Utval: Driftsstyret Møtestad: Dalsfjorden, Volda rådhus Dato: 07.12.2016 Tid: 14.00 MØTEPROTOKOLL Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Rebecca Riise Bjerknes Leiar SP Uthman Suheil Rajeh Abu Medlem AP Harbid Inghild Liv Remøy Medlem MDG Henning Holsvik Medlem KRF Roald Arnold Espset Medlem FRP Per Svein Krøvel Medlem H Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Hild Våge Nestleiar AP Alf Jakobsen Medlem SV Inger Tove B. Simonnes Medlem KRF Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Anne Lise Fredly Hild Våge AP Kjell Petter Wiik Inger Tove B. Simonnes KRF Frå administrasjonen møtte: Namn Per Ivar Kongsvik Bodil Brautaset Bente Kristin Krøvel Stilling Oppvekstsjef Fagkonsulent barnehage Møtesekretær SAKLISTE Saksnr. PS 65/16 PS 66/16 Sak Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte
PS 67/16 OS 33/16 OS 34/16 OS 35/16 OS 36/16 Årsbudsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020. Handsaming i driftsstyre Utviding av skuleveka til 5 dagar for elevane i 1.-4. klasse ved Dalsfjord skule Referat frå møte i samarbeidsutvalet Volda ungdomsskule 20.09.16 Referat frå møte i samarbeidsutvalet ved Dalsfjord skule Orientering til driftsstyret. Protokoll Volda ungdomsråd 21.11.2016 PS 65/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Merknad om skrivefeil i innkallinga. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjend. PS 66/16 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte Møteprotokoll frå førre møte 16.11.2016 vart samrøystes vedteken. PS 67/16 Årsbudsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020. Handsaming i driftsstyre Verbalforslag til budsjett 2017 og økonomiplan 2017-2020. Frå Rebecca Riise Bjerknes. 1. Kommunestyret ønskjer at skulekommunen Volda skal vere ei føregangskommune for utdanning av fagarbeidarar. Administrasjonen skal utgreie og legge fram ei sak vedrørande ei utviding av talet på lærlingar, nye aktuelle fag og administrativ organisering, i god tid før revidert budsjett 2017.
2. Kostratala viser at Volda brukar mykje på SFO. Kommunestyret er opptekne av å få til sparingar, som råkar minst dei som treng det mest. Administrasjonen skal utgreie og legge fram ei sak om korleis ein kan få ned kostnadar, og samstundes ta i vare interessene til brukarane på best mulig måte. 3. Det vert lagt opp til store endringar i barnehagedrifta i Volda kommune gjennom administrasjonen utarbeide ein tilstandsrapport for barnehage. Rapporten ska innehalde barnetal, tilstand på bygg. Punkt 2 vart trekt. Fellesframlegg frå driftsstyret vart då: 1. Kommunestyret ønskjer at skulekommunen Volda skal vere ei føregangskommune for utdanning av fagarbeidarar. Administrasjonen skal utgreie og legge fram ei sak vedrørande ei utviding av talet på lærlingar, nye aktuelle fag og administrativ organisering, i god tid før revidert budsjett 2017. 2. Det vert lagt opp til store endringar i barnehagedrifta i Volda kommune gjennom administrasjonen utarbeide ein tilstandsrapport for barnehage. Rapporten ska innehalde barnetal, tilstand på bygg. Framlegg frå driftsstyret/roald Espset, FRP: Det er ikkje avsett midlar til kulturaktivitetar i 2017. Kommunestyret ber om ei sak der midlar for tildeling til kulturtiltak i 2017, vert utgreidde. Kjell Petter Wiik, KRF kom med fylgjande framlegg: Driftsstyret ber administrasjonen om å utrede muligheita for 60 og 80 prosent plass i kommunale barnehagar. Røysting: Fellesframlegg frå dr.st/espset vart samrøystes vedteke Fellesframlegg pkt. 1 fall. Pkt. 2 vart samrøystes vedteke. Wiik sitt framlegg vart vedteke med 5 røyster (leiar si dobbeltrøyst) Fire røysta mot (Espset, Remøy, Krøvel, Fredly) Tilråding i Driftsstyret - 07.12.2016 til kommunestyret 1. Det er ikkje avsett midlar til kulturaktivitetar i 2017. Kommunestyret ber om ei sak der midlar for tildeling til kulturtiltak i 2017, vert utgreidde. 2. Det vert lagt opp til store endringar i barnehagedrifta i Volda kommune gjennom administrasjonen utarbeide ein tilstandsrapport for barnehage. Rapporten ska innehalde barnetal, tilstand på bygg. 3. Driftsstyret ber administrasjonen om å utrede muligheita for 60 og 80 prosent plass i kommunale barnehagar. Administrasjonen si tilråding:
Saka vert lagt fram utan tilråding OS 33/16 Utviding av skuleveka til 5 dagar for elevane i 1.-4. klasse ved Dalsfjord skule Orientering: Oppvekstsjef Per Ivar Kongsvik orienterte om det praktiske og økonomiske rundt det å utvide skuleveka til 5 dagar for elevar i 1.-4. klasse ved Dalsfjord skule. Framlegg frå Kjell Petter Wiik, KRF: Driftsstyret ber administrasjonen om å utrede muligheita for å utvide skuleveka til 5 dagar for elevane i 1. 4. klasse ved Dalsfjord skule. Røysting: Framlegget frå Wiik vart samrøystes vedteke. Vedtak i Driftsstyret - 07.12.2016 Orienteringa vart teken til vitende. Driftsstyret ber administrasjonen om å utrede muligheita for å utvide skuleveka til 5 dagar for elevane i 1. 4. klasse ved Dalsfjord skule. OS 34/16 Referat frå møte i samarbeidsutvalet Volda ungdomsskule 20.09.16 Referat frå SU Volda ungdomsskule vart teken til vitende. OS 35/16 Referat frå møte i samarbeidsutvalet ved Dalsfjord skule Referat frå SU Dalsfjord skule vart teken til vitende.
OS 36/16 Orientering til driftsstyret. Protokoll Volda ungdomsråd 21.11.2016 Møteprotokoll frå Volda ungdomsråd vart teken til vitende. Møtet slutt kl.15.55 Rett utskrift, VOLDA KOMMUNE, Servicekontoret 8. desember 2016 Bente Kristin Krøvel møtesekretær