Møteprotokoll Utval: Kultur- og folkehelseutvalet Møtestad: Atlanterhavsparken, Ålesund Dato: 22.10.2014 Tid: 10:30 Protokoll nr: 7/14 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kristin Marie Sørheim Leiar SP Torleiv Rogne Nestleiar UAVH Frøydis Austigard Medlem V Rolf Kårvand Medlem AP Marit Nerås Krogsæter Medlem SP Margareth Hoff Berg Medlem FRP Hans Olav Myklebust Medlem FRP Torgunn Nerland Medlem KRF Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ewa Hildre Medlem H Per Magne Waagen Medlem H Bjørn Jacobsen Medlem SV Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Skafti Helgason Bjørn Jacobsen SV Knut Garshol Per Magne Waagen H Frå administrasjonen møtte på heile eller delar av møtet: Namn Stilling Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Hilde Hernes Hovland kontorsjef Ida Ørjansen Heggem trainee Heidi Sørensen Dragseth bibliotekrådgivar Sekretariat: Namn Gunn Elin Nygård Stilling konsulent
2 Møtet i kultur- og folkehelseutvalet vart halde på Atlanterhavsparken, Ålesund, og starta kl. 10.30 under leiing av utvalsleiar Kristin Marie Sørheim. Dagleg leiar Tor Erik Standal, sals- og produktutviklar Britt Giske Andersen og akvarist Rune Veiseth viste utvalet rundt på Atlanterhavsparken. Dei orienterte generelt om status for Atlanterhavsparken og spesielt om det nye selanlegget Selbukta som vart opna 24. september i år og som er Atlanterhavsparken si største satsing. Ewa Hildre, Bjørn Jacobsen og Per Magne Waagen hadde meldt forfall. Skafti Helgason og Knut Garshol møtte som varamedlemer. Kultur- og folkehelseutvalet godkjente Bjørn Jacobsen og Per Magne Waagen sine forfallsgrunnar. Ved ein misforståing vart det ikkje innkalla varamedlem for Ewa Hildre. Møtet vart sett med 10 medlemer. Innkallinga vart godkjent med følgjande merknad: Marit Nerås Krogsæter ba om at utvalet fekk melding tidlegare når utvalsmøta blir lagt til andre plassar enn vedtatt i møteplana. Til saklista: Administrasjonen ba om å få orientere om konsekvensar av statsbudsjettet for 2015 under eventuelt. Saklista med tillegg vart godkjent. Utdelt i møte: Notat, datert 9. oktober 2014 vedrørande konsekvensar av statsbudsjettet 2015 Orientering om folkebiblioteka 2013 i Møre og Romsdal v/bibliotekrådgivar Heidi Sørensen Dragseth Saksnr Innhald Uoff KF 35/14 Regionale utviklingstrekk 2014 - orientering ved trainee Ida Ørjansen Heggem og bibliotekrådgivar Heidi Sørensen Dragseth KF 36/14 Tilskot til kommunar i God Helse partnarskapet som har vakant folkehelsekoordinatorstilling KF 37/14 Møterunden 2014 KF 38/14 Orientering om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg i Møre og Romsdal 2014 KF 39/14 Orientering om sjømatprogrammet "Fiskesprell" KF 40/14 Frivillighetsprisen 2014 RS 15/14 Brev til Klima- og miljøverndepartementet med innspill til ny stortingsmelding om friluftsliv RS 16/14 Distriktstannklinikkar i Møre og Romsdal fylkeskommune - bygningsmessig tilstandsvurdering RS 17/14 Budsjettoppfølging - KF-utvalet - Periode 2014-8 Godkjenning av protokoll
3 KF 35/14 Regionale utviklingstrekk 2014 - orientering ved trainee Ida Ørjansen Heggem og bibliotekrådgivar Heidi Sørensen Dragseth Trainee Ida Ørjansen Heggem orienterte om regionale utviklingstrekk i 2014. Bibliotekrådgivar Heidi Sørensen Dragseth svarte på spørsmål. Kultur- og folkehelseutvalet tek orienteringa om dei regionale utviklingstrekka til orientering. KF 36/14 Tilskot til kommunar i God Helse partnarskapet som har vakant folkehelsekoordinatorstilling 1. Fylkeskommunen gir fullt tilskot i samsvar med underteikna partnarskapsavtale til kommunane dersom det er tilsett folkehelsekoordinator i stillinga heile året. 2. Dersom det er vakansar i stilling blir tilskotet redusert i samsvar med kor stor del av året stillinga er vakant. 3. Dersom kommunen held stillinga vakant eit heilt år blir det ikkje ytt tilskot frå fylkeskommunen. 4. Ubrukte midlar vert nytta til utvikling, drift og kompetanseheving av folkehelsearbeidet i fylket. 1. Fylkeskommunen gir fullt tilskot i samsvar med underteikna partnarskapsavtale til kommunane dersom det er tilsett folkehelsekoordinator i stillinga heile året. 2. Dersom det er vakansar i stilling blir tilskotet redusert i samsvar med kor stor del av året stillinga er vakant. 3. Dersom kommunen held stillinga vakant eit heilt år blir det ikkje ytt tilskot frå fylkeskommunen. 4. Ubrukte midlar vert nytta til utvikling, drift og kompetanseheving av folkehelsearbeidet i fylket. KF 37/14 Møterunden 2014 Kultur- og folkehelseutvalet tar orienteringa om møterunden 2014 til etterretning.
4 Margareth Hoff Berg (FrP) fremma følgjande forslag: «Kultur- og folkehelseutvalet tek orienteringa om møterunden 2014 til orientering.» Ved alternativ votering over tilrådinga og forslaget frå Margareth Hoff Berg, vart forslaget frå Margareth Hoff Berg samrøystes vedteke. Kultur- og folkehelseutvalet tek orienteringa om møterunden 2014 til orientering. KF 38/14 Orientering om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg i Møre og Romsdal 2014 Kultur- og Folkehelseutvalet tek orienteringa om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg i Møre og Romsdal 2014 til etterretning. Torleiv Rogne (Uavh) fremma forslag om slikt nytt pkt. 2: «Kultur- og folkehelseutvalet bed administrasjonen legge fram for utvalet sak om å be Regjering og Storting utvida ordninga om kompensasjon av meirverdiavgifta, til og å gjelde bygging av ikkje kommunale forsamlingshus/ungdomshus/lagshus, slik at desse vert likestilt med idrettsanlegg.» Kristin Marie Sørheim (Sp) fremma forslag om slike nye pkt. 1 og 2: «1. Kultur- og folkehelseutvalet tek orienteringa om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg i Møre og Romsdal 2014 til orientering. 2. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at Stortinget innfører full kompensasjon for frivillige organisasjonar i hht Forskrift for mva. kompensasjonsordninga.» Torleiv Rogne (Uavh) fremma forslag om slike nye pkt. 3 og 4: «3. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at ordninga vert utvida til å gjelde bygging av ikkje-kommunale forsamlingshus/ungdomshus/lagshus, slik at desse vert likestilt med idrettsanlegg. 4. Dersom denne ordninga ikkje vert gjennomført frå 2015, ber utvalet administrasjonen legge fram ei sak om utvida ordning for slike kulturbygg våren 2015.» Torleiv Rogne trekte sitt forslag om nytt pkt. 2 til fordel for sitt andre forslag om nye pkt. 3 og 4.
5 Ved alternativ votering over tilrådinga og forslag om nytt pkt. 1 frå Kristin Marie Sørheim, vart forslaget frå Kristin Marie Sørheim samrøystes vedteke. Pkt. 2 i forslaget frå Kristin Marie Sørheim vart samrøystes vedteke. Pkt. 3 i forslaget frå Torleiv Rogne vart samrøystes vedteke. Pkt. 4 i forslaget frå Torleiv Rogne vart samrøystes vedteke. 1. Kultur- og folkehelseutvalet tek orienteringa om kompensasjon av meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg i Møre og Romsdal 2014 til orientering. 2. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at Stortinget innfører full kompensasjon for frivillige organisasjonar i hht Forskrift for mva. kompensasjonsordninga. 3. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at ordninga vert utvida til å gjelde bygging av ikkje-kommunale forsamlingshus/ungdomshus/lagshus, slik at desse vert likestilt med idrettsanlegg. 4. Dersom denne ordninga ikkje vert gjennomført frå 2015, ber utvalet administrasjonen legge fram ei sak om utvida ordning for slike kulturbygg våren 2015. KF 39/14 Orientering om sjømatprogrammet "Fiskesprell" Kultur- og folkehelseutvalet tek orienteringa til etterretning og rår til at fylkeskommunen held fram med arbeidet med Fiskesprell. Kristin Marie Sørheim (Sp) fremma forslag om slikt nytt vedtak: «1. Kultur- og folkehelseutvalet tek saka til orientering. 2. Kultur- og folkehelseutvalet rår til at arbeidet med Fiskesprell held fram.» Ved alternativ votering over tilrådinga og forslaget frå Kristin Marie Sørheim, vart forslaget frå Kristin Marie Sørheim samrøystes vedteke. 1. Kultur- og folkehelseutvalet tek saka til orientering. 2. Kultur- og folkehelseutvalet rår til at arbeidet med Fiskesprell held fram.
6 KF 40/14 Frivillighetsprisen 2014 Kultur- og folkehelseutvalet tar saka til orientering og ber fylkeskultursjefen finne ein høveleg anledning for å tildele prisen. Kultur- og folkehelseutvalet tar saka til orientering og ber fylkeskultursjefen finne ein høveleg anledning for å tildele prisen. RS 15/14 Brev til Klima- og miljøverndepartementet med innspill til ny stortingsmelding om friluftsliv Kristin Marie Sørheim (Sp) fremma følgjande forslag: «Kultur- og folkehelseutvalet ber om at det vert presisert til Klima- og miljøverndepartementet at dette innspelet er gjeve frå administrasjonen og at det ikkje er politisk handsama. Kultur- og folkehelseutvalet kan for sin del ikkje stille seg bak alle synspunkta.» Forslaget frå Kristin Marie Sørheim vart samrøystes vedteke. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at det vert presisert til Klima- og miljøverndepartementet at dette innspelet er gjeve frå administrasjonen og at det ikkje er politisk handsama. Kultur- og folkehelseutvalet kan for sin del ikkje stille seg bak alle synspunkta. RS 16/14 Distriktstannklinikkar i Møre og Romsdal fylkeskommune - bygningsmessig tilstandsvurdering 1. Plannemnda tek framlagte orientering til vitande. 2. Plannemnda ber om tilbakemelding på moglege tiltak ved klinikkane i Brattvåg og Fiskå. Behandling i Plannemnd for byggjeprosjekt - 15.10.2014 Byggje- og vedlikehaldssjef Per Olav Brækkan orienterte om status i saka og svarte på spørsmål i møtet. Samrøystes vedtak i Plannemnd for byggjeprosjekt - 15.10.2014 1. Plannemnda tek framlagte orientering til vitande. 2. Plannemnda ber om tilbakemelding på moglege tiltak ved klinikkane i Brattvåg og Fiskå.
7 Kultur- og folkehelseutvalet tek referatsaka vedrørande distriktstannklinikkar i Møre og Romsdal fylkeskommune bygningsmessig tilstandsvurdering til orientering. RS 17/14 Budsjettoppfølging - KF-utvalet - Periode 2014-8 Kultur- og folkehelseutvalet tek referatsaka vedrørande budsjettoppfølging for periode 2014/8 til orientering. Eventuelt Konsekvensar statsbudsjettet 2015 Kultur- og folkehelseutvalet tek notat datert 9. oktober 2014 vedrørande konsekvensar av statsbudsjettet 2015 til orientering. Godkjenning av protokoll Kultur- og folkehelseutvalet gikk gjennom og samrøystes godkjente protokollen frå møte 22.10.2014. Møtet slutt kl. 14.45.