MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 25.08.2016 Tid: kl.16:00-18:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart gjort tilgjengeleg elektronisk 19.08.2016. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Agnete Digranes Årvik Turid Glesnes William Sandven Lindborg Magne Djuvik Lars Erik Dalland Jan Birger Landøy Marianne Borge Gustav Folkestad Parti Ap Ap Ap Frp H Sp Sp V Ikkje møtt Parti Møtande varamedlemmer Parti Ranveig Næss H Andre som var tilstades på møtet: Frå administrasjonen: Ass. Rådmann Elisabeth Farstad Landbrukssjef Øystein Svalheim til kl 1700 Arealplanleggjar Helle Holte Bruland Byggesakshandsamar Arild Knutsen Rådgjevar Gunn Sissel Teigen til kl 1630 Plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein Møtenotat: Orientering: Leiar i utvalet Magne Djuvik orientere om kvifor områdeplanen ikkje var sak på møtet. Rådmannen er ugild også på Neset og administrasjonen kan då berre leggja fram fakta i sakene. Ordførar og utvalsleiar har bedt Gunn Sissel Teigen informera om det rettslege grunnlaget for sikra framdrift og vidare handsaming av slike plansaker. Ho informerte med utgangspunkt i vedtak som er gjort av kommunestyret i arealplanprosessen, og det juridisk grunnlaget i plan og bygningslova med tilhøyrande rettleiar for reguleringsplaner. Ordførar vil leggja fram sak om bruk av setterådmann for å ivareta vidare planarbeid der administrasjonen er ugild. Synfaring: Ingen Spørsmål og svar: Leiar Magne Djuvik orienterte utvalet om korrespondanse vedkomande saker om Vinnesbruddet og korleis utvalet kunne handtera dette.
Gustav Folkestad stilete spm vedkomande vindfallhogst/opprydding etter storm/uvær i områder med allmenn ferdsel/turstiar. Landbrukskontoret undersøkjer og gjev tilbakemelding. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Magne Djuvik leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 31.august 2016 Magne Djuvik Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 040/2016 Godkjenning av møteprotokoll 041/2016 Skriv og meldingar 042/2016 Delegerte saker 043/2016 GBNR 117/1 - Hjartnes - løyve til bygging av tilbygg 044/2016 GBNR 124/21 - Sundfjord - bygging av naust og endring av takvinkel på eksisterande naust 045/2016 GBNR 72/24 - Eide - oppføring av oksygentank 046/2016 GBNR 7/34 - Boge nedre klage på avslag i dispensasjonssak - hus i strandsona 047/2016 GBNR 40/47 - Skjørsand bustadhus handsaming av klage 048/2016 GBNR 40/77 - Skjørsand - dispensasjon - bygging av bustadhus 049/2016 Gbnr 107/1 Handsaming av søknad om konsesjon for erverv av fast eigedom 050/2016 Handsaming av søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom 051/2016 Handsaming av søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom 052/2016 Handsamming av søknad om konsesjon for erverv av fast eigedom 053/2016 Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur Side 3
040/2016: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 02.06.2016 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 040/2016 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 02.06.2016 vart godkjent. 041/2016: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til etterretning. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 041/2016 Vedtak: Skriv og meldingar vart teke til etterretning. 042/2016: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til etterretning. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 042/2016 Vedtak: Side 4
Delegerte saker vart tekne til etterretning. 043/2016: GBNR 117/1 - Hjartnes - løyve til bygging av tilbygg Fusa kommune gjev dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8 for tiltak på gbnr. 117/1 for bygging av tilbygg på eksisterande bustadhus på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 04.04.2016, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 043/2016 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8 for tiltak på gbnr. 117/1 for bygging av tilbygg på eksisterande bustadhus på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 04.04.2016, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner. 3. Fusa kommune skal ha melding når bygginga tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Side 5
044/2016: GBNR 124/21 - Sundfjord - bygging av naust og endring av takvinkel på eksisterande naust Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, for endring av takvinkel på naust, på gbnr. 124/21, Sundfjord. Fusa kommune godkjenner delar av omsøkt dispensasjon for bygging av tørrmur og fylling i sjø, på gbnr. 124/21, Sundfjord, på det vilkår at før ein set i gang med byggjearbeidet, sender tiltakshavar kommunen ei eigenerklæring om ansvarsrett. Dispensasjonane er gjeve på fylgjande vilkår: 1. Tiltaka skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaka startar og er ferdigstilte. Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til bygging av nytt naust på gbnr. 124/21, Sundfjord. 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må vera i tråd med sikringstiltaka som er nemnde i synfaringsrapport frå Mesta as, avdeling Fjellsikring Vest, med dokumentdato 14.06.2016. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaka kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 20-3. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 044/2016 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, for endring av takvinkel på naust, på gbnr. 124/21, Sundfjord. Fusa kommune godkjenner delar av omsøkt dispensasjon for bygging av tørrmur og fylling i sjø, på gbnr. 124/21, Sundfjord, på det vilkår at før ein set i gang med byggjearbeidet, sender tiltakshavar kommunen ei eigenerklæring om ansvarsrett. Dispensasjonane er gjeve på fylgjande vilkår: 1. Tiltaka skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaka startar og er ferdigstilte. Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, til bygging av nytt naust på gbnr. 124/21, Sundfjord. 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må vera i tråd med sikringstiltaka som er nemnde i synfaringsrapport frå Mesta as, avdeling Fjellsikring Vest, med Side 6
dokumentdato 14.06.2016. 3. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaka kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 20-3. 045/2016: GBNR 72/24 - Eide - oppføring av oksygentank Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel si føresegn 1.1, for oppsetting av oksygentank på gbnr. 72/24, på følgjande vilkår: 1) At tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner 2) At tiltaket vert i samsvar med innsend søknad og i samsvar med vedlegg til denne Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. UPM- 045/2016 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå kommuneplanens arealdel si føresegn 1.1, for oppsetting av oksygentank på gbnr. 72/24, på følgjande vilkår: 1) At tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner 2) At tiltaket vert i samsvar med innsend søknad og i samsvar med vedlegg til denne Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Side 7
046/2016: GBNR 7/34 - Boge nedre klage på avslag i dispensasjonssak - hus i strandsona Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage og dermed ikkje løyve til dispensasjon for rammeløyve til oppføring av bustad på gbnr. 7/34, Boge Nedre. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 1-1, 19-2 og i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune. Framlegg frå Lars Erik Dalland, H: Saka vert utsett og skal realitetshandsamast etter synfaring på eigedomen. Framlegg frå Lars Erik Dalland, H vart samrøystes vedteke. Rådmannen sitt framlegg fekk ingen røyster. UPM- 046/2016 Vedtak: Saka vert utsett og skal realitetshandsamast etter synfaring på eigedomen. 047/2016: GBNR 40/47 - Skjørsand bustadhus handsaming av klage Fusa kommune tek klage til fylgje og gjev søknad om dispensasjon for rammeløyve til påbygg på hus på gbnr. 40/47, Skjørsand på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i tråd med søknad signert 19.11.2012. 3. Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 4. At ein legg fram erklæringar/dokumentasjon om/på at den omsøkte eigedomen har vegrett og rett til omsøkt avstand til byggjegrense. 5. At tiltaket må vera i tråd med dei føresegnene i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune 2015-2027, som gjeld bustadhus. 6. At nybygg av anneks skal finna stad bak eksisterande bygg, lengst bort frå sjøen. 7. At ein dokumenterer at det er gjeve gyldig utsleppsløyve for kloakk, eller at ein søkjer og får Side 8
innvilga nytt utslippsløyve. 8. At ein før arbeidet vert sett i gang, søkjer om løyve til igangsetjing. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 27-4. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 047/2016 Vedtak: Fusa kommune tek klage til fylgje og gjev søknad om dispensasjon for rammeløyve til påbygg på hus på gbnr. 40/47, Skjørsand på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i tråd med søknad signert 19.11.2012. 3. Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 4. At ein legg fram erklæringar/dokumentasjon om/på at den omsøkte eigedomen har vegrett og rett til omsøkt avstand til byggjegrense. 5. At tiltaket må vera i tråd med dei føresegnene i arealdelen av kommuneplanen for Fusa kommune 2015-2027, som gjeld bustadhus. 6. At nybygg av anneks skal finna stad bak eksisterande bygg, lengst bort frå sjøen. 7. At ein dokumenterer at det er gjeve gyldig utsleppsløyve for kloakk, eller at ein søkjer og får innvilga nytt utslippsløyve. 8. At ein før arbeidet vert sett i gang, søkjer om løyve til igangsetjing. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 27-4. 048/2016: GBNR 40/77 - Skjørsand - dispensasjon - bygging av bustadhus Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for rammeløyve til bygging av einebustad på gbnr. 40/77, Skjørsand på fylgjande vilkår: Side 9 1) Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltaket skal vera i tråd med søknad signert 26.11.2012.
3) At Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknadar til tiltaket. 4) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 5) At ein legg fram erklæringar/dokumentasjon om/på at den omsøkte eigedomen har vegrett og avstand til byggjegrense. 6) At ingen tiltak vert plassert lengre fram mot sjøen enn det den bygningen som no står på eigedomen gjer. 7) At tiltakshavar dokumenterer rett til å leggja vegen så langt som ynskt inn på naboeigedom gbnr. 40/122. 8) At ein før arbeidet vert sett i gang, søkjer om løyve til riving av eksisterande bygg og løyve til igangsetjing. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 27-4. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM- 048/2016 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for rammeløyve til bygging av einebustad på gbnr. 40/77, Skjørsand på fylgjande vilkår: 1) Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltaket skal vera i tråd med søknad signert 26.11.2012. 3) At Fylkesmannen i Hordaland ikkje har merknadar til tiltaket. 4) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 5) At ein legg fram erklæringar/dokumentasjon om/på at den omsøkte eigedomen har vegrett og avstand til byggjegrense. 6) At ingen tiltak vert plassert lengre fram mot sjøen enn det den bygningen som no står på eigedomen gjer. 7) At tiltakshavar dokumenterer rett til å leggja vegen så langt som ynskt inn på naboeigedom gbnr. 40/122. 8) At ein før arbeidet vert sett i gang, søkjer om løyve til riving av eksisterande bygg og løyve til igangsetjing. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-1 og 27-4. 049/2016: Gbnr 107/1 Handsaming av søknad om konsesjon for erverv av fast eigedom Side 10
Fusa kommune gjev Haakon og Inna Magnussen konsesjon for erverv av landbruksegeidommen gbnr 107/1 Balderheim lille. Vedtaket har heimel i Konsesjonslova 1 og 9 Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. UPM- 049/2016 Vedtak: Fusa kommune gjev Haakon og Inna Magnussen konsesjon for erverv av landbruksegeidommen gbnr 107/1 Baldersheim lille. Vedtaket har heimel i Konsesjonslova 1 og 9 050/2016: Handsaming av søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom Fusa kommune gir Gunnar Vindenes konsesjon til å kjøpe gbnr 74/2. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1 og 9 Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. UPM- 050/2016 Vedtak: Fusa kommune gir Gunnar Vindenes konsesjon til å kjøpe gbnr 74/2. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1 og 9 Side 11
051/2016: Handsaming av søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom Fusa kommune gir Berit Dale og Steinar Arnesen konsesjon til å kjøpe gbnr 74/2. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1 Møtesekretær påpeika ein skrivefeil i vedtaksteksten. Rett gbnr skal vere gbnr 129/1. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart etter det samrøystes vedteke. UPM- 051/2016 Vedtak: Fusa kommune gir Berit Dale og Steinar Arnesen konsesjon til å kjøpe gbnr 129/1. Vedtaket har heimel i konsesjonslova 1 052/2016: Handsamming av søknad om konsesjon for erverv av fast eigedom Fusa kommune gjev Remy Thuen Matre og Ingvild Orrebakken Svendsen konsesjon for kjøp av landbrukseigedommen 61/4 Tegland. Vedtaket har heimel i Konsesjonslova 1 og 9 Side 12
Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke. UPM- 052/2016 Vedtak: Fusa kommune gjev Remy Thuen Matre og Ingvild Orrebakken Svendsen konsesjon for kjøp av landbrukseigedommen 61/4 Tegland. Vedtaket har heimel i Konsesjonslova 1 og 9 053/2016: Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur Fusa kommune godkjenner oppstart av planarbeid med kommunedelplan for akvakultur, og legg med dette framlegg til planprogram for akvakultur ut på høyring. Høyringsfrist setjast 6 veker etter vedtak. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 11-12 og 11-13. Lars Erik Dalland, H, stilte spørsmål om Gustav Folkestad sitt syn på eit mogeleg ugildskap i denne saka, vedkomande at han er dagleg leiar for Sævareid Fiskeanlegg AS. Gustav Folkestad sa seg ikkje ugild på dette tidspunkt i prosessen. Leiar Magne Djuvik tok etter noko ordveksling opp spørsmålet til votering. Utvalet stemte samrøystes for at Gustav Folkestad ikkje var ugild på noverande tidspunkt. Felles framlegg frå utvalet for plan og miljø: Utvalet for plan og miljø sette ned eit arbeidsutval som skal arbeide vidare med dokumentet i samråd med administrasjonen og leggje saka fram til ny politisk handsaming i neste møterunde. Utvalet er sett saman av fylgjande representantar: Lars Erik Dalland, H, Gustav Folkestad, V og Magne Djuvik, Frp. Felles framlegg frå utval for plan og miljø vart samrøystes vedteke. Side 13
Rådmannen sitt framlegg fekk ingen røyster. UPM- 053/2016 Vedtak: Utvalet for plan og miljø sette ned eit arbeidsutval som skal arbeide vidare med dokumentet i samråd med administrasjonen og leggje saka fram til ny politisk handsaming i neste møterunde. Utvalet er sett saman av fylgjande representantar: Lars Erik Dalland, H, Gustav Folkestad, V og Magne Djuvik, Frp. Side 14