2013 INFORMASJON 24.OKT TIL DELTAKANDE KORPS: Komiteen har satt fredag 1.november som frist for innlevering av følgande til mailadresse: Mangerskulemusikklag@gmail.com 1.Korpset sitt konkurranseprogram med komponist/arrangør. Partitur bare i 1.div brass(kan sendast digitalt eller som brev) 2.Namn på dirigent(ar) 3. Kort omtale av korpset og om programmet de skal spele. 4.Stol- og notestativplassering og slagverksoppstilling. 5.Liste over aspirantar som skal delta på seminaret. Lista skal innehalde: * Aspirantent sitt namn, * Kva instrument dei spelar, * Om dei er 1.års eller 2.års-aspirant * Namn og telefonnr på kontaktpersonar som skal vere med aspirantane festivaldagen. ASPIRANTSAMLINGA Seminaret vert gjennomført i samarbeid med Manger Folkehøgskule. I år er det ca 170 aspirantar påmeldt. Frammøte på Manger Folkehøgskule i Storsalen (raud bygning) kl 9:30. Seminaret varer fram til ca kl 14:30. Aspirantane får eit gratis frukostbrød, frukt og saft under aspirantsamlinga. Viktig: Under aspirantseminaret vil det vera mange barn samla. Aspirantgruppa vert delt inn etter 1. og 2. års aspirantar. Det er difor eit krav at kvart korps må stilla minst 2 vaksne som har ansvar for sine eigne aspirantar( korps med mange aspirantar må sjølvsagt ha med seg fleire vaksne) som følgjer med borna under heile samlinga. Manger skulemusikklag er teknisk arrangør for aspirantseminaret, og Manger Folkehøgskule har det musikalske ansvaret, og gjennomføringa av undervisninga. Aspirantane skal spela på festkonserten kl 18.00 (merk tida), og det gler vi oss til. Det vert gratis (og frivillig) filmframsyning for aspirantar og leiarar i kinosalen på Manger - på Rådhuset. Filmen startar kl 15.00. Etter filmen skal aspirantane møta korpset sitt på Radøy ungdomsskule og gjere seg klar til festkonsert. Side 1
2013 KONKURRANSEN Konkurransen startar kl 09.00 i Radøyhallen. Bedømming: Mangerfestivalen har open bedømming. Berre korpsa i 1.div brass skal levere partitur, resten av korpsa skal ikkje levera partitur. Radøy kommune sin vandrepokal går til korpset med best heilskap-inntrykk av framføringa. Program: Maksimal speletid er 15 minutt. NB! Dørene til konkurransestaden er bare opne i pausen mellom kvart korps. FRAMMØTE på Radøy ungdomsskule næraste nabo til Radøyhallen, ein time før korpset sin opptreden. Kvart korps vil verta tildelt plass/rom på ungdomsskulen til utstyr, instrument, klede og liknande. OPPVARMING vil foregå på Radøy ungdomsskule. Korpsa vert henta 30 min. før dei skal på scena. Kvart korps får ca 20 min. oppvarming. Speling skal berre skje på oppvarmingsrommet. SLAGVERKSUTSTYR: På scena vil alle deltakande korps kunna nytta seg av følgjende slagverksutstyr: Trommesett, konsert- stortromme, fire pauker, klokkespel, xylofon, vibrafon, marimba, bongos, to congas, tam-tam og rørklokker. Alle andre instrument, samt køller og trommestikker må korpsa ha med sjølv. OPPRYDDING: Vi bed kvart korps setje opp ansvarlege foreldre til å ta seg av «utsjekking» av klasseromma. Ungdomsskulen er låst under festkonserten, og vert låst opp att rett etter at konserten er ferdig. Aspirantane/aspirantleiarar skal ta med seg instrument/kassar inn i Radøyhallen frå kl 17.30. KAFETERIA RADØY UNGDOMSSKULE: Kafeteriaen opnar kl 8:30, og er open under heile konkurransen. Kafeteriaen stengjer ca. kl. 17.30. Det vil verta servert varm og kald mat, varm og kald drikke. Dersom det er korps som vil ha mat til bestemte tider, er dette mogleg. Ta kontakt med vår kafeteria-ansvarlege Sven Bjørnar Hermansen seinast 1.nov på denne adressa:svenbjornarhermansen@gmail.com side 2
2013 BILLETTAR Konkurransen er gratis for alle. Korpsmusikantar får gratisbillettar til festkonserten. To korpsleiarar og to aspirantleiarar får gratisbillett. Aspirantane skal spela og treng ikkje billett til festkonserten. Øvrige reisefølgje/leiarar må betala kr. 100,- for festkonserten. Det vert førehandssal av billettar til festkonserten i sekretariatet fram til kl 16.30. YMSE: * Festkonserten startar kl 18.00 i Radøyhallen. Aspirantane skal vera «konsertklar» med instrument i hallen seinast kl 17.45. *Avstand: Manger Folkehøgskule ligg eit minutt med bil frå Radøyhallen/Radøy ungdomsskule, gangavstand er ca 5 min. *Parkering: Bussar kan sleppa musikantar og foreldre av ved Radøy ungdomsskule, men må parkera på tilvist plass. Dei som kjem i privatbilar må parkera på tilvist plass. *Symjebasseng Radøyhallen: Radøy kommune har 25 m symjebasseng i Radøyhallen. Opningstida på laurdagar er frå kl. 10.30 14.30. Her må ein løysa billett på vanleg måte i billettluka, evt kan korpsa ringe Radøyhallen og bestille badetid i bassenget. Festivalen tek ikkje i mot bestilling/påmelding. *Klatrepark-Øvre Manger: Nyopna klatrepark/aktivitetspark i gangavstand frå Manger senter. Pris 150.-per person for 2 timar. Bestilling direkte til bm@godjord.no KART OVER FESTIVAL-OMRÅDET: Side 3
2013 SPELEREKKEFØLGJE PÅ KONKURRANSEN: kl Klasse 8.30 1.korps til oppvarmingsrommet (på Radøy ungdomsskule) 9.00 Konkurransestart i Radøyhallen: 9.05 Hordabø skulemusikklag generasjon 9.25 Austrheim Skulekorps generasjon 9.45 Dalsøyra og Nordbygda skulekorps generasjon 10.05 Lindås skulekorps 2.div brass 10.25 Solund skulemusikk 2.div brass 10.45 Samarbeidskorpsene 2.div brass Kaland skoles musikkorps og Krokeide skoles musikkorps 11.05 Sandnes skulemusikk 2.div.brass 11.25 Kolbeinvik/Drøna/Vinnes Skulekorps 2.div.brass 11.45 Ostereidet skulemusikk junior 12.05 Knarvik skulekorps, junior generasjon 12.25 Tertnes skoles juniorkorps junior 12.45 Norheimsund skulemusikklag junior 13.00 PAUSE 13.30 Sagstad Skulekorps janitsjar 13.55 Midtun Skoles Musikkorps janitsjar 14.15 Li og Flaktveit skolekorps janitsjar 14.40 Os og Kuventræ skulekorps janitsjar 15.05 Knarvik skulekorps 1.div brass 15.30 Tertnes skoles musikkorps 1.div brass 15.55 Manger skulemusikklag 1.div brass 16.20 Sæbø skulemusikklag 1.div brass Rekkefølgjen på 1.div brass er trekt (forbehold om endringer) ME GLER OSS TIL Å MØTA DYKK ALLE LAURDAG 16.nov 2013 Med helsing Mangerfestivalkomiteen: Christel, Sven Bjørnar, Sveinung, Torstein og Rut Side 4