STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 27.02.2017 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring- Nasjonal fagleg retningslinje for kompetanse og kvalitet i nyfødtintensivavdelingar ARKIVSAK: 2017/82 STYRESAK: 031/17 STYREMØTE: 07.03. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK Helse Vest RHF gir høyringsuttale til Nasjonal fagleg retningslinje for kompetanse og kvalitet i nyfødtintensivavdelingar i tråd med forslag til kommentarar tatt inn i styresaka. Høyringsinnspel knytt til bestemte områder og detaljspørsmål om aktivitet og kvalitet/kompetanse blir gitt i vedlagte tilbakemeldingsskjema frå helseføretaka (vedlegg).
Oppsummering Helsedirektoratet har sendt på høyring forslag til nasjonal fagleg retningslinje for kompetanse og kvalitet i nyføddintensivavdelingar. Retningslinja skal bidra til å styrke kvaliteten, harmonisere tilbodet i heile landet og hindre uønska variasjon. Nasjonal fagleg retningslinje omhandlar organisatoriske og administrative aspekt, og er ikkje meint som retningslinje for behandling av sjuke nyfødde. Det overordna målet for Helse Vest er at barn og nyfødde som treng intensivbehandling, skal få eit trygt tilbod av god kvalitet på rett behandlingsnivå. Helse Vest er i ei særstilling med to universitetssjukehus som representerer to av landets fire største avdelingar i pasientvolum og fødselstal. Organisering av intensivtilbodet til barn og nyfødde i Helse Vest blei gjennomgått i 2014. Styret i Helse Vest vedtok at både Helse Bergen og Helse Stavanger skal utføre intensivbehandling av ekstremt for tidleg fødde, det vil seie barn fødde i 28. svangerskapsveke eller tidlegare. Helse Vest RHF finn ikkje grunnlag for å endre på dette. Helse Vest meiner at tilrådinga i kap. 2.3 i forslag til fagleg retningslinje bør bli endra i ein mindre kategorisk retning. Vår anbefaling er at det bør vere opp til helseregionen å bestemme organiseringa av tenesta basert på volum, kvalitet, kompetanse og geografiske forhold. Helse Vest RHF vil også understreke at det medfører auka grad av sårbarheit dersom det berre er ei eining som behandlar denne aktuelle pasientgruppa per helseregion. Der det er stort (relativt sett) pasientvolum og kompetansemessig/kvalitativt grunnlag, bør det etablerast gode backupsystem for kvarandre. Fakta Helsedirektoratet har sendt på høyring forslag til nasjonal fagleg retningslinje for kompetanse og kvalitet i nyfødtintensivavdelingar. Forslag til retningslinje er laga etter oppdrag frå Helseog omsorgsdepartementet. Anbefalingane i retningslinjene tar utgangspunkt i lover, forskrifter og føringar i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Normal framgangsmåte ved denne type utgreiingar i regi av Helsedirektoratet er at oppnemning av fagfolk skjer via RHF-a, og at RHF-a blir involvert før og under arbeidet. Helse Vest kan ikkje se at dette har skjedd med denne utgreiinga. Nasjonal helse- og sjukehusplan slår fast at sjukehus skal ha ulike roller og oppgåver, klar oppgåvedeling og arbeide saman i team. Barneavdelingane bør ha ei oppgåvedeling som 2
sikrar god kvalitet og likeverdig behandling for alle barn i Noreg, både dei barna som treng intensivbehandling og dei barna som ikkje treng intensivbehandling. Eit godt resultat er avhengig av erfaring og kompetanse hos alle grupper helsepersonell som behandlar barnet og støtter familien. Retningslinja skal bidra til å styrke kvaliteten, harmonisere tilbodet i heile landet og hindre uønska variasjon. Nasjonal fagleg retningslinje omhandlar organisatoriske og administrative aspekt, og er ikkje meint som retningslinje for behandling av sjuke nyfødde. Helse Vest RHF gjennomførte i 2014 ei grundig utredning om organisering av tilbodet til sjuke nyfødde i regionen. Styret i Helse Vest RHF behandla saka i styremøte 18. juni 2014 og gjorde følgjande vedtak (sak 70/14): 1. Styret i Helse Vest RHF legg til grunn at tilrådingane frå arbeidsgruppa vist i rapport dagsett april 2014, blir følgt opp i helseføretaka. 2. Både Helse Bergen og Helse Stavanger skal utføre intensivbehandling av ekstremt for tidleg fødde, det vil seie barn fødde i 28. svangerskapsveke eller tidlegare. Kommentarar Helse Vest RHF gir her uttale først og fremst om oppgåvedeling og organisatoriske tilhøve. Helseføretaka sine innspel til generelle kommentarar og kommentarar knytt til bestemte områder er gitt i vedlagte tilbakemeldingsskjema som bedt om frå Helsedirektoratet. Forslag til høyringsuttale til Nasjonal fagleg retningslinje for kompetanse og kvalitet i nyføddintensivavdelingar Helse Vest RHF viser til høyringsbrev frå Helsedirektoratet datert 13. januar 2017 med høyring til forslag til nasjonal fagleg retningslinje for kompetanse og kvalitet i nyføddintensivavdelingar. Generelt Nasjonal fagleg retningslinje gir ein standard for kompetanse og bemanning ved norske nyføddintensivavdelingar, for både legar og anna helsepersonell. I arbeidet med å sikre rett kompetanse for personalet og best mogleg kvalitet i behandlinga, er retningslinja eit svært viktig dokument. Det er føremålstenleg at det blir lagt eit grunnlag for å sikre rett og tilstrekkeleg bemanning ved norske nyføddintensivavdelingar. Helse Vest RHF støtter i det alt vesentlege aspekta i retningslinja. Det er brei semje i fagmiljøa om tilrådingane i kapittel 1, Behandling av syke nyfødte bør tilpasses det enkelte barnet, være til barnets beste og inkludere etisk refleksjon og vurdering 3
Forslaget om kategorisering i kapittel 2.1 og 2.2 blir også støtta, Alle helseforetak med kvinneklinikk bør ha en avdeling for syke nyfødte Avdelinger for syke nyfødte bør inndeles i kategorier basert på sykdomsgrad og behandlingsbehov Forslaget i kapittel 2.3 som gjeld Kategori 3c: Behandler syke nyfødte inklusive de minste premature (> 28.0 uker), er tilrådinga: Det bør kun være en 3 c avdeling i hver helseregion. Grunngjevinga for denne tilrådinga er at nyføddavdelingar skal ha tilsette i rett tal og med rett kompetanse. Funksjonar bør samlast der det er nødvendig med omsyn til kvalitet. Behandlinga av dei aller mest premature barna der det alltid vil vere nødvendig med langvarig avansert høgintensiv behandling, bør samlast på sjukehus med tilstrekkeleg volum. Helse Vest er i ei særstilling med 2 universitetssjukehus som representerer 2 av landets 4 største avdelingar i pasientvolum og fødselstal. Vi gjer nærmare greie for organiseringa i Helse Vest i eige avsnitt under. Kapitla om kvalitetsindikatorar, samarbeid og foreldremedverknad er vel funderte og nyttige. Intensivtilbodet til barn og nyfødde i Helse Vest Det overordna målet for Helse Vest er at barn og nyfødde som treng intensivbehandling, skal få eit trygt tilbod av god kvalitet på rett behandlingsnivå. Organisering av intensivtilbodet til barn og nyfødde i Helse Vest blei gjennomgått i 2014. Vi viser til styresak og vedlagte Rapport frå regional arbeidsgruppe. I Helse Vest blir tilbodet til barn og nyfødde som treng intensivbehandling, gitt ved Haukeland universitetssjukehus (HUS), Stavanger universitetssjukehus (SUS), Førde sentralsjukehus og Haugesund sjukehus. Behandlinga av ekstremt premature i Helse Vest er sentralisert til SUS og HUS. Med bakgrunn i gjennomgangen av tilbodet til barn og nyfødde som treng intensivbehandling i regionen, og rapporten frå arbeidsgruppa, tilrådde Helse Vest at Helse Bergen og Helse Stavanger skal utføre intensivbehandling av ekstremt for tidleg fødde, det vil seie barn fødde i 28. svangerskapsveke eller tidlegare. For tvillingar er grensa 30 veker eller tidlegare. Eit sentralt spørsmål i mandatet var funksjonsfordelinga er det behov for endringar/forbetringar? Arbeidsgruppa drøfta om det var behov for endringar i 4
funksjonsfordelinga i regionen. Diskusjonen dreia seg særleg om behandling av dei minste premature (< 26 veker). Arbeidsgruppa fann ikkje vitskaplege eller epidemiologiske data som seier at ytterlegare sentralisering vil betre kvalitet på behandlingstilbodet. Begge dei store barneavdelingane er fortsatt svært interesserte i å ha eit komplett tilbod til alle dei for tidleg fødde barna, også dei aller minste. Behandling av dei minste premature gir kompetanseheving også når det gjeld behandling av dei andre premature og sjuke nyfødde. Det er også eit grunnlag for utdanning og rekruttering av nye spesialistar til fagfeltet. Haukeland universitetssjukehus ønska i denne utgreiinga å sentralisere alle dei minste premature i Helse Vest til Bergen, mens Stavanger universitetssjukehus ønska å behalde dagens funksjonsfordeling. Gruppa blei ikkje einige om kva alternativ ein ville tilrå. Også i dag er det usemje mellom Helse Bergen og Helse Stavanger om sentralisering av 3c avdeling i Helse Vest. Kapittel 3 omhandlar Bemanning og kompetanse ved avdelingar for sjuke og nyfødte. Det er brei semje om forslaga. I Helse Vest er det gjennomgåande gode resultat. For å understøtte vidareføring av tilbodet ved Stavanger universitetssjukehus, blir det vist til følgjande resultat. I 2016 hadde SUS 80 % overlevelse (landsgjennomsnitt 79 % i høve tal frå Norsk Nyfødtmedisinsk Kvalitetsregister, NNK 2012-2015). SUS har lavare komplikasjonsførekomst enn landsgjennomsnittet hos premature < 28/32 veker på ROP (øyebunn forandringar pga. prematuritet), IVH (hjerneblødingar pga. prematuritet), PVL (hjernecyster pga. prematuritet), NEC (perforert tarm pga. prematuritet) og BPD (kronisk lungeskade med oksygenbehov ved 36 vekers alder). Antibiotikabruk er tilnærma lik nasjonale gjennomsnitt i 2015 og 2016. Konklusjon Vi viser til Helse Vest si utgreiing og styrevedtak (jf. over) om tilbodet til barn og nyfødde som treng intensivbehandling i regionen, og rapporten frå arbeidsgruppa om lokalisering av tilbod til barn født før veke 28. Helse Vest er i ei særstilling med to universitetssjukehus som representerer to av landets fire største avdelingar i pasientvolum og fødselstal. 5
Styret i Helse Vest vedtok at både Helse Bergen og Helse Stavanger skal utføre intensivbehandling av ekstremt for tidleg fødde, det vil seie barn fødde i 28. svangerskapsveke eller tidlegare. Helse Vest RHF finn ikkje grunnlag for å endre på dette. Helse Vest meiner at tilrådinga i kap. 2.3 i forslag til fagleg retningslinje bør bli endra i ein mindre kategorisk retning. Vår anbefaling er at det bør vere opp til helseregionen å bestemme organiseringa av tenesta basert på volum, kvalitet, kompetanse og geografiske forhold. Helse Vest RHF vil også understreke at det medfører auka grad av sårbarheit dersom det berre er ei eining som behandlar denne aktuelle pasientgruppa per helseregion. Der det er stort (relativt sett) pasientvolum og kompetansemessig/kvalitativt grunnlag bør det etablerast gode backupsystem for kvarandre. Vedlegg: Vedlegg 1: Styresak 07014 Intensivtilbodet til barn og nyfødde i Helse Vest Vedlegg 2: Styresak 07014 Rapport - Intensivtilbodet til barn og nyfødde i Helse Vest, dagsett april 2014 Vedlegg 3: Høyring - kommentar til HV mars 2017 Helse Stavanger Vedlegg 4: Høyring - kommentar til Helse Vest mars 2017 Helse Bergen Vedlegg 5: Høyring - kommentar til Helse Vest mars 2017 Helse Førde Vedlegg 6: Høyring - kommentar til Helse Vest mars 2017 Helse Fonna 6
7