Luster hundeklubb sine trimpostar 2010



Like dokumenter
Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Fotturer i Jostedalen

STI GJENNOM LERKESKOG

Rapport. Rydding av gammalt søppel i stiane til Fannaråken og ved Skautehaugane. August månad 2010

GJEMNES KOMMUNE KULTURAVDELINGA

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Utsikt fra Kattabergsfjell, tur 6. Foto: Thomas Førde

1. Gråhø (1779moh) Lengde: Ca 5 km ein veg Høgdeforskjell 729 meter Tid. Ca 2,5-3 timer opp

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

6. trinn. Veke 24 Navn:

Turbok for Molde og Omegn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Til deg som bur i fosterheim år

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Toppturer på Gautefallheia

STØLSUTLEIGE I GLOPPEN

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Emleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet. Vår vurdering

Turpostar i Sogndal. Namn:

Parkering ved søppelcontainer v/sølvsmia. Følg stølsvegen til det høgste punktet på vegen. Kasse på open varmestue.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Kulturhistoriske registreringar

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

N Æ R T U R. i Førde

TI TOPPER I NORE OG UVDAL 2016

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Toppvandring, med orienteringsgruppa i Torpa IL. -for 26.gang-

«10 PÅ TOPP» I SANDNES 2014

Børvatnet - Misvær. Børvatnet - Misvær. Børvatnet - Misvær. Blåfjell. 1. Bedre tynt enn aldri... 5

Brukarrettleiing E-post lesar

1. SKAVDALSFJELLET, 362 M.O.H, NÆRØY.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Slotthø Sunndalsfjella

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Ti-på-topp GOD TUR! Samla poengsum. Navn, adresse og alder på deg som har vært på tur: dato dato dato dato dato dato dato dato dato dato Totalt

1. Info om Sørre Brurskardknappen (1458moh)

Sommervandring 2013 Nord-Aurdal

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Wipavarid Kalland Vinnerbilde 4Fjell 2014

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

Marianne Opsal og Arne Post vann BUFF Fanaråken Duatlon

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

TEMAPLAN. Hovudplan for skogsvegar i Luster kommune

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Topptrimmen - Turbeskrivelser

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

POSTJAKTÅ Velkommen til Postjaktå Klepp 24

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Reguleringsplan for Gaupne sentrum - Ambulansegarasje

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Christian Hillmann Arkiv: K12 &18 Arkivsaksnr.: 07/2480

NM veteran innandørs Leikvang Friidrettshall Åsane bydel Bergen mars 2012

Romsdalseggen. Vengedalen

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

VOLLASETRA I SUNNDAL

Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Rørvika kraftverk i Askvoll kommune.

Bispen. Trollstigen. Bispen (1462 moh) er den mest tilgjengelige av de tre høye toppene på vestre side av Trollstigen. Her sett fra Isterdalen.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Juvet Landskapshotell

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2012

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Områdefreding Stødleterrassen

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Transkript:

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010 1: Molden Fjelltopp, utsiktspunkt 2: "Spegelen" på Indre-Hafslo Fjelltopp, utsiktspunkt 3: Vardanosi i Fortun Fjelltopp, utsiktspunkt 4: Gamle kongevegen ned Årøyane i Hafslo flotte steinmurar 5: Dulsete i Mørkridsdalen - stølsområde 6: Bergheim på Sørsida nedlagt høgdegard, utsiktspunkt For å vera med i konkurransen må du sende eit bilete frå minst ein av desse plassane til Inger - inhand@online.no innan 1. oktober. Viktig: Det må vera lett å kjenna att staden du er på ut i frå bilete og HUNDEN skal vera med på biletet! Bileta som vert sendt inn vert lagt ut fortløpande på heimesida vår. Du må skrive navn på kven som var med på turen, kven som tok biletet, kven som er medlem i klubben og kva dato du tok biletet.

1: Molden: Ta av frå RV 55 mot Mollandsmarka. Parker på den kommunale parkeringsplassen på Krossen. Stien opp er tydeleg merka og toppen har mange besøkande i sommarhalvåret. Alt etter form vil du bruke 2.5 time opp. Stølen Svarthiller er ein fin stad å ta pause. Frå toppen er det fantastisk utsikt og molden er derfor rekna som ein av kremtoppane i Norge. Det er nokre små vatn på toppen som hunden kan kjøle seg i.

2: Spegelen Køyr mot Joranger kyrkje på Indre-Hafslo. Du kan parkere her og gå ein stor rundtur på ca. 5 t. Eller du kan parkere ved bommen og gå skogsbilvegen vidare. Eller betal bompengar og køyr til Røyteholet der det er parkeringsplass og gå derfrå. Du kan også gå vidare til Røneidsmarka. Frå Spegelen som er ein spegel som reflekterer signal ned til Gaupne, har du flott utsikt!

3: Vardanosi Køyr til Turtagrø hotell. Parker ved hotellet eller nede på fyllplassen under hotellet. Du kan også køyre litt lenger opp og gå inn anleggsvegen her. Sjå vedlagt presentasjon av denne turen.

Turnr17Vardanosi Panoramaturen: Flott tur som gjev storslått utsyn over store delar av Vest-Jotunheimen og Breheimen. Tid: Høgde: Lengde: Kart: Post: Merka: 4 timar samla gangtid 900-840 1411 meter 7 km Tur retur Sognefjell 1518 III (1:50000) el Breheimen (1:100000) Ved varden T-merka og O-merka Parkering: N 61 30'14.3" E 07 48' 09.5" Køyr på riksveg 55 til Turtagrø. Parker på parkeringsplass aust for Turtagrø hotell. Start fottur: Ta stien nedover frå avkøyringa til hotellet, eller følg riksveg 55 nedover. Ta av til høgre mot stølen Gjesingane. Frå Gjesingane tek du stien mot Vardanosi, Stølsdalen og Nørdstedalen. Turen Gjesingane var vårstøl for Fortun og Optun. Stien tek av frå stølen opp mot tippen frå kraftutbygginga på 1950- og 60talet. Stien går forbi Stølsdalen, og fører heilt til Nørdstedalsseter. Ovanfor steintippen passerer me eit bekkeinntak for kraftstasjonen i Fortun. På 1090 moh kryssar stien Gjesingelva. På 1160 moh tek han av vestover mot Vardanosi. Her er ikkje nokon tydeleg sti sidan det er lite vegetasjon, men tydeleg o-merking gjerdetlettåfinnafram. I området ut mot Vardanosi finn ein fleire små tjørner eller dammar. Tidlegare vertinne på Turtagrø, Astri Drægni, fortel at både ho og fleire av tenestefolka på hotellet tok denne turen i fristundene, og at dei då gjerne bada i dammane på fjellet. Her kan ein bada og nyta utsynet mot Hurrungane. På toppen Vardanosi byr på strålande utsyn i alle retningar. I vest ligg Jostedalsbreen, i sørvest Lusterfjorden og fjella ikring. I sør ruvar Hurrung-massivet med Skagastølstindane, og i aust finn me Fanaråken og Steindalsnosi. Store Skagastølstind (Storen 2405 m) er Noregs tredje høgste fjelltopp, og eit populært mål for fjellklatrarar frå mange land. Engelskmannen W.C. Slingsby var den første til topps her i 1876. Når klatrarane kom til Turtagrø med familien, var det vanleg at konene tok turen til Vardanosi medan mennene klatra i Hurrungane. Konene hadde dermed eit utmerka utsyn mot klatreområdet. Framleis er Turtagrø det beste utgangspunktet for klatring i Jotunheimen. Me ønskjer Dykk ein interessant og hyggeleg tur. Foto: Arne Hauge Tekst, Layout og Copyright: Vatne Vision Skjolden Aktiv og IL Fanaråk hav@online.no vatne@post.com

4: Den gamle kongevegen i Årøyane Parker ved utløpet av Hafslovatnet. Gå så bilvegen inn til revagardane og vidare på skogsbilveg til du møter den gamle kongevegen. Du kan også gå via garden Oklevik. Eller køyr ned til Årøyane og parker der. Det er vanskeleg å få til ein rundttur her, utan å måtta gå på riksvegen. Den gamle kongevegen er eit fantastisk byggverk med flotte steinmurar som liknar på dei ein finn på gamlevegen i Lærdal. Her er også Olavskjelda og bygdeborg. Detet er ein tur som passar ALLE i familien og vegen har god standard.

5: Stølen Dulsete i Mørkridsdalen Køyr inn Mørkridsdalen frå Skjolden og parker på den kommunale parkeringsplassen på Hyrnavollen. Turen inn til Dulsete er fin og godt merka. Sjå vedlagde informasjonsark.

Tur nr 03 og 04 Storetjødni og Dulsete Fin tur gjennom frodig og vekslande landskap i Mørkridsdalen. Fossande elvestryk og stille tjørner. Gamle stølsgrender. Lett tur. Tid: Høgde: Lengd: Kart: Postar: Merking: 3 til 4 timar. (Total gangtid) 70-380 moh 9 km tur-retur Mørkridsdalen 1418 II(1:50000), eller Breheimen (1: 100 000) Ved Storetjødni og på Dulsete. T-merka sti Parkering: Ta av frå riksveg 55 i Skjolden. Køyr mot Mørkrid. Parker på Hødnevollen, ved enden av vegen 5 km frå Skjolden. Sone 32 N 6824794 E 426776 På denne ruta finn me både dramatikk og idyllar. Første delen av ruta følgjer Mørkridselva som fossar stri gjennom elvegjelet ovanfor Giljabrua. Dersom elva er lita, kan ein sjå ei jettegryte ute i straumen i det ein passerer bakketoppen ovanfor parkeringsplassen. Vegen framover Mørkridsdalen har frå gammalt av vore ein svært viktig bufarveg til dei mange stølane i området og Dalen, og vidare framover finn me Knivabakkli, Dulsete, Råsane, Liane, (Lange) Dalen, Fossen, Nobbi og Fjellsli. Stølsdrifta tok slutt på 40 og 50 talet, og etter det har området for det meste vore nytta til sauebeite. Meir enn 2000 sauer beita her på det meste. Rovdyrplage og dårlege kjøtprisar har meir enn halvert talet på sauer i dalen. Ved Storetjødni (-tjørna) skil vegen seg. Her i vegskilet kan ein sjå stølen Råsane høgt oppe i lia. Ruta vår går langs høgre sida av tjørna. Lenger framme finn me tre små tjørner til på rekke. Det er Djupetjødni, Flåtjødni (den grunne) og til slutt Svinetjødni. I dette området bør ein ta god tid til både å studera planteliv, og lytta til fuglesongen. Få stader kan ein høyra slik fuglesong som her. Dulsete er vårstøl for garden Hauge i Skjolden, og Moen i Mørkridsdalen. Fram til om lag 1960 vart delar av stølen nytta til slåttemark. det heim til gards om vinteren. Også tømmer frakta dei herifrå til bygda på vinterstid. På andre sida av elva ser ein stølen Knivabakkli, (Mørkridsli, Li). Skjolden Aktiv og IL Fanaråk Tekst-Foto-Utforming: Vatne Vision vatne@post.com

6: Høgdegarden Bergheim Køyr frå skjolden mot Urnes. Parker ved fylkesvegen. Det er no fin skogsbilveg heilt opp til den gamle høgdegarden som no er under restaurering. Det er denne garden Lerum har brukt i bokserien om Livets døtre. Flott utsikt utover fjorden. Under: Hylla som garden Bergheim ligg på kan sjåast frå Nes. Du kan gå vidare inn Feigedalen herfrå.

Premiering Det vert premiar for totalt kr. 12.000 til dei som er med: 1: Dei som har sendt inn 6 bilete og dokumentert at dei har vore alle dei seks stadene i 2010 2: Alle som har dokumentert gjennom foto at dei har vore på minst ein av stadene 3: Fotokonkurranse - kven har det beste biletet frå ein av desse turane Dette må vera det biletet som vert brukt som dokumentasjon frå turen. For å vera med i denne konkurransen må minst EIN i familien (far-mor-datter-son-mann-kone-sambuar) vera medlem i klubben Det kan vera berre ein deltakar i konkurransen pr. medlemsskap. Me har eit gavekort på kr. 300 til den som vert uttrekt i klasse 1 og 2. Me har tre gavekort til fotokonkurransen på kr. 300, kr. 200 og kr. 100