Energiutgreiing Eid kommune 2013
SAMANDRAG Eid kommune Innbyggarar Storleik husstandar Næringsliv Nybygging Vassboren varme Vasskraft Vasskraftpotensiale Nettutfordringar Hjelle skule. Foto: NRK Kjelde: www.nrk.no/sf/leksikon 5 920 pr. 01.01.2013 Svakt aukande 2,71. Større enn snitt fylke og land. Handel og service, ein del industri og jordbruk I snitt 31 bueiningar/år Skal aukast Potensiale for utbygging Betydeleg ref. NVE Aktuelt ved datalagring i Lefdal Gruver I følgje «Forskrift om Energiutredninger» utgitt av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Frå 2009 er forskrifta endra, slik at rullering berre vert kravd annakvart år. Energiutgreiinga skal beskrive noverande energisystem og energisamansettinga i kommunen med statistikk for produksjon, overføring og stasjonær bruk av energi. Energiutgreiinga skal vidare innehalde ei vurdering av forventa energietterspurnad i kommunen, fordelt på ulike energiberarar og brukargrupper. Endeleg skal energiutgreiinga beskrive dei mest aktuelle energiløysingane for område i kommunen med forventa vesentleg endring i etterspurnaden etter energi. Inkludert i dette skal områdekonsesjonæren ta omsyn til grunnlaget for bruk av fjernvarme, energifleksible løysingar, varmegjenvinning, innanlandsk bruk av gass, tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabiliteringar og verknaden av å ta i bruk energistyringssystem på forbrukssida m.m. Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Tabellen nedanfor viser sentrale nøkkeltal for den stasjonære energibruken i kommunen. Detaljert oversyn finst i vedlegg. Hovudtal for 2012 [GWh] Elektrisitet Petroleum Gass Biobrensel Fjernvarme Totalt Hushald 39,8 0,6 0,2 11,9 0,6 53,1 Hytter og fritidshus 1,2 0,0 0,0 0,0 0,0 1,2 Tenesteyting 26,7 3,3 0,5 0,0 7,5 38,0 Industri 6,0 0,5 0,2 0,1 0,0 6,8 Fjernvarme 0,4 0,0 0,0 0,0 0,0 0,4 Primærnæring 1,9 0,3 0,0 0,0 0,0 2,2 Sum 76,0 4,7 0,9 12,0 8,0 101,7 Det bør utarbeidast eit forprosjekt for utbygging av heile eller delar av byggefeltet Hogaåsen etter passivhusnorm med alternative varmekjelder. Side 2 av 31
INNHALD SAMANDRAG... 2 INNHALD... 3 1 UTGREIINGSPROSESSEN... 4 2 KOMMUNEN... 5 2.1 FOLKETAL OG BUSETNAD 6 2.2 NÆRINGSLIV 7 3 LOKALT ENERGISYSTEM... 9 3.1 INFRASTRUKTUR FOR ENERGI 9 3.2 ENERGIBRUK 12 3.3 VASSBOREN VARME 15 3.4 LOKAL ENERGITILGANG 16 3.5 ENERGIBALANSE 16 4 UTVIKLING ENERGIBRUK... 17 4.1 FRAMSKRIVING AV ENERGIBRUK 17 4.2 UTFORDRINGAR FOR ENERGIFORSYNINGA 18 5 NY ENERGITILGANG... 20 5.1 SMÅKRAFT 20 5.2 VINDKRAFT 21 5.3 BIOENERGI 21 5.4 SPILLVARME 22 5.5 AVFALL 22 5.6 ANDRE ENERGIKJELDER 22 6 AKTUELT OMRÅDE... 23 6.1 HOGAÅSEN BUSTADFELT 23 7 FØRESETNADER... 26 7.1 SPESIELLE FØRESETNADER 26 7.2 GENERELLE FØRESETNADER 26 8 VEDLEGG... 27 8.1 ENERGIBRUK 27 8.2 DEMOGRAFI OG NÆRINGSLIV 28 8.3 ENERGIMERKING AV BYGG 29 8.4 STRAUMNETTET I FRAMTIDA 29 9 REFERANSAR... 30 PUBLIKASJONAR, RAPPORTAR ETC. 30 ILLUSTRASJONAR 30 FIRMA/ PERSONAR 31 Side 3 av 31
1 UTGREIINGSPROSESSEN Som områdekonsesjonær har SFE Nett AS engasjert SFE Rådgjeving til å bistå i utarbeiding av energiutgreiing for Eid kommune i Sogn og Fjordane fylke. Den første energiutgreiinga for Eid kommune vart utarbeidd og presentert i 2004. SFE Kraft AS rullerte utgreiinga for 2009 og 2011. Statistikkane vart ajourførte og utvida i høve til Veileder for lokale energiutredninger 2-09. Endringane var i hovudsak framstilling av energibruk både med og utan temperaturkorrigering og innføring av brukarkategorien Hytter og fritidshus. Det vart lagt inn nye prosentsatsar for temperaturkorrigering og utgreiinga vart oppdatert med omsyn på kjende endringar i framtidige energibehov. Dette kapittelet skildrar kort korleis områdekonsesjonæren har valt å organisere arbeidet med den lokale energiutgreiinga. Samarbeid og eventuell kontakt med andre lokale aktørar vil du finne her. Organiseringa av samarbeidet med kommunen finn du og her. Dette inkluderer både avhelde møte og oversyn over kva delar av kommunen si verksemd som har vore involvert eller bidratt med data. Der det er gjort lokale kartleggingar og innhenting av statistikk som ikkje er offentlig tilgjengeleg, er det gjort greie for kva data som er innhenta, korleis innhentinga er gjort og korleis denne informasjonen er lagra og eventuelt videre bearbeidd. Lote ferjekai. Foto: Nils Ola Strand Rullering 2013 Oppstartsmøte 21. oktober 2013 Stad Frå kommunen For energiverket Rådhuset Elin Leikanger Tore Nyhammer-Taklo Dag Einar Gule Det vart gjort ein grundig gjennomgang av status og framtid. Kommunen bidrog konstruktivt i dette arbeidet. Tidlegare Chr. Larsen Bageri & Conditori, seinare Smørdal og Rasmussen Bakeri. Foto: Isak Hellebust. Fylkesarkivet Fokusområde Ved denne rulleringa har vi sett spesielt fokus på planane for det nye bustadfeltet Hogaåsen. Side 4 av 31
2 KOMMUNEN Geografisk ligg Eid kommune plassert midt i Nordfjordregionen. Frå kommunesenteret Nordfjordeid er det kort avstand til dei andre kommunesentra i Nordfjord og søre Sunnmøre; Måløy, Stryn, Sandane og Ørsta/Volda. Nordfjordeid er eit kommunikasjonsknutepunkt ved at RV 15 frå Måløy til Otta kryssar stamvegen E39 som går lang heile kysten frå Stavanger til Trondheim. Det er og nært samband til flyplassen på Sandane med daglege flyruter til Oslo og Bergen. I tillegg til å vere eit viktig handelssenter i Nordfjord er det viktige offentlege tenester for heile regionen; sjukehus, biltilsyn m.m. Nordfjordeid er ein gamal og velrenommert skulestad, men mest kjend er nok staden som Fjordhesten sitt Mekka. Nordfjordeid har gjennom dei siste tiåra utvikla seg til eit sterkt handelssenter og eit aktivt kultursenter der ikkje minst nyskapingane Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og Gymmen Rockescene og Studio har vekt merksemd langt ut over fylkesgrensene. Her finn vi og det første fjordvarmeanlegget i landet. Energibruk i ein kommune avheng av faktorar som folkesetnad, type bygg, antal personer pr husstand, korleis lokalt næringsliv er sett saman, klimatiske tilhøve med meir. I dette kapittelet har vi tatt med slik informasjon som bakteppe for vidare skildring av energisystemet i kommunen. Vi har og tatt med særeigne tilhøve i kommunen som betyr noko for samansettinga og storleiken på energibruken. Dette gjeld til dømes viktige industri- og næringsverksemder. Alle detaljar om demografi og sysselsetting er å finne i vedlegg. Nattstemning i Remmedalen. Foto: Jarle Åsebø Kjelde: www.starheimsbygda.no Klimadata for Eid Middeltemperatur 6,0 C Nedbørsnormal 2035 mm Graddagstal 4035 Side 5 av 31
Bueiningar pr. år Energiutgreiing Eid kommune 2013 2.1 Folketal og busetnad Utvikling folketal 7000 6000 5000 4000 3000 2000 1000 0 2002 2007 2012 2017 2022 Utviklinga av folketalet i har betydning både for framtidig energibruk i husstandar og dei tenesteytande næringane. Mange kommunar i fylket opplever at folketalet har vorte redusert i større eller mindre grad. Folketal i kommunen Svakt aukande 2,80 2,60 2,40 Personar pr. husstand Det er ein nasjonal trend at storleiken på husstandane vert mindre. Dette ser vi igjen både i fylka og i dei aller fleste kommunane i landet. 2,20 2,00 2002 2007 2012 2017 2022 Husstandar i kommunen Store og stabile Kommunen Fylket Landet 50 40 Nye bueiningar Utviklinga innan nybygging kan gi ein peikepinn på om folk satsar på å bu i kommunen og om det er tilflytting. 30 20 10 0 2002 2007 2012 Nybygging i kommunen I snitt 31 nye bueiningar årleg Hytter og fritidsbygg Her ser vi antal hytter og fritidsbygg i kommunen registrert ved utgangen av kvart år. 500 400 300 200 100 0 2002 2007 2012 Hytter og fritidsbygg i kommunen Stor auke siste åra nesten 500 Mest bygging i Hjelmelandsdalen Side 6 av 31
2.2 Næringsliv Sysselsetting Kommunen Fylket Landet 0 % 20 % 40 % 60 % 80 % 100 % Primærnæring Industri Tenesteyting Primærnæring er sysselsetting innan jordbruk, skogbruk og fiske. Sysselsetting innan industri vert og kalla sekundærnæring. Dei tenesteytande næringane vert ofte kalla tertiærnæringar. Her er både offentleg og privat tenesteyting tatt med. Sysselsetting i kommunen Fordeling om lag som fylkessnittet Dei største verksemdene i kommunen har vore Sibelco Nordic (North Cape Minerals) si gruve i Lefdal, Nordfjord Sjukehus, Norgesvinduet Bjørlo og Bakers. Gruvedrifta i Lefdal er truleg avslutta, LocalHost AS planlegg storstilt datalagring i gruva og Nordfjord Sjukehus er under nedbygging/endring. Det er for tidleg å seie noko om kva dette vil føre til av endra energibruk. Frå Lefdal Gruve Kjelde og foto: www.lefdalgruve.no I denne gruva planlegg LocalHost AS datalagring. Kjelde og foto: www.lefdalgruve.no Norgesvinduet Bjørlo Kjelde: www.norgesvinduet.no Nordfjord sjukehus. Foto: Bjørn Arild Østby Kjelde: www.sykepleien.no Side 7 av 31
Kommunen Samfunnsdelen i kommuneplanen er rullert og vart vedteken i juni 2013. Arealdelen skal rullerast våren 2014. Kommunal enøkplan vart utarbeidd i 2012. Energi- og klimaplanen skal rullerast i 2014. Ein enøkplan for dei største kommunale bygga vart utarbeidd i 2012. Eid kommune har dei siste åra regulert fleire store næringsområde i Eid sentrum. Det er inngått avtaler om kjøp, og ein del er alt under utbygging. Eid kommune skal bygge eit nytt omsorgssenter på om lag 3 500 m², bygget skal stå ferdig om 2 3 år. Det skal byggast ein ny gymsal/ fleirbrukshall på om lag 800 m² på Nordfjordeid. Hogaåsen bustadfelt skal utbyggast. 1. byggetrinn er godkjent for 40 bueiningar og fortetting. Ved full utbygging blir der totalt 130 bustader. Langelandsåsen bustadfelt er planlagt med om lag 170 bueiningar ved full utbygging. Hogaåsen bustadfelt, kjelde: www.nordplan.no Side 8 av 31
3 LOKALT ENERGISYSTEM 3.1 Infrastruktur for energi Lokale energiutgreiingar skal i samsvar med forskrifta inkludere beskriving av infrastruktur for energi og statistikk for denne. Av omsyn til tryggleik, har vi skildra infrastrukturen med tekst. Elektrisitet Nettverksemda er ei monopolverksemd, regulert av Norges Vassdrags- og Energidirektorat. SFE Nett AS har områdekonsesjon for størstedelen av Eid kommune, og eig og driv kraftnettet i kommunen med unntak av området frå Åsebø til kommunegrensa mot Hornindal som er forsynt av Tussa Nett AS. Eid utgjer eit knutepunkt i det regionale 66 kv nettet med transformering mot overliggande 132kV sentralnett som går gjennom kommunen. Hovudinnmating til Eid kommune er på 66 kv frå sentralnettpunktet Leivdal til Eid sekundærstasjon, med nedtransformering til 22 kv distribusjonsnett der. Området frå Lund og vestover er normalt forsynt frå Bryggja transformatorstasjon. Hovudforsyninga til Eid er robust og godt rusta for auka forbruk. Nettverksemda er ei monopolverksemd, regulert av Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Produksjon av elektrisk kraft er underlagt same reguleringsstyresmakt, men her er valt ei konkurransebasert omsetningsform og eigarskapen er spreidd på fleire aktørar. Lokale energiutgreiingar har fokus på lokale tilhøve og då spesielt det som påverkar distribusjonsnettet. Dersom det er tilhøve som tilseier at tiltak i overliggande nett (regionalnettet) er nødvendig av omsyn til det lokale energisystemet, bør dette beskrivast i den lokale utgreiinga. Elles vil slike tiltak normalt vere å finne i dei regionale kraftsystemplanane. I skildringa av det lokale distribusjonsnettet har vi innarbeidd statistikk som kan danne grunnlag for vurdering av leveringstryggleik og framtidig utvikling av nettet i kommunen. Distribusjonsnettet sentralt i Nordfjordeid er bygd ut som eit maska 22 kv kabelnett. Resten av nettet i kommunen er hovudsakleg 22 kv luftnett med radiell drift, til dels med alternative forsyningsvegar. SFE sin montørbase på Eid SFE sitt adminstrasjonsbygg i Florø. Foto: Nils Ola Strand Side 9 av 31
% GWh Energiutgreiing Eid kommune 2013 60,0 50,0 40,0 Hovudtal 2012 Grafen til venstre gir eit oversyn over dei ulike brukargruppene og kva type energi desse nyttar. 30,0 20,0 10,0 0,0 Elektrisitet Petroleum Gass Biobrensel Fjernvarme Hovudtal for kommunen Elektrisitet er den mest nytta energikjelda Tenesteyting brukar mykje fjernvarme Det vert nytta mykje ved til oppvarming av bustader 100,00 99,95 Leveringstryggleik Feil- og avbrotsstatistikk for kommunen er framstilt grafisk her, samanlikna med tilsvarande data for fylkes- og landsgjennomsnittet. NVE sin feil- og avbrotstatistikk er bearbeidd slik at leveringstryggleiken kjem fram. 100 % er alltid straum, 0 % er aldri straum. Detaljane i statistikken ligg i vedlegg. 99,90 99,85 99,80 2002 2007 2012 Kommunen Fylket Landet Leveringstryggleik i kommunen Leveringstryggleiken i 2012 var på 99,981 % Avviket i 2011 skuldast uveret Dagmar Side 10 av 31
Fjernvarme/nærvarme På Eid ligg pilotprosjektet Fjordvarme. Fullt utbygd reknar vi med at 18 GWh forbruk som i dag er el og olje vil verte erstatta med fjordvarme. Dette er tenkt å redusere energibruken med totalt 12 GWh. Bruk av Fjordvarme vil redusere både eksisterande og framtidig el- og oljeforbruk i kommunen. Vi må og rekne med at bruken av kjøling vil auke monaleg i åra som kjem. Vidare reknar med levering av 4 GWh kjøling ved full utnytting av anlegget. Fjordvarme AS tar også oppdrag for andre kommunar, energiselskap og byggeigarar som vurderer å etablere varmepumpeanlegg med energiopptak frå sjø og vatn. I enkelte byar og tettstader er det etablert fjernvarmeanlegg og/eller distribusjonssystem for gass. Denne type system vert beskrive spesielt. Systema beskrivast med installert effekt, type brensel som vert nytta, årleg levert energi, lengde på røyrnett osb. Eventuelle kapasitetsproblem og planlagde utvidingar skal og beskrivast. Gass I samband med utbygginga av Fjordvarme, er det lagt ned 7 km distribusjonsnett for gass i sentrum. Det er montert ein LNG-tank i Øyane og oppstart av leveranse kom i 2008. Forbruket er lite, og har stagnert pga kapasiteten på fordamparanlegget. Det truleg auke litt i 2014 pga omlegging av drifta, og halde seg på dette nivået vidare. Forbruket av naturgass i 2012 var på 0,4 GWh, fordelt slik: Hushald: Offentlege bygg: Privat næring: 0,05 GWh 0,05 GWh 0,3 GWh Fjordvarmegrøft med gassrøyr. Kjelde og foto: www.fjordvarme.no Side 11 av 31
3.2 Energibruk Ved skildring av energibruk til stasjonære føremål i kommunen, er bruken delt opp mellom ulike energiberarar og ulike brukargrupper. Historisk utvikling og prognose for framtidig energibruk er framstilt grafisk i kapittel 4.1. Samansettinga i dagens energibruk er framstilt i form av diagram som illustrerer fordelinga mellom ulike energiberarar og brukargrupper. Vi har nytta SSB si detaljinndeling til dette. Energibruk i kommunen fordelt på energiberar: 100 % 80 % 60 % 40 % 20 % 0 % Energibruk pr. energiberar Kommunen Fylket Landet El Petroleum Gass Bio Fjernvarme Energibruken er delt på følgjande energiberarar: Elektrisitet Biobrensel Gass Petroleum Kol/koks/avfall Energiberarar i kommunen Større bruk av bio og fjernvarme enn snitt fylke og land Energibruk i kommunen fordelt på brukargrupper: Energibruk pr. brukargruppe 100 % 80 % 60 % 40 % 20 % 0 % Kommunen Fylket Landet Hushald Hytter og fritidshus Tenesteyting Industri Fjernvarme Primærnæring Energibruken er delt på følgjande brukargrupper: Hushald Fritidsbustader Tenesteyting Industri Fjernvarme Primærnæring Energibruk pr sektor i kommunen Hushald og tenesteyting brukar mest energi Faktisk energibruk 2012 GWh Hushald 53,1 Hytter og fritidshus 1,2 Tenesteyting 38,0 Industri 6,8 Fjernvarme 0,4 Primærnæring 2,2 Sum 101,7 Klimakorrigert energibruk 2012 GWh Hushald 54,8 Hytter og fritidshus 1,2 Tenesteyting 39,1 Industri 6,8 Fjernvarme 0,4 Primærnæring 2,3 Sum 104,5 Energiutgreiinga viser både faktisk og klimakorrigert energibruk. Faktisk energibruk er den mengda energi som brukast det aktuelle året. Klimakorrigert energibruk er den mengde energi som ville ha vore nytta dersom det aktuelle året hadde hatt middeltemperatur. Alle detaljar om energibruk finn du i vedlegg. Side 12 av 31
Kommunen Fylket Landet Energiutgreiing Eid kommune 2013 Kommunal energibruk Tabellen under viser dei aktuelle byggruppene med energibruk og areal i 2012. Oversyn bygg Energi Areal (GWh) (m²) Administrasjon 0,4 4 000 Barnehagar 0,4 2 089 Skular 1,9 15 380 Institusjonar 0,9 4 608 Idrettsbygg 0,9 2 800 Kulturbygg 0,1 1 333 Sum 4,6 30 210 Tabellen nedanfor viser spesifikk energibruk samanlikna med snitt fylke og land. Spesifikk energibruk (kwh/m²) Energiutgreiinga skal seie noko om energiøkonomisering i kommunen med framlegg til konkrete tiltak. Denne gongen ser vi på kommunale bygg. I dette kapittelet er det sett nærare på energien som går med til å drive dei kommunale bygga. Dette bør vere av stor interesse for kommunane, då ein på denne måten kan sjå kor energieffektiv kommunen er. Etter kvart vil ein og få inntrykk av utviklinga i kommunen sin energibruk. For å gjere framstillinga meir informativ, samanliknar vi nøkkeltal med snitt i fylke og land for tilsvarande grupper bygg. Det finst ingen offentleg statistikk for dette, men vi har bearbeidd verdiar for areal og energikostnader som kommunane sjølve har rapportert inn gjennom KOSTRA (SSB). Administrasjon 109 225 207 Barnehagar 185 240 226 Skular 122 208 211 Institusjonar 190 208 207 Idrettsbygg 310 333 200 Kulturbygg 103 196 115 Energibruk i kommunale bygg Alle byggkategoriane ligg under fylkes- og landssnitt Utfrå normtal, er sparepotensialet i kommunale bygg vurdert slik: Sparepotensiale Kommunen Norm Sparepot. (kwh/m²) (kwh/m²) (kwh/år) Administrasjon 109 215 - Barnehagar 185 195 - Skular 122 174 - Institusjonar 190 236 - Idrettsbygg 310 249 170 000 Kulturbygg 103 237 - Sum 170 000 Her er dei kommunale bygga samanlikna energimessig med tilsvarande bygg på landsbasis. Sparepotensiale kommunale bygg Kring 170 000 kwh årleg referert normtal med dei tala vi har frå KOSTRA Side 13 av 31
Aktuelle tiltak i kommunale bygg I kommunen sin vedtekne energi- og miljøplan (2010) er det mål om å redusere bruken av energi i kommunale bygg med 15% i planperioden. Energifleksibelt areal skal aukast med 20%. Her ser vi på aktuelle tiltak som kan redusere energibruken i dei kommunale bygga. Dette kan vere tiltak retta mot bygningskropp, oppvarmingsutstyr, ventilasjonsanlegg, styringssystem osv. Eid rådhus. Kjelde: www.nrk.no. Foto: Ottar Starheim, NRK. Kommunen utarbeidde ein eigen enøkplan i 2012 som omfattar dei største kommunale bygga. Sparetiltak kommunale bygg Energibruk skal reduserast med 15 % Areal med vassboren varme skal aukast med 20 % Enøkplan utarbeidd i 2012 Side 14 av 31
Hushaldningar Bustadstruktur Dette er ei framstilling som syner korleis folk bur i kommunen. Bur ein stor del av innbyggarane i blokk, vert energibruk pr. husstand lågare enn om dei fleste bur i einebustad. Einebustad 77% Tomannsbustad 4% Rekkehus 8% Bustadblokk 6% Bufellesskap 1% Andre byggtypar 3% Bustadstruktur i kommunen Dei aller fleste bur i einebustad 20 000 15 000 10 000 5 000 0 Energibruk pr. husstand I grafen og tabellen til venstre ser du eit oversyn over energibruken til gjennomsnittshusstanden i kommunen, samanlikna med tilsvarande tal for snitt i fylke og land. Tala kjem frå SSB. Kommunen Fylket Landet Energibruk husstandar 2012 kwh Kommunen 24 049 Fylket 23 868 Landet 21 594 Hushaldningar i kommunen Større energibruk enn snittet i fylke og land Brukar mindre el enn snitt i fylket Brukar litt meir bio enn snitt i fylket 3.3 Vassboren varme Mange større bygg på Eid har vassboren varme. I den kommunale energi- og klimaplanen for Eid er det nedfelt mål om å auke arealet med vassboren varme i kommunale bygg. Alternativ til elektrisitet for byggoppvarming og tappevassoppvarming føreset vassbore (eller luftbore) system. Med vassbore system kan ein i tillegg til elektrisitet utnytte mange ulike energiberarar til oppvarming. Kommunen kan legge til rette for lokal utvikling av fjernvarmesystem ved å gjere aktiv bruk av Lov om planlegging og byggehandsaming. Frå energi- og klimaplan Areal med vassboren varme skal aukast med 20 % Side 15 av 31
GWh Energiutgreiing Eid kommune 2013 3.4 Lokal energitilgang Utgreiinga skal innehalde eit oversyn over nytta energiressursar i kommunen. Det finst ingen god statistikk for uttak av biomasse til energiføremål, men saman med ansvarlig for primærnæring i kommunen sin administrasjon har vi freista å gjere eit anslag for storleiken på uttaket. Eksisterande elproduksjon I følgje NVE og SFE Nett AS er desse kraftverka registrerte i Eid kommune: Utbygde kraftverk MW GWh Fargarelva 0,05 0,10 Lotsberg 1,5 7 Jølåna 1,5 7 Torvikelva 1,0 5 Årdal 0,1 0 Sum 4,15 19,10 I dette punktet er det gjort ei oppsummering av utbygd vass- og eventuell annan elproduksjon i kommunen, medrekna vindkraft. Annan, utnytta energitilgang Det blir brukt meir biobrensel i Eid kommune enn snittet i fylke og land. Her har vi lista opp andre energikjelder som vert nytta i kommunen i dag Offisiell statistikk for bruk av biobrensel i Eid kommune fins ikkje. Nyaste data (SSB) vi har for bruk av bioenergi er frå 2009. Forbruket er framskrive til 2012 med bakgrunn i nasjonale data. 3.5 Energibalanse Eid kommune har praktisk talt ingen produksjon av elektrisk energi. Alle oljeprodukt vert henta utanfrå, medan bioressursane til produksjon av varme for det meste vert avverka lokalt. Energibalansen beskriv forholdet mellom bruk av ulike energikjelder i kommunen, produksjon og import og eksport av energi over kommunegrensene. 80 70 60 50 40 30 20 10 0 Energibalanse 2012 Forbruk dekka med import Eksport Forbruk dekka med produksjon Kommunen sin energibalanse Underskot av elektrisk energi Avverkar bioenergi til lokal bruk og eksport Side 16 av 31
GWh GWh Energiutgreiing Eid kommune 2013 4 UTVIKLING ENERGIBRUK Her har vi laga prognose for en sannsynleg utvikling av energietterspurnaden fordelt på energiberarar og brukargrupper i kommunen. Eventuelle større, framtidige endringar i infrastruktur og energianlegg vil du og finne her. Her finn du og generelle og lokale føresetnader for framskrivingane, saman med kommentarar til trendar i utviklinga. Utviklinga i energibruk kommenterast med omsyn til energiprisar og eventuelle andre større hendingar som kan ha betydning for utviklinga i energibruk. 4.1 Framskriving av energibruk Energibruken vert påverka av mange faktorar som klima, demografiske tilhøve, teknologisk utvikling, energiprisar, næringsstruktur og bustadstruktur. I tillegg betyr det mykje korleis folk sine forbruksvanar utviklar seg. Også lover og forskrifter vil ha effekt, t.d. gjennom krav til isolasjon og byggstandard. Faktisk energibruk fordelt på brukargrupper med prognose for dei neste 10 åra: 120 100 80 60 40 20 Energibruk med prognose 0 2002 2007 2012 2017 2022 Hushald Tenesteyting Fjernvarme Hytter og fritidshus Industri Primærnæring Faktisk energibruk fordelt på energiberar med prognose for dei neste 10 åra: Dette er ein stadstilpassa prognose som bygger på følgjande prinsipp: Kommunen sin eigen prognose for befolkningsutvikling Endringar i busetnad Vedtekne utbyggingar i kommunen Planlagde endringar innan industrien Detaljar om talmaterialet ligg i vedlegg. Prognosert energibruk i kommunen Størst venta vekst innan tenesteyting Bruk av fjernvarme aukar mest Energibruk med prognose 120 100 80 60 40 20 0 2002 2007 2012 2017 2022 El Petroleum Gass Bio Fjernvarme Side 17 av 31
GWh GWh Energiutgreiing Eid kommune 2013 Dette er ein prognose for leveranse av varme og kjøling frå Fjordvarmeanlegget: Grafen viser omtrentleg samansetting av levert energi frå Fjordvarmeanlegget: Fjordvarme medrekna kjøling 18 16 14 12 10 8 6 4 2 0 2012 2014 2016 2018 2020 2022 Energisamansetting Fjordvarme 18 16 14 12 10 8 6 4 2 0 2012 2014 2016 2018 2020 2022 Hushald Offentleg tenesteyting Privat tenesteyting Varme frå fjord Kjøling frå fjord Bruk av el 4.2 Utfordringar for energiforsyninga Framskriving av dagens energibruk går i retning av auka bruk av elektrisk energi. Dette vil ikkje medføre større forsyningsproblem. Planar om datalagringssenter i Lefdal Gruver kan få følgjer for kraftsystemet. Kombinasjonen av stort forbruk og høge krav til forsyningstryggleik vil medføre at det regionale nettet som forsyner Ytre Nordfjord må styrkast. I høve vurdering av alternative energiløysningar, er det viktig å kjenne til lastsituasjonen i distribusjonsnettet. I område der elektrisitetsnettet nærmar seg ei kapasitetsgrense, kan det vere større samfunnsøkonomisk lønsemd i å etablere alternative løysningar framfor å forsterke eksisterande infrastruktur. Bruken av bio, gass og olje ser ut til å verte lite endra dei næraste åra. Kommunen Datalagring i Lefdal Gruver kan føre til behov for styrking av nettet. Side 18 av 31
Energiomlegging Eid kommune er ein føregangskommune innan energiomlegging, til dømes når det gjeld utnytting av fjorden som kjelde til varme og kjøling. Stadig fleir bygg knyter seg til Fjordvarmeanlegget. Energiutgreiinga skal innehalde konkrete framlegg til energiomlegging. Det kan til dømes vere omlegging frå bruk av panelomnar til oppvarming til bruk av fornybar varme. Erfaringsmessig tar energiomlegging tid, spesielt der bygg må konverterast frå el til vassboren varme for å kunne realisere omlegginga. Det er heller ikkje alltid så lett å rekne ut dei økonomiske konsekvensane av ei slik omlegging. Det er viktig at nokon går føre og viser veg. Dette har ofte vore kommunar og andre offentlege eigarar som har andre krav til lønsemd enn private byggeigarar. Enova SF har støtteordningar for omlegging til fornybar energi i varmesentralar. Legging av sjøvassledning. Kjelde: www.fjordvarme.no Ladepunkt for El.bil Det skal etablerast eit hurtigladepunkt for el.bil i Eid kommune. Dette blir eit av ladepunkta i eit planlagt og omsøkt ladenettverk langs E39. Lokaliseringa av hurtigladestasjonen er tenkt på ein parkeringsplass i Sjøgata (på baksida av Eidsgata) på Nordfjordeid. Transnova har gitt tilskot til hurtigladestasjonen. I Fylkesdelplan for klima og miljø er det vedteke at fylkeskommunen vil arbeide med å redusere klimagassutslepp og førebyggje utslepp gjennom endring i produksjon, forbruk og samfunns-institusjonar som bidreg til utslepp. Som ein av strategiane til å gjennomføre dette er det vidare vedteke å effektivisere personbilar og redusere forbruk av drivstoff ved privat bilkøyring. Eit av fleire tiltak i planen er å «sikre infrastruktur for el.bilar». Fylkeskommunen har hatt eit møte med fleire av nettselskapa i fylket (Sognekraft, Sunnfjord Energi, Stryn Energi og SFE), rundt etablering av hurtigladepunkt. Nettselskapa var positive til å bidra til utbygging av fleire ladepunkt. Det er viktig å sikre infrastruktur for el.bilar internt i fylket, samstundes som ein legg til rette for reise mellom fylka. Normalladepunkt (om lag 8 timar ladetid) har dei fleste kommunane i fylket i dag, men hurtigladepunkt som eit supplement til dette vil det gjere det «tryggare» å køyre el.bil i fylket. Side 19 av 31
5 NY ENERGITILGANG I «forskrift om energiutredninger» er det ikkje gitt direkte pålegg om å kartlegge lokale energiressursar og høve til å utnytte desse. Dette er likevel eit tema av stor interesse for kommunen og for nettselskapet sjølv. I denne utgreiinga har vi lagt vekt på å skaffe fram best moglege anslag på slike ressursar. 5.1 Småkraft NVE si ressurskartlegging viser 47 utbyggingsprosjekt med eit samla potensiale på 26,3 MW og 107,5 GWh i Eid. Produksjon MW GWh NVE-potensiale 26,3 108 Ferdig utbygt 4,1 19 Planlagde utbyggingar 9,9 33 Teoretisk restpot. 12,3 55 Her er eit tabellmessig oversyn for planlagde utbyggingsprosjekt i kommunen: Planlagde kraftverk MW GWh Stårheim 3,8 11 Kjørstad 2,5 8 Klovelva 2,6 8 Kviefossen 1,0 6 Sum 9,9 33 NVE har utvikla ein metode for digital ressurskartlegging av små kraftverk mellom 50 og 10 000 kw. Metoden bygger på digitale kart, digitalt tilgjengeleg hydrologisk materiale og digitale kostnader for dei ulike anleggsdelane. I dei lokale energiutgreiingane må det visast til denne kartlegginga. Områdekonsesjonæren har gjort ei vurdering av kva produksjonseiningar som vurderast som mest aktuelle og vurdet dei konsekvensane ei realisering av desse vil få for det lokale energisystemet. Ny el.produksjon i kommunen Det er potensiale for utbygging Kviefossen 1913 kjelde: www.fylkesarkiv.no Side 20 av 31
5.2 Vindkraft I Eid kommune er det avgrensa vindkraftressursar. 5.3 Bioenergi I Eid kommune er det mogleg å ta ut meir energi frå skogen enn det som vert gjort i dag. I energiog klimaplanen finn vi dette: Det skal leggast til rette for auka uttak, produksjon og omsetjing av biobrensel i Eid. I områder med stor tilgang på biomasse bør det gjerast eit anslag av potensialet. Bioressursar i kommunen Meiruttak av biomasse er ynskjeleg Side 21 av 31
5.4 Spillvarme Vi har ikkje funne utnyttbar spillvarme i Eid. 5.5 Avfall Avfallet frå Eid vert handsama av Nordfjord Miljøverk IKS (Nomil). Attvinning av energi frå avfallet skjer difor ikkje i Eid kommune. Dersom det er etablert industri i kommunen, er det interessant å undersøke om det er tilgjengeleg spillvarme som kan nyttast til oppvarming. Dette føreset at det ikkje er lang avstand mellom spillvarmekjelda og aktuelle bygg. Avfall skal sjåast på som ein ressurs. Det er mange måtar å avhende søppel på, alt frå deponi til resirkulering eller utnytting av energi. Foto: Ottar Starheim, NRK Kjelde: www.nrk.no/sf/leksikon 5.6 Andre energikjelder Så langt vi har funne, er det ikkje andre, aktuelle energikjelder tilgjengeleg i Eid enn dei som alt er nemnde. I område med tilgang til sjø eller andre gode lågtempererte varmekjelder, kan det vere aktuelt å vurdere bruk av varmepumper. Grunnvatn og berggrunn kan vere aktuelle varmekjelder i nokre område. Eidsfjorden. Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet. www.fjordabladet.no Side 22 av 31
6 AKTUELT OMRÅDE Ei vurdering av alternative energiløysingar er først og fremst aktuelt i geografiske område der det er venta vesentleg vekst i etterspørsel eller forskyving til andre energiberarar. Dette gjeld spesielt område som er lokaliserte slik at det er gode høve til å utnytte lokale energiressursar. Tiltak for å fremje meir effektiv energibruk er også aktuelt i område der det ikkje er venta vekst. 6.1 Hogaåsen bustadfelt Ved denne rulleringa vart nettselskap og kommune samde om å setje spesielt fokus i Hogaåsen der det er planlagt bygt omlag 130 nye frittliggande bustader. Det er her vi ventar dei største endringane i energibruk i Eid. Energibehov Nybygg vert bygde etter TEK10-, passivhus-, nullhus-, eller plusshusnorm. Utbygginga i Hogaåsen er eit fint høve til å bygge bustader etter betre norm enn TEK10. Tekstane nedanfor er henta frå www.enova.no: Alle som bygger ny bustad i dag må følgje gjeldande teknisk forskrift. Energikrava vert skjerpa med jamne mellomrom, og dagens forskrift set som standard (energiramme) at samla netto energibehov for småhus skal ligge på maks (120 kwh + 1 600/m² oppvarma BRA) pr m² oppvarma BRA pr år. Dette inneber at om du byggjer eit hus med 200 m² oppvarma areal, skal energibehovet ikkje utgjere meir enn 128 kwh pr m², til saman 25 600 kwh for eitt år. Eit hus av same storleik som er bygd rundt år 2000 vil normalt ha eit energiforbruk på rundt 35 000 kwh. Passivhus Et passivhus treng berre rundt halvparten av energien samanlikna med ein bustad frå 2010. Bakgrunnen for namnet passivhus, er at ein tek i bruk passive tiltak som gjer at huset skal halde best mogeleg på varmen. Varmetapet er senka til eit minimum gjennom ein særs godt isolert og vindtett bygningskropp, superisolerte vindauge og bruk av balansert ventilasjon med høgeffektiv varmegjenvinning. Samtidig blir solvarme utnytta på ein effektiv måte ved at vindauga vert orientert mot sola. Det er viktig at områdekonsesjonær i samarbeid med kommunen gjer ei kvalifisert vurdering av kva område som skal veljast ut. Valet skal grunngjevast. Det er mest aktuelt å kartlegge oppvarmingsbehovet. For dei fleste andre føremål vil elektrisitet vere einaste aktuelle alternativ. Det elspesifikke behovet skal sjølvsagt takast med i ei samla framstilling av energibehovet for det aktuelle området. Nullhus Eit nullhus kan ha solcellepanel, solfangar og/eller varmepumpe, og produsere like mykje energi som det totalt har behov for pr år. Eit nullhus skal også vere karbonnøytralt når det gjeld utslepp frå material, riving og byggeprosess. Plusshus Eit plusshus skal skape meir energi gjennom si levetid enn det som vart brukt til produksjon av byggevarer, oppføring, drift og riving av bygget. Produsert energi frå solfangarar, varmepumper, vindmøller og solcellepanel utgjer meir enn det huset treng til oppvarming, varmtvatn, elektrisk utstyr og belysning totalt over året. Framtidsbustader. Kjelde: www.enova.no Side 23 av 31
Nytt byggefelt i Hogaåsen Her har vi gjort ei samanlikning av energibehov for 130 bueiningar på 120 m 2 kvar, bygd etter høvesvis TEK10 og passivhusnorm. TEK10 % kwh Varme/v.vatn 60 1 248 000 El-behov 40 832 000 Energibehov 100 2 080 000 Passivhus % kwh Varme/v.vatn 42 436 800 El-behov 58 603 200 Energibehov 100 1 040 000 Det er romoppvarming og varmtvatn som kan dekkast med andre energikjelder enn el. Aktuelle løysingar og alternativ Bygga vert liggande slik at ein eller fleire felles varmesentralar bør planleggast i området. Hogaåsen ligg i Fjordvarme sitt leveringsområde og det bør vere aktuelt å vurdere denne energikjelda. I tillegg er det god tilgang på bio i området, noko som gjerne kan utvilkast som næring ref. energiog klimaplanen. Dette kan gjere det aktuelt å sjå på varmesentralar basert på biobrensel. Det er sikker tilgang på elektrisk energi i området. Derfor kan elkjelar egne seg som spisslast og backup. Dersom det er aktuelt med ei felles varmeløysing, må bygga få innlagt vassboren varme. Framlegg til vidare arbeid Det bør utarbeidast eit forprosjekt for utbygging av heile eller delar av byggefeltet Hogaåsen etter passivhusnorm med alternative varmekjelder. Hogaåsen. Kjelde: www.nordplan.no Konsesjonæren kan i samarbeid med andre energiaktørar foreslå kva alternativ som bør undersøkast vidare. Målet er å få fram kunnskap og starte ein dialog om løysingar. Det sentrale temaet vil vere dekning av lokalt varmebehov med ei rasjonell samansetting av ulike energiberarar og energieffektiviseringstiltak. Aktuelle løysingar kan til dømes vere etablering av fjernvarmeanlegg, etablering av energifleksible løysingarr i enkeltbygg, bruk av gass (naturgass, propan), direkte bruk av elektrisitet, ulike tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabilitering, etablering av energistyringssystem på forbrukssida med meir. På bakgrunn av utgreiinga kan det vere vanskeleg for kommune, områdekonsesjonær og andre aktørar å avgjere kva tiltak som er samfunnsøkonomisk mest gunstige. Om enkelte nye energiløysingar likevel peikar seg ut som særlig aktuelle for vidare analyser, bør utgreiinga peike på dette. Utgreiinga kan også peike på kva analyser eller tiltak som bør vere av spesiell interesse for dei ulike aktørane. Side 24 av 31
Planskisse over Hogaåsen Frå reguleringsplan for Hogaåsen. Kjelde: www.eid.kommune.no Side 25 av 31
7 FØRESETNADER 7.1 Spesielle føresetnader I framskriving av energibruk reknar vi med at Fjordvarmeanlegget har full leveranse i 2016. Vi går vidare ut frå at 85% av leveransen er varme, 15% er kjøling og at varmepumpene i snitt har COP-faktor på 2,6 som Enova nyttar. Vi går vidare ut frå at bruk av oljeprodukt til oppvarming avtar til ca 1 GWh og at bruken av LNG aukar tilsvarande fram mot 2020. Alle andre framskrivingar er gjort med grunnlag i dei generelle føresetnadene. 7.2 Generelle føresetnader Alle framskrivingar av folketal er henta frå SSB, alternativ MMMM dersom ikkje anna er opplyst. Graf for nye bueiningar er henta frå SSB, men føreset at kommunen har innrapportert dette i rett tid. Data for utrekning av leveringstryggleik i kommunen er opplyst frå det aktuelle energiverket. Grunndata for energibruk i kommunen er henta frå SSB med nyaste data frå 2009. Då SSB ikkje lenger utarbeider denne statistikken er desse verdiane framskrive til 2012 med bakgrunn i nasjonale data for alle energiberarar utanom elektrisitet som har faktiske tal oppgjeve frå energiverket. Energibruk i kommunale bygg er henta frå SSB (KOSTRA) og er avhengig av nokolunde korrekt kostnadsanslag for dei ulike energikjeldene. For 2012 er det nytta 0,8 kr/kwh i snitt for energikjeldene. Sparepotensialet i kommunale bygg framkjem ved bruk av normtal innan kvar byggkategori. Lokal energitilgang bygger på oversyn frå NVE, kommunen og det lokale energiverket. Prognose for utvikling av energibruk er stadtilpassa ut frå historisk utvikling. Dette tar opp i seg summen av endringar i folketal, bustadstruktur, næringsutvikling, m.m. I tillegg er det teke spesielt omsyn til vedtekne utbyggingar og planlagde endringar innan industri. Potensialet for uttak av bioenergi til oppvarming er anslått av kommuneadministrasjonen. Data for avfall er henta frå selskapet som handsamar dette. Historikk innan feil og avbrot (FASIT) er tinga og velvillig levert av NVE. Side 26 av 31
8 VEDLEGG 8.1 Energibruk Tabellen under syner faktisk energibruk pr. brukargruppe med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Hushald 52,5 51,0 48,4 51,5 51,8 52,7 49,7 51,5 53,1 49,2 53,1 Hytter og fritidshus - - - 0,7 0,7 0,8 0,9 1,0 1,2 1,1 1,2 Tenesteyting 28,5 29,0 26,7 31,0 31,1 34,4 36,5 38,2 42,0 37,8 38,0 Industri 11,7 12,2 10,9 10,2 11,5 9,9 11,1 8,5 7,0 6,3 6,8 Fjernvarme* 0,0 0,1 0,2 0,2 0,3 0,4 0,3 0,4 0,4 0,4 0,4 Primærnæring 2,8 3,3 3,8 1,5 1,6 1,5 1,7 1,7 1,9 1,8 2,2 Sum 95,5 95,6 90,0 95,1 97,0 99,7 100,1 101,3 105,6 96,6 101,7 År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 Hushald 53,2 53,3 53,3 53,4 53,4 53,5 53,6 53,6 53,7 53,8 Hytter og fritidshus 1,3 1,4 1,6 1,7 1,8 1,9 2,0 2,2 2,3 2,4 Tenesteyting 38,9 39,9 40,9 41,8 42,8 43,7 44,7 45,6 46,6 47,6 Industri 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 Fjernvarme* 0,5 0,5 0,6 0,6 0,6 0,7 0,7 0,8 0,8 0,8 Primærnæring 2,2 2,3 2,3 2,3 2,3 2,3 2,4 2,4 2,4 2,4 Sum 103,0 104,2 105,4 106,6 107,8 109,0 110,2 111,4 112,6 113,8 *Brukargruppe Fjernvarme gjeld energi til sirkulasjon av vatn og drift av Fjordvarmeanlegget. Tabellen under syner klimakorrigert energibruk pr. brukargruppe med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Hushald 56,0 54,3 51,7 54,8 57,5 56,0 54,0 55,2 50,6 53,8 54,8 Hytter og fritidshus - - - 0,7 0,7 0,8 0,9 1,0 1,2 1,1 1,2 Tenesteyting 30,2 30,7 28,4 32,8 34,2 36,4 39,4 40,7 40,2 41,1 39,1 Industri 11,7 12,2 10,9 10,2 11,5 9,9 11,1 8,5 7,0 6,3 6,8 Fjernvarme* 0,0 0,1 0,2 0,2 0,4 0,4 0,3 0,5 0,4 0,5 0,4 Primærnæring 3,0 3,5 4,1 1,6 1,8 1,6 1,8 1,8 1,8 2,0 2,3 Sum 100,9 100,8 95,2 100,3 106,0 105,1 107,6 107,7 101,2 104,7 104,5 År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 Hushald 53,2 53,3 53,3 53,4 53,4 53,5 53,6 53,6 53,7 53,8 Hytter og fritidshus 1,3 1,4 1,6 1,7 1,8 1,9 2,0 2,2 2,3 2,4 Tenesteyting 38,9 39,9 40,9 41,8 42,8 43,7 44,7 45,6 46,6 47,6 Industri 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 6,8 Fjernvarme* 0,5 0,5 0,6 0,6 0,6 0,7 0,7 0,8 0,8 0,8 Primærnæring 2,2 2,3 2,3 2,3 2,3 2,3 2,4 2,4 2,4 2,4 Sum 103,0 104,2 105,4 106,6 107,8 109,0 110,2 111,4 112,6 113,8 *Brukargruppe Fjernvarme gjeld energi til sirkulasjon av vatn og drift av Fjordvarmeanlegget. Tabellen under syner faktisk energibruk pr. energiberar med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 El 76,2 74,6 69,9 73,4 72,2 76,0 78,2 77,0 80,7 74,4 76,0 Petroleum 6,5 7,5 6,0 5,2 6,7 5,5 5,1 4,5 4,4 3,8 4,7 Gass 0,6 0,5 0,6 0,8 0,7 0,8 0,9 0,9 0,9 0,8 0,9 Bio 12,2 13,0 12,9 13,6 13,7 12,7 9,8 11,3 11,4 10,0 12,0 Fjernvarme* 0,0 0,0 0,6 2,1 3,7 4,7 6,1 7,6 8,2 7,6 8,0 Sum 95,5 95,6 90,0 95,1 97,0 99,7 100,1 101,3 105,6 96,6 101,7 År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 El 76,5 77,0 77,4 77,9 78,4 78,9 79,3 79,8 80,3 80,7 Petroleum 4,6 4,5 4,3 4,2 4,1 3,9 3,8 3,6 3,5 3,4 Gass 1,0 1,0 1,0 1,0 1,1 1,1 1,1 1,1 1,2 1,2 Bio 12,1 12,1 12,2 12,2 12,2 12,3 12,3 12,4 12,4 12,4 Fjernvarme* 8,8 9,6 10,4 11,2 12,0 12,8 13,6 14,4 15,2 16,0 Sum 103,0 104,2 105,4 106,6 107,8 109,0 110,2 111,4 112,6 113,8 *Energiberar Fjernvarme inkluderer elektrisk energi til drift av varmepumper. Side 27 av 31
8.2 Demografi og næringsliv År 2 002 2 003 2 004 2 005 2 006 2 007 2 008 2 009 2 010 2 011 2 012 Folketal 5 758 5 762 5 779 5 766 5 801 5 848 5 854 5 861 5 849 5 905 5 950 Husstandar Kommunen 2,62 2,54 2,59 2,65 2,70 2,76 2,72 2,70 2,66 2,66 2,63 Fylket 2,53 2,51 2,51 2,51 2,51 2,50 2,49 2,46 2,45 2,44 2,43 Landet 2,32 2,29 2,29 2,30 2,30 2,31 2,30 2,29 2,28 2,28 2,28 År 2 013 2 014 2 015 2 016 2 017 2 018 2 019 2 020 2 021 2 022 Folketal 5 920 6 044 6 087 6 134 6 176 6 204 6 238 6 263 6 297 6 332 Husstandar Kommunen 2,71 2,72 2,70 2,69 2,68 2,67 2,68 2,69 2,69 2,70 Fylket 2,42 2,42 2,40 2,39 2,38 2,37 2,35 2,35 2,34 2,33 Landet 2,27 2,27 2,27 2,27 2,26 2,26 2,25 2,25 2,25 2,24 Sysselsetting 2012 Kommunen Fylket Landet Primærnæring 164 3 544 65 452 000 Industri 439 8 506 291 183 000 Tenesteyting 2 517 44 604 2 218 560 000 Anna 13 236 13 805 000 SUM 3 133 56 890 2 589 000 000 Side 28 av 31
8.3 Energimerking av bygg 1. juli 2010 vart det innført krav om at alle nybygg, eksisterande bustader og yrkesbygg som skal seljast eller utleigast skal ha energiattest. Alle yrkesbygg over 1 000 m² skal alltid ha gyldig energiattest. Energimerkinga skal auke forståinga om energibruk og løysingar som kan gjere bustaden eller bygget meir energieffektivt. Energimerking av bygg er byggeigar sitt ansvar. For detaljerte opplysningar; sjå www.energimerking.no Energiattesten inneheld eit energimerke som viser kor god energistandard bygget har. Bustader Energimerking skjer på internett ved at opplysingar om bustaden vert lagt inn i ei sjølvmelding. Nye bustader vert energimerka av utbyggar, eksisterande bustader kan merkast av byggeigar. Yrkesbygg Energiattest for yrkesbygg skal lagast av ein ekspert. Ekspertar kan vere personar i eigen organisasjon som fyller kompetansekrava på bygningsteknikk og energifag, eller det kan vere rådgjevande ingeniørar og andre som har denne kompetansen. (sjå forskrifta her: http://www.lovdata.no/for/sf/oe/xe-20091218-1665.html#18) 8.4 Straumnettet i framtida I 2011 kom NVE med ei forskrift som pålegg alle nettselskapa i landet å innføre Avanserte Måle- og Styringssystemer (AMS) innan 2017. Ny frist er sett til 2019. Forutan å pålegge automatisk målaravlesing kvar time, legg dette kravet også til rette for meir framtidsretta bruk av energisystemet. Kvar enkelt hushaldning vil få kontinuerleg og oppdatert informasjon om straumprisar og eige forbruk. Ein ventar at dette vil bidra til energieffektivisering, dels gjennom auka medvit som ein spore til endra åtferd, dels gjennom løysingar som automatisk flyttar oppvarming av vatn og bruk av varmekablar frå periodar med høg straumpris til periodar med lav pris utan merkbar redusert komfort. På denne måten vil AMS kunne gi lavare straumkostnader for den enkelte kunde gjennom smartare energibruk. Dette vil også kunne gi ein vinst for drifta av straumnettet: Flytting av forbruk kan bety at ein reduserer flaskehalsar i delar av nettet og dermed reduserer og/eller utset behov for nettforsterkingar. I tillegg vil eit jamnare døgnforbruk bidra til å redusere tapa i nettet. Forskrifta om økonomisk regulering av nettverksemda avgrensar nettselskapa sine høve til å ta ut overskot. Vinsten frå ei meir effektiv utnytting av nettet vil derfor på lang sikt også kome kundane til gode. Innføring av AMS betyr at det må byggast ut eit eige informasjonsnett for å hente inn alle måleverdiane. Saman med den nye, tilgjengelege informasjonen om forbruk og status i distribusjonsnettet, kan denne infrastrukturen brukast til ytterlegare automatisering. Eit døme er automatisk feilsøking og omkobling for å minimere straumlause periodar. Slike løysingar er imidlertid ikkje ferdig utvikla og det er for tidleg å seie noko om lønsemda i slike tiltak. I eit framtidig perspektiv ventar vi det at klima- og miljø får betydeleg innverknad på energisystemet. Det globale kravet om større andel fornybar energi, får konsekvensar for straumnettet på fleire måtar: På den eine sida vil det føre til utvikling av stadig meir såkalla distribuert produksjon, dvs. produksjon av energi frå mange små einingar fordelt rundt i distribusjonsnettet. Dette handlar først og fremst om mini- og mikrokraftverk, men på lengre sikt kan det og tenkast større bidrag frå solceller og mikrovindturbinar i industri- og bustadområde. Dette stiller nye krav til både utbygging og drift av nettet. Periodevis kan straumretninga verte snudd og dei tekniske utfordringane som oppstår i slike situasjonar må løysast. Side 29 av 31
9 REFERANSAR Publikasjonar, rapportar etc. Illustrasjonar www.eid.kommune.no Byggearealstatistikk og energistatistikk. Folke- og bustadtellinga 1990 og 2001. Energibruk i husholdninger rapport. Energibruk i kommunene. Oversyn over verksemder (einingar) i Eid kommune www.ssb.no Liste over småkraftverk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Statistikk over feil og avbrot (FAS) NVE www.nve.no Elektrisitetsforbruk i Eid kommune. Feil- og avbrotsstatistikk. SFE Nett AS www.sfe.no Middeltemperaturar på Vestlandet 1990-2000 www.dnmi.no Byggareal i Noreg, Enova 2002 www.enova.no Vindkart for Norge www.nve.no Været i Norge www.met.no Framsidefoto: «Nordfjordeid mot vest» Foto: Lars Lunde, kjelde: www.eid.kommune.no Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane www.nrk.no/sf Stålesen Energi AS - Varmepumpe www.dvi-norge.no Miljølære Hva er en ET-kurve? www.miljolare.no EM Systemer Energioppfølging www.emsystemer.no Pernoll Vedstabel http://home.online.no/~pernoll/news.html Pellets www.btgworld.com Side 30 av 31
Firma/ personar Eid kommune Kommunalsjef - Elin Leikanger elin.leikanger@eid.kommune.no Driftssjef - Tore Nyhammer-Taklo tore.nyhammer-taklo@eid.kommune.no Fjordvarme AS Dagleg leiar - Magne Hjelle magne.hjelle@fjordvarme.no SFE Nett AS Avdelingsleiar nettforvalting - Atle Isaksen atle.isaksen@sfe.no Seniorrådgjevar - Torgrim Øvrebø torgrim.ovrebo@sfe.no Senior prosjektingeniør - Einar Oddgeir Midtbø einar.midtbo@sfe.no Nettplanleggar - Dag Einar Gule degule@sfe.no Side 31 av 31