 2013 2016 skal vere ein overordna, målorientert, heilskapleg og langsiktig plan for Møre og Romsdal. Satsingsområda er kultur, kompetanse, verdiskaping og samferdsel. Nøkkelord som går att i desse satsingsområda er inkludering og rekruttering. Dei gjennomgåande perspektiva er: barn og unge, universell utforming, folkehelse, likestilling og inkludering, internasjonalisering og miljø og klima. Vi vil særleg peike på det som er omtala under overskrifta dei gjennomgåande perspektiva, side 6 og 7 i dokumentet, satsingsområda kultur, side 8 og 9 og samferdsel, side 14 og 15. Arbeidsutvalet for eldrerådet har ikkje utarbeid forslag til uttale til høyringsdokumentet, men oppmodar medlemmene om å kome med forslag til uttale og tiltak. Saka blir lagt fram utan forslag til vedtak. Arvid Blindheim fylkeskultursjef Side10

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.09.2012 52703/2012 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato E-19/12 Eldrerådet 25.09.2012 Fellesmøte med trøndelagsfylka 2013 Bakgrunn Det har vore ein tradisjon å arrangere regional eldrerådskonferanse, der fylkeseldreråda i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal blir invitert. No er det vår tur til å være arrangør for dette fellesmøtet. Vurdering Leiar for fylkeseldrerådet i Nord-Trøndelag har teke kontakt med spørsmål om vi har planlagt dette møtet i 2012. Arbeidsutvalet drøfta saka i møte 6. september og foreslår at arrangement blir utsett til våren 2013, helst mot slutten av april. Det blir foreslått at konferansen blir lagt til Waterfront hotell, Ålesund og går over 2 dagar. Tema og aktuelle foredragshaldarar blir teke opp til vidare drøfting i eldrerådet. Administrasjonen vil arbeide vidare med eit meir konkret forslag til program etter at fylkeseldrerådet har kome med innspel og lagt nødvendige føringar for dette. Forslag til vedtak: 1. Fylkeseldrerådet vedtek at det blir arrangert ei to dagars regional eldrerådskonferanse i april 2013. Konferansen blir lagt til Waterfront hotell, Ålesund 2. Administrasjonen arbeider vidare med eit forslag til program med utgangspunkt i forslag til innhald og aktuelle foredragshaldarar som kom fram i møte. Arvid Blindheim Fylkeskultursjef Side11

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.09.2012 52749/2012 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato E-20/12 Eldrerådet 25.09.2012 Fylkeskonferansen 2013 Bakgrunn I 2009 og 2010 arrangerte eldrerådet i samarbeid med Norsk pensjonistforbund(npf) og Nasjonalforeningen for folkehelse(nff) ein konferanse for eldre i Møre og Romsdal. Dette var vellukka arrangement med mange deltakarar frå heile fylket. I 2011 var det nyval av fylkeseldreråd og ikkje aktuelt å delta i slikt arrangement. I 2012 vart det teke eit initiativ til å få til arrangementet hausten 2012. NFF har trekt seg ut av samarbeidet, men Norske Kvinners Sanitetsforening ønskjer å gå inn som ny samarbeidetspartnar. Det er oppnemnt personar frå kvar av dei tre samarbeidspartane til å planlegge vidare konferansen. Dette er: Johannes J. Vaag, fylkeseldrerådet Jakob Strand, NPF Sissel Hagerup Heggdal, sanitetsforeininga. I tillegg deltek Paula Næss Skår og Mia Smørdal frå administrasjonen, kulturavdelinga. Det vart arbeidet vidare våren 2012 med å få engasjert jus professor Aslak Syse til å vere hovudforedragshaldar på konferansen. Diverre kunne ikkje han før i 2014. Arbeidsutvalet for eldrerådet drøfta saka i møte 6. september og foreslår at fylkeskonferansen for eldre blir arrangert i starten av oktober 2013. Det vart drøfta fleire alternativ til tema og aktuelle foredragshaldarar. Dette blir drøfta vidare i møtet. Arrangementet vil krevje meir midlar enn det fylkeseldrerådet rår over. Dette må meldast inn som eit behov for auka ramme i budsjettet for 2013. Forslag til vedtak: Fylkeseldrerådet vedtek å ta del i planlegging og arrangering av fylkeskonferanse for eldre i oktober 2013. Arvid Blindheim fylkeskultursjef Side12

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 17.09.2012 53749/2012 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato E-21/12 Eldrerådet 25.09.2012 Studietur for eldrerådet Bakgrunn Arbeidsutvalet drøfta status for arbeidet med å planlegge studietur for eldrerådet. I møte 16. mai 2012 konkluderte fylkeseldrerådet med at administrasjonen skulle undersøke pris, opplegg og datoar for tur til Danmark, Fredericia kommune for å sjå korleis rehabiliteringsarbeidet er organisert der. Som ein del av planleggingsarbeidet, vart vi gjort merksame på at fylkesmannen skal ha ein gjennomgang av den såkalla Fredericia-modellen på sin omsorgskonferanse i Geiranger 19. og 20.september 2012. Arbeidsutvalet konkluderte med å avvente den vidare planlegginga for tur til etter at omsorgskonferansen var avvikla. Tre av medlemmane i fylkeseldrerådet og rådgjevar for rådet skal delta på omsorgskonferansen. Dei som deltek på konferansen vil orientere i møtet i fylkeseldrerådet frå det som kom fram i Geiranger. Etter orienteringa drøftar fylkeseldrerådet vidare opplegget for ein studietur. Arvid Blindheim fylkeskultursjef Side13

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 11.09.2012 52818/2012 Paula Næss Skår Saksnr Utval Møtedato E-22/12 Eldrerådet 25.09.2012 Taparane i samhandlingsreforma - uttale frå eldrerådet Bakgrunn Fylkeseldrerådet har samhandlingsreforma i praksis som eit av sine tema i handlingsprogrammet for 2012-2015. I den forbindelse foreslår arbeidsutvalet for eldrerådet å kome med følgjande uttale: Taparane i samhandlingsreforma Ved vedtaket om innføring av samhandlingsreforma la Stortinget til grunn at sjukehusa skulle skrive ut pasientar tidlegare, altså ha mindre ansvar for rehabilitering. Kommunane skulle samstundes ha meir ansvar. Dei fleste var einig i prinsippet for samhandlingsreforma: Rett behandling, til rett tid og på rett stad. Kva har skjedd? Sjukehusa tok sin del med det same (nesten før) dei var pålagde, og sender no heim pasientar i " rekordfart" etter at sjukehuset har definert dei som ferdigbehandla. I denne situasjonen opplever vi at nokre kommunar legg ned,eller planlegg å legge ned sjukeheimar i staden for bygge nye. Mange kommunar står med same tal på plassar. Kommunane har fått eit sterkt auka trykk for å ta på seg ansvaret for desse ferdigbehandla pasientane, som mange kommunar ikkje er budd for. Resultatet blir at mange pasientar ikkje får sjukeheimsplassar og rehabilitering som dei har behov for. Pasientar, blant dei mange gamle, blir sende heim med mangelfulle tenester eller i verste høve utan tilbod i det heile. Då er det viktig med ei heimesjukepleie verksemd som fungerer godt og er godt nok utbygd. Vi veit at terskelen for å få sjukeheimsplass har vore høg i mange år, i dei fleste kommunar. No blir den enno høgre. Ein kan frykte at eldre heimebuande sjuke og demente, blir dei største taparane i kampen om forsvarlege helsetenester etter innføringa av samhandlingsreforma. Oppslag i lokalavisene i den seinaste tid, understøttar dette. Forskingsstiftinga Fafo sin rapport frå våren 2011 viser at tenestetilbodet til eldre over 80 år er redusert dei siste 20 åra. Fafo-rapporten viser at mangelen på sjukeheimsplassar fører til eit stort press på heimesjukepleien. Mange kommunar er ikkje dimensjonert for denne auken. Det er anslått at det finst 70 000 demente i Noreg, og at 60 prosent av dei bur heime. Side14

Side 2 I ein undersøking Statens helsetilsyn gjorde i 2010 blei det avdekka lovbrot i ein stor del av kommunane som var med i undersøkinga. Dei fann mangel på system for å fange opp demente heimebuande. Der tilbod vart gjeve var det i mange høve mangelfullt og etter forverringar i sjukdommen vart dei ikkje fanga opp. Kommunepolitikarane må no sette kvaliteten av eldreomsorga på sakskartet, og prioritere denne svakaste gruppa av dei eldre. Mangel på ressursar i eldreomsorga og krav til regjering og storting må kommuniserast tydelegare frå kommunesektoren. Saka blir lagt fram til behandling i eldrerådet. Målfrid Mogstad Leiar i eldrerådet Side15

t, SANDE KOMMUNE EINING SANDETUN 6084 Larsnes Tlf. 70 02 67 00 Fax 70 02 67 01 sande.kommune@sande-mr.kommune.no www.sande-mr.kommune.no Møre og Romsdal Fylkeskommune Fylkeshuset 6404 MOLDE Saksnr Løpenr Arkiv Avd/Sakshandsamar Dato 2012/357 2663/2012 H12 STAB'SM 04.06.2012 MELDING OM VEDTAK LOVFESTA RETT TIL SJUKEHEIMSPLASS - UTTALE TIL STORTING OG REGJERING Vi melder med dette frå at Sande Eldrerad 2/12, der det vart gjort slikt vedtak: den 01.06.2012, hadde føre ovarmemnde som sak RS "Sande Eldreråd støttar uttalenfra Møre og Romsdal Eldrerad om lovjesta rett til sjukeheimsplass" Rett utskrift Sande Servicekontor, 6084 Larsnes 04.06.2012 ()I-11L45/1-1--r So7ri-c-1;1ø1tf ler Kopi til: Wenche Brit Thorseth Asbjørn Moltudal Side16

Fylkeseldrerådet i Troms ÅRSMELDING 2011 Side17

2 1. INNLEDNING Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd trådte i kraft 1. januar 1992. Loven ble sist endret 17. juni 2005. Arbeids- og inkluderingsdepartementet kom med nytt rundskriv, A-32/2007, datert 06.09.07. I loven er det krav om at alderspensjonister skal ha flertall i rådet og at rådet hvert år skal fremlegge årsmelding. Eldrerådet er et rådgivende organ for fylkeskommunen i saker som angår eldre innbyggere i fylket, og rådet kan også på egen hånd ta opp saker. I lovens 7 står det: 7. Oppgåvene for fylkeskommunale eldreråd. Eldrerådet er et rådgivende organ for fylkeskommunen. Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før fylkestinget handsamar sakene. Eldrerådet skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre. Eldrerådet kan sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i fylket. Protokollen fra rådsmøtet skal fylgje rådsdokumenta til dei fylkeskommunale organ som tek avgjerd i saka. De fylkeskommunale retningslinjene er utfyllende til Lov om fylkeskommunale eldreråd og skal gi klare signaler for funksjon og saksgang i forhold til eldrerådets oppgave som rådgivende organ for fylkeskommunen. I den forbindelse utarbeidet eldrerådet et nytt reglement som ble vedtatt av Fylkestinget 10.06.08 sak 33/08. 2. FYLKESELDRERÅDETS SAMMENSETNING FOR VALGPERIODEN 2007-2011 Faste medlemmer: Oddmund Soleng, Bardu, leder Aud Overå Fyhn, Tromsø, nestleder Karin Næsvold, Tromsø Inge Hyld, Tromsø Anne Vik, Kvæfjord Ragnvald Myrvang, Nordreisa Henry Høgmo, Gratangen Varamedlemmer: Richard Edvardsen, Kåfjord Alvhild Yttergård, Tromsø Ernst Isaksen, Tromsø Karin H. Zachariassen, Salangen Bitten Barman-Jenssen, Tromsø Alf M. Olsen, Tromsø Trygve Simonsen, Harstad Varamedlemmene er valgt i rekkefølge. 2 Side18

3 3. FYLKESELDRERÅDS ARBEIDSUTVALG (AU) Fylkeseldrerådets arbeidsutvalg (AU) har bestått av leder Oddmund Soleng, nestleder Aud Overå Fyhn og medlem Karin Næsvold. Varamedlem Inge Hyld. 4. SAKSBEHANDLER- OG SEKRETARIATSFUNKSJONEN Ifølge lov om fylkeskommunale eldreråd skal fylkeskommunen skipa høvelig sekretariatshjelp for rådet. Fylkesrådet er ansvarlig for sekretærhjelp til fylkeseldrerådet og også i denne perioden har Ann Tobiassen vært sekretær for fylkeseldrerådet. 5. ØKONOMI Kostnadene med eldrerådets aktivitet er lagt inn i rammebevilgningen til fylkeskommunen. Fylkeseldrerådet har eget budsjett i fylkeskommunen. 6. MØTER I FYLKESELDRERÅDET OG ARBEIDSUTVALGET (AU) Fylkeseldrerådet har hatt 3 møter 2011 og behandlet 27 saker. De viktigste sakene har vært: Årsmelding 2011 Rullering av Eldrepolitisk handlingsplan for Troms Landskonferansen for fylkeseldrerådene på Røros 25.-27. mai Budsjett 2011 Møteplan/aktivitetsplan for 2011 Oppnevning av nytt brukerutvalg ved UNN HF Regnskap 2011 Aktive eldre - samfunnsengasjement Økende kommunale avgifter svake grupper Samarbeid om generasjonskonferansen Pasientreiser Nye regler for tildeling av TT-kort UNN jubileum 2011 Kartlegging av eldreomsorgen i kommunene i Troms Vandelsattest ved søknad om stilling i helse- og omsorgstjenesten Nedlegging av røykerom på UNN Øking av sekretærfunksjonen i Fylkeseldrerådet i Troms Samhandlingsreformen og telemedisin «Mosjon og trivsel 55+» Godtgjøring for leder av fylkeseldrerådet Opplæringstiltak i forbindelse med telemedisin Side19 3

4 Arbeidsutvalget (AU) har avholdt 4 møter. 7. FYLKESELDRERÅDETS VIRKSOMHET I UTVALG Statens Seniorråd Kontaktforum for transporttjenesten Regionalt brukerutvalg Helse Nord RHF Brukerutvalg for UNN HF Arbeidsgruppe for geriatrisk fagområde 2010-2013 Geriatrisk pasientforløpsprosjekt UNN Trygt fylke Folkehelseforum i Troms 8. DELTAGELSE PÅ KONFERANSER/MØTER Fylkeseldrerådets medlemmer har vært representert på disse konferanser/møter i 2011: Landskonferansen for fylkeseldrerådene på Røros Generasjonskonferanse i samarbeid med Troms fylkes ungdomsråd Budsjettmøte med fylkesråden Medarbeidermøte med fylkeskommune Fagdagene i geriatri Tilgjengelighet ved utbyggingen av UNN Regionkonferanse for Nord-Troms på Lyngseidet Paneldebatt i Troms fylkeskommunale pensjonistforening Fylkesmannens helse- og omsorgskonferanse «Tjenester på strekk» Alle slike konferanser og møter betyr mye for kompetanseheving og nettverksbygging. 9. SAMARBEID MED DE KOMMUNALE ELDRERÅD På grunn av arrangementet og deltakelse i «Generasjonskonferansen», ble det dessverre hverken plass eller økonomi til å gjennomføre den årlige eldrerådskonferansen. Side20 4

5 10 HØRINGSUTTALELSER 2011 Fylkeseldrerådet har ikke behandlet noen høringsuttalelser i 2011. 11 SLUTTORD Fylkeseldrerådet ser tilbake på et aktivt arbeidsår og det er gledelig å registrere at de kommunale eldreråd stadig jobber bedre og har oppnådd god kontakt med kommuneadministrasjonene/politikerne. Det er også viktig å kunne fastslå at samarbeidet og kommunikasjonslinjene mellom fylkeskommunen og fylkeseldrerådet har vært meget gode, noe som har gjort arbeidet i fylkeseldrerådet lettere. Generasjonskonferansen «Å bety noe for andre» ble arrangert i fellesskap med Fylkeseldrerådet og Troms fylkes ungdomsråd med målgruppe eldreråd i kommunene og ungdomsråd, samt politikere i kommuner og fylkesting. Konferansen betydde mye for gjensidig respekt og forståelse generasjonene imellom, og bør gjentas både på kommunalt- og fylkesnivå. Dette er god eldrepolitikk og ungdomspolitikk. Eldrepolitikk er meget viktig i framtida. Antall eldre øker med stor hastighet og vi lever stadig lengre Forandringer i samfunnet skjer i et tempo som lett kan trekke oppmerksomheten bort fra de lange linjer i utviklinga. Det er derfor svært viktig å ta utfordringene på alvor og være forutseende. Eldrepolitikk er forebyggingspolitikk ut fra den filosofi at det er bedre å forebygge enn å reparere. Vi må prøve å sørge for at det uønskede ikke inntrer eller at det kommer senere. Lykken er å være aktiv. Det finnes en særegen innsikt og ballast hos dem som har levd lenge nok til å ha opplevd den seige innsatsen som har gjort Norge til det som er i dag. Derfor er Fylkeseldrerådet en god samarbeidspartner i saker som angår eldre. Det skapes en vinn vinn sitasjon. Oddmund Soleng Aud Overå Fyhn Karin Næsvold leder nestleder sign. sign. sign. Inge Hyld Anne Vik Ragnvald Myrvang sign. sign. sign. Henry Høgmo sign. Side21 5

6 6 Side22

7 7 Side23