AKTIV FERIE i Radøy Sommaraktivitetar for born fødd 2005-2008
Radøy kommune har gleda av å invitera born i Radøy kommune som er fødde i 2005-2008 til sommaraktivitetar. Det er avgrensa tal på plassar på dei aller fleste aktivitetane. Det er difor viktig at dei som ynskjer å delta, melder seg på. På nokre arrangement er det ikkje påmelding. Då står det nemnd i teksten! Plass på aktivitetane frå 29. juni-11. juli vert tildelt ca. 21. juni. Plass på aktivitetane i vert tildelt ca. 21. juli. Me ynskjer helst påmelding via www.radoy.kommune.no/aktivferie. Om de ikkje har høve til det, kan de ringa kultur- og sørvistorget på tlf. 56 34 90 00 eller senda e-post til postmottak@radoy.kommune.no. Ved påmelding må de oppgje fullt navn til den påmelde, fødselsår og bustad, og namn og telefonnr. til minst éin av dei føresette. Det er viktig at me får opplysningar om eventuelle allergiar og anna me bør ta omsyn til. Det er viktig at me får beskjed dersom den som er påmeld likevel ikkje kan koma, slik at andre kan få tilbod om plassen. Alle aktivitetar er gratis. Mat og drikke er inkludert på dei fleste aktivitetar. Nokre av aktivitetane krev og at ein har redningsvest. Meld difor frå om de har redningsvest de kan ta med, eller om de treng å låna. Alt anna naudsynt utstyr får de låna. Dersom ikkje anna er opplyst, skal deltakarane møta opp der aktiviteten skal foregå. Om ikkje anna er nemnd, kan borna hentast same stad. Ta kontakt dersom nokon treng hjelp til transport. Mange av aktivitetane foregår utandørs. Det er difor viktig at ein kler seg etter veret, og hugs solkrem! Velkomne til ein aktiv ferie i Radøy! 2
Mandag 26. juni sdag for ALLE med Nesvatnet, kl. 15.00-18.00 Ungdomsklubben inviterer til aktivitetsdag for alle. Det vert bading, aktivitetar, volleyball, fotball og anna moro. Det vert sal av grillmat og brus (me tar kort). Born må koma i følgje med vaksne! Ved stygt vér, trekkjer me inn i Radøyhallen. Inga påmelding! Torsdag 29. juni Revyskule, Radøy ungdomsskule, kl. 09.00-15.00 Har du ein skodespelar i magen? Likar du å laga revy og sketsjar, eller å spela teater? På revyskulen skal me improvisere fram sketsjar og revynummer, og øva på å vera skodespelarar. Vil du vera med? Ha på mjuke klede du kan bevega deg fritt i, og ta gjerne med ein rar hatt eller parykk om du har. Men det trengs ikkje. Lunsj vert servert. Fredag 30. juni Tysdag 11. juli Handarbeidsdag, Marås grendahus, kl. 09.00-15.00 Nordhordland husflidslag inviterer til handverksdag. Borna får mellom anna arbeida med ull, laga snor med slyngestokker og steika stompekaker. Lunsj vert servert. Slepp deg laus, Brattetaule gard, kl. 09.00-15.00 I Slepp deg laus gjer me yogadans som gjer oss medvitne om kroppen og ro i sinnet. Me jobbar med drama, leik, sang, dans og musikk utan å fokusera på at ein må vera verdsmeister for å kunna gjera nokon av delane. Me har fokus på tryggleik og glede ved det ein gjer, og det å tørra å sleppe seg laus! Me vil la borna videreutvikla det dei likar å gjera, og dei vil bli utfordra i dette. Lunsj vert servert. 3
Onsdag 12. juli Torsdag 20. juli Filmkveld, kinosalen på Manger, kl. 18.00 Me viser ein nyare film med aldersgrense 9 år. Påmelding er ikkje naudsynt. Gratis inngang. Rebusløp for heile familien, kl. 12.00-14.30 Ungdomsklubben arrangerer rebusløp for heile familien. Frammøte ved Radøyhallen. Ta med drikke og gode sko. Born må koma i følgje med vaksne. Gratis å delta/ inga påmelding. Tysdag 25. juli Onsdag 26. juli sdag for alle ved Nesvatnet, kl. 15.00-18.00 Ungdomsklubben inviterer til aktivitetsdag for alle. Det vert bading, aktivitetar, volleyball, fotball og anna moro. Det vert sal av grillmat og brus (me tar kort). Born må koma i følgje med vaksne! Ved stygt vér, går me inn i Radøyhallen. Inga påmelding. Filmkveld, kinosalen på Manger, kl. 18.00 Me viser ein nyare film. Påmelding er ikkje naudsynt. Gratis inngang. 4
Torsdag 3. Fredag 4. Skyting og fisking Denne dagen får borna prøva skyting i Radøyhallen med Radøy skyttarlag og fisking i sjøen frå kai med Elin Skråmestø Hinrikson som instruktør og god hjelpar. Det vert også tid til ulike aktivitetar i Radøyhallen. Dert vert servert lunsj. Hiphop dansekurs Det vert hiphop dansekurs med Anne Jensen frå Rock n Rolf Danseskole. Hiphop er ein dansestil som er kjenneteikna av sitt nære forhold til musikken. Det handlar gjerne om å finna grooven i musikken og la den uttrykkast i kroppen eller å spela på ulike skifte i musikken/teksten i musikken. Det vert servert lunsj. Måndag 7. Tysdag 8. Riding og rappellering, Radøy ridesenter, kl. 09.00-15.00 Velkomen til aktivitetsdag der du halve dagen får prøva ut riding på islandshestar og andre halve dagen får prøva deg på rappellering i bratte skråningar. Instruktør på ridekurset er eigar av Radøy ridesenter, Anja Broch, medan Maya Riise frå Bergen klatreklubb er ansvarleg for rappelleringa. Det vert servert lunsj. Sjøaktivitetsdag på Toska, kl. 09.00-15.00 I samarbeid med Magnar og Inger Ottesen og Skjærgårdsfisk visningssenter inviterer me til sjøaktivitetsdag på Toska. Halve dagen vert det ulike aktivitetar ved sjøen som fisking, roing og ulike leikar, og halve dagen vert det båttur til eitt av Skjærgårdsfisk sine oppdrettsanlegg. Det vert servert lunsj. 5
Onsdag 9. Spel- og aktivitetsdag, Ungdommens hus/grønålen, 09.00-15.00 Radøy ungdomsklubb inviterer til spel- og aktivitetsdag. Halve dagen vert det ulike aktivitetar i Grønålen, og halve dagen vert det brettspel i Ungdommens hus. Det vert servert lunsj. Torsdag 10. Kurs i cheerleading, Hordabøhallen kl. 11.00 15.00 Hordabø lions inviterer til kurs i cheerleading. Cheerleading er ein spanande sport som inneheld element som turn, dans, hopp og kast. Dette er ein sport som passar for både gutar og jenter. Lunsj vert servert. 6
Fredag 11. Bli med til Prærien!, Vestnorsk utvandringssenter, 09.00-15.00 På Sletta ligg ein ordentleg amerikansk landsby, som er bygd av nordmenn i Amerika og flytta hit til Radøy. Her har me både skule, rådhus og fengsel! Bli med på ein dag med norskamerikanske aktivitetar som lasso, pil og boge, skyting med luftgevær, og gamle leikar. Ta Amerika- bilete med gamaldagse klede og bli med på leirliv. Me har leirbål og serverer westernmat til lunsj. Søndag 13. Opning av kystsogevekene i Radøy, kl. 12.00-15.00, Villanger Risnes grendalag og Radøy kommune inviterer til familiedag i samband med opninga av kystsogevekene. Det vert aktivitetar for heile familien og sal av mat. Gratis inngang. Inga påmelding. Born må koma i følgje med vaksne. Skal du feriera på Radøy i sommar? Bogatunet er ope søndagar frå 25. juni til 6. kl. 12.00-15.00. Her får du guida omvisning, eller du kan gå rundt på eiga hand. Dei fleste søndagar er det ulike aktivitetar som går føre seg på tunet. Pris: born gratis, vaksne kr. 50. Vestnorsk utvandringssenter er ope tysdagar-fredagar kl. 12.00-17.00 og laurdagar og søndagar kl. 12.00-15.00. Vaksne kr. 55, born gratis. På kultur- og sørvistorget kan du henta brosjyre med ti flotte turmål i kommunen der det er lagt ut kodeord. Alle turane høver for born. Brosjyren er også tilgjengeleg på www.radoy.kommune.no/paatur2017 Radøy bibliotek er ope måndagar, tysdagar og torsdagar kl. 10.00-15.00 og onsdagar kl. 13.00-20.00 heile sommaren. Born som les meir enn 10 bøker i sommar kan delta på Sommarles. 7
Meir informasjon og takk til I dette heftet finn du informasjon om alle aktivitetane i Aktiv ferie. Me håpar mange vil nytta høve til å vera med på aktivitetane i sommar! Hugs påmelding til aktivitetane på www.radoy.kommune/aktivferie Følg gjerne med også på www.radoy.kommune.no/aktivferie og facebooksida vår www.facebook.com/radoykommune for oppdatert informasjon om arrangementa. Har du spørsmål eller treng du meir informasjon kan du kontakta Kultur- og sørvistorget på tlf 56 34 90 00. Du kan også senda e-post til postmottak@radoy. kommune.no. Me takkar alle samarbeidspartnarar som har vore med å bidra til at me kan gjennomføra dei ulike aktivitetane og som gjer at born, 9-12 år, kan få ein kjekk sommarferie. Sommarcampen er finansiert med tilskot frå Barne-, ungdoms-og familiedirektoratet. Dette tilskotet gjer det mogleg å gjennomføra eit mangfald av sommaraktivitetar som alle kan vera med på, og at det kan vera fleire vaksne til stades.