Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA

Like dokumenter
Vedtekter for. Landbrukstenester Folgefonna

VEDTEKTER FOR SUNNFJORD LANDBRUKSTENESTER

Vedtekter for Landbrukstjenester Sør SA

Vedtekter for Fusa Kraftlag

VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER

Vedtekter (Gjeldande frå årsmøte )

VEDTEKTER FOR LEVANGER AVLØSERLAG SA

VEDTEKTER FOR FINNÅS KRAFTLAG SA

Foretaket er eit samvirkeforetak og foretaket sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag SA.

Vedtekter for Sognefrukt SA

VEDTEKTER FOR. Gjøvik Avløserlag BA

VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER SA

VEDTEKTER for Aurland Sparebank

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

STANDARDVEDTEKTER FOR RENNEBU LANDBRUKSTJENESTER

Selskapsavtale for Setesdalsmuseet Eigedom IKS 1 Selskapet sitt namn

VEDTEKTER FOR TYSNES KRAFTLAG SA

5 Overdragelse av andeler Det er ikkje høve til å overdra andeler til andre utan at styret for andellaget samtykkjer. Adresse: Styret 2009:

STANDARDVEDTEKTER FOR AVLØSERLAG

Vedtekter KINSARVIK BÅTLAG VEDTEKTER. Vedtekne på årsmøtet 21. april 2016, gjeldande straks. 1 Namn og føremål

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

VEDTEKTER LANDBRUKSTJENESTER ØST SA

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP)

VEDTEKTER. Vedtatt av årsmøtet

Vedtekter for Sognefrukt BA

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

Selskapsavtale for Setesdal Revisjonsdistrikt IKS Versjon

FOR VEDTEKTER. Vik SPAREBANK. Kap. 1. Føretaksnamn. Forretningskontor. Formål Formål. 1-1 Namn. Kontorkommune.

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

VEDTEKTER FOR Vekselbanken. Voss Veksel- og Landmandsbank ASA

for NORDTVEIT VASSVERK SA

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

B I L E T K U N S T N A R A N E I M Ø R E OG R O M S D A L org.nr

VEDTEKTER FOR VESTFOLD LANDBRUKSTJENESTER SA

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Selskapsavtale for Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS Versjon

Vedtekter for Vestland SV

Landsmøte 2016 Sak 9.4 forslag til vedtektsendring som følge av navne-endring

Sparebankens eigardelskapital er på kr fordelt på eigenkapitalbevis pålydande kr 104 fullt innbetalt.

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

SELSKAPSAVTALE. Vedteke på representantskapsmøte , med endringar vedteke på representantskapsmøte , , og 29.4.

Vedtekter for Revisjon

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

VEDTEKTER. Vedtatt av årsmøtet årsmøtet

VEDTEKTER. 30. mars ;.. ` '~ ` , ~~ : ~ ~ ~ 7. M. - f~- '~~. ~f N- ' ~~~.r r - ~ '' ~ _~ j ~~ ~~~~~.~.. - ~~ r 7A / ht~ ` ~~ +-

VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ

Vedtekter for Lærdal båteigarlag

VEDTEKTER FOR VIKEDAL BYGDAHUS SA, VINDAFJORD KOMMUNE

Vedtekter for Oppdal Landbrukstjenster SA

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

SELSKAPSAVTALE FOR INTERKOMMUNALT BRANNVERNSAMARBEID I VEST TELEMARK IKS. For kommunane; Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

SELSKAPSAVTALE FOR SUNNHORDLAND INTERKOMMUNALE MILJØVERK IKS (SIM)

Selskapsavtale for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

REGLEMENT FOR POLITISKE UTVAL

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

VEDTEKTER FOR SKJØRSAND OG FUSA VASSVERK SA

Reglement for Kvam kontrollutval

VEDTEKTER FOR HELGELAND LANDBRUKSTJENESTER SA

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

3 Forretningskontor Fitjar Kraftlag SA sitt forretningskontor er i Fitjar Kommune.

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Lover for Norges Bondelag 2014

Dagens vedtekter (pr )

Norsk Sau og Geit. Lover for lands-, fylkes- og lokallag

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

NYNORSK. Vedtekter FOR NORGES BYGDEKVINNELAG

VEDTEKTER for Lusetermorkje beitelag

VEDTEKTER FOR VESTLAND ARBEIDARPARTI

Fortid & notid for framtid

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

1. Forslag med hensyn til bestemmelser om produsentlag og forbrukerlag.

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

VEDTEKTER FOR. SANDE NORD STORVALD (ajourført )

MØTEINNKALLING. Utval: VALNEMND Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: Etter val av valnemnd i kommunestyret SAKLISTE

Vedtekter Sagvåg skulekorps.

Norges Husflidslag er ein organisasjon som arbeider for å fremje god norsk husflid kulturelt, sosialt og økonomisk.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: KOMMUNESTYRET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:30-00:00

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Unios vedtekter. vedtatt av representantskapet 7. desember Nynorsk utgåve

Kap. 1 Firma. Kontorkommune. Formål. 1-1

Aurland Sparebank vart skipa 18. mai Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846.

VEDTEKTER FOR RYSSHOLMEN BÅTEIGARLAG

SOGNDAL KOMMUNE REGLEMENT FOR KONTROLLUTVALET UTKAST

Fargane er raud og kvit. IL Solid sitt merke er to norske flagg som omkranser ein blå stolpe, med tekst 1945, og nedanfor den SOLID.

VEDTEKTER FOR. Beitelaget Hømrobekken Tøsobekken

REGLEMENT FOR Utval for Levekår

Vedtekter for studentidrettslaget Studentspretten Sogndal

Transkript:

Vedtekter Norske Landbrukstenester Hordaland SA NLT Hordaland - ditt lokale vikarbyrå -

2 1 Organisasjon. Norske Landbrukstenester Hordaland SA. Org.nr. : 971 358 017 MVA nedafor kalla laget, er eit partlag etter samvirkeprinsipp med avgrensa økonomisk ansvar, vekslande kapital og medlemstal. Medlemene heftar ikkje for gjelda til laget. Laget sitt hovudkontor ligg i Kvam Herad. 2 Føremål. Laget si hovudoppgåve er å skaffa kvalifisert arbeidskraft til sine parteigarar/kundar. Laget kan og administrera andre former for samarbeidstiltak som kan bidra til å styrkja landbruket og vera utviklande for lokalmiljøet. Laget skal yta tenester av høg kvalitet, vera tilgjengeleg og driva kostnadseffektivt i all si verksemd. Målet er at dette skal bidra til betre driftsresultat, arbeidssituasjon, trivsel og velferd for parteigarane. 3 Ansvar. Laget skal stå som arbeidsgjevar for dagleg leiar og andre kontortilsette. Dei kan og tilsetje avløysarar og anna arbeidskraft med tilhøyrande arbeidsgjevaransvar. Arbeidsgjevaransvaret skal stå i forhold til arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter. 4. Medlemskap Laget skal vera ope for medlemskap for brukarar som har rett til tilskot for avløysarutgifter og/eller får utbetalt produksjonstillegg etter forskrift om areal og kulturlandskapstillegg. Medlemer med stemmerett vert dei som har nytta laget sine tenester siste året. 5. Rettar og plikter. Kvar medlem har rett til hjelp for å skaffa arbeidskraft/avløysing som er best mogeleg tilpassa deira behov. Medlemene må retta seg etter dei lover og reglar som er gjeldande for velferdsordningane. Når laget står som arbeidsgjevar for arbeidstakarane og betalar ut løn til desse, pliktar kvar medlem å betala sine kostnader til rett tid. Laget skal ha tilgjengeleg, og gje medlemene informasjon og rettleiing om gjeldande lover og forskrifter for helse-, miljø- og tryggleik. Laget skal ha oversikt over krav som er særleg viktige for verksemda. Kvart medlem har ansvar for at arbeidsmiljøet på garden er i samsvar med gjeldande reglar i arbeidsmiljølova, og har plikt til å gje informasjon og opplæring til arbeidstakarane etter AML og KSL sine krav. Medlem som vert påført ansvarsskade, har sjølv økonomisk ansvar for eigendelen ved forsikringsoppgjeret. 6. Disponering av årsoverskot Årsmøtet skal vedta disponering av årsoverskotet, ved enten å godskriva eigenkapitalen, eller ved etterbetaling til lagets medlemer ( iht samvirkelova 27 ) 2

3 7 Utmelding/Eksklusjon. Medlemer som bryt vedtektene eller føresegner som er gitt i medhald av desse, eller på annan måte forsømmer sine plikter ovafor laget, kan ekskluderast frå laget. Styret kan fremja slikt krav. Dei kan og fremja krav om skadebot for dei tap som laget er påført. Seinast 8 dagar før styret handsamar saka, skal medlemen ha skriftleg varsel, og få høve til å uttale seg innan ein rimeleg frist. Medlemen kan anka styrevedtaket inn for årsmøtet. Det kan ikkje stillast krav om del av laget si eiga (formue). Utmeld/ekskludert medlem kan ikkje ha tillitsverv i laget. 8 Årsmøtet. Årsmøtet er laget sitt høgaste organ og skal haldast kvart år innan utgangen av april. Årsmøtet er samansett av 16 representantar valde av 4 krinsmøter. I tillegg er styret og valnemnda automatisk utsendingar med røysterett til årsmøte. Styret har ikkje røysterett ved godkjenning av årsmelding og rekneskap. Innkalling og sakliste skal kunngjerast for dei valde representantane minst 14 dagar før årsmøtet. Saker som ein medlem ønskjer å ta opp på årsmøtet, må vera komne skriftleg til styret innan 1.februar. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller 1/3 av medlemene krev det. Kvar representant har 1 røyst. Gyldig vedtak krev vanleg fleirtal, dersom ikkje vedtektene krev noko anna. Ved likt røystetal avgjer møteleiaren si dobbelrøyst, unnateke ved personval der utfallet vert avgjort ved loddtrekning. Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Protokollen skal underskrivast av to representantar valde av årsmøtet. På årsmøtet skal følgjande saker handsamast: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 2. Val av møteleiar. 3. Val av skrivar. 4. Val av to representantar til å skriva under møteboka. 5. Styret si årsmelding. 6. Rekneskap og revisjonsmelding. 7. Disponering av årsoverskotet, ved enten å godskriva eigenkapitalen, eller ved etterbetaling til lagets medlemer ( iht samvirkelova 27 ) 8. Budsjett og arbeidsplan for komande år, til orientering. 9. Godtgjersle til tillitsvalde 10. Val: - val av styreleiar for 1 år. - val av 2 styremedlemer for 2 år. - val av 4 vararepresentantar i nummerrekkefylgje for 1 år. - val av nestleiar - val av revisor - val av 1 medlem og 1 varamedlem til valnemnd for 4 år 11..Andre saker som er med i innkallinga. 3

4 9 Krinsmøte. For å ivareta parteigarane sin påverknad av drifta vert laget delt i fire krinsar: Kvam\Granvin Granvin og Kvam Fusa\Bergen Fusa, Samnanger, Bergen, Os, Sund, Fjell, Askøy, Øygarden, Osterøy Osterøy, Vaksdal Nordhordland Lindås, Meland, Austrheim, Radøy, Fedje, Modalen Krinsmøte skal haldast minst ein gang kvart år innan utgangen av mars. Krinsmøte vel kvart år 2 utsendingar til årsmøte for 2 år, og 2 vararepresentantar for 1 år. Innkalling og sakliste skal kunngjerast for medlemene i krinsen minst 14 dagar på førehand. Det skal førast protokoll frå krinsmøte. Protokollen skal underskrivast av to medlemer valde på krinsmøte. På krinsmøte skal følgjande saker handsamast: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 2. Val av møteleiar. 3. Val av skrivar 4. Val av to til å skriva under protokollen. 5. Informasjon om laget si drift. Innspel frå medlemene. 6. Val av utsendingar til årsmøte. 7. Andre saker som står på innkallinga 10 Styret. Laget skal leiast av eit styre på 6 medlemer. 5 blir valde på årsmøte, 1 skal veljast av og blant dei tilsette. Representanten frå dei tilsette kan ikkje veljast til styreleiar eller nestleiar i styret. Det skal veljast ein styremedlem frå kvar krins, totalt fire. Styreleiar blir valt fritt. Styremedlemene vert valde for 2 år om gongen. Styret held møte så ofte leiaren finn det naudsynt eller minst tre av medlemene i styret krev det. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Har ein styremedlem forfall, skal dette meldast til laget i god tid, slik at varamedlem kan innkallast. Ved likt stemmetal avgjer leiaren si dobbeltrøyst. Oppgåvene til styret. Styret skal leia laget si verksemd i samsvar med vedtektene og dei vedtak som årsmøtet har gjort, og skal følgje dei instruksar som er fastsette av offentleg styresmakt. Styret skal kartleggja, organisera og administrera all utleige/formidling av arbeidskraft slik at medlemer/kundar får tenlege løysingar. Styret er ansvarleg for at heile laget si verksemd vert utført på ein forsvarleg måte. Styremedlemene kan påleggjast teieplikt i enkeltsaker. 4

5 Vidare skal styret: 1. Ha ansvar for at laget har tilfredsstillande økonomi, og om naudsynt fastsetje administrasjonsavgift. Forvalta laget sine midlar og leggja fram forslag om bruk av disponible midlar. 2. Førebu og gje innstilling i alle saker som skal leggjast fram for årsmøtet. Unnateke valnemnda sine oppgåver. 3. Syte for at rekneskapen er forsvarleg ført og revidert etter gjeldande reglar. 4. Ha ansvar for laget si årsmelding. 5. Utarbeida budsjett for komande år. 6. Tilsetje og seie opp dagleg leiar, og fastsetja løn og tilsetjingsvilkår for denne 7. Ha ansvar for at administrasjonen har ei bemanning og kompetanse som står i forhold til arbeidsoppgåvene. 8. Arbeida aktivt for å utvikle laget vidare, slik at medlemer /kundar alltid får dei tenester dei har behov for. 9. Samarbeida med andre organ innan næringa for å utnytte ressursane best mogeleg, og for å styrkje landbruket i lokalmiljøet. Det skal førast protokoll frå styremøta. Styreprotokollen skal sendast ut til styremedlemene og vararepresentantane innan 14 dagar etter kvart møte. 11 Valnemnd. Laget skal velja ei valnemnd på fire medlemer, ein frå kvar krins, og fire varamedlemer til desse. Valet gjeld for 4 år. Det går ut ein kvart år. Den som har sete lengst, fungerer som leiar. Medlemen og varamedlemen frå kvar krins utgjer krinsvalnemnder som er underlagde valnemnda. Valnemnda skal føreslå kandidatar til alle val, inklusive valnemnd, som skal haldast på årsmøtet, med unntak av revisor. Revisor skal godkjennast etter innstilling frå styret. Valnemnda skal innstille på godtgjersle til tillitsvalde. Årsmøtet kan fastsetja instruks for valnemnd. 12 Signatur Dagleg leiar har laget sin signatur 5

6 13 Tvistar. Tvist mellom laget og ein eller fleire av medlemene som ikkje vert løyst på minneleg vis, vert avgjort ved skilsdom (valdgift). Skilsdomstolen er samansett av 3 medlemer. Kvar av partane vel ein medlem, og sorenskrivaren i distriktet nemner opp leiaren. Dersom ein eller begge av partane innan ein frist som er fastsett av styret ikkje har oppnemnd sin medlem, vert vedkomande medlem oppnemnd av sorenskrivaren. Kravet om skilsdom må vera kome inn til styret innan 3 månader etter at medlem har fått kjennskap til forholdet som grunngjev kravet. Skilsdomstolen tek og avgjerd om sakskostnader. 14 Vedtektsendring. Endring av laget sine vedtekter kan berre gjerast av årsmøtet. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Endring krev 2/3 fleirtal av røystene på årsmøtet. 15 Oppløysing - Fusjon. Vedtak om oppløysing av laget vert gjort av årsmøtet. Gyldig vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal av røystene på møtet. Det årsmøtet som gjer vedtak om oppløysing, skal velje eit avviklingsstyre. For vedtak om fusjon gjeld same reglar som ved oppløysing, unnateke val av avviklingsstyre. Oppnår ein ikkje tilstrekkeleg fleirtal på årsmøte, kan nytt årsmøte innkallast med 14 dagars varsel. Gyldig vedtak krev då simpelt fleirtal av røystene på møtet. Ved oppløysing av laget skal midlar som er att etter at all gjeld er oppgjort fordelast på dei som er aktive medlemer. Det skal fordelast i høve til kvar enkelt sin omsetnad siste år Vedtektene er godkjend av årsmøtet/skipingsmøtet den: 30.3.2007, endra på årsmøtet 28.4.2008, endra på årsmøtet 1.4.2011, endra på årsmøtet 26.3.2012 og endra på ekstraordinært årsmøte 21.11.2012. Endra på årsmøte 15.3.2016 6