ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtestad: Ørstafjord, Ørsta rådhus Dato: 12.03.2014 Møtet starta 13:00 Møtet slutta 15:45 Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Annfrid Lødemel medlem SP Fridtjof Buset medlem FRP Randi Langeland Mork medlem AP Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Olav Eiksund medlem KRF Eli Kjøde nestleiar SV Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Nils Trovåg Eli Kjøde SV Gunhild Dalebø Olav Eiksund V Frå administrasjonen møtte: Namn Inger Liadal Ingvild Endal Toril Langlo Seksjon omsorg og rehabilitering Folkehelsekoordinator Politisk sekretær, førte protokoll frå møtet Annfrid Lødemel vart vald til å signere protokollen saman med leiar.
Orientering i møtet -Leiar Inger Liadal ved seksjon omsorg og rehabilitering orienterte om sitt ansvars- og arbeidsområde etter omorganiseringa. Ho svarte på spørsmål om kjøkkendrift på alle heimane. likestilling i eldreomsorga, der det m.a. vart presisert at det er behovet som skal styre hjelpa, og ikkje om det er mann/kvinne. -Det vart også informert om omgjering av sjukeheimsplassar i kommunen, jf RS 1/14, og rådet sitt syn på saka. Det vart stilt spørsmål om Husbanken, legedekning sett i lys av nedlegging av sjukeheimsplassar i kommunen, og om tiltak sett i verk for at brukarar kan bu heime lengst mogleg, som førebyggjande heimebesøk, kvardagsrehabilitering, styrke heimebasert omsorg, korttidsavdelinga og planar om dagavdeling i demensomsorga. -Folkehelsekoordinator Ingvild Endal orienterte om førebyggjande heimebesøk for eldre, og viste lysark om prosjektet Førebyggjande heimebesøk for eldre i Ørsta kommune, som er forankra i politisk vedtak 01.07.10, i Ørsta formannskap. Tilbodet i Ørsta kommune gjeld dei som fyller 75 år i 2014. Viss anna aldersgruppe skal få dette tilbodet, må det nytt bestillingsvedtak til i kommunen, gjerne etter spørsmål frå eldrerådet til levekårsutvalet. Ho viste til korleis Volda kommune gjennomfører prosjektet retta mot 80-åringar. I Ålesund derimot går tilbodet til 75-åringar. Ergoterapeutane er og med i førebyggingsprosjektet, i Ørsta er desse inkludert i dei 6 personane som skal arbeide etter malen: Sende brev - ringe- gjennomføring av besøk samtykkeskjema og oppfølgingstelefon. Tilbodsbrevet vart gjennomgått og korrigert i møtet. Brosjyre vart utdelt i møtet og koordinator ønskjer ev tilbakemelding innan komande tysdag om ev forslag til endring. SAKLISTE Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 1/14 PS 2/14 PS 3/14 RS 1/14 RS 2/14 RS 3/14 RS 4/14 RS 5/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Godkjenning av protokoll frå førre møte Referat og meldingar Omgjering av sjukeheimsplassar ved Vartdal Helsetun til omsorgsplassar i bufelleskap. Høringsbrev - Forslag til endringer i forskrift 2011-12-16-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Vedtak - Retningsline for merking og skilting av turruter i friluftsområde Melding om uttale frå eldrerådet 14.01.14, vedkomande Retningsline for merking og skilting i friluftsområde Svar frå levekårsutvalet - oversendingsframlegg frå eldrerådet. vedk. fakturagebyr 2014/238 2014/166 2014/124 2014/124 2013/328 RS 6/14 E-post frå eigedomsavdelinga 26.02.14, svar på spørsmål frå leiar i eldrerådet om vaktmeistertenese og reinhaldet i kommunen 2014/16 RS 7/14 Møteprotokoll frå fylkeseldrerådet 26.02.14 2014/16 PS 4/14 Årsmelding frå eldrerådet for 2013 2014/16 PS 5/14 Gravferdsprosedyre i Ørsta, skikk og bruk
PS 1/14 Godkjenning av innkalling og sakliste Saksprotokoll tilråding / vedtak i eldrerådet - 12.03.2014 Innkallinga vart samrøystes godkjend. Saklista vart samrøystes godkjend med følgjande tilleggssak, fremja av leiar under sak eventuelt, sak PS 5/14: Gravferdsprosedyre, skikk og bruk. Innkallinga vart samrøystes godkjend. Saklista vart samrøystes godkjend med følgjande tilleggssak, fremja av leiar under sak eventuelt, sak PS 5/14: Gravferdsprosedyre, skikk og bruk. PS 2/14 Godkjenning av protokoll frå førre møte Saksprotokoll tilråding / vedtak i Eldrerådet - 12.03.2014 Protokollen frå eldrerådet sitt møte 04.12.13 vart samrøystes godkjend. Protokollen frå eldrerådet sitt møte 04.12.13 vart samrøystes godkjend. PS 3/14 Referat og meldingar Saksprotokoll tilråding / vedtak i eldrerådet - 12.03.2014 Referatsakene vart refererte med følgjande merknad til sak: RS 1/14: Omgjering av sjukeheimsplassar ved Vartdal helsetun til omsorgsplassar i bufellesskap. Eldrerådet hadde følgjande felles merknad til rådmannen med kopi til levekårsutvalet: Det er ynskjetenking å tru at ressursbehovet i Eldreomsorga skal minke, å tru at ein treng færre hender og redusert bemanning er utopi.
Eldrerådet ber om at Ørsta kommune ved neste utlysing av ei sjukepleiestilling, krev geriatrisk utdanning, då det er påfallande lite forståing for eldre sin status og livssituasjon i Ørsta kommune. Eldrerådet vil også legge til at omsorgsbustader og bukollektiv ikkje er hensiktsmessige anna enn i tettbygde strok, der ein har gåavstand til butikk, apotek, post, kollektivtrafikk og liknande. Daglegvarer og sosialt samvær er også viktig for eldre i bukollektiv. RS 2/14: Høringsbrev forslag til endring i forskrift 2011-12-16 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Fellesmerknad frå eldrerådet til levekårsutvalet: Eldrerådet ynskjer ei oppfylging av saka gjennom å få dokumentert: -kor lenge varer eit korttidsopphald? -kor mange bur på dobbeltrom mot sin vilje? -er korttidsopphald det same som at ein må dele rom med ein annan? -er tilskotsordninga brukt rett for å få ned tal personar på dobbeltrom? Jf Departementet si tilskotsordning. Spørsmåla gjeld Ørsta kommune. RS 5/14 fakturagebyr og RS 6/14 reinhald og vaktmeisterteneste. I desse sakene vert det vist til at eldre må kontakte frivilligsentralen. Eldrerådet hadde slik fellesmerknad til frivilligsentralen, eigedomsavdelinga med kopi til levekårsutvalet: Frivilligsentralen formidlar ønskje om teneste, men har ikkje arbeidsgjevaransvar eller kvalitetssiking, og har såleis ikkje moglegheit for å kontrollere svart arbeid og krav om kontant betaling. Eldrerådet trudde at Ørsta kommune var interessert i å tilby ryddige tenester. Tema i møtet 11. Juni 2014 -Eldrerådet ønskjer tema om deltidsproblematikken i sitt neste møte i eldrerådet, jf møteprotokollen frå fylkeseldrerådet RS 7/14. Referatsakene vart refererte utan andre merknader. Referatsakene vart refererte med følgjande merknad til sak: RS 1/14: Omgjering av sjukeheimsplassar ved Vartdal helsetun til omsorgsplassar i bufellesskap. Eldrerådet hadde følgjande felles merknad til rådmannen med kopi til levekårsutvalet: Det er ynskjetenking å tru at ressursbehovet i Eldreomsorga skal minke, å tru at ein treng færre hender og redusert bemanning er utopi. Eldrerådet ber om at Ørsta kommune ved neste utlysing av ei sjukepleiestilling, krev geriatrisk utdanning, då det er påfallande lite forståing for eldre sin status og livssituasjon i Ørsta kommune. Eldrerådet vil også legge til at omsorgsbustader og bukollektiv ikkje er hensiktsmessige anna enn i tettbygde strok, der ein har gåavstand til butikk, apotek, post, kollektivtrafikk og liknande. Daglegvarer og sosialt samvær er også viktig for eldre i bukollektiv.
RS 2/14: Høringsbrev forslag til endring i forskrift 2011-12-16 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Fellesmerknad frå eldrerådet til levekårsutvalet: Eldrerådet ynskjer ei oppfylging av saka gjennom å få dokumentert: -kor lenge varer eit korttidsopphald? -kor mange bur på dobbeltrom mot sin vilje? -er korttidsopphald det same som at ein må dele rom med ein annan? -er tilskotsordninga brukt rett for å få ned tal personar på dobbeltrom? Jf Departementet si tilskotsordning. Spørsmåla gjeld Ørsta kommune. RS 5/14 fakturagebyr og RS 6/14 reinhald og vaktmeisterteneste. I desse sakene vert det vist til at eldre må kontakte frivilligsentralen. Eldrerådet hadde slik fellesmerknad til frivilligsentralen, eigedomsavdelinga med kopi til levekårsutvalet: Frivilligsentralen formidlar ønskje om teneste, men har ikkje arbeidsgjevaransvar eller kvalitetssiking, og har såleis ikkje moglegheit for å kontrollere svart arbeid og krav om kontant betaling. Eldrerådet trudde at Ørsta kommune var interessert i å tilby ryddige tenester. Tema i møtet 11. Juni 2014 -Eldrerådet ønskjer tema om deltidsproblematikken i sitt neste møte i eldrerådet, jf møteprotokollen frå fylkeseldrerådet RS 7/14. Referatsakene vart refererte utan andre merknader. RS 1/14 Omgjering av sjukeheimsplassar ved Vartdal Helsetun til omsorgsplassar i bufelleskap. RS 2/14 Høringsbrev - Forslag til endringer i forskrift 2011-12-16-1349 om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester RS 3/14 Vedtak - Retningsline for merking og skilting av turruter i friluftsområde RS 4/14 Melding om uttale frå eldrerådet 14.01.14, vedkomande Retningsline for merking og skilting i friluftsområde RS 5/14 Svar frå levekårsutvalet - oversendingsframlegg frå eldrerådet. vedk. fakturagebyr RS 6/14 E-post frå eigedomsavdelinga 26.02.14, svar på spørsmål frå leiar i eldrerådet om vaktmeistertenese og reinhaldet i kommunen RS 7/14 Møteprotokoll frå fylkeseldrerådet 26.02.14 PS 4/14 Årsmelding frå eldrerådet for 2013 Saksprotokoll tilråding / vedtak i eldrerådet - 12.03.2014 Eldrerådet godkjenner årsmeldinga slik ho ligg føre.
Det låg ikkje føre tilråding i saka. Leiar hadde følgjande forslag til vedtak: Eldrerådet godkjenner årsmeldinga slik ho ligg føre. Vedtak samrøystes. PS 5/14 Gravferdsprosedyre i Ørsta, skikk og bruk Saksprotokoll tilråding / vedtak i Eldrerådet - 12.03.2014 Eldrerådet ønskjer at gravferdsbyrå og Ørsta kyrkje informerer i rådet sitt neste møte om gravferdsprosedyre, skikk og bruk. Leiar vil gi omtale i lokalpressa før møtet, og minne om at møtet er ope for alle. Gravferdsprosedyre i Ørsta, skikk og bruk Saka fremja av leiar i møtet etter førespurnad, og leiar hadde følgjande framlegg til vedtak: Eldrerådet ønskjer at gravferdsbyrå og Ørsta kyrkje informerer i rådet sitt neste møte om gravferdsprosedyre, skikk og bruk. Leiar vil gi omtale i lokalpressa før møtet, og minne om at møtet er ope for alle. Vedtak samrøystes.