SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: 09.12.2013 Møtetid: 14:00-16:40 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 6, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Øyvind Strømmen (Bl) Monica Tjønna (Sp) I staden møtte: Øyvind Røen (Sp) Andre som var til stades på møtet: Planleggjar Lønningdal f.o.m. sak 72/13, ordførar og rådmann Møteleiar: Møtesekretær: Vidar Tveiterås (Ap) Tone Ramsli Merknader: Nestleiar Vidar Tveiterås leia møtet sidan leiaren hadde sjukefråvær. Utvalet var på synfaring i samband med sak 71/2013. Utvalet valde å ikkje reisa på synfaring i samband med sak 73/13 Orienteringar/meldingar: Utvalet sitt kvarter Undergang v. Bjørkheim. Det vart orientert kort om møte og diskusjon med Statens Vegvesen. Det vert fremja sak til neste møte i naturutvalet der problemstillinga er om ein skal endre planen/ føresegnene med tanke på rekkefylgjekravet evt. om ein skal arbeida for å ta undergangen ut av reguleringsplanen. Vegvesenet opplyste også om at dei har søkt om trafikksikringsmidlar i 2014 for å laga til eit opphøgd gangfelt v. Bjørkheim samt å setta ned fartsgrensa til 50 km/t. Overskotsmassar Tyssetunnelen. Det er behov for å utvida deponiet i Børdal. Ein går då inn på annan grunneigar, og han har søkt om løyve til plassering av massar. Dette vert å sjå på som eit landbruksprosjekt, og mynde til å fatta avgjerd ligg til landbrukssjefen. Bodil H Øpstebø (Krf) etterspurde om kommunen hadde informasjon om framdrift i søknaden frå BKK om utbygging i Samnangervassdraget. Rådmannen opplyste at det har vore kontakt med BKK seinast i førre veke og det vart då opplyst at dei ikkje har fått
Dokument utlevert i møtet: informasjon om framdrift, men at dei håper på at innstillinga er klar tidleg på nyåret Skriv frå utbyggjarar på Storhaugen med presiseringar i høve til søknaden deira Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 13.12.2013 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær
Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 070/13 13/756 Faste saker 071/13 13/615 Søknad om mindre reguleringsendring - Reguleringsplan for Storhaugen (1985) 072/13 13/77 Fastsetting av planprogram for revisjon av kommuneplanens arealdel 073/13 13/86 Dispensasjon for garasje i LNF-område på GBNR 32/100,101. Kvittingen. 074/13 13/736 Dispensasjonssak. GBNR 32/2, 4, 97, 98, 95, 96 og 122 Kvitingen
SAKNR. 070/13 FASTE SAKER Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NAT-070/13 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 071/13 SØKNAD OM MINDRE REGULERINGSENDRING - REGULERINGSPLAN FOR STORHAUGEN (1985) Søknaden om mindre endring av reguleringsplan med heimel i pbl. 12-14 andre ledd for Storhaugen (1985) vert ikkje godkjend. Samla sett utgjer dei omsøkte endringane ei så stor utviding av planen sitt omfang at det må handsamast som ei ordinær reguleringsendring. Utvalet var på synfaring i Storhaugen. Utbyggjarane fekk presentera planane sine. Det kom då fram at dei ikkje hadde lagt opp til ei utviding av planområdet. Dei overleverte eit skriv der planane deira var presisert med tanke på ein del punkt som var teke opp i saksutgreiinga frå til naturutvalet. Rådmannen trekte i møtet framlegget sitt og sette fram slikt nytt framlegg: Framlegg til mindre endring av reguleringsplanen (pbl 12-14 andre ledd) vert godkjend under føresetnad av det vert gjort endringar i tråd med skriv frå søkjarane dagsett 09.12.2013. Det skal sendast inn revidert plankart med føresegner. Rådmannen får fullmakt til å endeleg godkjenna reguleringsplan for Storhaugen. Utvalet vedtok samrøystes rådmannen sitt framlegg som var sett fram i møte. NAT-071/13 VEDTAK: Framlegg til mindre endring av reguleringsplanen (pbl 12-14 andre ledd) vert godkjend under føresetnad av det vert gjort endringar i tråd med skriv frå søkjarane dagsett 09.12.2013.
Det skal sendast inn revidert plankart med føresegner. Rådmannen får fullmakt til å endeleg godkjenna reguleringsplan for Storhaugen. SAKNR. 072/13 FASTSETTING AV PLANPROGRAM FOR REVISJON AV KOMMUNEPLANENS AREALDEL Planprogrammet for kommuneplan for Samnanger kommune blir fastsett slik det låg ute til offentleg ettersyn, med følgjande justeringar: - Teksten «fylkesveg» blir lagt til som presisering av «hovudveg» under punkt 6.2. - På lista over lover under punkt 5.1 blir Vassressurslova teken inn. - I tabellen under punkt 7.3 blir «snøskred og steinsprang» endra til «skredfarekartlegging». - Teksten «Transportkostnadane for næringslivet vil bli eit moment i vurderingane» blir teken inn i siste avsnitt under punkt 6.3 om Næring. - Landbruksplan for Os, Fusa og Samnanger (2009) blir teken med på lista over kommunale planar som ligg til grunn for arbeidet med arealplanen (punkt 5.4). Heimel for fastsetting av planprogrammet er plan- og bygningslova 11-13 andre ledd. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NAT-072/13 VEDTAK: Planprogrammet for kommuneplan for Samnanger kommune blir fastsett slik det låg ute til offentleg ettersyn, med følgjande justeringar: - Teksten «fylkesveg» blir lagt til som presisering av «hovudveg» under punkt 6.2. - På lista over lover under punkt 5.1 blir Vassressurslova teken inn. - I tabellen under punkt 7.3 blir «snøskred og steinsprang» endra til «skredfarekartlegging». - Teksten «Transportkostnadane for næringslivet vil bli eit moment i vurderingane» blir teken inn i siste avsnitt under punkt 6.3 om Næring. - Landbruksplan for Os, Fusa og Samnanger (2009) blir teken med på lista over kommunale planar som ligg til grunn for arbeidet med arealplanen (punkt 5.4). Heimel for fastsetting av planprogrammet er plan- og bygningslova 11-13 andre ledd. SAKNR. 073/13 DISPENSASJON FOR GARASJE I LNF-OMRÅDE PÅ GBNR 32/100,101. KVITTINGEN. Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 11-6 vert det gjeve dispensasjon for garasje på gbnr. 32/100, 101. Vedtaket kan pålagast til kommunen, jf. Lov om offentleg forvaltning.
Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen De mottok vedtaket. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til etaten som har gjort vedtaket. I klagen skal det gå fram kva som vert påklaga (vedtaket) og kva som er endringar De som part ynskjer. Klagen skal grunngjevast. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. NAT-073/13 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 11-6 vert det gjeve dispensasjon for garasje på gbnr. 32/100, 101. Vedtaket kan pålagast til kommunen, jf. Lov om offentleg forvaltning. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen De mottok vedtaket. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til etaten som har gjort vedtaket. I klagen skal det gå fram kva som vert påklaga (vedtaket) og kva som er endringar De som part ynskjer. Klagen skal grunngjevast.. SAKNR. 074/13 DISPENSASJONSSAK. GBNR 32/2, 4, 97, 98, 95, 96 OG 122 KVITINGEN Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til : På gbnr. 32/2 Mellombels oppsetjing av brakker og plasthall, samt oppstellingsplass for maskiner og utstyr. Utbetring av veg frem til tippområdet ved Dukabotn. Mellombels lagring og avrenning av masser frå sandfang. På gbnr. 32/4 Utbetring av veg frem til tippområdet ved Dukabotn. På gbnr. 32/97 Mellombels oppsetjing av plasthall På gbnr. 32/98 Mellombels oppsetjing av brakkerigg. Mellombels etablering av parkeringsområde. Permanent deponering av masser frå sandfang på eksisterande tipp På gbnr. 32/95/96/122 Mellombels oppsetjing av brakker, samt oppstellingsplass for maskiner og utstyr Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.
NAT-074/13 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til : På gbnr. 32/2 Mellombels oppsetjing av brakker og plasthall, samt oppstellingsplass for maskiner og utstyr. Utbetring av veg frem til tippområdet ved Dukabotn. Mellombels lagring og avrenning av masser frå sandfang. På gbnr. 32/4 Utbetring av veg frem til tippområdet ved Dukabotn. På gbnr. 32/97 Mellombels oppsetjing av plasthall På gbnr. 32/98 Mellombels oppsetjing av brakkerigg. Mellombels etablering av parkeringsområde. Permanent deponering av masser frå sandfang på eksisterande tipp På gbnr. 32/95/96/122 Mellombels oppsetjing av brakker, samt oppstellingsplass for maskiner og utstyr
8