Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 10 småkraftverk i Flora kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/2435-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 18360/13 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 31.05.2013 Saksutgreiing for Myrbærdalen kraftverk i Flora kommune 1. Omtale av tiltaket. I Myrbærdalen vest for Fessevatnet ligg Myrbærdalsvatna (kote 293). Ved låge vasstandar er vatna delt i to vatn ved Symjinga. Ved høge vasstandar framstår vatna som eitt vatn. Vatna er ein del av Nordalsvassdraget som tidlegare er handsama i Samla plan, Pollen kraftverk. Fallet mellom Myrbærdalsvatna og Fessevatnet var ikkje utnytta i Samla plan prosjekta. Elva ned til Fessevatnet inneheld ein del stryk, men ingen fossar. Elva er lite synleg frå Fessevatnet. Norddalsvassdraget er frå før påverka av kraftutbygging. Vatn frå om lag halve nedbørfeltet til Norddalselva er overført ut av feltet. Ein del av desse overføringane er Trollebotnvatna, som tidlegare drenerte til Myrbærdalsvatna. Hovuddata for Myrbærdalen kraftverk Tilsig Nedbørsfelt, km2 8,3 Middelvassføring ved inntaket, m3/sek 1,16 Alminneleg lågvassføring ved inntaket, liter/sek 90 Fem-persentil* sommar (mai-sept.) 190 Fem-persentil* vinter 60 Kraftverk Inntak, kote 293 Magasinvolum, mill.m3 0,33 Avløp/turbinsenter, kote 133/135 Brutto fallhøgde, meter 158 Slukeevne, maks m3/sek 2,32 Slukeevne, min m3/sek 0,12 Installert effekt, maks MW 3,1 Planlagt slepp av minstevassføring, sommar/vinter l/sek 190/60 Brukstid, timar 3300 Produksjon Årleg middel, GWh 10,3 Økonomi Utbyggingskostnad, mill. kr. 68 Utbyggingspris, kr/kwh 6,6 * Den vassføringa som blir underskriden 5 % av tida. Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57 65 61 00 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 6 Kartet viser tiltaksområdet med vegen opp til kraftstasjonen. Heil brun strek er eksisterande veg. Stipla brun strek er ny veg. Planlagt deponi i Fessevatnet er marker med lilla farge. Det er planlagt inntak i det øvre vatnet og demning ved Symjinga mellom dei to vatna. Demninga vil hindre vatn å renne til det nedre vatnet ved låge vasstandar. Ved høge vasstandar vi vatn renne over. Det øvre vatnet vil bli regulert innafor naturlege nivå, ein halv meter opp og ein halv meter ned, i forhold til normalvasstanden på kote 293. Kartet viser massedeponi (lilla), riggområde (gult), tunnel mellom inntak og kraftstasjon (blått) og demning mellom Myrbærdalsvatna (liten raud strek).
Side 3 av 6 Symjinga mellom Myrbærdalsvatna. Planlagt demning er markert med svart strek. Dammen mellom vatna vil bli bygt i betong, om lag to meter høg og 20 lang. Det skal sleppast minstevassføring gjennom dammen. Det skal ikkje byggjast veg fram til inntaket og demninga. Riggplass med landingsplass for helikopter skal opparbeidast. Vassvegen skal byggast som 600 m bora sjakt og 280 m rør i tunnel. Om lag 6000 m3 masse skal takast ut og deponerast. Det er planlagt å deponere massen i Fessevatnet like vest for kraftstasjonen. Plass for kraftstasjon, svart pil. Deponiområde i vatnet, raud ring. Kraftstasjonsbygningen vil få ei grunnflate på ca. 80 m3. Utløpet frå stasjonen vil gå til vatnet gjennom ein ca. 5 meter lang kanal. Kraftverket vil bli køyrt i takt med tilsiget til inntaket. Det er planlagt start/stopp- eller effektkøyring med døgnregulering basert på korttidsprognoser for nedbør og kraftpris. Kraftverket har både inntak og utløp i magasin, slik at start/stopp køyring ikkje vil føre til negative konsekvensar for miljøet. Magasinet vil bli nytta som ein buffer for å redusere flaumtap. Veg opp til kraftstasjonen er planlagt frå fylkesveg 544 i Solheimsdalen. Ein eksisterande grusveg, 1,2 km, skal rustast opp og vidare skal det byggast 5,1 km ny veg aust for fjellet Frishatten, bru over Blålielva og ned mot Storevatnet over Fesseneset. Frå Fesseneset vil vegen fylgje stien fram til Fessevatnet. Langs sørsida til Fessevatnet er det bratte fjellskrentar og mykje sprenging må bereknast. Det må byggast bru over Myrbærdalselva for å komme til kraftstasjonstomta. Ein alternativ vegtrase like vest for toppen av Frishatten er vurdert. Vegen etter dette alternativet vil bli 1,3 km lengre og vil bety større landskapsinngrep. I søknaden er det sagt at veg opp til kraftstasjonen er eit ønskje frå grunneigarane i området.
Side 4 av 6 Grovskisse for vegen (svart strek) til kraftstasjonen. «Hårnålssvingar» nedover Fesseneset (til høgre) er ikkje vist. Frå kraftstasjonen skal det leggast 22 kv kabel i vegen (6,6 km) ned til Solheim for tilkobling til eksisterande linje. 2. Verknader for miljø, naturressursar og samfunn (frå søknaden) Hydrologi Det er planlagt minstevassføring frå demninga ved Symjinga tilsvarande 5-persentilen, sommar 190 l/sek og vinter 60 l/sek. I gjennomsnitt vil 79 % av tilgjengeleg vassmengde bli brukt til vasskraftproduksjon. Vasstemperatur, isforhold og lokalklima. Grunnvatn, flaum og erosjon Det er venta liten negativ konsekvens for vasstemperatur, isforhold og lokalklima, og ubetydeleg konsekvens for grunnvatn, flaum og erosjon etter utbygging. Raudlisteartar Middels negativ konsekvens for raudlisteartar (m.a. for lavmoseartar, strandsniper, ev. storlom og fiskemåker) Terrestrisk miljø (landlevande/jordlevande plantar eller dyr) Middels negativ konsekvens (artar i bekkekløfta i Myrbærdalselva, fossekall langs elva, kystfurskog og gammal lauvskog langs vegen opp til kraftstasjonen) Akvatisk miljø, sitat konsekvensvurdering Vassføringa i Myrbærdalelva vart redusert i store deler av året. Dette vil føre til reduksjon av gyteog oppvekstområde for aure som lev i Fessevatnet. Gyteområda er sannsynlegvis dei viktigaste i tilknyting til Fessevatnet. Minstevassføring vil likevel oppretthalde eit visst vassdekt areal, så det er forventa at aure fortsett kjem til å gå i elva. Talet på invertebratar er forventa og reduserast i elva på grunn av innskrenking av leveområde. Nedstrøms Symjinga, vil Myrbærdalsvatna bli tørrlagt i større grad enn før. Dette kan føre til at aure som oppheld seg her kan få problem med å komme seg over terskelen til Myrbærdalsvatnet. Vurdering: Liten negativ konsekvens. Landskap og inngrepsfrie naturområde, sitat frå søknaden Permanente inngrep vil bli synlege i terrenget. Det planlagde inntaket vert liggande på vestsida av Myrbærdalsvatna, og vil bli synleg frå store delar av Myrbærdalen. Det skal byggast ein dam ved Symjinga, og Myrbærdalsvatna skal regulerast opp og ned med like under 1 m. Dette fører til at vassnivået i den sørlege delen av Myrbærdalsvatna vart ustabilt, vassnivået vil vere svært lågt oftare og i lengre periodar. Vassnivået i Myrbærdalelva vil bli sterkt redusert, men det er ingen utprega fossar eller synlege stryk på strekninga. Heile strekninga med røyrtrasé vil bli lagt i tunnel, og vil
Side 5 av 6 derfor ikkje bli synleg. Kraftstasjonen vil ligge inntil berget ved Fessevatnet, litt nord for utløpet til Myrbærdalelva, og vil vere synleg frå store deler av Fessevatnet. Den planlagde vegen vil fortsette frå den allereie eksisterande traktorvegen som går nordover mot prosjektområdet frå fylkesveg 544. Vegen vil slynge seg over Frishatten i starten, kor den vil gå gjennom furuskog. Den passerer Blålielva, og går vidare langs Storevatnet. Ved Blålielva er det mykje vegetasjon. Ved nordaustenden av Storevatnet vil den truleg gå heilt nede ved vatnet, før den klatrar opp til Fessevatnet på austsida av Fessene. Store delar av vegen vil vere synleg frå Storevatnet. Vegen vil gå i fjellsida langs Fessevatnet, kor det er lite vegetasjon, bare små, sprette furutre. Dette partiet vil vere svært synleg frå Fessevatnet og fjell i nærområdet. Det må sprengast ein del i berget ved bygging av vegen. Vurdering: Middels negativ konsekvens til landskap. Liten negativ konsekvens for INON. Kulturminne Det er ikkje kjende kulturminne eller kulturmiljø i området, men det er heller ikkje gjort undersøkingar. Brukarinteresser, sitat: For eventuelle turgåarar kan kraftstasjonen, inntaket, vegen og den reduserte vassføringa oppfattast som forstyrrande element i landskapet. Tiltaket kan verke forstyrrande på jakta i anleggsperioden, men i driftsfasen vil jakt gå føre seg som tidlegare. Den nye vegen vil gjere det lettare å ta seg inn til Fessevatnet, men til jakt i Myrbærdalen brukast det i dag som regel helikopter. Vurdering: Liten negativ konsekvens i driftsperioden. Samfunnsmessige verknader Inntekter til kommunen (eigedomsskatt) og til grunneigarane. Sysselsettingseffekt i anleggsperioden Sumverknader/samla belastning. Dei fire prosjekta som påvirkar Litlevatnet, Storevatnet eller Fessevatnet er vurdert under eitt i søknadene. Jf. sitat under sakene om Hestedalsvatnet og Grønskredvatnet kraftverk. Avbøtande tiltak. Det er planlagt å sleppe minstevassføring tilsvarande 5-persentil sommar og vinter (190/60 l/sek). Redusert vasskraftproduksjon på grunn av dette vert 0,9 GWh. 3. Fylkesrådmannen si vurdering - fordelar og ulemper - avbøtande tiltak Fordelane ved tiltaket er først og fremst av økonomisk karakter og knytt til ein energiproduksjon på 10,3 GWh/år. Kraftverket vil bidra til lokalt og regionalt næringsgrunnlag og skatteinntekter. Planlagt investering er 68 mill. kroner. Utbyggingsprisen kan bereknast til 6,60 kr/kwh som er ein svært høg utbyggingspris. Ulempene vil vere knytt til skade og inngrep for m.a. landskap og friluftsliv i samband med bygging av dam mellom dei to vatna, inntak og terskel, bygging av kraftstasjon, deponi i Fessevatnet, bygging (5,1 km)/opprusting (1,2 km) av vegar og redusert vassføring i Myrbærdalselva. Vassforskrifta Tiltaket bør ikkje svekke den økologiske statusen i vassførekomsten til dårlegare enn god. Dersom tilstanden vert vurdert til dårlegare enn god, må vilkåra i 12 i vassforskrifta følgjast opp. Landskap, friluftsliv og turisme. I delområdet Flora Bremanger er det markert 15 fossar/stryk som er viktige landskapselement. Myrbærdalselva er ikkje mellom desse.
Side 6 av 6 Elva ned frå Myrbærdalsvatnet framstår ikkje som eit spesielt viktig landskapselement. Tiltaka som er planlagt i sjølve dalen vil ikkje bli særleg omfattande, i og med at vassvegen skal borast og at det ikkje skal byggast veg til inntaket. Vegen opp til den planlagde kraftstasjonen vil derimot bli eit svært stort inngrep i eit ope landskap med lite lausmassar og til dels lite vegetasjon. Kulturminne Det er ikkje vurdert om det finst andre typar kulturminne frå nyare tid i området enn SEFRAKregistrerte bygningar. Nyare tids kulturminner er ofte ikkje registrert i nokon databasar, i samband med søknaden må tiltakshavar sjekke området om det er ikkje registrerte kulturminne frå nyare tid. Eksempel på kulturminne som kan være aktuelle er vegar, stiar, kvernhus/restar av kvernhus, bruer. Så lenge det ikkje er gjennomført kulturminneregistreringar i området, er det umogleg å seie noko om konsekvensar for eventuelle automatisk freda kulturminne. Kulturminneregistreringar, jamfør kulturminnelova 9, må gjennomførast så fort som råd. Vi ber tiltakshavar om å kontakte fylkeskommunen. Samla vurdering for Myrbærdalen kraftverk Konsekvensane av sjølva kraftutbygginga er ikkje spesielt store i og med at vassvegen skal borast og at det ikkje skal byggast veg til inntaket. Den nye 5,1 km lange vegen opp til den planlagde kraftstasjonen ved Fessevatnet, vil derimot bli eit omfattande og dominerande inngrep i det opne og nakne landskapet. Saman med andre prosjekt i området kan summen av inngrep bli svært stor. Prosjektet bør ikkje realiserast ut frå omsyn til landskap og friluftsliv. Myrbærdalen, sett frå Fessestølen 05.06.2013. Foto : Eyvin Sølsnæs. 4. Konklusjon Fylkesrådmannen vurderer at fordelane ved tiltaket vil vere mindre enn ulempene for allmenne og private interesser, og rår frå at konsesjon vert gitt.