Regelverk og rutinar Frammøte, varsel, eksamen, dokumentasjon, klage på vurdering 16.03.2017 1
Frammøte og fråvær Plikter og rettar. Eleven er pliktig til å møte presis til all opplæring og delta i all undervisning. Elevane skal vere aktivt med i opplæringa i den form læraren tilrettelegg og gjennomfører opplæringa i samsvar med læreplanane. Elevane pliktar å delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag til å vurdere eleven sin kompetanse i faget. Alt fråvær blir registrert i SkoleArena. Eleven skal melde frå til kontaktlærar om fråvær allereie frå første dag. Ved gjentatt fråvær legg skulen vekt på å sikre tett oppfølging av eleven. Godt samarbeid med foreldre er avgjerande. 16.03.2017 2
Føring av fråvær på dokumentasjon Alt fråvær skal førast på dokumentasjon. Sjukdom, køyretimar, oppkøyring, time hjå medisinsk helsepersonell m.m. Permisjonar gitt av kontaktlærar, rektor. Eleven kan kreve at årsaka til fråværet blir ført på vedlegg til vitnemål eller kompetansebevis, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet. 16.03.2017 3
Fråvær som ikkje skal førast Ved planlagt fråvær skal det søkjast til rektor. Skriftleg og grunngjeven og leverast i god tid. For inntil samanlagt 10 dagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført/talt opp dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast: 16.03.2017 4
Fråvær som ikkje skal førast på dokumntasjon A) helse- og velferdsgrunnar B) arbeid som tillitsvald C) politisk arbeid D) hjelpearbeid E) lovpålagt oppmøte (t.d sesjon, vitne i rettssak) F) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå (idrett, kultur) 16.03.2017 5
Helse- og velferdsgrunnar Attest frå lækjar, psykolog, fysioterapeut. Fråværet må vare meir enn i 3 dagar. Berre fråvær frå og med 4. fråværsdag som blir stroke. Fråvær som skuldast kronisk sjukdom eller funksjonshemming kan strykast frå og med første fråværsdag. Organisert studiearbeid og skuleadministrative gjeremål etter avtale med faglærar eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær. 16.03.2017 6
Ikkje grunnlag for å setje standpunktkarakter (IV) Enkeltvedtak om at standpunktkarakter ikkje kan bli gitt. Klagerett. Eleven skal vere varsla om at det ikkje er grunnlag for å setje karakter. Kopi til foreldre til elevar under 18. Fag der det blir gitt IV, må ein i neste omgang ta som privatist. 16.03.2017 12
Varsel Ikkje vurdering (IV) Lågare karakter enn God i orden og/eller åtferd. Gjeld både halvårsvurdering og standpunktvurdering. Formålet er at eleven skal delta aktivt i vurderingssituasjonar og auke frammøtet. «Så snart det er fare for..» Skriftleg. Foreldre til elevar som ikkje er myndige skal ha kopi av varsel. Foreldre og elevar blir berre varsla elektronisk. Elevar som er over 18 år, kan gje foreldre samtykke til at foreldra blir varsla. Det blir ikkje gitt varsel om at eleven står i fare for å få karakteren 1. Faglærar sender varsel som sms til foreldre på Mobilskole. 16.03.2017 13
Eksamen - studiespesialisering Vg1: 20 % trekk Vg2: 1 eksamen. Munnleg, munnleg-praktisk eller skriftleg Vg3: 4 eksamenar. Hovudmål (obligatorisk). 2 skriftlege eksamenar. Trekkfag. 1 munnleg eller munnleg-praktisk eksamen. Trekkfag. 16.03.2017 14
Eksamen i yrkesfaglege utdanningsprogram Vg1 og Vg2: 20 % trekk over 2 år Vg1: Matematikk og naturfag. Trekkfag Vg2: Norsk, engelsk og samfunnsfag.trekkfag. Vg2: Tverrfagleg eksamen i programfaga. Obligatorisk 16.03.2017 15
Dokumentasjon yrkesfaglege utdanningsprogram Kompetansebevis etter 2 år fullført og bestått opplæring. Karakteren 1 og IV blir ført på kompetansebevis= Kurset er ikkje bestått. Må ha bestått alle fag og eksamenar for å kunne gå opp til fagprøve. Vitnemål etter allmennfagleg påbygging. Vitnemål som gir yrkeskompetanse etter gjennomført læretid og bestått fagprøve eller sveineprøve. 16.03.2017 16
Dokumentasjon - studiespesialisering Vitnemål Etter 3 år fullført og bestått opplæring Kompetansebevis Etter 3 år fullført, men ikkje bestått opplæring. Dersom eleven manglar fag, IV, eller karakteren 1. 16.03.2017 17
«Førstegangsvitnemål» Kan brukast ved søknad om opptak til høgre studium til og med det året søkjaren fyller 21. I kvote for førstegangsvitnemål er poengkrava lågare enn i kvote for eldre søkjarar. Må ha bestått alle fag og eksamenar eleven har vore trekt ut til i løpet av normal tid. Kan forbedre karakterar til og med 31.07 tredje året. Kan ikkje byte ut fag ein har vore trekt ut til eksamen i med eit anna fag på eit førstegangsvitnemål. Kan heller ikkje byte ut fag eleven har fått standpunktvurdering i. Strykkarakter til eksamen 3. året: misser førstegangsvitnemålet. 16.03.2017 18
Klage på vurdering Klagerett er knytt til enkeltvedtak. Det er ikkje klagerett på halvårsvurdering. Eleven kan klage på standpunktvurdering i fag, karakter i orden og åtferd og eksamenskarakterar. 10 dagars frist. Må overhaldast. Klagen må vere skriftleg. Skal leverast/sendast til skulen innan fristen. Det er eleven som klagar og signerer klagen. Dersom foreldre skriv og signerer klagen, må eleven gje/sende skulen ei skriftleg fullmakt om at foreldre kan føre klagesaka. Avgjerda etter ei klagebehandling er endeleg og kan ikkje påklagast på nytt. 16.03.2017 19
Tilgang til vurdering i SkoleArena På http://www.hordaland.no/nb-no/skole/tertnesvgs/ under fliken «Til foresatte» finn du rettleiing for registrering. Registrer deg som ny «foresattbruker» på http://www.skolearena.no Når du har registrert deg her, vil kontaktlærar i neste omgang gje deg tilgang til Vurderingsmodulen. Da får du tilsendt e-post med passord. Brukarnamn må du lage sjølv. Du får ikkje tilgang direkte til Fråværsmodulen. Du får tilsendt oversikt over fråvær på e-post i slutten av kvar månad. 16.03.2017 20
Kjelder Forvaltningslova Opplæringslova Forskrift til opplæringslova Forskrift om felles ordens- og åtferdsreglement ved dei vidaregåande skulane i Hordaland fylkeskommune. (1. august 2016). Fraværsgrense: UDIR: 3-16 16.03.2017 21