Sogndal kommune Utval: MØTEPROTOKOLL SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Fosshaugane Campus, Gjensidigerommet Møtedato: 27.03.2008 Tid: 1200-1500 Pkt. 1 OPNING A. Konstituering av utvidet møte * Møtet lovleg sett med følgjande medlemmar tilstades: Sondre Dalaker, Vilde Øvstetun, Karen Marita Dalaker, Ole Henrik Lund, Hilde Kinserdal, Mats Fredheim Vidby, Trude Øygard, Håkon Risnes, Johanna Sverrisdottir, Henrik Førde, Hege Karlsen og Anna Heide. Frå elevråda: John Kenneth Haugane, Ingrid Ask, Endre Hough, Ingrid Vik Bakken, Andrine Rygg, Leni Røyrvik, Endre Thue, Karianne Løypestrand, Kristen M. Tokvam, Andreas Aa. Berge og Daniel Fossheim. * Innkalling og sakliste er godkjent. * Møteleiar: leiar Sondre Dalaker. * Møta i Sogndal ungdomsråd er ope for alle. B. Godkjenning av møteprotokoll frå møte 16. januar 2008. Pkt. 2. ORIENTERINGAR OG DRØFTINGAR A. Orientering frå ordførar. Ordførar fekk spørsmål på arbeidsutvalsmøtet om kvifor ikkje ein kunne nytte seg av ringbuss som skuleskyss strekningen Kaupanger/Sogndal. Ordførar orienterte om at ein ikkje kunne nytta seg av ringbuss dersom det gjekk ein annan rutebuss i same tidsrom( +/- 30 min). Dersom det ikkje går ein annan rutebuss kan ein altså få ta ringbuss tur/retur Kaupanger/Sogndal. Informasjon: Neste møte i arbeidsutvalet er 15.mai kl. 1500. Kom med innspel til saker før dette møtet. Neste møte i Sogndal ungdomsråd er 27. mai kl. 1200-1400. Takk til alle som deltok på møtet, engasjerte seg og kom med mange gode forslag. SAKSLISTE Saksnr. Arkivsaksnr.
Tittel 3/08 08/43 Revisjon av kommunedelplan idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2009-2012 4/08 08/679 Innspel til forprosjektet om ungdomsfestival 5/08 08/699 Evaluering av retningslinjer for Sogndal ungdomsråd
sak 3/08 Revisjon av kommunedelplan idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2009-2012 Handsaming 23 ungdommar frå 13 til 19 år deltok på arbeidsmøte. Ungdommane var frå alle deler av Sogndal kommunen og 3 ungdommar frå andre kommunar i regionen. Seminaret vart gjennomført som gruppearbeid i ulike formar. Tilråding/Vedtak: Desse innspel vart prioritert av ungdommane på slutten av seminaret (prioritert rekkefølge): Skikkeleg badestrand, der Amla og Øyane bør prioriterast. Det som er viktig rundt badeanlegget er: strand med sydensand, toalett, stupetårn og søppeldunkar. Gangveg frå Skogly til skulen på Kaupanger Gangvegar ved skulane Paintball Pardans for ungdom - helgekurs Betre garderobeforhold i symjehall Dykking for ungdom Volleyball og handball på Kaupanger Skatepark Sjølvforsvarskurs Betre merka turløyper Langsiktige - ikkje prioritert rekkefølge Basketball Yoga Innebandy Billigare alternativ til Treningssenteret Isbane Ballbinge på Røvhaugane Volleyball på Røvhaugane Musikkrom Softgun Bryggje på Eide Nyare utstyr til bowling
Turn Skøytebane Boksing Billegare musikkskule Betre gangveg frå Navarsete til skulane Uteplass Skileikar Betre motorkrosstilbod Varmekablar under kunstgras på Kaupanger Fleire heisar i Hodlekve skisenter Betre busstilbod i helgane Stupebrett i symjehallen Gangveg frå Ingafossen til skulane sak 4/08 Innspel til forprosjektet om ungdomsfestival Handsaming 23 ungdommar frå 13 til 19 år deltok på arbeidsmøte. Ungdommane var frå alle deler av Sogndal kommunen og 3 ungdommar frå andre kommunar. Tilråding/Vedtak: Ungdommane arbeida i ulike arbeidsformer. Ungdommane ønskjer denne type festival: Nyskapande Ute og litt inne Sommar Ei veke eller helg Desse festivalane kom som forslag:
poeng Musikkfestival med kjendisar 49 Dagkurs med aktivitetar 20 Musikkfestival på stranda 60 Dansefestival med workshop 10 Vassfestival dag/kveld 50 Filmfestival 14 Talentfestival 14 Musikkfestival -lokale kjendisar/rikskjendisar 48 Konklusjon: Vassfestival med fysisk aktivitet - musikk på strand/bryggje - strand - mat - bål - dag og kveld sak 5/08 Evaluering av retningslinjer for Sogndal ungdomsråd Tilråding/Vedtak: Saken vert utsett pga tidsmangel på møtet. Nye retningslinjer vert utarbeid i møte 27.mai 2008. ********
Sogndal, 3. april 2008 Sondre Dalaker Leiar Elin Reinås Ungdomsleiar Sekretær i Sogndal ungdomsråd