Fitjar Kyrkjeblad. God Påske! nr. 2 mars 2008 31. Årgang



Like dokumenter
Fitjar Kyrkjeblad. Medarbeidersamling

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Brødsbrytelsen - Nattverden

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Minnebok. Minnebok NYNORSK

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Velkomen som konfirmant!

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kva seier bibelen om dåp? Ein presentasjon utarbeida av Styret for Holdhus Kristne Forsamling September

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Månadsbrev for Rosa september 2014

Velkomen som konfirmant

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

6. trinn. Veke 24 Navn:

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Møteprotokoll for møte i

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

S.f.faste Joh Familiemesse

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 1. Gudsteneste med nattverd (høgmesse)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Strategidokument


SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Ordning for dåp i hovudgudstenesta

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Bjellandsvegen 51. Tlf Me er også å finna på Facebook.

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

/

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

k o n f i r mant 2013

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Fitjar Kyrkjeblad. Innhald : nr. 7 oktober Årgang. Jesus til barna sundagsskulen sin visjon

Program for Stord kyrkjeakademi hausten På kyrkjeveg frå Vistvik til Fitjar. Sundag 3. september kl frå Vistvik

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

5. Soknerådsmøte mai Referat

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Transkript:

Fitjar Kyrkjeblad nr. 2 mars 2008 31. Årgang Kyrkjelydsblad nr.1 2008 kom ikkje i trykk, siden trykkeriet gjekk konkurs. Men bladet er å finna på nettsidene; fitjar.kommune.no og på fitjarposten.no God Påske! Ordet tyder å gå forbi. Det fortel om ei frykteleg natt. Ei natt for omlag 3300 år sidan, då Herren lot drepa alt førstefødd liv i Egypt. Men der dørstolpane var malt med blod frå eit lam der lot han dei leva. ( 2. Mos. 12 ) For meg heilt uforståeleg. Ordet påske fortel om denne natta, ei frykteleg natt. For andre var det ei god natt, for hendinga førte til at Israelittane som var slavar i Egypt fekk fridom. Ordet fortel og om ei anna påske. Ei påske nærare oss i tid. For omlag 1970 år vart ein mann drepen utanfor Jerusalem, med fullt overlegg, utan å ha gjort seg skuldig i noko. Han vart drepen av romerske soldatar på ein kross. Ei frykteleg hending, ein skuldfri drepen. Likefullt vert dette feira på nytt i påska. For dette fryktelege er og godt. Den skuldfrie døyr for verda sine synder, hans død gjev liv til den som trur. For meg er dette uforståeleg, men det er evangeliet. Paulus skriv: Eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur... Rom. 1,16 Utruleg men eg trur det! Sokneprest Olav J. Oma

Kyrkjekontoret postboks 128, 5418 Fitjar telefon 53 45 85 00 fax 53 45 85 31 kontortider: tysdag onsdag torsdag kl. 10:oo 12:oo E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no Kyrkjeverje Harald J. Sandvik 90 05 20 59 Sokneprest Olav J. Oma 53 45 85 00 90 63 88 25 Kyrkjelydsprest Nobukazu 90 93 81 65 Imazu Beredskapstelefon frå kl. 17:oo 08:oo Prest 95 48 24 59 Kyrkjetenar / kyrkjegardsarbeidar Endre I. 41 41 05 40 Stokken Fitjar kyrkje 53 49 74 78 Kyrkjetenar Jørgen Tislevoll Organist 91 34 46 60 Soknerådsbarnehage Styrar Torunn 40 40 41 46 Aarskog Kontor 53 49 79 37 Soknerådsleiar Anne Britt 53 49 74 48 Tornes Gåver Kyrkjelydsprestestilling kontonr. 3546. 29. 05805 Fitjar kyrkjeblad kontonr. 3546. 30. 13568 11. mars fasteaksjonen til kirkens nødhjelp Bøsser, konfirmanter, engasjement, innsamling, nestekjærlighet... Hva er egentlig fasteaksjonen? Kirkens Nødhjelp avholder hvert år en landsomfattende aksjon siste tirsdag før palmesøndag. Det er denne aksjonen som er fasteaksjonen. Fasteaksjonen er en innsamlingsaksjon der 40.000 bøssebærere går fra dør til dør og samler inn penger til organisasjonens arbeid. Aksjonen har også en politisk kampanje for å sette fokus på grunnleggende årsaker til nød. Visste du at fasteaksjonen er en av Norges største årlige dør-til-dør-aksjoner? Fasteaksjonen har vært arrangert siden 1967. I mange år ble aksjonen kalt "Brød for Verden". Målet har hele tiden vært å samle inn penger til dem som trenger det mest. I de siste årene har aksjonen fokusert på de oversette katastrofene, ungdom i krig og krise, menneskehandel og vannmangel. Visste du at over 400 millioner kroner er samlet inn siden 1967? Tema for fasteaksjonen i år er FRA DRØM TIL VIRKELIGHET. Krig og terror stjeler menneskers drømmer. Som engasjerte enkeltmennesker og menigheter i Norge kan vi bidra til å ta drømmene tilbake enten det er drømmen om skolegang, drømmen om ikke å være redd, eller drømmen om å kunne leve i et fritt land. Årets konfirmanter skal engasjere seg i innsamlingsaksjonen og gå fra dør til dør som bøssebærere. Vi trenger noen medhjelpere i forbindelse med aksjonen. Ta kontakt med kirkekontoret, dersom du kan hjelpe oss. Kvinnenes internasjonale bønnedag, Osternes bedehus fredag 7.mars kl.19.00

Palmesus, venemåltid, svik, død, oppstode, nytt liv. Påske er tid for gudstenester. Det som skjer i påska er sjølve grunnlaget for kristen tru. Gjennom gudstenestene denne veka, Palmesøndag, Skjærtorsdag, Langfredag, 1. og 2. Påskedag, vert påskebudskapet formidla på nytt over heile verda, også hos oss. Palmesøndag vert det familiegudsteneste i Fitjar kyrkje, klokka 1100. Skjærtorsdag ynskjer vi velkomen til kveldsgudsteneste i Øvrebygda bedehus, klokka 1930. Der feirar vi den heilage nattverden, for dette er den natta då Herren Jesus vart sviken. «Då tok han eit brød, takka, braut det og sa: «Dette er min kropp, som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» Like eins tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakta i mitt blod.» (1.Kor. 11, NT 2005) Langfredag vert det pasjonsgudsteneste/ lidingsgudsteneste i Fitjar kyrkje, klokka 1100. Langfredagsgudstenesta er særmerkt og har si eiga liturgi, med mykje vekt på lesinga av lidingsforteljinga frå eit av evangelia. Påskedag vert det festgudsteneste i Fitjar kyrkje, klokka 1100. Oppstoda vert feira, sigeren over døden, den tomme grava. Frå gamalt har dette vore ein stor kyrkjeleg dåpsdag. Vi har dåp denne dagen. Dåpen som overgang frå død til liv, frå det gamle til det nye vert slik markert. Det vert og nattverd, der vi får sjå at det Jesus gjer, det gjer han for oss, og vi får ta imot utan vilkår, av berre nåde. 2. påskedag vert det gudsteneste på Osternes bedehus, klokka 1100. Denne dagen vert det uforståelege, livsens siger over døden understreka. Vi møter dei fyrste vitna, både til den tomme grav og til den oppstadne. Sokneprest Olav J. Oma Vel møtt til gudsteneste! Påske på Fitjar Tal frå statikken 2007 2006 2005 Døypte 47 38 44 Vigsler 8 6 14 Gudsteneste søn og helgedager 9 249 (61) 8 323 (64) 8 305 (65) * Gjennomsnitt frammøte 150 130 128 **Gudst.utanom søn og helgedager 1 949 (32) 1 538 (22) 1 758 (35) Nattverdn totalt 2 532 (44) 2 123 (42) 1 842 (45) Snitt nattverd i kyrkja 79 (29) 65 (30) 66 (24) Kyrkjeofringar 294 817,- 265 481,- 243 628,- Fast gjevarteneste 122 360,- 116 956,- 107 008,- * snitt: 152(speidergudsteneste 1300), utan den gudstenesta er snittet 131. ** gudstenester utanom søn. og helgedagar: aldershein og skule

Folkedansmesse Dei skal prisa hans namn med dans og spela for han med pauke og lyre (Salm. 149.3) 10. februar i Kultursalen No var det ikkje mykje pauke og lyre i kultursalen denne søndagskvelden, men derimot vakker song, musikk og dans. På denne for oss uvante gudstenesta hadde vi besøk av Stord Ungdomslag si dansegruppe, koret Sanctus frå Nysæter og musikarar. Dei framførte ei svensk folkedansmesse der musikk, dans og tekstlesing veksla, og til saman danna ein heilskap gjennom gudstenestelekkane. Bildet er frå Nysæter og er teke av Olav Bjørkum Det var ei messe der det var plass til alle side ved tilværet, til alvor, glede og ærefrykt, men der først og fremt gleda kom tydeleg fram. Det er ikkje ofte kyrkjelyden applauderer til slutt, men det gjorde dei denne kvelden! Kva gjer det med oss at forma er annleis enn vi er vante med? Sjølv om den tradisjonelle gudstenesteforma er vakker og meiningsfull, kan kanskje ei ny form gjera at vi lyttar meir aktivt og at vi verkeleg høyrer det som blir sagt? Kanskje kan også ei slik uvant form som folkedansen representerer, vekka nysgjerrighet og få andre menneske enn dei vanlege kyrkjegjengarane til å koma? Kva gjer det med oss at ramma rundt det heile er annleis enn den vante? Eg opplevde at kultursalen vart eit fint rom for gudstenesta, noko også dei som deltok gav uttrykk for. Kanskje kan terskelen for å koma på ei slik gudsteneste verta lågare enn ved ei tradisjonell gudsteneste? Ein vil gjerne tru at dørstokken i kyrkja er låg, men slik er det nok ikkje for alle. Eg håper at vi framover kan vera opne for å ta i bruk nye gudstenesteformer. Det sentrale innhaldet skal vera det same som alltid, men tradisjonenell form må ikkje stå i vegen for det viktigaste å nå flest mogeleg med ordet. Soknerådsleiar Anne Britt Tornes Årsmøtet vert i år søndag 2. mars, etter gudstenesta i kyrkja.

Verdas eldste kyrkje. i sitt slag Eg veit ikkje om kyrkjer som ligg vakrare til : Nesten innved foten av Snæfellsjøkull, eit snødekt, perfekt kjegleforma fjell, ligg ho, med utsyn over Breidafjørdur i nordvest. Det var frå dette fjellet ferda til jordas indre starta, i boka til Jules Verne. Leia av ein islandsk kjentmann, drog franske vitskapsmenn ned gjennom ei hole i fjellet, og møtte eit fantastisk landskap inne i jorda. Kyrkja som har dette magiske fjellet som nabo, heiter Ingjaldsholl kyrkje, og ho er den eldste steinstøpte kyrkja i verda, dvs. den eldste kyrkja som er støpt i betong. Ho vart reist i 1903, av folk som slett ikkje hadde nokon røynsle med dette byggjematerialet, for på Island var berre 2 bygningar bygd av betong tidlegare. Albert Jònsson, murar og steinarbeidar, tok på seg arbeidet, og han må ha gjort godt arbeid, for kyrkja har stått trygt sidan, og det seier ikkje lite, for vertilhøva er tøffe her, mellom isbreen og havet. Bakteppet er imponerande, der Snæfellsjøkull stig opp, over og bak kyrkja, som eit framhald av kyrkjetårnet, og dei tre toppane, eller tuvene, som dei blir kalla, verkar så nære. Dette vakre synet kan uvilkårleg få folk i høgtidsstemning, på veg opp mot Ingjaldsholl, til å tenkja på den vidgjetne innleiinga til boka Fegurd himins ( Himmelens skjønnhet ) av Halldor Kiljan Laxness: Der jøkulen stig mot himmelen, sluttar landet å være jordisk, for jorda får del i det himmelske, og der finnst ikkje nokon sorger. Lenge var Ingjaldsholl kyrkje den tredje største på Temakveld 28. februar kl. 19.30 Kyrkja sitt miljøansvar v/ Lars Ove Kvalbein, bispedømmekontoret. Island, ikkje fordi det var så mange fastbuande i området, men fordi folketalet auka enormt i den tida fisket stod på, dvs. mesteparten av ettervinteren. Det hadde stått fleire kyrkjebygg her før denne vart bygd, og mykje av inventaret i den nye kyrkja har stått i dei eldre, m.a. altertavle, døypefont og preikestol. Første gong me høyrer om soknekyrkje i Ingjaldsholl er i 1317, men før det hadde det vore bedehus. Det er ei historie bak opphavet til bygging av kyrkja. Det blei fortalt om ein brotsmann frå området rundt jøkulen, som blei dømd til døden og ført til København for å avrettast. Det spesielle med denne mannen var at han hadde evna til å spå om framtida, og dette kom kongen for øyre. Kongen sparte livet hans for å nytta seg av desse evnene, og ein av spådomane var at.ein konge ville koma til å byggja ei kyrkje på Ingjaldsholl på Snæfellsnes. Kyrkja vart altså reist, men den gongen som tømmerkyrkje. Etter ei storm i 1694 vart kyrkja riven, men reist att i 1696, og då som eit stort og solid gudshus ( jmf. Kongebrev). Ho kosta 400 riksdalar, og romma 360 menneske.denne kyrkja stod heilt til 1903, men var då skral å sjå til, og under ein bispevisitas i 1891 seier biskop Hallgrimur Sveinsson at tida for lengst var komen for ei ny kyrkje på Ingjaldsholl. Han visste nok ikkje då at den nye kyrkja skulle bli den eldste kyrkja i verda.. i sitt slag. Karvel Strømme Kyrkja har alt lenge vore engasjert I arbeidet for miljø, rettferd og fordeling. Ein del kyrkjelydar har blitt grøne. Du kan lesa meir om dette under www.kyrkja.no. Det gjer eit bilete av kva det er å vera ein grøn kyrkjelyd. Dette har dette både eit miljøperspektiv og eit solidaritets- og rettferdsperspektiv. Vi vil også I vår kyrkjelyd ta opp diskusjonen om dette er noko vi ynskjer å engasjera oss meir direkte I, og det vil I næraste framtid bli teke opp I soknerådet. Har du tankar om dette og har du lyst til å vera med som ressursperson I dette arbeidet, er du velkommen til dette.

Weekend på Helgatun 28.28.-30. mars Fitjar kyrkjelyd (soknerådet) innbyr til weekend på Helgatun i Myrkdalen, ved foten av Vikafjellet. Tunet, som er eigd av Indremisjonssamskipnaden ligg langs Rv 13, ca. 32 km Prisar for overnatting med full pensjon (for heile helga): Vaksne Barn 8-15 år Barn 3-7 år Leige av sengetøy kr. 860,kr. 600,kr. 430,kr. 80,- frå Voss (ca. 2,5 t køyring frå Halhjem). Me håpar og trur at dette vil vera noko for både små og store barn, ungdom, vaksne og eldre. Her vil det bli fine samlingar i hyggjeleg lag, og me trur at det å møtast på denne måten, i andre omgjevnader og med god tid, kan spleisa oss saman. For den som ynskjer å vera ute i Guds frie natur, vil det bli rikeleg høve til det. Helgatun ligg midt i fjellheimen, med skiterreng rett utanfor døra, med ski- og akebakke, lysløype og alpinanlegg. For dei som ynskjer seg ein tur på høgfjellet er det ca. 10 min. køyring opp til Vikafjellet og viddene der. Full pensjon inkluderer kveldsmat fredag, frokost, niste m/drikke og middag laurdag, frokost og middag søndag. Det vert servert kaffi og småkaker om kveldane. For dei som ynskjer matpakke og drikke om søndagen vert det eit lite tillegg. Overnattinga skjer på dobbeltrom eller familirom (maks 5). Det er bad med dusj på alle rom. Ta med eige sengetøy, og termos til kaffi/te/kakao til nistemåltidet. Me håpar mange vil setja av denne helga for å få med seg ei unik oppleving i godt lag! Ta gjerne kontakt med oss om du lurer på noko. Roald Drønen tlf 95 07 66 35 Astrid Koløen Prestbø tlf 53 49 77 47 Helga Rimmereid tlf 53 49 79 88 Det vil bli lagt ut program. Påmelding til kyrkjekontoret - tlf 53 45 85 00 Søndagsskule Babysong og på Fitjar bedehus småbarnstreff kl. 11.00 Fitjar bedehus 2. mars 24. mars * 30. mars 13. april 20. april 27. april onsdagar kl. 10.30-12.00 12. mars, 2. april, 16. april og 30. april Ta med niste, kopp og tøflar/tjukke sokkar. * Koking av egg i Breiavikjo Velkomen!!!

Døypte 17.02.2008 Karl Theodor Engesund Jordfeste 13.02.2008 Lauritz L. Skålevik (1916) 15.02.2008 Magnar Rimbereid (1953) 02.03, 4. søndag i faste 11:00 Fitjar kyrkje, høgmesse, takkoffer til Legar utan grenser, organistvikar og Olav J. Oma. Etter gudstenesta vert det årsmøte for soknet. Vel møtt! 09.03, Maria bodskapsdag 11:00 Fitjar kyrkje, familiemesse, ungdomskoret deltek, takkoffer til ungdomsarbeidet i kyrkjelyden, organistvikar og Olav J. Oma. 16.03, Palmesøndag, 11:00 Fitjar kyrkje, familiegudsteneste, takkoffer til Noregs samemisjon, organistvikar og Olav J. Oma. 20.03, Skjærtorsdag, 11:00 Øvrebydga bedehus, høgmesse, takkoffer til Øvrebygda bedehus, organistvikar og Olav J. Oma. 21.03, Langsfredag, 11:00 Fitjar kyrkje, langfredaggudsteneste, organistvikar og Nobukazu Imazu. 23.03, Påskedag, 11:00 Fitjar kyrkje, høgmesse, takkoffer ti NMS, organistvikar og Olav J. Oma. 24.03, 2 påskedag, 11.00 Osternes bedehus, gudsteneste, takkoffer til Osternes bedehus, organistvikar og Olav J. Oma. 27.03, 19:30 Fitjar kyrkje, temakveld. 30.03, Gudsteneste på Helgatun, ikkje i Fitjar kyrkje. 06.04, 2 søndag etter påske, 11.00 Fitjar kyrkje, familiegudsteneste, takkoffer til barnegospel, organistvikar og Olav J. Oma. 11.04, 19.30 Fitjar kyrkje, Divisi konsert. G u d s t e n e s t e r 13.04, 3 søndag etter påske, 11.00 Fitjar kyrkje, høgmesse, takkoffer til kyrkjelydsprest stillinga, organistvikar og Nobukazu Imazu. Fitjar Kyrkjeblad er Fitjar sokneråd sitt informasjonsblad. Adresse: Kyrkjekontoret / rådhuset postboks 128, 5418 Fitjar Redaksjonen: Olav J. Oma Nobukazu Imazu Karvel Strømme Torill Hartvedt Halvard Tislavoll e-post: kyrkja@fitjar.kommune.no http://www.fitjar.kommune.no/kyrkja/fitjar-kyrkjeblad/ Neste blad kjem etter planen i veke 18 Har du tips, stoff eller bilete til bladet, er du velkomen til å senda det til oss. Frist for innlevering til neste blad er 20. april Vil du støtta bladet økonomisk har vi bankkonto nr. 3546 30.13568

Me støttar Fitjar sokneråd sitt informasjonsblad ; «Fitjar kyrkjeblad» 53 49 99 79