Ut på tur i Vindafjord

Like dokumenter
Ut på tur i Vindafjord

Ut på tur i Vindafjord

Ut på tur i Vindafjord

STI GJENNOM LERKESKOG

Ut på tur i Vindafjord

N Æ R T U R. i Førde

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Plassering av tong til klippekortet er omtala i teksten til kvar tur.

Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Ønsker å bestille diplom: Navn:

Ti-på-topp GOD TUR! Samla poengsum. Navn, adresse og alder på deg som har vært på tur: dato dato dato dato dato dato dato dato dato dato Totalt

Toppturer på Gautefallheia

GJEMNES KOMMUNE KULTURAVDELINGA

Sjutoppsturen FAKTA OVERSIKTSKART LØYPESKILDRING

Turbeskrivelser for Eide Tolv turer 2015

Topptrimmen - Turbeskrivelser

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Emleimsfjellet/Eikenos Eikenos ligger sør for Emblemsfjellet. Vår vurdering

Turpostar i Sogndal. Namn:

Turbok for Molde og Omegn

Turmål. Kvithøvd. Vil du legg inn koordinatane på GPS er dei: Nord: Aust: kartformat EUREF89 (WGS84)

Turstiar frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats.

GRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september

UTARBEIDET AV AGDENES KOMMUNE

GRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Tonje og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september

Turmål Vestre Slidre. 1 Kvithøvd (1001 moh)

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

Sommervandring 2013 Nord-Aurdal

Holmshatten. 620 moh 3, 9 km

TURER I RISSA KOMMUNE. Med god tilrettelegging

Sommervandring Trillemål

Sommervandring Vinnerbilde sommervandringa Valtjednknatten. Foto: Hege Holm

Topptrimmen 2014 Svalbard Turn

«10 PÅ TOPP» I SANDNES 2014

Romsdalseggen. Vengedalen

Turmål Vestre Slidre kommune Kvithøvd 1001 moh 25 poeng

Bli med i konkurransen Turmål i Ålesund og omegn! Alle som har funnet minst fem turkoder er med i trekninga av fine premier.

Aktuelt kart for området er Turkart Kristiansund 1:50 000, utarbeidet av Nordmøre - og Romsdal Friluftsråd

Wipavarid Kalland Vinnerbilde 4Fjell 2014

Plassering av tang til klippekortet er markert med blå prikk på karta.

1. SKAVDALSFJELLET, 362 M.O.H, NÆRØY.

TI TOPPER I NORE OG UVDAL 2016

Veibeskrivelser - 10 på topp 2019.

TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2016

Kulturskatten er ein konkurranse der det gjeld å finna fram til kulturminna me har merka av på kartet.

Ut på tur i Vindafjord

Gjelder for perioden 5. juni 25. september

Sommervandring Vinnerbilde sommervandringa Binnhøvdsknatten. Foto: Anne Berit Gunderhuset

Bispen. Trollstigen. Bispen (1462 moh) er den mest tilgjengelige av de tre høye toppene på vestre side av Trollstigen. Her sett fra Isterdalen.

Fotturer i Jostedalen

GULLRUTA TURSTI Julneset Osmarka

Sommervandring 2017 Vi har rydda, skilta og lagd kart! God tur alle sammen

Toppvandring, med orienteringsgruppa i Torpa IL. -for 26.gang-

TURORIENTERING SKIGRUPPA T.I.L. 2017

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder. Bokn kommune Fakta om kommunen (pr

1. mai 4. oktober. Gratis! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Elizabeth og Finn Terje

Forvaltningsplan for statlig sikra friluftslivsområder Fakta om kommunen (pr )

Ut på tur i Vindafjord

Store Trolltind. Trollstigen

Turmål: Skistua. Velkommen til storstua i Bymarka

Sykling på Geilo like populært den gang som nå

6-åringar på skuleveg

FYSAKmål God Tur!

Ut på tur i Vindafjord

Utsikt fra Kattabergsfjell, tur 6. Foto: Thomas Førde

Postkassetrim i Fet. Kontakt for Postkassetrim i Fet: Fet kommune, Servicetorget t Vi ønsker alle en riktig god tur!

Parkering ved søppelcontainer v/sølvsmia. Følg stølsvegen til det høgste punktet på vegen. Kasse på open varmestue.

Søndagsturen gode turforslag

Gjelder for perioden 20. juni 30. september

Kystfort. 1 km Start ved parkeringa oppe ved Storbakken. Følg traktorveien etter pekerne til kystfortet.

Postvegen. Nordfjellet. Onarheimslia PÅ TUR. Populære turløyper i nærområdet

GRATIS! God tur på jakt etter våre postkasser! Hilsen Kristine og Finn Terje. Ut på tur. i Iveland mai september

1. Info om Sørre Brurskardknappen (1458moh)

Luster hundeklubb sine trimpostar 2010

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

1. Gråhø (1779moh) Lengde: Ca 5 km ein veg Høgdeforskjell 729 meter Tid. Ca 2,5-3 timer opp

POSTJAKTÅ Velkommen til Postjaktå Klepp 24

Landmannalaugar Innlandet

Dag 3: Fredag 28.juni Sandvika Levanger 63,2 km.

TRYSIL. Foto: Ola Matsson. Foto: utefoto.no

Følg oss gjerne på Facebookgruppa Fjelltrimmen i Grane. Ønsker å bestille diplom: Ønsker å bestille krus: (Maksimum ett per person) Navn:

KJENTMANN I AGDENES Vinterbilde fra Holmtjønna

Eidsfjell 1333 moh. Eidsfjell Sone 32V Ø N

Slotthø Sunndalsfjella

Madeira MD4 MD1 MD5 MD3 MD6 MD2. 5 km

Furunebba. Sunndalsøra

Sommervandring 2012 Nord-Aurdal

Bernia rundtur. Benidorm CB6

Lakselvbukt og Lakselvdalen

VEILEDER REGISTRERING PÅ

POSTJAKTÅ HOVEDTREKNING Bokstav pr post, skal bli setning av 15 bokstaver

5 stk flotte bustadtomter til sals

Sommervandring 2011 Nord-Aurdal

Tingvoll, Tingvoll kommune FRÅSEGN SØKNAD OM NYDYRKING GNR 41/1. Viser til brev av , sak 2016/19-2

Start Mylla Dam - Sjekkpunkt 6 Tverrsjøstallen 15,97 km 510 høydemeter

* forutsatt 70 km og 1800 hm fra Mylla til Hønefoten (korrigeres etter at hele løypa er løpt)

Skålatårnet. Stryn. Vår vurdering

LEIRVÅGEN - TILKOMST PARKERINGSAREAL - FRILUFTSOMRÅDE

Medverknad: Samtaler med turgrupper

Transkript:

Ut på tur i Vindafjord 2017 Turkart og informasjon finn du på www.vindafjord.kommune.no (Kultur og fritid - friluftsliv) Utsikt utover Sandeid. Tatt frå «Benken». Foto: Inga Juskiene.

VIKEBYGD DYRASKORFJELL 531 M.O.H. Tilkomst og parkering: Parkering ved Vikebygd bygdahus som ligg ved idrettsanlegget nord i bygda. Om turen: Følg grusvegen ved sida av bygdahuset ca. 200 meter, ta så til venstre i kryss og følg traktorveg oppover og inn i skogen og ta til venstre ved skilt der traktorvegen deler seg. Følg deretter merka sti oppover til varden på toppen. I ura i Glommeskar kan det vera glatt og steinane lause, så trø med varsemd. Er det vått, kan det vera greitt å gå heimturen via Trodlanibba, der er det òg merka sti. Å gå den vegen på tilbaketuren er uansett eit godt alternativ. Alternativ rute er å gå merka tur frå Skartland via Såto. Terreng: Traktorveg, sti, steinete ur, fjellgrunn, tørt terreng. Avstand: 4.7 km t/r. Tidsbruk: Ca. 2 timar t/r. Kveldssol ved varden på Dyraskorfjell. Foto: Roald Årvik SKJOLD VALÅSEN 313 M.O.H. Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 i plankryss til Skjold, følg skilt til Skjold i rundkøyringa på Skjoldavegen og ta så til høgre ved første fotgjengarfelt etter Essostasjonen inn på Prestegardsvegen. Følg denne ca. 500 m og ta av til venstre mot parkeringsplass. Om turen: Turen startar på grusveg frå parkeringsplassen. Rett før Stemmetjødnå (drikkevatn), er turstien skilta til Valåsen på høgre side. Følg stien gjennom skogen, siste del har bratt stigning opp mot toppen. Frå Valåsen kan du gå vidare ned på motsett side av fjellet. Då endar du opp på same grusveg, i andre enden av Stemmetjødnå. Det er merka turstiar til fleire toppar og vatn med utgangspunkt i grusvegen. Terreng: Grusveg første del, så tursti med ein del våte parti, noko bratt enkelte plasser. Avstand: Ca. 5,2 km t/r. Tidsbruk: Ca. 1,5 time t/r. Kulturminne: «Røvarholå» ligg midt på høgre sida av Stemmetjødnå. 9 turar: Utsikt frå Valåsen. Foto: Siri Nonslid VATS VELDEHYTTA 360 M.O.H. Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 i Øvre Vats, inn på Eikesdalsvegen. (Ca. 2,5 km frå Knapphus og ca. 6 km frå Ølensvåg). Her står det skilt til Eikesdal. Følg Eikesdalsvegen omlag 700 m, til du kjem til skilta parkeringsplass. Her er det rasteplass, info.tavle m/kart og skilt over mange fine turar som startar herifrå. Om turen: Du følgjer traktorvegen heilt fram til hytta. Om ønskjeleg kan du ta forskjellige avstikkarar undervegs. Bl.a. er det ein fin rasteplass bak ei privat hytte på Dyrhaug. Veldehytta er alltid open. Her kan du nyta nista di inne eller ute. Ute er det også ein grillplass i gammal hustomt. På bordet inne i hytta ligg ei hyttebok du kan skriva deg inn i. Sjå skilt og merking til nye turmål: Morgonsvatnet, Ulserhaug, Vikestølen, Eikås/Bjoa, Vikebygd, Longåsdalen, Bjordal. Vikestølen er Bjoa sitt turmål dette året litt myrlendt sti. Terreng: Traktorveg heilt fram til hytta - nokre bratte parti. Avstand: Ca. 6,2 km t/r. Tidsbruk: Ca. 1 t 40 min t/r. Kulturminne På vegen passerar du bl.a. ein «revebås» og ei fangstfelle (meir info på staden). Veldehytta. Foto: Jon Olav Velde SANDEID HOVDA 589 M.O.H. Tilkomst og parkering: Parkering ved Sandeid samfunnshus som ligg på motsett side av Sandeidvegen ved Sandeid kyrkje. Her finn du og informasjonstavle med turkart. Om turen: Frå parkeringsplass følg Helgelandsvegen ca. 500 m, ta av til venstre etter passering av gardstun (stor løe), sjå skilt. Følg så grusa gardsveg ca. 500 m og så traktorveg opp gjennom beiteområde. Følg denne ca. 2 km til stien tar av til venstre frå traktorvegen. Følg stien til toppen. Terreng: Asfaltert veg, grusa gardsveg, traktorveg gjennom beite, vått parti i starten av stien og bratt det siste stykket opp mot toppen. Avstand: Ca. 8 km t/r. Tidsbruk: Ca. 2-2 1/2 timer t/r. Utsikt over Sandeid frå Hovda. Foto: Stine Helen Marken VIKEDAL LYSENUTEN 812 M.O.H. Tilkomst og parkering: Frå Vikedal sentrum tek du av til Vikedalsdalen (Movegen). Køyr ca. 3 km og ta til venstre over Ørnesbrua og følg Movegen, ca. 1 km. Ta så av til venstre til Førland (Eikelandsvegen) og etter ca. 1,8 km er du ved gardsbruket Eikeland. Infotavla står ved vegen. Parkering utpå kanten ovanfor poststativ. Ta omsyn til privat ferdsel. Om turen: Gå mot det nordligaste uthuset i tunet og følg stien oppover mellom to steingardar. Oppe i lia tek stien sørleg retning over på skogsveg. Der skogsvegen tek slutt, gå sørvestover og følg merka sti. Du er nå ved eit flott utsiktspunkt til Sandeid/Vikedal og rett fram til Lysenuten. Du passerer ei myr på vestleg side og kjem til ein god rasteplass kalla Larshidler. Følg merkepinnane til toppen. Alternativ retur er på merka sti mot sørvest, ned mot Hestanipen og ned til Opsal. Terreng: Lett å gå på sti og skogsveg. Litt bratt. Avstand: Ca. 9,4 km t/r. Tidsbruk: Ca. 3,5 timar t/r. Anna: Lysenuten var tidlegare ein bemanna Natostasjon. I dag står eit mindre anlegg for radio, tv og mobilkommunikasjon på toppen, samt det opprinnelege radiolinjebygget. Nordlys over Lysenuten. Foto: Joakim Slettemeås IMSLAND STORØYNA Tilkomst og parkering: Ta av frå fylkesveg 46 til Kvaløy. Følg Kvaløyvegen nedover, ta til venstre i første kryss og til høgre i neste kryss. Følg Storøyvegen over Litløyna og vidare over på Storøyna til du kjem til ein opplagsplass. God plass for parkering. Om turen: Frå opplagsplassen ta til høgre inn på traktorveg og følg denne. Det er ein bratt bakke i byrjinga av vegen, resten går litt opp og litt ned. Har du ei god barnevogn og likar litt ekstra styrketrening på turen er det mogleg å ta den med, men det er tungt. Turkassen står ved enden av traktorvegen. Her kan du snu og gå same vegen tilbake. Vil du ha litt ekstra utfordring kan du fortsetja vidare rundt øya. Då må du ha gode sko, for der traktorvegen tek slutt er det ganske blautt. Deretter kan du følgja ein sti eit lite stykke før du kjem til nokre små bratte parti på litt berg som kan vera glatte og kor stien ikkje viser så godt. Så har du gått rundt øya og kjem ut ved parkeringsplassen ved båthamna. Følg vegen tilbake til parkeringsplassen. Terreng: Traktorveg (t/r) og sti, myr, berg på rundtur. Avstand: Ca. 2,6 km t/r og ca. 2,1 km rundtur. Tidsbruk: Ca. 45 min t/r og rundtur. Vanskegrad: Grøn tur. Anna: Kvaløy har og friluftsområde med badeplass og toalett. Til Storøyna. Foto: Friluftsrådet Vest ØLEN SKUKKANE 574 M.O.H. Tilkomst og parkering: Følg E134 austover frå Ølen til Opheim (Olalivegen). Parkeringsplass på fjellet ved Opheim. Avgift. Om turen: Skukkane er fjellet nordaust for parkeringsplassen på Opheim. Frå parkeringsplassen kryss bekk og følg den gamle stien til Olalia. Etter berre 30 m ta av mot nord. Stien følgjer lia mot nordaust, først gjennom bjørkeskog, seinare i ope terreng. Turen til Skukkane er ein kort tur og det er difor merka ein rundtur vidare om Keisarholi og Røde Korshytta: Frå Skukkane går stien mot Grasdalen i aust, kryssar dalen og svingar mot nordaust. Frå Keisarholi/Gudmundsnuten får du fin utsikt mot

Etne, Folgefonna m.m. Stien går mot sør om Tråstølen og ned til Røde Korshytta. Følg stien/vegen som turistforeininga har merka tilbake til utgangspunktet. Terreng: Turveg, sti, myr. Avstand: Ca. 3 km t/r ( ca. 6 km rundturen). Tidsbruk: Ca. 1-1 ½ t t/r (ca. 2-3 t rundturen). Frå Skukkane ser du det meste av Ølen og Ølensvåg. Foto: Torbjørn Ruud ØLENSVÅG KÅTANUTEN 534 M.O.H. 6 tilrettelagde turar BJOA VIKESTØLEN 320 M.O.H. Tilkomst og parkering: Frå Bjoavegen ved Innbjoa ta av i kryss skilta til Dalen. Følg Eikåsvegen sørover dalen ca. 5 km heilt fram til Eikås. I enden av vegen er parkeringsplass og informasjonsskilt. Om turen: Første del av turen går langs beite og vidare i fint skogsterreng, lett skrånande oppover dalen. Følg skogvegen heilt fram til Vikestølshytta. Halvvegs opp, på Høgerotten, er det utplassert bord med benker. Her er utsikt til Bjoavatnet og fjorden. Vel framme ved hytta kan du nyte utsikta sørover dalen mot Eikesdal i Vats. Nistepakken kan du nyte inne i stova eller ute på terrassen i solveggen mot sør. Frå Vikestølen kan du gå vidare mot nye turmål. Det er merka løype til Trollafjell (595 m.o.h.) og derfrå til Vikebygd. Du kan også gå ned til Vikebygd på skogsveg frå Vikestølen via Langavatnet. Merka løype sørover dalen viser veg til Eikesdal via Veldehytta i Vats. Vikestølen er også eit mykje brukt turmål i skisesongen. Terreng Skogsterreng i lett skrånande dal. Avstand: Ca. 5,4 km t/r. Tidsbruk: Ca. 1,5 times t/r. Vanskegrad: Grøn tur. Anna: Bjoa idrettslag og Vikebygd idrettslag er eigarar av hytta. Hytta står open for turgåarar, med moglegheit for overnatting. Kulturminne: Mogleg å gå frå parkeringsplassen til «Arquebus»-hytta. Meir info på nettsida til kommunen. Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 i Ølensvåg mot Bjoa, ca. 2,5 km til Lunde. Parker på oppsida av Bjoavegen ved Kråkedalsvegen. Om turen: Frå parkeringa er det merka til godt synleg sti, som etter kvart går inn i skogen. Bra stigning her inne. Etter kvart kjem du ut av skogen i Skaret og ser at dette er ein tur som vil gi deg ei fantastisk utsikt når du kjem opp på toppen. Ta av til høgre i Skaret og du kan ikkje misse stien. Vel oppe på toppen kan du sjå innover mot Sunnhordlandsfjella, Fjellberg, Ølensfjorden og Haugalandet. Terreng: God sti gjennom skog i bratt terreng. Avstand: Ca. 3,6 km t/r. Tidsbruk: Ca. 2,5 time t/r. - for alle, men her kan du og gå med barnevogn, sykla og bruka rullestol SANDEID - SENTRUM VIA HELGEVOLL Tilkomst og parkering: Du kan starte turen enten ved Sandeid kyrkje/samfunnshus oppslagstavle ved parkeringsplass, eller ved Teknisk bygg i sentrum av Sandeid. God parkering begge stader. Om turen: Dersom du startar ved kyrkja følg gangvegen langs fylkesvegen (Sandeidvegen) til krysset Sandeidvegen/ Saudavegen og vidare langs Saudavegen til avkøyringa til Teknisk bygg (Østbøvegen). Turen går vidare på gardsveg til du kjem til Rødneelva og så på traktorveg langs elva fram til Rødnebrua. Her finn du turkassen. Der tar du til venstre og følgjer Helgelandsvegen tilbake til utgangspunktet. Terreng: Asfalt- og grusveg. Sentrumsnært område med lite bakkar. Avstand: Ca. 3 km (rundtur). Tidsbruk: Ca. 45 min (rundtur). ØLEN GAMLE POSTVEGEN Tilkomst og parkering: Parker ved svømmehallen eller ved SR-bank Stadion i Ølen. Om turen: Følg vegen Øverhagen frå Steinbru ved Fatland Slakteri ca. 600m. Følg Hellevadvegen (gamlevegen mot Etne) i ca. 4 km. Postkasse med turbok er ved tyskerhòlene på Fikse. Terreng: Turveg. Avstand : Ca. 10 km t/r. Tidsbruk: Ca. 2 2,5 timar t/r. Gamle postvegen mellom Ølen og Fikse. Foto: Torbjørn Ruud. Langs Rødneelva. Foto: Gro Heggebø. SKJOLD - LIKVIK Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 til Skjold i plankryss, følg skilt til Skjold i rundkøyringa på Skjoldavikvegen. Kjør ca. 1 km til skilt med Vikanes på venstre side. Parkeringsplass ligg på høgre side oppe i bakken. Om turen: Start og mål på Vikanes. Gå forbi Skjold Arena og barnehagen, utover Vikaneset, til vegen deler seg. Ta til høgre og så til venstre etter ca. 150 m. Følg grusveg ned til Likvik. Litt bratt bakke ned. Her er strand, benker, gapahuk og toalett. Turkassen finn du på gapahuken. Terreng: Ein del flate parti, men også nokre bakkar. Både asfalt og grus. Avstand: Ca. 2 km t/r. Tidsbruk: Ca. 45 min t/r. VATS FRÅ AURDAL TIL FJELLGARDSBAKKEN Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 ved tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal (Aurdalsvegen). Følg denne vegen til endes 1,4 km og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle. Om turen: Følg traktorveg heilt opp til Fjellgardsbakken. Vegen går langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i slakt terreng til du kjem til Aurdalselva på ny, ved Fjellgardsbakken. Gjennom Aurdalsdalen var det ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid i gamle dagar. I dag går det traktorveg innover heilt over til Steinsland i Sandeid. Du finn ein del namneskilt langs vegen innover. Ved brua på Fjellgardsbakken er det sett opp benk og turkasse med bok i. Terreng: Lett å koma seg fram på fin grusveg. Avstand: Ca. 3,4 km t/r. Tidsbruk: Ca. 1,5 time t/r. Foto: Jon Olav Velde På veg opp til Kåtanuten. Foto: Vindafjord kommune På veg til Vikestølen. Foto: Ingrid Johannessen Likvik. Foto: Sverre Emil Grunnaleite. Rasteplassen ved Fjellgardsbakken.

VIKEBYGD RUNDTUR RUNDT «NULLEN» Tilkomst og parkering: Parkering ved Vikebygd bygdahus som ligg ved idrettsanlegget nord i bygda. Om turen: Turen startar på vestsida av fylkesvegen, følgjer sykkelstien 100 meter og tek av inn mot barnehagen og skulen. Gå inn porten til barnehagen og vidare forbi skulen. Ta gjerne ein pause og prøv dei unike styrketreningsapparata i treningsparken på nedsida av skulen. Fortset så ned bakken på sykkelstien, forbi trygdebustadane og ned til Plassabakeriet. Helgene sommarstid vil du kunne ta deg ein matbit her. Hald fram langs sjøen bort til småbåthamna. Her finn du turkassen. Dette er ein flott plass å ta pause eller ta eit bad i sjøen. Etterpå går du opp forbi kyrkja til fylkesvegen, følgjer denne nordover og inn på sykkelstien igjen oppe ved butikken. Følg sykkelstien tilbake til bygdahuset. Terreng: Asfaltert veg. Avstand: Ca 2,4 km. (rundtur). Tidsbruk: Ca. 30 min (rundtur). IMSLAND ØREVIKVEGEN Tilkomst og parkering: Ta av frå fylkesveg 46 (Saudavegen) i Ølmedal og sving til venstre i krysset ned til Imslandssjøen og parker nede ved kyrkja. Du kan og parkera oppe ved bygdahuset i Ølmedal. Om turen: Ørevikvegen er ein del av den gamle hovudvegen mellom Haugesund og Sauda. Vegen vart rusta opp som eit kulturminne på 1990-talet. Turen startar ved gardstunet på Imslandsgarden. Langs vegen er det infoskilt om vegen, planter og tre og det er rasteplassar m/ benker. Turkassen finn du ved rasteplass i siste del av turvegen. Etter turen er det fint å gå ned til Imslandsjøen og bada. Terreng: Grus- og asfaltveg Avstand: Ca. 4,8 km t/r (frå kyrkja) Tidsbruk: Ca 1,0 time t/r. Felles informasjon 9 turar I brosjyren finn du informasjon om 9 ulike turmål i Vindafjord kommune. Dersom du går alle desse turane i perioden 24.03.2017 01.11.2017 er du med i trekninga av gåvekort på kr. 2 500 kr. På kvart turmål finn du turkasse med eit kodeord og ei bok til å skrive namnet ditt i. Noter kodeord på tilvist plass i brosjyren kodeorda vil til slutt bli ei setning. Når du har alle orda på plass, send inn brosjyren til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, innan 12.11.2017. 6 turar I tillegg er det lagt til rette 6 lettare turar for alle, også for barnevogner, sykkel, rullestolbrukarar og rørslehemma. Her er det også sett opp turkassar med kodeord og ei bok til å skrive namnet i. Ved innlevering av brosjyre er du med i trekning av gåvekort. Same opplegg som for dei 9 andre turane. Fargekodar for kor hard turen er Svart : Krevjande Raud: Hard Blå: Middels Grøn: Lett (enkelte er også tilrettelagt for sykkel, barnevogn og rullestol). #VakreVindafjord Båthamna i Vikebygd. Foto: Vindafjord kommune Ørevikvegen. Foto: Vindafjord kommune Andre organiserte turar 2017: TellTur (i samarbeid med Friluftsrådet Vest) Nå kan du registrera turane dine elektronisk, enten med SMS eller direkte på nettet, og vera med i konkurranse om å nå flest turmål i Nord-Rogaland og Sunnhordland. I år vil det vera over 100 turmål i vår region med i TellTur-programmet. Opprett din eigen brukar på nettportalen TellTur (www.telltur.no), finn nye turmål og registrer turane dine. Her kan du halda oversikt over turane og poenga dine og konkurrera med deg sjølv og andre om fine premiar. Meir info på TellTur! 23. april Skjold på tvers (www.iskjold.no) 29.april Opning av Gamle postvegen, Ølen-Etne (Annonsering kjem) 05. juni Ølmedal rundt (www.vindafjord-il.no) 08. juli Hestanipen opp 509, Vikedal (www.vindafjord-il.no) 26.august Roatoppen opp, Ølen (www.roatoppenopp.no ) 03. september 4-nutarstur, Vats (www.vatsnett.com) 29. oktober Hardhausen, Vikebygd (www.vikebygd.org) God tur! Hugs bandtvang og vis omsyn. NB! Enkelte turmål er først tilgjengeleg når snøen er vekk.

KODEORD (6 turar) Sandeid - Sentrum via Helgevoll KODEORD (9 turar) Vikebygd Dyraskorfjell INFORMASJON Skjold Likvik Skjold - Valåsen ølen - Gamle postvegen Vats - Veldehytta Vats - Aurdal til Fjellgardsbakken Sandeid - Hovda Vikebygd Rundtur rundt «nullen» Vikedal - Lysenuten Imsland - Ørevikvegen Imsland - Storøyna Ølen - Skukkane Namn: Adresse: Ølensvåg Kåtanuten Poststed: Bjoa Vikestølen Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år Ut På Tur i Vindafjord vart støtta av: Namn: Adresse: Poststed: Vindafjord kommune Kulturkontoret Rådhusplassen 1 5580 ØLEN Telefon: Alder: Under 15 år Over 15 år