Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-9 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38138/14 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 28.11.2014 Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Førde, Askvoll og Naustdal kommunar Sunnfjordpakken Saksutgreiing for Anga kraftverk i Førde kommune 1. Omtale av tiltaket. Tiltaksområdet er ei 1,1 km lang strekning i nedre delen av elva Anga i Førde, ned mot bustadfeltet Eplehagen. På begge sider av elva er det vegar og landbruksbusetnad. Fleire kraftlinjer kryssar elva i området der inntaket er planlagt. Det er tre fossar på utbyggingstrekninga: Kvamsfossen, Hjellefossen og Høgefossen. Dei øvste fossane er ikkje synlege frå vegar og busetnad i området. Høgefossen, nederst er synleg frå bustadfeltet Eplehagen. Det er bygd tre mindre kraftverk i Angedalen: Botnabakken minikraftverk (2009) inst i dalen, Furebø kraftverk (2001) og Grøvla kraftverk (2011). Det er no søkt om løyve for Vassbrekka kraftverk inst i dalen. Søkjaren, Anga Kraft SUS, er eigd av grunneigarane som har fallrettane mellom kote 80 og 23 i elva. Hovuddata for Anga kraftverk Tilsig Nedbørsfelt, km2 80 Middelvassføring ved inntaket, m3/sek 8,1 Alminneleg lågvassføring ved inntaket, liter/sek 890 Fem-persentil* sommar (mai-sept.), liter/sek 1710 Fem-persentil* vinter, liter/sek 890 Kraftverk Inntak, kote 79 Avløp, kote 23 Brutto fallhøgde, meter 56 Slukeevne, maks m3/sek 12,5 Slukeevne, min m3/sek 1,88 Installert effekt, maks MW 5 Planlagt slepp av minstevassføring, sommar/vinter, liter/sek 900 Brukstid, timar 3700 Produksjon Årleg middel, GWh 19 Økonomi Utbyggingskostnad, mill. kr. 68,5 Utbyggingspris, kr/kwh 3,61 * Den vassføringa som blir underskriden 5 % av tida. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Bankgiro: 4212 02 02000 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 6 Anga kraftverk. Inntak like ovanfor der kraftlinjer kryssar elva. Rørgate, raud strek. Jordkabel er også vist med raud farge. Flyfoto med innteikna rørgate og kraftstasjon Inntaket er tenkt plassert på kote 79, ovanfor Kvamsfossen. Her skal det byggast ein betongdam, 20 meter lang og 4 meter høg. Inntaksarrangementet vert liggande på høgre sida av elva sett nedover. Det er bratte elvekantar på begge sider, og det vassdekte arealet vert om lag som no. Dammen vil påvirke elveløpet ca. 100 meter oppstrøms. Nedgravd rørgate, 1,1 km, langs vestsida til elva. Kraftstasjon med grunnflate 200 m2 vil bli liggande 75 meter frå næraste hus. Det vil bli lagt stor vekt på støydemping. Det må byggast 50 meter ny veg til inntaket. Veg til kraftstasjonen vil gå langs opprusta landbruksveg. Nett-tilknyting via ein 200 meter lang jordkabel.
Side 3 av 6 Inntaket vert plassert like oppstrøms kraftlinjemastene ved elva. Kvamsfossen midt i bildet. Inntaksområdet. Blå strek: dam kote 79. Stipla oransje strek: rørgate. Hjellefossen som ligg om lag ved kote 40.
Side 4 av 6 2. Verknader for miljø, naturressursar og samfunn (frå søknaden) Hydrologi Det er planlagt å sleppe ei minstevassføring på 900 liter/sek heile året. Dette tilsvarer alminneleg lågvassføring og 5-persentil vinter. I eit middels vått år vil vassføringa ved inntaket i elva vere større enn kraftverket si maksimale slukeevne (12,5 m3/sek) i 74 dagar (overløp). Nedbørsfeltet mellom inntaket og kraftstasjonen (restfeltet) vil i gjennomsnitt gje ei vassføring på 530 liter/sek like oppstraums kraftstasjonen. Vasstemperatur, isforhold og lokalklima. Grunnvatn, ras, flaum og erosjon Det er ikkje venta spesielle ulemper på grunn av kraftutbygginga. Raudlisteartar, terrestrisk miljø og akvatisk miljø. Prestefossen eit stykke nedanfor tiltaksområdet er rekna som vandringshinder for anadrom fisk. Landskap og inngrepsfrie naturområde, sitat s. 27 i søkn.: Etter at anlegget er satt i drift vil inntakskonstruksjonen og kraftstasjonsbygget, saman med den reduserte vassføringa, vere det synlege resultatet av utbygginga. Dei tre fossane på strekninga, Kvamsfossen, Hjellefossen og Høgefossen, vil få redusert vassføring og noko redusert vassdekt areal. Fossane er relativt flate og breie, slik at vassføringa fordelar seg stort sett over heile bredda, sjølv med mindre vassføring. Dei to øvste fossane er ikkje synlege for turgåarane i området, medan den neste Høgefossen er synleg frå Eplehagen og vegen. Tiltaket medfører ingen bortfall av inngrepsfrie områder då heile tiltaket foregår på mellom elva og vegen. Kulturminne og kulturmiljø, sitat s. 28 i søkn.: Einaste kjende kulturminne på tiltaksstrekninga er gravhaugen som ligg på Storåkerhågjen. Denne er automatisk freda, men kjem ikkje i konflikt med tiltaket og ein vil under anleggsarbeidet sjå til at ein ikkje kjem i kontakt med denne lokaliteten. Røyrgata vil passere ca 40m nord om gravhaugen. Området vil bli tydleg merka og sperra i samband med anleggsarbeidet. Det er ein gravhaug på garden Hjelle. Fylkeskommunen har ikkje vore på synfaring på staden, men ei avklaring med dei vert teke samstundes med detaljplanlegging av kraftverket. Brukarinteresser, sitat s. 29 i søkn.: Tiltaksområdet er i dag nytta til jordbruksføremål og elvestrengen har dyrka mark på begge sider. Elva er difor ikkje tilgjengelig for andre enn grunneigarane på den aktuelle strekninga. Det er lite til ingen fiske på den aktuelle strekninga. Det er utstrakt bruk av vegen inn Angedalen og vegen på Tefresida til turgåing. Ein går gjerne ein rundtur som startar ved Slåtten skule og innover Angedalen, over Ryggjabrua og attende til Førde via vegen på andre sida av elva. Turgåarane vil kunne sjå eit noko heva vannspeil nedstrøms Ryggjabrua, og kraftstasjonsbygningen. Nedstrøms kraftverket ved Eplehagen bustadfelt og vidare nedover mot Førde er elva i aktiv bruk til rekreasjonsformål og bading. Det er ingen padleinteresser i elva. Samfunnsmessige verknader Samla investering er kalkulert til om lag 68 mill. kroner. Ein del av anleggsarbeidet vil kunne utførast av lokale entreprenørar. Energiproduksjonen vil gje inntekter til utbyggarane og samfunnet rundt. Utbyggingsprisen er berekna til 3,61 kr/kwh, som er litt under middels pris. Sumverknader/samla belastning, sitat s. 30 i søkn....i influensområdet til den planlagde utbygginga av Anga er det ikkje påvist særleg av verdiar og kvalitetar som kan knytast spesifikt til elva utanom tap av botnfauna. Det vil framleis også vera ganske mykje att av elva som vil vera urørt, både ovanfor og nedanfor utbyggingsområdet. I tillegg er det ein god del varig verna vassdrag i regionen. Ein del elvar i Angedalen er allereie utbygd Dette har samanheng med fleire naturgitte forhold, som mykje nedbør og store høgdeskilnader. I Førde kommune er det etter kvart bygd mange småkraftanlegg. Desse gjev viktige bidrag til lønsemda for einskildbruka og gjev gode inntekter til kommunen. Avbøtande tiltak, minstevassføring, sitat s. 31 i søkn.: Ein vil sleppe minstevassføring ved dammen tilsvarande 5 persentilen om vinteren. Dette tilsvarar også alminneleg lågvassføring for dette vassdraget. Minstevassføringa er valt på bakgrunn av anbefalingane frå rapporten om biologisk mangfald. Ei auke av minstevassføringa til 5 persentil om sommaren i sommarsesongen, vil redusere produksjonen med 1 GWh til 18,1 GWh. Dette vil auke
Side 5 av 6 utbyggingsprisen til 3,78 kr/kwh. Ei auke av minstevassføringa til 5 persentil for sommar heile året, vil redusere produksjonen med ytterlegare 1 GWh til 17,0 GWh. Dette vil auke utbyggingsprisen til 4,03 kr/kwh. 3. Fylkesrådmannen si vurdering av søknaden Fordelane ved tiltaket er først og fremst av økonomisk karakter og knytt til ein energiproduksjon på ca. 19 GWh/år. Kraftverket vil bidra til lokalt og regionalt næringsgrunnlag og skatteinntekter. Planlagt investering i tiltaket er ca. 68 mill.kr. Utbyggingsprisen er berekna til 3,61 kr/kwh, som er litt under middels pris. Ulempene vil vere knytt til skade og inngrep for m.a. landskap og brukarinteresser i samband med bygging av dam og inntak, nedgravd rørgate og kraftstasjon samt redusert vassføring i Anga med Kvamsfossen, Hjellefossen og Høgefossen. Vassforskrifta Tiltaket bør ikkje svekke den økologiske statusen i vassførekomsten til dårlegare enn god. Dersom tilstanden vert vurdert til dårlegare enn god, må vilkåra i 12 i vassforskrifta følgjast opp. Landskap, friluftsliv og turisme. Tiltaksområdet ligg ikkje i fjordlandskap, jf. fylkeskommunen sin regionale plan med tema knytt til vasskraftutbygging. Tiltaksområdet ligg ikkje i område med viktige regionale friluftsinteresser. Det er tre fossar i elva på utbyggingsstrekninga. Den øverste og største, Kvamsfossen, er markert som viktig landskapselement i den regionale planen. Retningslinje nr. 4 vil gjelde og fossen får dermed 3. prioritet med slik ordlyd: Interesser av stor verdi. Føresetnader for positiv tilråding skal vere at søknadsmaterialet kan dokumentere at utforming av kraftverket, og avbøtande tiltak, i stort monn reduserer eventuelle konfliktar i høve til aktuelle arealinteresser. Søknaden er basert på at det skal sleppast ei minstevassføring ved dammen tilsvarande 5 persentil vinter/alminneleg lågvassføring. Denne minstevassføringa er bestemt på bakgrunn av tilråding i rapporten om biologisk mangfald. Det er berekna at ein auke i minstevassføringa til 5 persentil sommar, dvs. 1,7 m3/sek, vil redusere produksjonen med 1 GWh. Utbyggingsprisen vil tilsvarande gå opp frå 3,61 kr/kwh til 3,78 kr/kwh, som er middels pris. Fylkesrådmannen meiner at utbyggingsstrekninga med fleire fossar og ei sentral plassering i høve til busetnad og turområde, må få ei større minstevassføring om sommaren, enn det som er lagt til grunn i søknaden. Det må settast krav om 5-persentil sommar. Kulturminne frå nyare tid Dersom viktige og markerte kulturminne frå nyare tid, etter år 1537, vert direkte eller indirekte råka av planlagde tiltak, må tiltaka justerast på ein slik måte at kulturminna kan takast vare på. Det er fleire stryk og fossar på utbyggingsstrekninga, med Kvamsfossen, Høgefossen, Hjellefossen, Tefrefossen som dei nemnde og gjerne mest markante falla på strekninga. Mellom fleire av stryka finn ein større og mindre kulpar. Anga/Angedalselva er på den måten eit godt synleg og viktig element i eit aktivt og godt skjøtta kulturlandskap. Elva med fossar og stryk, utgjer ein vesentleg del av det heilskaplege landskapsbiletet, både for tilreisande og fastbuande. Elva er godt synleg i det slakke dalføret, frå inntaket ved Kvamsfossen til utløp og kraftstasjon ved Høgefossen. Med redusert vassføring i elva vil det planlagde tiltaket føre til eit stort inngrep i landskapsbiletet, og i sterk grad påverke dei opplevingsverdiane som er knytt til kulturlandskapet slik vi kan oppleve det i dag. Landskapet rundt dei små fossane og stryka er her i ei særstilling. Innan og i nærleiken av utbyggingsområdet har det mellom anna vore fleire sager, kverner og ei stampe. Det finst synelege restar etter ei sag ved Kvamssfossen. Gamle ræser og vegar er også kulturminne og viktige element i landskapet. Det må ikkje gjerast skade på kulturlandskapselement som geiler, vegar, steingardar, bakkereiner, bygningar eller andre synelege spor etter tidlegare landbruksaktivitet i området. For å få minst mogeleg synelege spor i landskapet og ei raskare revegetering, er det viktig å nytte naturleg vegetasjon frå staden (torv) til dekking av deponi, vegskråningar og riggområde etter at anlegget er fullført. Automatisk freda kulturminne.
Side 6 av 6 Tiltakshavar si undersøkingsplikt, jf 9 og 10 i Lov om kulturminne, er ikkje oppfylt. Det er dermed ikkje klart i kva grad automatisk freda kulturminne (tidlegare fornminne) blir direkte eller indirekte råka av tiltaka i søknaden. 9 undersøking må gjennomførast. Registreringa må gjerast på snø- og telefri mark. Tiltakshavar er ansvarleg for å ta skriftleg kontakt med Kulturavdelinga i fylkeskommunen i god tid før registreringa skal gjennomførast. Det må bereknast tilstrekkeleg tid til etterfølgjande sakshandsaming, eventuelt utgraving før utbyggingstiltak i området kan i verksetjast. Samla vurdering og konklusjon. Fylkesrådmannen meiner at utbyggingsstrekninga med fleire fossar og ei sentral plassering i høve til busetnad og turområde, må ha ei større minstevassføring om sommaren enn det som er lagt til grunn i søknaden. Det må settast krav om 5-persentil sommar, 1,7 m3/sek. Utover dette meiner fylkesrådmannen at tiltaket vil bety moderate negative konsekvensar i høve til landskap, kulturminne og brukarinteresser, og vil rå til at det vert gitt konsesjon.