1 Årsmelding frå 2015 Soknerådet har hatt følgjande soknerådsmedlemar 01 01 31 10 2015 Rune Berglid - leiar Grete-Elin Roset - nestleiar Odd Magne Nygård - kasserar Grete-Elin Roset Gunnhild Bergset Anne Stubdal Sokneprest Mari Saltkjel Varamedlemar: Knut Sigurd Gald Aud Kirsten Ulvedal Isak Gald Randi Oddveig Jøingsli Astrid Randi Berglid Bakken Rune Berglid og Grete-Elin Roset var valde til medlem og varamedlem i Stryn Kyrkjeleg Fellesråd frå 01 01 30 11 2015. Soknerådet har hatt følgjande soknerådsmedlemar 01 11 31 12 2015 Rune Berglid - leiar Bente Østreim Ulvedal - nestleiar Ragnhild Roset Odd Magne Nygård - kasserar Randi Oddveig Jøingsli Sokneprest Mari Saltkjel Varamedlemar nytt soknerådet Astrid Reidun Berglid Bakken Rune Rebni Pedersen Gunnhild Bergset Anne Stubdal Isak Gald Rune Berglid og Bente Østreim Ulvedal vart valde til medlem og varamedlem i Stryn Kyrkjeleg Fellesråd frå 1.12.2015. Soknerådsmøte og bokførte saker I meldingsåret er det halde 10 soknerådsmøte og bokført 105 saker. Tilsette I 2015 har desse tilsette gjort teneste i kyrkjelyden Sokneprest: Mari Saltkjel Kateket: Beate Nes Organist: Kyrkjetenar og reinhaldar: Kyrkjegardsarbeid: Vert utført av andre tilsette i Stryn Kyrkjelege Fellesråd Sekretær: Kirsten Lønne 01 01 01 08 Knut Sigurd Gald 01 07 31 12 Utval, komitèar og verv 2011 2015 Trusopplæringsutval: Vemund Øiestad, Eli Berg, Roar Bergset, Linda Håøy, Rune Berglid(leiar) Diakoniutvalet: Ottar Ulvedal, Sidsel Bergset, Aud Ulvedal, Grete-Elin Roset(leiar) Gudsteneste- og musikkutval: Ragnhild Roset, Maria Roset Sølvberg, Anne Stubdal, (leiar) og soknepresten.
Utval for inventar og utsmykking (UIU): Judith Bergset, Gunnhild Bergset og Knut Sigurd Gald(leiar) Medlem i Kyrkjeleg fellesråd: Rune Berglid (medlem), Grete-Elin Roset (vara). Rune Berglid vart valt til leiar for fellesrådet frå 01.12.2011 til 01.12.2015. Han er på ny valt som leiar. Medlem i Nordfjord Prostiråd: For prestegjeldet møter Elsa Ommedal. Rune Berglid er 1. varamedlem. Medlem i Trusopplæringsrådet: Odd Nygård I styret for Kyrkjeklokka Bladlag : Knut Sigurd Gald. Han er også ein av tre redaktørar av Kyrkjeklokka. Bibelkontakt: Åse Sætre Bergset Kontakt for Kirkens Nødhjelp: Anne Stubdal Misjonskontakt: Ottar Ulvedal Grøn kyrkjelyd: Gunnhild Bergset (leiar),, Matias Sølvberg. Kjøkenansvarleg: Utval, komitèar og verv 2015 2019 Trusopplæringsutval: Vemund Øiestad(leiar), Roar Bergset, Linda Håøy, supplerast med ein Diakoniutvalet: Ottar Ulvedal, Aud Ulvedal, Grete-Elin Roset(leiar) Gudsteneste- og musikkutval: Ragnhild Roset, Maria Roset Sølvberg, Anne Stubdal, organisten(leiar) og soknepresten. Utval for inventar og utsmykking (UIU): Judith Bergset, Gunnhild Bergset(leiar) supplerast med ein Medlem i Kyrkjeleg fellesråd: Rune Berglid (medlem), Bente Østreim Ulvedal (vara) Medlem i Nordfjord Prostiråd: Rune Berglid er vår kandidat Medlem i Trusopplæringsrådet: Odd Nygård I styret for Kyrkjeklokka Bladlag : Knut Sigurd Gald. Han er også ein av tre redaktørar av Kyrkjeklokka. 2
Bibelkontakt: Johanna Myklebust Kontakt for Kirkens Nødhjelp: Ragnhild Roset Misjonskontakt: Ottar Ulvedal 3 Grøn kyrkjelyd: Gunnhild Bergset, Matias Sølvberg(leiar), Rune Rebni Pedersen. Kjøkenansvarleg: Medlem av Bispedømerådet: Vemund Øiestad vald hausten 2015 for perioden 2016-2019 Plan for verksemda Dette er soknerådet sin eigen detaljerte plan for arbeidet i kyrkjelyden. Den skal reviderast annakvart år. Plan for verksemda vart revidert i 2014. Gudstenestelivet Soknepresten og soknerådet har hatt fokus på gudstenestelivet i kyrkjelyden. Det gjeld spesielt talet på gudstenestedeltakarar, spørsmålet om kor mange gudstenester vi ønskjer å feire i Nordsida kyrkje per år, samt kor mange gudstenester vi skal ha med innhald ut over det som er bestemt i den lokale liturgien. Døme på slikt innhald kan vere korsong, barne- og familiegudstenester, vandringar i kyrkjerommet, spesielle invitasjonar i samband med trusopplæringsplanen og så vidare. Soknerådet har halde fram med arbeidet med å aktivisere frivillige til gjennomføring av gudstenestene. Dette gjeld tekstlesaroppgåvene/medliturg, medhjelpar ved nattverden, kyrkjevert og blomar på alteret. Det er vanlegvis kyrkjekaffi i sidesalen etter gudstenestene. Oppmøtet tyder på at kyrkjelyden set pris på det sosiale samværet etter gudstenestene. Musikk- og gudstenesteutvalet har arrangert julekonsert. Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp var gjennomført med hjelp av konfirmantar og frivillige. Konfirmantane går rundt i bygdene og samlar inn pengar. Aksjonen vart organisert av soknerådet. På årsmøtet 2012 kom det fram ynskje om å kunne samanlikne dei tala som vart presenterte for årsmøtet med tal frå tidlegare år, sjå tabell under År Gudstenester, inkl. skulegudstenester Naustmesse, støylsmesse Deltakarar ved Gudstenestene Nattverdsgjester Døypte Vigslar Gravferder 2015 21 1284 258 4 0 8 2014 22 1613 265 3 1 6 2013 21 1575 436 3 1 5 2012 19 1608 391 4 1 3 2011 19 1316 361 5 1 10 2010 19 1132 331 5 2 1 2005 21 1772 439 3 0 1 2002 24 2317 413 6 0 1 1992 20 2364 453 13 1 9
Utvala 4 Diakoniutvalet har ikkje hatt møte i 2015 men medlemane har hatt kontakt seg i mellom. Utvalet har hatt ansvaret for utdeling av blomster til eldre på fødselsdagar, både dei som bur i bygdene og dei som er på omsorgsentra eller eldrebustad. Dei sistnemnde får og helsingar til jul. Seniortreffa har vore eit godt tilbod i heile 2015. Gudsteneste- og musikkutvalet har ikkje hatt møte i 2015, men dei arrangerte julekonsert etter god gammal tradisjon. Gruppa for Grøn kyrkjelyd i Nordsida sokn har ikkje hatt noko møte i 2015. Derimot har vi fullført eit prosjekt vi vedtok i 2014. Det gjeld eit skikkeleg søppelsorteringssystem på kjøkkenet i kyrkja. Det er no innkjøpt 4-delt sorteringssystem for kjøkkenbenk i tillegg til stort skap ved sida av benken der det er plass til store kvantum restavfall i tillegg til ein ekstra behaldar for papir. Dette systemet skal merkast og brukast i alle samanhengar til små og store samkome i kyrkja. Vi vonar at alle som gjer kjøkkenteneste i kyrkja set seg inn i sorteringssystemet slik at det kan brukast etter intensjonane. Elles har gruppa for Grøn kyrkjelyd venta på klarsignal frå prostigruppa sine to representantar når det gjeld ein venta aksjon i samband med minisering av unødig kast av mat. Etter samtale med Jon Ytrehorn i desember 2015 kan det forståast slik at retningslinjene for denne aksjonen/dette prosjektet er like om hjørnet. Vi ventar i spenning på korleis vi som kyrkjelyd kan aktiviserast i denne samanhengen. Trusopplæringsutvalet har hatt 2 møter i 2015. Dei arrangerte temakveld med Olav Sigurd Gundersen med tema om kristne symbolbruk om Gud Utval for inventar og utsmykking har ikkje vore aktiv i 2015. Frivillige medarbeidarar Nordsida kyrkje er heilt avhengig av frivillige i dei fleste av kyrkja sine oppgåver. I meldingsåret har det vore eitt møte/fest den 14. oktober 2015 med representantar for dei frivillige lag/organisasjonar i kyrkjelyden. I møte med soknerådet møtte representantar for Ungdomsklubben, Seniortreff, Misjonsforeininga NMS Fjelli, Nordsida barnegospel og Diakoniutvalet. Soknerådet sine medlemar, saman med fleire utanom soknerådet, innehar også verv i dei einskilde utvala som er oppnemnt av soknerådet. Desse oppgåvene vert utført av frivillige i samband med gudstenesta: - Blomar på alteret - Tekstlesing/Medliturg - Kyrkjevert - Medhjelpar ved nattverden Til saman har ca 20 personar vore engasjerte gjennom året med desse oppgåvene. Barne og ungdomsarbeidet - Årsmelding frå Nordsida barnegospel 2015 Nordsida barnegospel har dette året hatt ca 30 medlemmar. Vi har hatt 8 øvingar på Fjellvarden (laurdagar frå 10.30-12.00). Øvingane består av andakt, oppvarming, songøkter og leik. Leiarar har også i år vore Hilde C Roset og Maria R Sølvberg. Vi har hatt like mange oppdrag som året før og har syngje på Karnevalsgudsteneste i Nordsida, Påskedagsgudsteneste i Randabygd, Barnefestival i Førde, vårkonsert i Fjellvarden, hausttakkegudsteneste i Randabygd, Forbundsfest i Stryn kulturhus, Luciatog ved julemarknaden og opptreden på julekonsert i Nordsida kyrkje.
5 I år har vi investert i eige utstyr, mikrofonar, høgtalarar med forsterkarar og liten miksepult. - Ungdomsklubben har ikkje hatt aktivitet i 2015. - Sight-Sing og Speidararbeidet som held til i Stryn er og eit tilbod som vert nytta av barn og ungdom frå Nordsida kyrkjelyd. I vår halvåret 2015 var det aktivitet i Sight Sing, men denne starta ikkje oppatt i haust. - Nordsida søndagsskule hadde 20 betalande medlemar i 2015. Vi hadde fem møte på våren, og eit møte i haust. To av møta var i samband med gudsteneste i kyrkja. Der har vore mellom 10-15 born på møta. I haust har vi fått med oss Ragnhild Roset som medhjelpar, det er vi veldig glade for. I august var Linda og Sølvi på eit fellesmøte for søndagsskulane i Stryn og Hornindal. Søndagsskulekonsulenten for Sunnmøre og Nordfjord, Helge Åkernes, var med og orienterte om arbeidet i Møre søndagsskulekrins, som vi no er blitt ein del av. Han hadde og med tips om nytt frå "Sprell levande", som er det fine læringsverktøyet vi får frå Søndagsskulen Norge, med den gode visjonen "JESUS TIL BORNA". Konfirmantopplegget samarbeider med dei andre sokna i Indre Nordfjord. Konfirmantopplegget er utarbeidd av tidlegare kateket Jo Edvardsen og tidlegare sokneprest Kjetil Netland, Stryn. Dei same personane har og laga eit eige hefte til undervisninga. Konfirmantane i Nordsida sokn fylgjer konfirmantundervisninga i Stryn og får tilbod om konfirmantspeiding og meir ordinær konfirmantundervisning. Konfirmantane har 25 undervisningssamlingar gjennom året, etter skuletid eller som friluftsopplegg, dagstur til Nordfjord folkehøgskule, nattcup, felles konfirmanttreff i Indre Nordfjord, aksjon for Kirkens Nødhjelp og deltek på 8 gudstenester i konfirmanttida. Plan for trusopplæring Trusopplæringsplanen for indre Nordfjord er utarbeidd av kateket Beate Nes og sokneprest Mari Saltkjel og vart formeldt godkjent av Bispedømerådet hausten 2015. Soknerådet har med utgangspunkt i denne fellesplanen bestemt kva for oppgåver som skal prioriterast i eigen kyrkjelyd. Det er fleire tiltak i gong i kyrkjelyden: - Dåpsfasen Informasjonsbrosjyre, dåpssamtale og dåpsgudsteneste med dåpslys. - 2 og 3 år Gudsteneste med utdeling av dåpsgåver. - 4 år Gudsteneste med utdeling av fireårsbok. - 6 år Gudsteneste med utdeling av seksårsbok. - 14-15 år Konfirmantane i Nordsida sokn fylgjer konfirmantundervisninga i Stryn og får tilbod om konfirmantspeiding og meir ordinær konfirmantundervisning. Seniorarbeid Det har i 2015 vore 7 seniortreff. På vårparten var det fire treff og tre på hausten. Det siste treffet i haust var 27. november heime hjå leiar. På dei par siste treffa har det vore auka oppslutning og det er gledeleg. Det har kome mange positive tilbakemeldingar. Opplegget har vore som tidlegare, lett underhaldning, god tid til prat rundt varm suppe og kaffi som avslutning på måltidet. Treffa vert avslutta med teksten for etterfølgjande søndag. Møte og arrangement Friluftsgudstenester: - På Naustmessa 2. pinsedag var det 86 frammøtte i Skreddarhagen ved Bergsetnausta. Været var ikkje av det beste og det er nok grunnen til mindre oppmøte enn vanleg. Det var ei fin gudsteneste med flott song av Mannskvartetten. - Friluftsgudstenesta 26. juli var ved Sagedammen på Ulvedal.
Kyrkjebasar: Også dette året vart det satsa på eit enklare basaropplegg som vart avvikla 21. november og starta med samling i kyrkjerommet. Kaféopplegget var i sidesalen og Roset grenda hadde ansvar for kjøkentenesta. Loddsal, kakelotteri og sal av andre varer gjekk føre seg i kjellarstova. Det var godt oppmøte til kyrkjebasaren. Soknerådet vil også på denne måten takke alle som medverka til det fine resultatet. Det er denne årlege tilstellinga som gjer det mogleg å halde oppe aktiviteten i barne- og ungdomsarbeidet, i tillegg til å utføre ein del utsmykkingsarbeid i kyrkja. Kyrkjeklokka Bladlag: Knut Sigurd Gald var valt til å representere på kyrkjeklokka Bladlag sitt årsmøte 2015. Knut Sigurd Gald er medlem av styret og ein av 3 redaktørar. Stryn Frivilligsentral: Grete Elin Roset var valt som representant for soknerådet på årsmøte i Stryn Frivilligsentral. Julekonsert Søndag 20. desember vart det arrangert julekonsert i kyrkja med Gudsteneste- og musikkutvalet som hovudansvarleg. Som vanleg var konserten eit lokalt "spleiselag" der Nordsida barnegospel, Blakset Hornmusikk og fleire lokale solistar, skapte ei variert og fin førejuls stemning. Avtale om kyrkje/misjon Dei tidlegare avtalene om misjonsengasjement er vidareførde også dette året, og kyrkjelyden sine misjonsprosjekt er framleis: - Landsbyutvikling i Mali - Cochabambabarn i bydelen Chiquicollo, Cochabamba i Bolivia Andre saker Saker som er under arbeid eller har vore utført i 2015: - Sluttført arbeidet med å utvide til 15 nye gravplassar. Kyrkjehuset/kyrkjegarden Gravplassen: Det vart bestemt å utvide med 15 nye gravplassar. Lokal entreprenør fekk i oppdrag å utføre oppgåva og ferdigstilte arbeidet i god tid, før Prosten vigsla den utvida delen under gudstenesta 7. juni. Areal til utviding av gravplass på Nordsida utkast til avtale soknerådet si uttale I tillegg har Stryn kommune utarbeidd eit forslag til avtale mellom Stryn kommune og grunneigar Aksel Roset. Det er også utarbeidd eit kart over området som er aktuelt å overta til bruk for gravplass. har ikkje merknad til arealervervet, men soknerådet ber likevel kommunen om å vurdere betre parkeringsmulegheiter inn i reguleringsplanen. Hjarteleg takk! Soknerådet takkar alle tilsette og frivillige som har gjort ein innsats i teneste for kyrkja og kyrkjelyden. Nordsida 31. desember 2015/6. mars 2016 6. Rune Berglid Soknerådsleiar