MIDSUND KOMMUNE Oppvekst- og kulturutvalet MØTEPROTOKOLL Sakene: 04/003-04/005 Møtedato: 09.03.04 Møtestad: Raknes skule Møtetid: 15:00 Følgjande medlemmer møtte: Hallstein Solvang Eva Tangen Evy Mette Risvik Lars Hagseth Nils Edvin Sanden Følgjande medlemmer hadde meldt forfall: Følgjande varamedlemmer møtte: Merknader: Møtet starta med omvising på Raknes skule av rektor Jan Otto Hånes og Magny Klauset Tilstades frå administrasjonen: Oppvekstsjef Ivar Vereide og oppvekstkonsulent Bente Jørgensen Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at det som er ført på dei blada vi har signert i møteboka, er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Hallstein Solvang Eva Tangen Evy Mette Risvik Sign. Sign. Sign. Lars Hagseth Sign. Nils Edvin Sanden Sign.
PS 04/003 Samarbeidsavtale mellom Midsund Slekt- og Historielag og Midsund kommune for oppfølging av lokalhistorisk samling i kommunen. Midsund kommune inngår samarbeidsavtale med Midsund Slekt og Historielag for oppfølging av lokalhistorisk samling i Midsund kommune. Avtalen gjeld frå 01.04.04 og for ei periode på 4 år. Avtalen kan seiast opp frå begge partar med ein frist på 6 mnd. i avtaleperioden. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne instruks for samlingsstyret. Samarbeidet skal evaluerast innan 1. mai 2005. Nils Edvin Sanden ba om at hans habilitet blei vurdert. Utvalet fann han habil. Sanden fremma nytt tilleggspunkt: Midsund kommune er den formelle eigar av Lokalhistorisk samling. Avstemming blei delt i to. Først over tilleggspunkt, deretter over forslag til vedtak inklusivt nytt tilleggspunkt. 1. Samrøystes om innføring av tilleggspunkt. 2. Samrøystes som forslag til vedtak, inklusivt nytt tilleggspunkt. -------------- Slutt på behandling --------------------------------------Vedtak i Oppvekst- og kulturutvalet - 09.03.04: Midsund kommune inngår samarbeidsavtale med Midsund Slekt og Historielag for oppfølging av lokalhistorisk samling i Midsund kommune. Avtalen gjeld frå 01.04.04 og for ei periode på 4 år. Avtalen kan seiast opp frå begge partar med ein frist på 6 mnd. i avtaleperioden. Rådmannen får fullmakt til å godkjenne instruks for samlingsstyret. Samarbeidet skal evaluerast innan 1. mai 2005. Midsund kommune er den formelle eigar av Lokalhistorisk samling. PS 04/004 Revidering av retningslinene for kulturvernprisen i Midsund kommune
Det blir gjort følgjande endringar i retningslinene for kulturvernprisen i Midsund kommune: Pkt. 6 Kulturvernprisen består av en plakett utført i messing og kr. 5.000,- Samrøystes som forslag til vedtak Vedtak i Oppvekst- og kulturutvalet - 09.03.04: Det blir gjort følgjande endringar i retningslinene for kulturvernprisen i Midsund kommune: Pkt. 6 Kulturvernprisen består av en plakett utført i messing og kr. 5.000,- PS 04/005 Val av representantar til opptaksnemnda for barnehagane i valperioden 2004-2007 Saka blir lagt fram utan forslag til vedtak Det blei sett fram følgjande forslag til vedtak: Eva Tangen, representant Lars Hagseth, representant Evy Mette Risvik, vararepresentant Nils Edvin Sanden, vararepresentant Vedtak i Oppvekst- og kulturutvalet - 09.03.04: Samrøystes valt: Eva Tangen, representant Lars Hagseth, representant Evy Mette Risvik, vararepresentant Nils Edvin Sanden, vararepresentant
FO 04/004 Frivillighetssentral i Midsund? Under forespurnad om frivillighetssentral kan vere noko å satse på i Midsund kommune, ba medlemmane om at saka blir nærare utgreidd, og at utgreiing av frivillighetssentral blir lagt saman med planlegging av kulturforum våren 2004.