FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 26.11.2015 Tid: 15:00-1815 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart gjort tilgjengeleg elektronisk tysdag 17/11. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Magne Djuvik, Frp Turid Glesnes, Ap William Lindborg, Ap Agnete Digranes Årvik, Ap Jan Birger Landøy, Sp Marianne Borge, Sp Ranveig Næss, H Forfall og møtande varamedlemmer: Gustav Folkestad, V og Lars Erik Dalland, H hadde forfall. For dei møtte høvesvis Toralv Huse, Krf og Roger Hoel, uavh. som vararepresentantar. Inhabilitet: Marianne Borge, Sp var inhabil i sak 070/15. Ingen møtte som vararepresentant. Andre som var tilstades på møtet: Elisabeth Farstad assisterande rådmann Terje Raunsgard einingsleiar Samf.utv. Øystein Havsgård einingsleiar teknisk Torgeir Berge byggesak Jan Egil Leirstein plan- og bygningssjef Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Magne Djuvik leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 27/11-2015
Magne Djuvik Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 058/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 01.10.2015 059/15 SKRIV OG MELDINGER TIL UPM 26.11.2015 060/15 DELEGERTE SAKER TIL UPM 26.11.2015 061/15 RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN 062/15 BRUK AV UTBYGGINGSAVTALAR I FUSA KOMMUNE 063/15 GBNR 36/4 og 34/3 OPSALMARKA BUSTADOMRÅDE- REGULERINGSENDRING OPSALMARKA - KONTOR-, INDUSTRI- OG LAGEROMRÅDE 064/15 GBNR 48/7, HOLDHUS - KLAGEHANDSAMING PÅ GITT BYGGJELØYVE, GARASJE - DISPENSASJON FRÅ AVSTAND TIL VEG 065/15 GBNR. 79/4 - DJUPVIK - INGENIØR JØRGENSEN FOR VIK INVEST AS - HANDSAMING AV KLAGE PÅ DELEGERT VEDTAK - DOBBEL GARASJE 066/15 GBNR 92/1, LJOTÅEN - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG - DISPENSASJON FRÅ TEKNISKE KRAV - SØKNAD OM RAMMELØYVE - OMBYGGING AV LØA 067/15 GBNR 3/2 KOLLEID - SØKNAD OM RAMMELØYVE - SØKNAD OM DISPENSASJON - FRITIDSBUSTAD/DRENGJASTOVE OG FLYTEBRYGGJE 068/15 GBNR. 96/53 - HATLETVEIT - AS SÆVAREID FISKEANLEGG - BYGGING AV NYTT SETTEFISKANLEGG 069/15 GBNR. 34/98 - OPSAL - LØYVE TIL DISPENSASJON I OPPFØRING AV NY BUSTAD 070/15 GBNR 23/116 - EIKELAND ØVRE - LØYVE TIL TILTAK - OPPFØRING AV LAGERHALL - DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN
058/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 01.10.2015 Møteprotokoll frå møtet 01.10.2015 vert godkjent. UPM-058/15 VEDTAK: Møtebok etter møtet 01.10.2015 vart samrøystes godkjent. 059/15: SKRIV OG MELDINGER TIL UPM 26.11.2015 :RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Skriv og meldingar vert teke til orientering. UPM-059/15 VEDTAK: Skriv og meldingar vart tekne samrøystes til orientering. 060/15: DELEGERTE SAKER TIL UPM 26.11.2015 RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Delegerte saker vert tekne til orientering.
UPM-060/15 VEDTAK: Delegerte saker vart samrøystes tekne til orientering. 061/15: RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN Framlegg til trafikksikringsplan for Fusa kommune for 2016 2019 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 11 i plan og bygningslova. Uttaler frå senior- og funksjonsrådet og ungdomsrådet vart kunngjort i møtet. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-061/15 VEDTAK: Framlegg til trafikksikringsplan for Fusa kommune for 2016 2019 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 11 i plan og bygningslova. 062/15: BRUK AV UTBYGGINGSAVTALAR I FUSA KOMMUNE Fusa kommune tek i bruk utbyggingsavtale med heimel i Plan- og bygningslova kapittel 17 jfr. føresegnene til arealdelen til kommuneplanen pkt 1.5. Retningslinjer, hovudprinsipp for finanisering og prosess i som omtalt i pkt. 3, 4 og 5 i notat 11.11.2015 frå Asplan Viak skal fylgjast. Det skal gjerast ei vurdering av om utbyggingsavtale skal nyttast ved handsaming av alle nye arealplanar. Krav om utbyggingsavtale skal gjerast kjent for utbyggjar under førehandskonferansen. Mal for utbyggingsavtale vedlagt saka skal vera utgangspunktet for utbyggingsavtaler, men kvar enkelt avtale skal utformast i tråd med problemstillingar knytt til den enkelte reguleringsplan. Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.
UPM-062/15 VEDTAK: Fusa kommune tek i bruk utbyggingsavtale med heimel i Plan- og bygningslova kapittel 17 jfr. føresegnene til arealdelen til kommuneplanen pkt 1.5. Retningslinjer, hovudprinsipp for finanisering og prosess i som omtalt i pkt. 3, 4 og 5 i notat 11.11.2015 frå Asplan Viak skal fylgjast. Det skal gjerast ei vurdering av om utbyggingsavtale skal nyttast ved handsaming av alle nye arealplanar. Krav om utbyggingsavtale skal gjerast kjent for utbyggjar under førehandskonferansen. Mal for utbyggingsavtale vedlagt saka skal vera utgangspunktet for utbyggingsavtaler, men kvar enkelt avtale skal utformast i tråd med problemstillingar knytt til den enkelte reguleringsplan. 063/15: GBNR 36/4 og 34/3 OPSALMARKA BUSTADOMRÅDE- REGULERINGSENDRING OPSALMARKA - KONTOR-, INDUSTRI- OG LAGEROMRÅDE Fusa kommune godkjenner å leggja reguleringsendring for deler av eksisterande reguleringsplan Opsalmarka bustadfelt gbnr. 36/4 og 34/3, Fusa, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket kan heimlast i kommuneplanens arealdel vedteke 15.10.2015 og i Plan- og bygningslova 12-10 pg 12-11. Uttaler frå senior- og funksjonsrådet og ungdomsrådet vart kunngjort i møtet. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-063/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner å leggja reguleringsendring for deler av eksisterande reguleringsplan Opsalmarka bustadfelt gbnr. 36/4 og 34/3, Fusa, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket kan heimlast i kommuneplanens arealdel vedteke 15.10.2015 og i Plan- og bygningslova 12-10 pg 12-11. 064/15: GBNR 48/7, HOLDHUS - KLAGEHANDSAMING PÅ GITT
BYGGJELØYVE, GARASJE - DISPENSASJON FRÅ AVSTAND TIL VEG Fusa kommune aviser klage på vedtak, og vil oppmoda tiltakshavar til å endre størrelse eller plassering slik at garasjen blir plassert minst fire meter frå offentlig veg. Vedtaket er heimla i Veglova 29, 30. Det vart gjennomført orientering i saka og synfaring i det aktuelle området før møtet. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-064/15 VEDTAK: Fusa kommune aviser klage på vedtak, og vil oppmoda tiltakshavar til å endre størrelse eller plassering slik at garasjen blir plassert minst fire meter frå offentlig veg. Vedtaket er heimla i Veglova 29, 30. 065/15: GBNR. 79/4 - DJUPVIK - INGENIØR JØRGENSEN FOR VIK INVEST AS - HANDSAMING AV KLAGE PÅ DELEGERT VEDTAK - DOBBEL GARASJE Fusa kommune avviser klage og held fast på sitt vedtak om å ikkje gje dispensasjon frå Planog bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, for bygging av ein dobbelgarasje på to plan, på gbnr. 79/4, Djupvik. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og i arealdelen av kommuneplanen. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke.
UPM-065/15 VEDTAK: Fusa kommune avviser klage og held fast på sitt vedtak om å ikkje gje dispensasjon frå Planog bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, for bygging av ein dobbelgarasje på to plan, på gbnr. 79/4, Djupvik. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og i arealdelen av kommuneplanen. 066/15: GBNR 92/1, LJOTÅEN - DISPENSASJON FRÅ PLANGRUNNLAG - DISPENSASJON FRÅ TEKNISKE KRAV - SØKNAD OM RAMMELØYVE - OMBYGGING AV LØA Fusa kommune gjev rammeløyve, og dispensasjon frå plangrunnlag. Det vert gjeve dispensasjon frå isoleringskrav, jfr søknad. Det vert gjeve dispensasjon frå tilgjenge for rørslehemma. Det vert ikkje gjeve dispensasjon frå lysflater i soverom. Saka er fritatt nabovarsel då det er ingen berørte naboar til tiltaket. Løyve vert gjeve på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover dispensasjonar, fylgje gjeldande lover og føresegn. 2. Det skal føreliggja utsleppsløyve for bygget, ved søknad om igangsetjing. 3. Radonmålingar og eventuelle tiltak for dette må føreligga før igangsetjing. Fusa kommune vil oppmoda til bruk av steinull til isolasjonsmateriale for å auke brannresistansen i bygget og auke EI30 konstruksjonen opp til EI60, dette grunna avstand til næraste brannstasjon, og at formålet til bygget er utleige. Vedtaket kan heimlast i Plan og bygningslova 20-1 og 19-2. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-066/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev rammeløyve, og dispensasjon frå plangrunnlag. Det vert gjeve dispensasjon frå isoleringskrav, jfr søknad. Det vert gjeve dispensasjon frå tilgjenge for rørslehemma. Det vert ikkje gjeve dispensasjon frå lysflater i soverom. Saka er fritatt nabovarsel då det er ingen berørte naboar til tiltaket. Løyve vert gjeve på fylgjande vilkår:
1. Tiltaket skal utover dispensasjonar, fylgje gjeldande lover og føresegn. 2. Det skal føreliggja utsleppsløyve for bygget, ved søknad om igangsetjing. 3. Radonmålingar og eventuelle tiltak for dette må føreligga før igangsetjing. Fusa kommune vil oppmoda til bruk av steinull til isolasjonsmateriale for å auke brannresistansen i bygget og auke EI30 konstruksjonen opp til EI60, dette grunna avstand til næraste brannstasjon, og at formålet til bygget er utleige. Vedtaket kan heimlast i Plan og bygningslova 20-1 og 19-2. 067/15: GBNR 3/2 KOLLEID - SØKNAD OM RAMMELØYVE - SØKNAD OM DISPENSASJON - FRITIDSBUSTAD/DRENGJASTOVE OG FLYTEBRYGGJE Fusa kommune gjev rammeløyve og godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, til å byggja oppatt ei ny drengjastove/fritidsbustad på 36 m2, og leggje ut flytebryggje på gbnr. 3/2, Kolleid, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover gitte dispensasjonar fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. 3. Godkjent søknad om utsleppsløyve skal føreliggja før igangsetjingsløyve vert gitt. 4. Høyringsinstansane må ikkje ha merknad til saka. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-067/15 VEDTAK: Fusa kommune gjev rammeløyve og godkjenner søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, til å byggja oppatt ei ny drengjastove/fritidsbustad på 36 m2, og leggje ut flytebryggje på gbnr. 3/2, Kolleid, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover gitte dispensasjonar fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. 3. Godkjent søknad om utsleppsløyve skal føreliggja før igangsetjingsløyve vert gitt. 4. Høyringsinstansane må ikkje ha merknad til saka. Vedtaket kan heimlast i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-4.
068/15: GBNR. 96/53 - HATLETVEIT - AS SÆVAREID FISKEANLEGG - BYGGING AV NYTT SETTEFISKANLEGG Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå krav om reguleringsplan til rammeløyve for bygging av nytt settefiskanlegg på gbnr. 96/53 Hatletveit, på fylgjande vilkår: 1) Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket. 3) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning, må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 4) At ein ved ei eventuell seinare endring på tomta og i området generelt, uansett storleik på tiltak (jf. tiltak i Pbl. 1-6), må utarbeida ein reguleringsplan for heile industriområdet. Dette vil til dømes seia at dersom ein har trong for ein einaste ekstra parkeringsplass, lyt ein gjennomføra ein planprosess. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Rådmannen endra sitt framlegg til vedtak i møtet, slik: Saka har fleire prinsipielle sider, og rådmannen fremjar difor to alternative forslag til vedtak: Alternativ A: Samla sett vurderer ein fordelane ved å gje dispensasjon klart større enn ulempene, men presiserer samstundes at det er maktpåliggjande å setja heilt klare og ufråvikelege vilkår for dispensasjonen. Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå krav om reguleringsplan til rammeløyve for bygging av nytt settefiskanlegg på gbnr. 96/53 Hatletveit, på fylgjande vilkår: 1) Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket. 3) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning, må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 4) At ein ved ei eventuell seinare endring på tomta og i området generelt, uansett storleik på tiltak (jf. tiltak i Pbl. 1-6), må utarbeida ein reguleringsplan for heile industriområdet. 5) At Fylkesmannen i Hordaland godtek dei ovanfornemde vilkåra i ei godkjenning av dispensasjon. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. Dette framlegget fekk ei røyst, Roger Hoel, uavh.
Alternativ B: Tiltaket er så omfattande at Fusa kommune ikkje kan imøtekoma søknad om dispensasjon frå krav om reguleringsplan. Søknad om rammeløyve for bygging av nytt settefiskanlegg på gbnr. 96/53 Hatletveit kan difor ikkje imøtekomast. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2. Dette framlegget fekk ingen røyster. Magne Djuvik sette fram fylgjande framlegg til vedtak: Som rådmannen sitt framlegg, alternativ A, med fylgjande tillegg, etter siste avsnitt: «UPM oppmodar tiltakshavar til å bidra i arbeidet med å utarbeide reguleringsplan for Sævareid sentrum og industriområde.» Dette framlegget fekk 8 røyster: Magne Djuvik, Frp, Toralv Huse, Krf, Turid Glesnes, Ap, Agnete Digranes Årvik, Ap, William Lindborg, Ap, Marianne Borge, Sp, Jan Birger Landøy, Sp og Ranveig Næss, H. UPM-068/15 VEDTAK: Samla sett vurderer ein fordelane ved å gje dispensasjon klart større enn ulempene, men presiserer samstundes at det er maktpåliggjande å setja heilt klare og ufråvikelege vilkår for dispensasjonen. Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå krav om reguleringsplan til rammeløyve for bygging av nytt settefiskanlegg på gbnr. 96/53 Hatletveit, på fylgjande vilkår: 1) Tiltaket skal fylgja gjeldande lover og føresegner. 2) Tiltakshavar må søkja Fusa kommune om igangsetjing av tiltaket. 3) Ved søknad om igangsetjing av oppføring av bygning, må tiltakshavar leggja ved endeleg godkjent avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen. 4) At ein ved ei eventuell seinare endring på tomta og i området generelt, uansett storleik på tiltak (jf. tiltak i Pbl. 1-6), må utarbeida ein reguleringsplan for heile industriområdet. 5) At Fylkesmannen i Hordaland godtek dei ovanfornemde vilkåra i ei godkjenning av dispensasjon. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. UPM oppmodar tiltakshavar til å bidra i arbeidet med å utarbeide reguleringsplan for Sævareid sentrum og industriområde. 069/15: GBNR. 34/98 - OPSAL - LØYVE TIL DISPENSASJON I OPPFØRING AV NY BUSTAD Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon ved bygging av einebustad på gbnr. 34/98, Opsal, på det vilkår at tiltaket fylgjer gjeldande lover og føresegner. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-3.
Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UPM-069/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon ved bygging av einebustad på gbnr. 34/98, Opsal, på det vilkår at tiltaket fylgjer gjeldande lover og føresegner. Vedtaket er heimla i Plan- og bygningslova 19-2, 20-3. 070/15: GBNR 23/116 - EIKELAND ØVRE - LØYVE TIL TILTAK - OPPFØRING AV LAGERHALL - DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN Fusa kommune godkjenner tiltaket, og gjev dispensasjon frå føresegnene til Reguleringsplan for Eikelandsosen næringspark, 5 bokstav a, b og c, Takfotshøgd, takvinkel og fasadelenge. Dispensasjon vert gjeve på innsendt dokumentasjon og jamfør dialog med Fusa kommune på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover gitt dispensasjon, fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og avsluttast. 3. Tomta skal plantast til med stadeigne trær på sørsida av bygget. 4. Avtrappingar på tomta skal utførast med jordbelagde skråningar i staden for høge murar, dette for å unngå uheldig fjernverknad. Skråningane skal plantast til med stadeigen vegetasjon. 5. Ved vidareutvikling av tomta mot sørvest skal tomta trappas ytterlegare ned jfr dialog med Fusa kommune. Vedtaket kan heimlast i føresegnene til reguleringsplan for Eikelandsosen næringspark, 5 bokstav h. Og i plan og bygningslova 20-1, 19-2. Marianne Borge hadde meldt seg ugild i saka då ho er i nær slekt med tiltakshavar, jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 1.ledd og 2. ledd.
Leiar sette fram framlegg om å røysta over om ho var ugild. Utvalet var samrøystes einig i at ho var ugild. Ho gjekk frå. Det møtte ikkje vararepresentant for henne. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes (8 medlemer) vedteke. UPM-070/15 VEDTAK: Fusa kommune godkjenner tiltaket, og gjev dispensasjon frå føresegnene til Reguleringsplan for Eikelandsosen næringspark, 5 bokstav a, b og c, Takfotshøgd, takvinkel og fasadelenge. Dispensasjon vert gjeve på innsendt dokumentasjon og jamfør dialog med Fusa kommune på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover gitt dispensasjon, fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og avsluttast. 3. Tomta skal plantast til med stadeigne trær på sørsida av bygget. 4. Avtrappingar på tomta skal utførast med jordbelagde skråningar i staden for høge murar, dette for å unngå uheldig fjernverknad. Skråningane skal plantast til med stadeigen vegetasjon. 5. Ved vidareutvikling av tomta mot sørvest skal tomta trappas ytterlegare ned jfr dialog med Fusa kommune. Vedtaket kan heimlast i føresegnene til reguleringsplan for Eikelandsosen næringspark, 5 bokstav h. Og i plan og bygningslova 20-1, 19-2.