Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Like dokumenter
Til deg som går i 5.klasse!

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

6. trinn. Veke 24 Navn:

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Velkommen til songarstemne i Florø!

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Plassebakken Barnehage BA

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plassebakken Barnehage

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

REFERAT FORELDREMØTE 24.02

Til deg som bur i fosterheim år

Rådgjevarkonferanse 2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Velkomen som konfirmant

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Respekt på Rommetveit skule

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Dommarpåmelding Test HD i 4. divisjon. Testkrav: 35 sec x 40 sec x 20 stk. Test AD i 2. divisjon. Testkrav: 30 sec x 40 sec x 20 stk.

Rådgjevarkonferanse 2010

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Månadsbrev for Rosa september 2014

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Info om Norway Cup 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Velkomen til Lærdalsturneringen 2017

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Stemnehandboka for NKSF

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Sommerleir Rødt belte. Programblad. (2. gup - 1.gup-1)

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Plassebakken Barnehage

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Tid : Mars 2013 (kurs og lagsmøte laurdag, og kretsting søndag)

Info om Norway Cup 2015

INFORMASJON om førestellinga:

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

mmm...med SMAK på timeplanen

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Prestegården 21 May Tween Camp. Lyst til å vere med? Side 1 Tween Camp 2019

Plan for Liabygda SFO

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Sandeid skule SFO Årsplan

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Søking til skuleåret

Månadsplan for Hare November

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Brødsbrytelsen - Nattverden

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjon til elevane

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Årsplan for

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Sommartur til Sverige,

Sommerleir Grønt belte. Programblad. ( gup)

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Transkript:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav av laussnø. Havregraut på bål. Varme neter i sovepose. Kalde neter i sovepose. Store opplevingar. Sist oppdatert 16.april 2009, 12:55 Og all erfaring tilseier at de, innerst inne, er litt misunnelege på det dei 100 ungdomane har fått oppleve. Men gratulerer! De er med dette inviterte til eit minifolkehøgskuleår frå 3.-5.mai 2007. Vi skal gjere det vi kan for å komprimere eit folkehøgskuleår inn på desse to dagane, og håpar vi kan gje dykk opplevingar for livet! Kva Frå torsdag ettermiddag til laurdag morgon skal de få sjå og oppleve noko av det same som elevane har fått opplevd dette året. Vi skal prøve samarbeidsløypa til skulen, lage god mat ute, overnatte i gapahuk og lavvo, gå på ski (kanskje i shorts?) på vårsnøen i Nordfjordfjella, padle kajakk og ro gamle Nordfjordbåtar. I mai er Nordfjord på sitt beste. Snøen ligg i fjella, grønfargen sprett fram, og det er gode forhold for flott friluftsliv! Kvar og når Turen startar torsdag 3. mai om ettermiddagen på Nordfjord folkehøgskule, og sluttar når det er på tide å pynte seg til avslutningsfesten laurdag 5.mai. Om du ikkje kan vere med på turen heilt frå starten, er det høve til å hoppe på undervegs! Alle aktivitetane blir rundt Gloppefjorden, altså i nærområdet til skulen. Vi kjem ikkje til å vere på skulen i særleg grad, for dei siste dagane på folkehøgskule er både intense og tårevåte. Og det er i grunnen best om elevane får vere for seg sjølve, utan innblanding frå alle oss andre. Kven kan vere med? Svaret er alle. Vi har ingen aldersgrenser, og turane blir tilpassa dei som er med. 1 av 7

Program Del 1 Torsdag 3.mai Kl 1540: Middag, for dei som vil, saman med elevane i matsalen på Nordfjord folkehøgskule. Kl 16.30: Samling i storklasserommet, offisiell start på minifolkehøgskulen. Vi blir litt kjent, og høyrer kva forventingar de har til turen. Vi prøvar samarbeidsløypa. Her får vi bryne oss på ulike problem som krev samarbeid. Dette er skikkeleg kjekt! Kvelds og overnatting ute i lavvo eller gapahuk. Fredag 4.mai Fjelltur. På Vestlandet er det fantastisk å gå på ski i mai. I beste fall blir det skitur i shorts! Om de heller vil gå på beina kan de det, då går vi på tur til skulen si gamme. Del 2 Frå fjellet går vi rett til fjorden og finn fram kajakkane og dei gamle Nordfjordbåtane. Så padlar og/eller ror vi ut til Anda, lagar middag på bål og kosar oss utover kvelden. Også denne natta søv vi ute. Leirplassen ligg ikkje langt frå vegen, så det er òg mogleg å kome dit med bil. Laurdag 5.mai Etter frukost padlar/ror vi tilbake til naustet, og der serverer vi suppe på loftet. Vi er tilbake på skulen ca 1 time før avslutningsfesten tek til. Pris Det er høve til å hoppe på turen undervegs. For å gjere det enkelt har vi difor delt turen i to, og du betalar for dei delane du er med på. Om du ikkje har høve til å vere med på heile turen, oppmodar vi deg likevel til å kome fredag kveld. Minifolkehøgskulen er ei flott oppleving! Pris heile turen: 700,- Pris kun del 2: 400,- 2 av 7

Utstyr Du vil trenge utstyr til overnatting ute: Sovepose, liggeunderlag og varme kle. Ei god hue og varme sokkar er eit varmt triks når du skal sove ute! Til skituren treng du fjellski, helst med stålkantar og fellar. Om du ikkje har fellar, kan du låne av elevar eller av skulen. Elles treng du kle for å vere ute i all slags ver. Vi håpar på sol og varme, men Vestlandet har òg ei våt og kald side som kan dukke opp Du treng med andre ord både shorts, noko vasstett og noko vindtett, varme kle når du skal sitte stille, og ikkje så varme kle når du skal vere i aktivitet. Vi ordnar med hus (dvs telt, lavvo eller gapahuk), stormkjøkken, mat, kajakkar, båtar og flytevestar. Om du treng utstyr for å gjennomføre turen, er det berre å spørje elevane eller skulen. Vi lånar gjerne ut! Vi gler oss til å vise fram naturen vår! Håpar vi ser deg! Beste helsing Nordfjord folkehøgskule v/rektor Hallgeir Hansen 3 av 7

Velkomne til avslutningsfest Vi har starta på april, og no er det berre ein månad att av folkehøgskuleåret. Dermed er det på sin plass å invitere til avslutningsfest på Nordfjord folkehøgskule laurdag 5.mai. Alle er hjarteleg velkomne, både foreldre, føresette, søsken, besteforeldre og vener. Festen tek til klokka 13.00, og rett etter festen blir det eit godt måltid mat for alle saman før turen går heimover. Vi reknar med å ha avslutta måltidet her ca klokka 16.00. Når festen og måltidet er ferdig, er skuleåret 2006/2007 over. Tusen takk for at vi har fått låne elevane dette året! Vi ser fram til å sjå dykk her i mai - hjarteleg velkomne både til minifolkehøgskuleår og avslutningsfest! Alle foreldre får invitasjon med påmeldingsskjema i posten.send påmeldingsskjemaet til Nordfjord folkehøgskule, Vereide, 6823 Sandane. Eller sende påmelding på epost: kontor@friluftslivskulen.no. Om de brukar epost, så hugs å skrive inn alle opplysningane vi treng. 4 av 7

Påmelding til avslutningsfest Eg/vi kjem på avslutningsfesten. Namn: Antal perssonar: Evt diettar/allergiar vi bør vite om: Eller send mail med: Eg/vi vil gjerne vere med på minifolkehøgskuleåret! Tidspunkt for når vi kjem til skulen: Blir med på heile turen: Blir med frå fredag til laurdag: Telefon: Mobil Epost 5 av 7

6 av 7

7 av 7