ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utvalg: Levekårsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: 09.04.2008 Tid: 14:00 17:50 Faste medlemmer som møtte: Navn Funksjon Representerer Gry Osnes Nordal Leiar KRF Marianne Breivik Nestleiar AP Morten Feiring Medlem SV Hallstein Saunes Medlem AP Ellen C. Kvalsund Medlem V Lill Marit Baade Medlem FRP Benedicte Garnes Medlem FRP Harald R. Ulstein Medlem H Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Jan Arve Ringstad MEDL SP Varamedlemmer som møtte: Navn Møtte for Representerer Andrè Rossi Kaldhol Jan Arve Ringstad AP Frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Hans Jakob Sandanger Rådmann Torbjørn Måseide Helesesjef Ann Reidun Vik Barnevernsleiar Anne Karin Urke Osnes NAV-leiar Marianne Hatløy Politisk sekretær Hannelore Måseide Ordførar 1
Permisjonar/Ugildskap Marianne Breivik og Harald R. Ulstein bad levekårsutvalet vurdere habiliteten deira då dei sit i prosjektgruppa for planen i sak PS 08/35. Utvalet fann begge habile til å delta i handsaming av saka. Ellen C. Kvalsund fekk permisjon kl. 17:00 og deltok ikkje i handsaminga av sakene PS 08/36-37. Harald R. Ulstein bad levekårsutvalet vurdere habiliteten hans i sak PS 08/37 då han har merknader i planen. Utvalet fann han inhabil og han tredde dermed ifrå. 2
SAKLISTE Saksnr Tittel PS 08/30 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 08/31 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 08/32 MELDINGSSAKER RS 08/14 ULSTEIN KOMMUNE - SPØRSMÅL OM HABILITET - MEDLEM AV KOMMUNESTYRET RS 08/15 1 STK. KONTROLLRAPPORT FOR UTFØRT SALSKONTROLL RS 08/16 SØKNAD OM AMBULERANDE SKJENKELØYVE - HAREID ELEKTRISKE TEKNIKK RS 08/17 RETNINGSLINJER FOR STATSTILSKOT TIL KRISESENTER OG VOLDTEKTSSENTRE I 2008. PS 08/33 SØKNAD OM TILSKOT SENTER MOT INCEST MØRE OG ROMSDAL - 2008 PS 08/34 BARNEVERNET OG ANDRE ORGAN OG UTVAL I ENKELTSAKER PS 08/35 RUSMIDDELPOLITISK HANDLINGSPLAN FOR ULSTEIN KOMMUNE 2008-2012 PS 08/36 SKJENKELØYVE - SNORREBUDA AS PS 08/37 UTTALE - REGULERINGSPLAN SKEIDE - ENDRING Eventuelt Marianne Breivik etterlyser oppfølging av initiativet frå levekårsutvalet der utvalet bad om tiltak for å stette behova for bustadar til flyktningar og vanskelegstilte, jf. Bustadsosial handlingsplan for Ulstein kommune. Ulsteinvik, 09.04.2008. Gry Osnes Nordal leiar Marianne Hatløy møtesekretær Benedicte Garnes Hallstein Saunes 3
PS 08/30 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Vedtak i Levekårsutvalet, 09.04.2008: Innkalling og sakliste vart godkjent. PS 08/31 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Vedtak i Levekårsutvalet, 09.04.2008: Protokollen frå møte den 12.03.2008 vart godkjent. PS 08/32 MELDINGSSAKER Vedtak i Levekårsutvalet, 09.04.2008: Meldingane vart teke til vitande. Andre dokument delt ut i møte: - Endra møteplan for våren 2008. - Årsrapport 2007 samlehefte frå alle etatar og einingar. - Innkalling til Leiarforum 22.08.2008 for utvalsleiaren. RS 08/14 ULSTEIN KOMMUNE - SPØRSMÅL OM HABILITET - MEDLEM AV KOMMUNESTYRET RS 08/15 1 STK. KONTROLLRAPPORT FOR UTFØRT SALSKONTROLL RS 08/16 SØKNAD OM AMBULERANDE SKJENKELØYVE - HAREID ELEKTRISKE TEKNIKK RS 08/17 RETNINGSLINJER FOR STATSTILSKOT TIL KRISESENTER OG VOLDTEKTSSENTRE I 2008. 4
PS 08/33 SØKNAD OM TILSKOT - SENTER MOT INCEST MØRE OG ROMSDAL - 2008 Vedtak i Levekårsutvalet, 09.04.2008: Levekårsutvalet i Ulstein yter tilskot til Senter mot Incest og Seksuelle overgrep (SMIO) Møre og Romsdal med kr 10.000,- for driftsåret 2008. Dekning: G 300-2330-kt 14700 Overføring til andre. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 9 mot 0 røyster. PS 08/34 BARNEVERNET OG ANDRE ORGAN OG UTVAL I ENKELTSAKER Vedtak i Levekårsutvalet, 09.04.2008: 1. Levekårsutvalet viser til orienteringa frå rådmannen, og kan ikkje sjå at utvalet kan gå inn i saka på ein slik måte som mor og besteforeldre har bede om i brev av 10.01.2008. 2. Levekårsutvalet meiner at dei folkevalde har ein rett og plikt til å sikre at kommunale tenester blir utført på best mogleg måte for innbyggarane. 3. Levekårsutvalet vil understreke viktigheita av kompetanse og kvalitet i barnevernet. Folkevalde og administrasjon har eit felles ansvar for å sikre tilstrekkeleg bemanning, og å legge tilhøva tilrette for god fagleg opplæring/oppdatering som også fremjer engasjement og motivasjon. 4. Levekårsutvalet ber kommunestyret om å gjennomføre eit forvaltningsrevisjonsprosjekt av barnevernet i Ulstein, der ein gjennomgår arbeidsmetodar/dokumentasjon også med fokus på særleg krevjande saker. Levkårsutvalet ønskjer prosjektrapporten lagt fram for utvalet. 5. Levekårsutvalet ønskjer jamnleg informasjon frå barnevernet i form av halvårsvise rapportar/meldingar/møter om arbeidet Fellesframlegg frå levekårsutvalet: 1. Som tilråding frå rådmannen. 2. Levekårsutvalet meiner at dei folkevalde har ein rett og plikt til å sikre at kommunale tenester blir utført på best mogleg måte for innbyggarane. 3. Levekårsutvalet vil understreke viktigheita av kompetanse og kvalitet i barnevernet. Folkevalde og administrasjon har eit felles ansvar for å sikre tilstrekkeleg bemanning, og å legge tilhøva tilrette for god fagleg opplæring/oppdatering som også fremjer engasjement og motivasjon. 4. Levekårsutvalet ber kommunestyret om å gjennomføre eit forvaltningsrevisjonsprosjekt av barnevernet i Ulstein, der ein gjennomgår arbeidsmetodar/dokumentasjon også med fokus på særleg krevjande saker. Levkårsutvalet ønskjer prosjektrapporten lagt fram for utvalet. 5. Levekårsutvalet ønskjer jamnleg informasjon frå barnevernet i form av halvårsvise rapportar/meldingar/møter om arbeidet 5
Røysting: 1. Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 9 mot 0 røyster. 2. Fellesframlegget frå levekårsutvalet vart vedteke med 9 mot 0 røyster. PS 08/35 RUSMIDDELPOLITISK HANDLINGSPLAN FOR ULSTEIN KOMMUNE 2008-2012 Tilråding frå Levekårsutvalet, 09.04.2008: Ulstein kommunestyre ser nytteverdien av at kommunane Hareid, Herøy, Ulstein og Sande har ein rusmiddelpolitikk som er mest mogeleg lik. Spesielt er det tenleg med : Felles retningsliner for sals - og skjenketider Felles kontrollorgan, eller at kontrollorgana har felles praksis når det gjeld frekvens av kontrollar Lik praksis for reaksjonar på brot på alkohollova. Ulstein kommunestyre går inn for at Ulstein kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan for perioden 2008 2012 samsvarar med framlegget til interkommunal rusmiddelpolitisk handlingsplan, med følgjande tillegg/endring: 5.1. Dersom kommunestyre har gjeve avslag på søknad om sals- og skjenkeløyve vert det ikkje høve til å søke på nytt før etter 1 år. 5.2. Tildeling av alminneleg skjenkeløyve Ulstein kommunestyre ser det ikkje som tenleg å sette tak for talet på skjenkeløyve. Kommunestyret tildeler skjenkeløyve etter ei samla vurdering der ein legg vekt på: - Kor mange skjenkeløyve ein ynskjer å ha i eit geografisk avgrensa område i kommunen. - Kva slags profil og målgruppe kommunestyret ønskjer skjenkestandane skal ha. Ein skal her vurdere søknaden ut frå både ein alkoholpolitisk og ein næringspolitisk ståstad. Fleire av skjenkestadane skal berre ha øl og vinrett. Det vert føresett at nasjonale mål vert lagt til grunn for vurderingane. 5.3. Tildeling av ambulerande skjenkeløyve: Ulstein kommune skal framleis ha eit øvre tak på 3 ambulerande skjenkeløyve. 5.5.1. 6. kulepunkt: Konsum av utsjekka alkoholhaldig drikke må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketid går ut. Vedlegg 2. Retningsliner for reaksjonar på brot på alkohollova: 4. Ved oppsummering av prikkbelastningar, er det summen av prikkar/ brot i den einskilde rapport som vert lagt til grunn. Etter ei inndragingsperiode startar løyvehavar på nytt utan prikkbelastning. 6
Marianne Breivik og Harald R. Ulstein bad levkårsutvalet vurdere habiliteten deira då dei sit i prosjektgruppa for planen. Utvalet fann begge habile til å delta i handsaming av saka. Redaksjonell endring:., med følgjande tillegg/endring: Tilråding frå rådmannen: Ulstein kommunestyre ser nytteverdien av at kommunane Hareid, Herøy, Ulstein og Sande har ein rusmiddelpolitikk som er mest mogeleg lik. Spesielt er det tenleg med : Felles retningsliner for sals - og skjenketider Felles kontrollorgan, eller at kontrollorgana har felles praksis når det gjeld frekvens av kontrollar Lik praksis for reaksjonar på brot på alkohollova. Ulstein kommunestyre går inn for at Ulstein kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan for perioden 2008 2012 samsvarar med framlegget til interkommunal rusmiddelpolitisk handlingsplan, med følgjande tillegg: 5.2. Tildeling av alminneleg skjenkeløyve Ulstein kommunestyre ser det ikkje som tenleg å sette tak for talet på skjenkeløyve. Kommunestyret tildeler skjenkeløyve etter ei samla vurdering der ein legg vekt på: - Kor mange skjenkeløyve ein ynskjer å ha i eit geografisk avgrensa område i kommunen. - Kva slags profil og målgruppe kommunestyret ønskjer skjenkestandane skal ha. Ein skal her vurdere søknaden ut frå både ein alkoholpolitisk og ein næringspolitisk ståstad. Fleire av skjenkestadane skal berre ha øl og vinrett. Det vert føresett at nasjonale mål vert lagt til grunn for vurderingane. 5.3. Tildeling av ambulerande skjenkeløyve: Ulstein kommune skal framleis ha eit øvre tak på 3 ambulerande skjenkeløyve. Vedlegg 2. Retningsliner for reaksjonar på brot på alkohollova: 4. Ved oppsummering av prikkbelastningar, er det summen av prikkar/ brot i den einskilde rapport som vert lagt til grunn. Etter ei inndragingsperiode startar løyvehavar på nytt utan prikkbelastning. Framlegg frå FrP og Høgre: 5.1. Dersom kommunestyre har gjeve avslag på søknad om sals- og skjenkeløyve vert det ikkje høve til å søke på nytt før etter 1 år. 5.2. Tildeling av alminneleg skjenkeløyve Ulstein kommune ser det ikkje som tenleg å sette tak for talet på skjenkeløyve. Kommunestyret tildeler skjenkeløyve etter ei samla vurdering der ein legg vekt på: - Kor mange skjenkeløyve ein ynskjer å ha i eit geografisk avgrensa område i kommunen. - Kva slags profil og målgruppe kommunestyret ønskjer skjenkestandane skal ha. Ein skal her vurdere søknaden ut frå både ein alkoholpolitisk og ein næringspolitisk ståstad. 7
Ungdomsklubbar, ungdomsdiskotek og idrettsarenaer er område som tradisjonelt er sett på som rusfrie soner. Desse skal ikkje ha ålmenn eller ambulerande skjenkeløyve. Bowlinghall og liknande etablissement blir ikkje sett på som idrettsarenaer. Administrasjonen avgjer utvida skjenkeareal, utvida skjenketid ved spesielle anledningar og ambulerande løyve. Vedtak kan påklagast til formannskap. 5.4. Tildeling av salsløyve Endring 1. avsnitt til: Det er ulike ordningar i kommunen. Daglegvareforretningar i Ulstein kan etter søknad få tildelt salsløyve for gruppe 1. 5.5.1. 6. kulepunkt: Konsum av utsjekka alkoholhaldig drikke må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketid går ut. Røysting: 1. Tilrådinga frå rådmannen (1. del fram til 5.2. med redaksjonell endring) vart vedteke med 9 mot 0 røyster. 2. Tilrådinga frå rådmannen (5.2.) vart vedteke med 6 røyster. Framlegget frå FrP og Høgre fekk 3 røyster og fall. 3. Framlegget frå FrP og Høgre (2. avsn. i 5.2.) fekk 3 røyster og fall. 4. Framlegget frå FrP og Høgre (3. avsn. i 5.2.) fekk 3 røyster og fall. 5. Tilrådinga frå rådmannen (5.3. og vedlegg 2) vart vedteke med 9 mot 0 røyster. 6. Framlegget frå FrP og Høgre (1. avsn i 5.4.) fekk 3 røyster og fall. 7. Framlegget frå FrP og Høgre (6. kulepkt. i 5.5.1.) vart vedteke med 9 mot 0 røyster. 8. Framlegget frå FrP og Høgre (5.1. )vart vedteke med 9 mot 0 røyster. PS 08/36 SKJENKELØYVE - SNORREBUDA AS Tilråding frå Levekårsutvalet, 09.04.2008: Søknaden frå Snorrebuda as V/Morten Knutsen og Fredrik Steen vert imøtekomen som omsøkt med Fredrik Steen som styrar og Morten Knutsen som stefortredar, som fylgjer: a. Allment skjenkeløyve for alkohol i gruppe 1 og 2 b. Avgrensa løyve i gruppe 3 i tilknytning til matservering c. Skjenking er ikkje tillatt på kontor og privat område. Skjenketida vert fastsett slik: a. for brennevin kl 1300 til 2400 alle dagar lova heimlar. b. for øl og vin kl 1300 til 0100 måndag-torsdag og søndag/helgedag før kvardag og kl 1300 til 0200 fredag, laurdag og søndag/helgedag som ikkje kjem føre kvardag. Skjenketida skal vere 1300 til 0200 palmesøndag fram til onsdagen etter, og 2. juledag fram til 01. nyttårsdag. 8
c. Ved lukka arrangement innanfor tidsramma kl 1300-0100 kvardagar untatt fredag, søndag og helgedag før kvardag, og kl 1300-0200 fredag, laurdag og helgedag som ikkje har påfølgande kvardag. d. konsumet av øl, vin og brennevin ska halde opp seinast ein halv time etter at skjenketida går ut. Utservering: a. Det vert høve til alkoholservering i gruppe 1 og 2 b. Det vert ikkje høve til alkoholservering i gruppe 3 Skjenketida vert fastsett slik: a. For gruppe 1 og 2 kl 13.00-24.00 Vilkår: Løyvehavar og styrar er ansvarlig for at skjenkinga foregår i overenstemmelse med alkohollova og bestemmelsar gitt med heimel i denne. Konsumet av øl, vin og brennevin skal halde opp seinast ein halv time etter at skjenketida går ut. Skjenkeløyvet er gjeve med atterhald om godkjenning av Næringsmiddeltilsynet og godkjenning av Teknisk etat. Brot på skjenkeforeskriftene/alkohollova vil kunne få fylgjer for skjenkeløyve. Bevillingsperioden varer til 30.juni året etter at nytt kommunestyre tiltrer (jmfr. Alkohollova 1-6 første ledd), altså til 30.juni 2008. Fellesframlegg frå Levekårsutvalet: (Tillegg til 1. del av tilrådinga frå rådmannen) c. Skjenking er ikkje tillatt på kontor og privat område. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen og fellesframlegget vart vedteke med 8 mot 0 røyster. PS 08/37 UTTALE - REGULERINGSPLAN SKEIDE - ENDRING Uttale frå Levekårsutvalet, 09.04.2008: Levekårsutvalet sluttar seg til uttale frå Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Harald R. Ulstein bad levekårsutvalet vurdere habiliteten hans i saka då han har private merknader til planen. Utvalet fann han inhabil og han tredde dermed ifrå. Framlegg frå Gry Osnes Nordal: Levekårsutvalet sluttar seg til uttale frå Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. 9
Røysting: Framlegget frå Gry Osnes Nordal vart vedteke med 7 mot 0 røyster. -----------o---------- Rett utskrift til: 1. Levekårsutvalet 2. Kommunerevisjonen elektronisk 3. Heimesida 4. Rådmannen elektronisk 5. Helsesjefen elektronisk 6. NAV-leiaren elektronisk 7. Omsorgssjefen elektronisk 8. Barnevernsleiaren elektronisk 9. SSKS v/jostein Støylen elektronisk 10. Kontrollutvalet m /vara elektronisk Ulstein kommune Politisk sekretariat, 09.04.2008. Marianne Hatløy politisk sekretær 10