Månadsskriv for oktober 2016 -Askeladden- Så var sommaren definitivt over for denne gong, og me tek fatt på dei friske og fargerike haustmånadane! Men først eit tilbakeblikk på kva som skjedde i september: Barnegruppa på Askeladden har etterkvart gått seg fint til. Me ser nye venner bli etablerte og me ser meir av kva behov det enkelte barnet har. Det har vore ein flott månad med herleg vèr og mykje god utetid. Turar i shorts og T-skjorte til langt ut i september Utpå ettermiddagane har me ofte gått inn i barnehagen igjen, barna har rett og slett lengta etter skygge og svalare temperatur! Tema i september var frukt og grønsaker. Kvar torsdag har barna vore med å laga ulike matrettar av dette. Me har laga fine collage`ar med bilete av frukt og grønt og me har snakka om kor frukta og grønsakene kjem frå. På haustfesten fekk barna forsyne seg frå eit fantastisk frukt og grønt-bord, dei fleste barna forsynte seg med dei grønsakene dei kjente frå før, medan nokre var tøffe og smaka på både nepe, physalis og stjernefrukt! Barna har òg fått oppleve potet-henting, dette gjorde me på Jærmusèet på Kvia. Barna fekk kvar si bøtte til å plukke poteter i, når bøtta var full, måtte barna sortere potetene i tre kasser; store, mellomstore og små poteter. Her fekk me lære mykje på ein gong! Potetene vart steikte på bålpanne og serverte med ketchup og piffikrydder. Litt hopping i høyet fekk me òg tid til før taxien kom og henta oss. Ein flott tur, ei minnerik oppleving og veldig samarbeidsfulle barn! 3- og 4-årsne har på turane sine vore rundt og sett kor barna bur. I oktober er dei klare til å ha meir turar i skog og mark! 5-åringane har vore på fleire langturar ; tur til leikeplassen på toppen av Lye, tur til vindmøllene, tur i eikeskogen Fantastiske turar med ei glad og positiv!
5-åringane har ellers kome godt i gang med 5-årsklubben (giraffklubben), dei er ivrige og vil helst gjera meir lekse enn det som er planlagt kvar fredag! Planen for skulestartarane vart redigert og oppdatert i september, den er nå tilgjengeleg på barnehagen si heimeside. Kva skjer i oktober? Mål: * At barna skal oppleve mestring og tryggleik gjennom klatreaktivitetar. * At barna skal få erfaring med kva mat som veks i jorda og kva mat som veks på buskar og tre. I oktober fortset me arbeidet med frukt og grønsaker, denne gong med fokus på kor dei veks. Me har allerede sett at potetene veks i molda, kva andre matvarer kan me finne der? Og kva for spiselege bær og frukter kan me finne i tre og buskar? Kvar torsdag kan barna velge aktivitetar som har med dette temaet å gjere; me skal steike potetkaker, me skal lage syltetøy, eplemuffins Det er bare å glede seg! I høve til årstemaet Fysisk aktivitet, skal me i oktober ha fokus på klatring. Gjennom klatring vert både koordinasjon, styrke og balanse fremma. Me vil at barna skal få respekt for høgdar og kjenne kor si eiga grense går gjennom erfaring i trygge omgjevnader. Barna treng u-hu-opplevingar for å kjenne på eigne grenser, men det skal skje med vaksne som rettleier og støtter! Målet er ikkje å jage barna høgt opp i trea, men å gje dei erfaring med kva dei faktisk er i stand til å meistre, og kor då grensa går. For nokre barn er gleda å klatre opp på ein liten stein, medan andre barn er klare for litt større utfordringar. I gymsalen har me ribbeveggar å klatre i, ute i barnehagen har me både tre og steinar å klatre på, me kan binde tau i rutsjebanen og dra oss opp der Me kjem og til å ta turen til klatreparken på Svertingstad og/ eller Sandtangen for å oppleve dei flotte områda der.
Mandag 24. oktober markerer me FN-dagen i barnehagen. Denne ettermiddagen vert de foreldre og søsken inviterte på kafè hos oss. Inntektene frå denne kafèen går til eit veldedig formål. Meir informasjon om denne dagen vert hengt ut i garderoben etterkvart. Me ser ellers at det at barna har med seg leiker heimefrå, stadig byr på ein del utfordringar og konfliktar. Me ønsker derfor at frå og med oktober er ikkje dette tillate lenger. De foreldre får prøve å finne gode løysningar heime om morgonane, slik at kampane etterkvart går over i likaste laget! Tirsdag 25. oktober skal me ha Ha med leike-dag på Askeladden, denne dagen kan barna få ha med ei leike som dei kan leike med, dele med andre med og fortelle om i samlinga. NB! Dei siste dagane i september fekk me eit vèrskifte, det vart kaldare og våtare og barna spurte etter vottar Me ber alle om å sjekke korgene sine; ha godt med skifteklede, tjukk jumper, vottar og lue liggjande klart! Vekeplan for oktober: Gruppe: mandag tirsdag onsdag torsdag fredag Annie si Møtedag for Giraffklubb personalet Kirsti si Turid si May Ellen si Fokus på god leik og vennskap Velgedag; barna kan velge mellom mange spennande aktivitetar Gymsal 7. og 28. oktober (gymsal 21. oktober) (gymsal 21. oktober) Gymsal 7. og 28. oktober Viktige datoar i oktober: * Me minner om foreldremøtet som skal vere i barnehagen mandag 3. oktober klokka 19:30! * I veke 41 (10.-16. oktober) har skulane haustferie. Dersom nokre av barna på Askeladden skal ha noko fri denne veka, så vil me gjerne ha beskjed! * Mandag 24. oktober vert de inviterte til FN-kafè og godt drøs i barnehagen. * Tirsdag 25. oktober har me ha med leike-dag på Askeladden. * Torsdag 27. oktober skal 5-åringane på nytt 5-årstreff, denne gongen skal me vere i Sporvongane barnehage. Me skal vere der klokka 9:30. * I oktober har me to bursdagsbarn; først har me Live som fyller 4 år den 16. oktober, og så har me Noah som blir 4 år den 18. oktober. GRATULERER SÅ MYKJE MED DAGEN, LIVE OG NOAH! * I månadskiftet oktober/ november vert de inviterte til foreldresamtalar, meir informasjon kjem etterkvart.
Månadens regle: Runde, rare Rulle Rusk raspet rips på Ibsens busk. Ibsen kom og skulle plukke runde rips til rips på krukke. Ned i krukka rapset Ibsen Rulle som en rips blant ripsen. Rund og rød som ripsen selv, ble han syltet samme kveld. Månadens sang: Samme hva du heter (mel. Å, jeg vet en seter ) Samme hva du heter, spiser du poteter. Og nå kan du bukke ryggen din og plukke. Vi skal være flinke, siden kan vi vinke. Nå har vi poteter hele året rundt! Kontaktinfo: Mail: turid.fosse@time.kommune.no annie.kleppa@time.kommune.no Tlf.: Kontor: 51488274 Askeladden: 469 16 813 Med venleg helsing personalet på Askeladden