Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Informasjon til foreldre

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Informasjonshefte Tuv barnehage

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

10/60-14/N-211//AMS

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Bjørnehiet SFO - informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

Bli kjent med Orre Barnehage

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Plan for Liabygda SFO

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

SEIM BARNEHAGE Velkomen til nytt barnehageår

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

ÅRSPLAN FOR SFO SELJORD BARNESKULE TLF SFO: /

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Vedtekter kommunale barnehagar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Å fremje felles interesser til beste for barnet

SAMARBEIDSRUTINER FOR OVERGANG HEIM- BARNEHAGE I SKODJE KOMMUNE

ÅRSPLAN GARNES SFO

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Årsplan for

Du må tru det for å sjå det

Transkript:

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått barnehageplass i Lonevåg barnehage fram til skulestart, dersom de ikkje seier opp plassen før det. Me gler oss til å ta imot dykk, og ser fram til å verta kjent med dykk. For at opphaldet i barnehagen skal verta til barnet sitt beste må me personalet i barnehagen og de foreldre samarbeide godt. Det å ha barnet i barnehage er kan hende nytt for dykk, og me vil her gje litt informasjon om rutinar og reglar, og korleis barnehagen fungerer. Om Barnehagen Lonevåg barnehage har seks avdelingar. Me kan ta imot born i alderen 1-5 år. Barnehagen er ein heildagsbarnehage med opningstid frå kl. 7.00-16.30 kvar dag. Osterøy kommune opna barnehagen i januar 2005, tidlegare var det sjukeheim i lokala. Fossen og Solbjørghagen barnehage flytta inn på kvar si avdeling, etter kvart har barnehagen vorte utvida. Inneareal Barnehagen har to fløyer, med to avdelingar på kvar fløy og to avdelingar er i kjellaren. Me har romslege og gode lokale. Uteareal Uteplassen ligg i nær tilknyting til lokala inne. Den er stor, med variert terreng og fine klatretre. Nærmiljøet Me har svært gode høve til turar og leik nær barnehagen, så me prøver å vera mykje ute året rundt. Me kan nytta områda i Åsdalen, Kråkedalen eller ved Husavatnet, og det hender me nyttar idrettsanlegget til idrettsdagar eller som eit turmål. Lonevåg sentrum med t.d. bibliotek ligg også ein gå-tur unna. Grunnbemanning Me har Styrar i 100 % stilling, styrarassistent i 50% stilling, pedagogisk leiarar, fagarbeidar og assistentar. Til saman ei grunnbemanning på 23,5 heile stillingar. I tillegg kan me søkja om ekstraressurs til born med behov for særleg hjelp og støtte. Særleg hjelp og støtte Barnehagen vil m.a. ha kontakt med Pedagogisk psykologisk teneste ( PPT) og Familiens hus. Der kan foreldre og barnehagen kan søkja råd og hjelp dersom det skulle vera naudsynt. Teieplikt og politiattest Alle fast tilsette og vikarar i barnehagen har gjort seg kjend med og underteikna teieplikt. Dette inneber at uvedkommande ikkje får kjennskap til personlege og private tilhøve som vedgår foreldre og born som går i barnehagen. Alle som arbeider i barnehagen må også levera politiattest. Praksisopplæring Barnehagen tar imot lærling når dette har vore aktuelt. Me er og praksisbarnehage for studentar frå Norsk lærarakademi. Ofte har me òg elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande her i korte og lenge periodar. Alle som av ein eller anna grunn er innom barnehagen for å læra, observera eller arbeida skriv under på teieplikt.

Praktiske opplysningar Tilvenningstid Me ynskjer at borna skal få så god start i barnehagen som mogleg. Dei fyrste dagane er det trygt og godt å ha mor eller far med når dei skal bli kjende med personalet og dei andre borna. Me her i barnehagen vil prøve å få borna med i leiken, og ynskjer å skape gode relasjonar til borna slik at dei kan kjenna seg trygge utan foreldra. Nokre born finn seg fort til rette medan andre born brukar lengre tid. Dei fyrste dagane må ein av barnet sine næraste vera der heile tida. Det er viktig at borna får bruke tid på å verte trygge her slik at opphaldet i barnehagen kan kjennast positivt for både borna og foreldra. Lengde på tilvenninga og kor tid barnet kan vera her aleine vil vera individuelt. Når borna har starta i barnehagen er det viktig at dei kjem regelmessig slik at dei blir kjende med dei andre borna og kjenner samhald med dei. Borna får ein fast vaksenkontakt som står ekstra nær og kan vera ei trygg støtte. De foreldre vil få tilbod om ein samtale med barnet sin kontaktperson i løpet av den fyrste tida. Dette møtet vert ei utveksling av informasjon, synspunkt og spørsmål i samband med barnet og oppstart i barnehagen. Frammøte Når borna av ulike grunnar ikkje kjem i barnehagen ein dag er det viktig at de gjev beskjed om dette dagen før eller same morgon. Dersom borna kjem seinare enn 9.30 vil me gjerne ha beskjed om dette. Det same gjeld dersom dei skal hentast før 14.30. Foreldra har det fulle ansvar for transport til og frå barnehagen for borna sine. Borna skal fylgjast inn i garderoben og hjelpast med kleda når dei kjem, det same gjeld ved henting. Dersom andre enn foreldra skal hente borna må dette avtalast med barnehagen på førehand. Me vil be dykk være nøye med tidene for henting. Barnehagen stenger kl. 16.30, då er personalet ferdig med sin arbeidsdag, og alle borna må vera ute av barnehagen. Ferie Lonevåg barnehage er til vanleg stengt 3 veker i juli. Alle borna må ha minst 4 veker ferie i løpet av året. Den 4. ferieveka må vera planlagt og takast ut heil, eller delast på romjula og påskeveka. Jfr. vedtektene Sjukdom Dersom borna vert sjuke slik at allmenntilstanden er dårleg, og / eller dei ikkje kan vera ute, skal dei haldast heime. Ved at sjuke born blir heime er faren for at andre vert smitta mindre, og ein unngår sjukefråvere både for born og personale. Dersom borna vert sjuke eller skadar seg medan dei er i barnehagen, vil de foreldre straks få telefon om dette slik at de kan få henta borna heim så snart som mogeleg. Utstyr til barnet Borna må ha med klede som høver for leik ute i allslags vær. Borna bør ha minst eit heilt klesskift i barnehagen, og alle bør ha tøflar/innesko. Foreldra har ansvaret for at borna har alt dei treng i korgene sine, og å halde orden på barnet sin plass i garderoben.. Hugs å merka klede, sko, o.a. med barnet sitt namn! Bruk merkelappar (det heng brosjyre over slike merkelappar på oppslagstavla), eller tusj til å merka med. Skitne/våte klede må de ta med heim. Måltid Borna får all mat i barnehagen i staden for å ha med seg matpakke. For dette betalar de matpengar. Deni dekkjer også frukt, drikke, baking og tilstellingar for born og vaksne. Me har smørjemåltid til frukost, og smørjemåltid eller varm mat til lunsj. Frukosten i barnehagen er frå 7.30 til 08.30

Turar i privatbilar Det hender at me tar turar ut av barnehagen i privatbilar. Me ber dykk difor å skrive under på eit skriv i barnehagen dersom de gjev løyve til dette. Dette skrivet får de på oppstartssamtalen Endring av tid/oppseiing av plass Dersom de ynskjer å auka opp, redusera eller sei opp barnehageplassen skal dette gjerast skriftleg til styrar ved barnehagen. Oppseiingstida er ein månad, rekna frå den 1. i kvar månad. Dersom de likevel ikkje ynskjer barnehageplass frå hausten må de sei opp innan 1.6. for å unngå å betale for august. Kommunale vedtekter Osterøy kommune har eigne vedtekter for dei kommunale barnehagane i Osterøy. Vedtekter får de på foreldremøtet. Pedagogisk årsplan Barnehagen vil kvar haust utarbeida ein pedagogisk årsplan. Årsplanen gjev ei oversikt over barnehagen si drift, mål og metodar. Barnehagen sitt samarbeidsutval skal godkjenna denne planen. Styrande organ Foreldreråd Foreldrerådet er samansett av foreldre/føresette til alle borna i barnehagen. Styrar kallar inn til foreldremøte kvar haust. Ein vel då representant og vararepresentant til samarbeidsutvalet for barnehagen. Foreldrerådet kan halda møter på eige initiativ utan at personalet er med. Foreldra har ei stemme for kvart barn dei har i barnehagen. Foreldrerådet har til oppgåve: - å vera det formelle organet som gjev foreldra rett til medbestemming på verksemda i barnehagen - å fremje samarbeid mellom heim og barnehage - å drøfta og uttale seg i saker som angår foreldre og born i høve til barnehagen. Samarbeidsutval Barnehagen sitt samarbeidsutval trer i kraft ved byrjinga av barnehageåret, og er samansett av valde representantar frå foreldrerådet, dei tilsette og eigar - Osterøy kommune. Desse vert vald for eit år om gongen. Samarbeidsutvalet skal verta førelagt og har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen sitt innhald, drift og forhold til foreldra. Slike saker er m.a. forslag til budsjett, driftsendringar, utnytting av ute- og inne areal m.m. Samarbeidsutvalet skal fastsetja ein årsplan for den pedagogiske drifta. Styrar lager sakliste og kallar inn til møte. Styrar deltek som skrivar, men har ikkje røysterett med mindre styrar er vald medlem. Informasjon Foreldremøte Foreldremøte vert de kalla inn til skriftleg to gonger årleg. På foreldremøta vert det gjeve viktig informasjon, og der kan de vera med å påverka innhaldet i barnehagen. Foreldresamtalar Ikkje alle saker kan diskuterast på foreldremøte eller i garderoben. De vert difor invitert til til foreldresamtalar haust og vår. Dette er ein samtale mellom foreldre og pedagogisk leiar om ting som har med ditt barn og barnehagen å gjera.

Oppslagstavle Me ber dykk fylgja med på oppslagstavla i garderoben der me informerer om kva som skal skje i barnehagen, og saker som me meiner er viktig for dykk å få kjennskap til. I tillegg vert det sendt ut informasjon på e-post, facebook-gruppa eller i papirform når det er særlege ting me vil informera om. Facebook - gruppe Lonevåg barnehage har ei lukka gruppe på Facebook. Det vil seie at berre foreldre som har barn i Lonevåg barnehage vil ha tilgang til sida. Når barnet sluttar i barnehagen vil foreldra bli meldt ut av gruppa. Sida vert i fyrste omgang ei informasjonsside der foreldre kan oppdatere seg og halde seg underretta om kva som skjer i barnehagen. Informasjon vil framleis verte hengt opp på plassar i barnehagen der de er vant til å finna informasjon frå før. Innspel, spørsmål, tankar og idear er velkomne og kan formidlas til administrator av sida. Ein kan ikkje forvente svar frå personalet utanfor arbeidstida. Me har nokre retningslinjer for denne sida som me ber dykk lese når de vert meldt inn. Planleggingsdagar barnehageåret 2016/2017 Barnehagen har fem planleggingsdagar i året, då er barnehagen stengd. Måndag 8. august 2016 Tysdag 9. august 2016 Fredag 11. november 2016 Måndag 2. januar 2017 Fredag 3. februar 2017 I romjula og på måndag, tysdag og onsdag før skjærtorsdag er barnehagen open. Vi gjer merksam på at barnehagen er stengd jule- og nyttårsaftan, og onsdag før skjærtorsdag stenger me kl. 12.00. Satsar for foreldrebetaling 3 dagar pr. veke 2165,- pr.mnd 4 2465,- «5 2730,- «Merk at ingen foreldre skal betala meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Syskenmoderasjon 30 % for 2. barn 50 % frå og med det 3. barnet Satsar for matpengar: Frukost, lunsj og frukt dagar pr. veke pr. mnd 3 kr. 200,- 4 kr. 250,- 5 kr. 300,-