Praktiske opplysningar og informasjon om Seim barnehage: Seim barnehagen SA er ein privat, foreldredriven andelsbarnehage. Den tredde i kraft august 08, og er ei samanslåing av tidlegare Seim korttidsbarnehage og Sprøkland familiebarnehage. Januar 2011 flytta vi inn i heilt ny barnehage. Den ligg sentralt og flott til med både skog og sjø like i nærleiken. Barnehageåret 15/16 har vi 2 avdelingar for barn i alderen 1-3 år, 2 avdelingar for barn frå 3-5 år og 1 avdeling med førskulebarn. Førskulebarna skal halde til i grendahuset «Strilatun» også dette barnehageåret. «Strilatun» ligg i kort gåavstand til barnehagen. Bemanning: Grunnbemanning på liten avdeling er 1 pedagog pr 9 barn og totalt 3 tilsette pr 10 heile barnehageplassar. På stor avdeling er bemanning 1 pedagog pr 18 barn og totalt 3 vaksne pr 18 heile plassar. Tal barn utover dette utløyser tilsvarande auke i bemanning. Barnehagen har også 200 % stillingar i administrasjonen, fordelt på 3 personar. I tillegg er barnehagen styrka med ekstraassistent grunna barn med særskilde behov. Barnehagen har også spesialpedagog og fysioterapeut som kjem nokon dagar og trenar med einskildbarn. Opningstid: Barnehagen er open frå kl 07.00 16.30 måndag - fredag Frammøte: Frammøte: Redusert opning/ stengt: Jul- og nyttårsafta er barnehage stengt. Onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl 12.00 Seim barnehage SA har 5 planleggingsdagar i året. Barnehagen er då stengt. Når barnet har starta i barnehagen, er det viktig at det kjem regelmessig. Dette for at det skal verte kjend med dei andre barna og føle seg som ein del av gruppa. Barna kan gjerne ta seg fri ein gong i blant, men det er då fint om det vert gjeve beskjed til personalet.
Kjernetida i barnehagen er frå 09.30-14.30 kvar dag. I denne tidsperioden vert aktivitetar, turar o.a lagt, og vi ynskjer som ein hovudregel at barna som skal vere i barnehagen er her i denne tidsperioden. Kjem ditt barn i barnehagen etter kl 09.30, vert henta før 14.30 eller vert heime av ulike årsaker, blir vi glad om du gjev beskjed om dette så tidleg som mogeleg. Då unngår vi at de kjem til ei tom avdeling fordi vi t.d. er gått på tur. Mat: Barna tek sjølv med matpakke til frukost. Frukosten varer fram til kl 08.30. Barnehagen serverer lunsj og frukt i barnehagen kvar dag. For dette betalar ein kr 300,- pr mnd for heil plass og tilsvarande mindre beløp når ein går redusert tid. Denne summen kjem i tillegg på innbetalingsgiroen for barnehageplassen. Dersom barnet ditt er veldig svolten før middag, kan det vere lurt å ta med enten litt ekstra mat i matboksen eller ein yoghurt som barnet kan ete til fruktmåltidet. Kle og sko: Alle klede og sko skal vere merka med barnet sitt namn. Om barnet skal sove i barnehagen, må også vogn, regntrekk, dyne/teppe ol, merkast med namn. Barnet må alltid ha ekstra klesskift frå inst til ytst liggjande i barnehagen. Regntøy, regnvottar og støvlar må alltid vere i barnehagen. Kle barnet ditt slik at det kan leike og vere i aktivitet både inne og ute. Det er viktig at barnet har klede som toler å bli skitna til, og som er gode å ha på. Barnet må ha sandalar eller tøflar til bruk inne. Regn og snø kan gjere golvet i garderobane våte. Vi har også jamlege brannøvingar, og tøfler på føtene er greitt når vi skal evakuere ut.
Våte/skitne klede vert lagt i kvite postar og hengt på barnet sin garderobeplass. Sjekk garderobehyllene ved henting og ta med skitne klede heim til vask. Sjå også i tørkeskapet om det er våte kle/vottar som bør takast heim eller leggast på plass i hylla att, klar til bruk neste dag. Kvar fredag oppmodar vi foreldra til å ta heim regnklede og utedressar og vaske desse. Det er foreldra sitt ansvar å halde orden på garderobeplassen til barnet. Det er viktig at det er ryddig og at kle barna treng for dagen, ligg klar til bruk i hylla. Då får dei tilsette tid til å fokusere på sjølve påkledninga, og støtte og rettleie ungane i meistring av denne oppgåva. Turar: Barna vert tatt med på kortare og lengre turar. Korte turar vil ein ta utan førehandsvarsel, men ved lengre turar får foreldra melding på førehand. Foreldra vert bedne om å skrive under på ei erklæring, der vi m.a. ber om lov til å ta barna med i privatbil og/eller offentleg transportmiddel, etter gjeldande sikkerheitsreglar. Barnehagen har eigen 17 setars minibuss som vi kjem til å bruke på tur, både i nærområdet og elles. Vi har eigne bilseter, både for dei yngste barna og dei på stor avdeling, og det er bilbelte til alle seta Sjukdom: I utgangspunktet er det alltid barnet sin allmenntilstand som avgjer om det kan gå i barnehagen eller bør vere heime. I tillegg kjem spørsmålet om barnet bør vere heime for å unngå smittespreiing til andre. Barnehagen ber om at foreldra føl utarbeidde retningslinjer v/barns sjukdom. Er de i tvil - ta kontakt med barnehagen. Då kan vi diskutere det og kome fram til ei avgjersle i lag. Barna som kjem i barnehagen, skal generelt vere utkvilde og friske når dei kjem i barnehagen, og kunne vere i leik både inne og ute
Bursdagsfeiring: Når eit barn har bursdag, feirar vi det i barnehagen. Avdelinga ordnar sjølv med bursdagsmat, så foreldra skal ikkje ta med noko heiman ifrå. Vi prøver å fremje eit sunt kosthald, og barnet vel varmlunsj frå avdelinga sin bursdagsmeny. Elles lagar barnehagen krone til barnet og dei fire avdelingane markerar dagen på ulike vis. Denne dagen skal bursdagsbarnet få vere ekstra i fokus Når de skal invitere barn til privat bursdagsfeiring, ser vi helst at de inviterer utanom barnehagetida. Om de skal levere ut invitasjonar i barnehagen er det viktig at de inviterer «rettferdig» ved å enten invitera alle på avdelinga, alle jentene eller gutane, eller heile aldersgruppa som barnet høyrer til, på avd. Invitasjonar kan komme på avveie av ulike grunnar i løpet av dagen (ramle ut av hylla under nokre klede..) Kanskje er invitasjon via tekstmelding eit «sikrare» alternativ Ferie: I fylgje barnehagen sine vedtekter, skal alle barn ha minst 4 veker ferie i løpet av barnehageåret. 3 veker skal vere samanhengande i perioden skuleslutt- nytt barnehageår. NB! Den 4. ferieveka kan takast ut som einskilddagar eller samla når som helst i barnehageåret, men barnehagen skal ha melding om desse dagane minst 4 veker på førehand på eige skjema. Skjema finn du på www.seimbarnehage.no eller i Seim barnehage Betaling: De får utlevert bankgiro i barna sine hyller eller e-post om de ønsker det. Betalingsfrist er den12. i kvar måned. Juli er betalingsfri månad, under føresetnad av at 4 veker ferie vert teke ut før barnehageåret er slutt, eller det vert gjort avtale om når den 4.ferieveka skal takast ut. Foreldresamarbeid: Barnehagen har både eit formelt og eit uformelt foreldresamarbeid. Det formelle er omtala i barnehagelova. Det uformelle samarbeidet er meir opp til den einskilde barnehage og for Seim barnehage består dette av: - dageleg kontakt v/henting & bringing - foreldresamtalar (ca 2 gonger pr. år), - foreldremøte (2 gonger pr år),
- jule- og påskefrukost, - dugnad, - sommarfest. Personalet i barnehagen ynskjer ein open og god dialog om barna og deira behov, og vi tek i mot både «ris og ros» frå foreldra Hugs at : Personalet i barnehagen har teieplikt! Adresse: SEIM BARNEHAGE SA, LUREVEGEN 171, 5912 SEIM Telefonnummer til barnehagen: * Styrar/huset : 96 90 46 72 * Alvane : 90 40 07 62 * Munin : 90 40 04 28 * Vettene : 95 89 80 89 * Hugin : 47 68 29 20 * Strilatun : 47 71 49 40 Vi slit av og til med dårlege dekningsforhold. Får du ikkje svar på avdelinga sitt nummer, så berre ring på ein av dei andre telefonnr. Du må også gjerne sende ei tekstmelding om barnet ditt kjem etter avtalt kjernetid eller vert heime, evt andre beskjedar. Er det noko som hastar, bør du ringje. Barnehagen sender som hovudregel ikkje bekrefting tilbake på at melding er motteke, men telefonen ligg fast på avdelinga, så vi ser meldingane Epostadr. styrar: styrar@seimbarnehage.no Nytt gjerne epost dersom de har spørsmål eller tilbakemeldingar. Men ikkje bruk desse til beskjedar og spørsmål de ynskjer raskt svar på. Barnehagen har eiga heimeside: www.seimbarnehage.no Der finn du diverse informasjon og det vert jamleg lagt ut nyheiter på sida. Avdelingane sine månadsplanar og månadsbrev vert også lagt ut her. Gå inn på heimesida og registrer epostadressa di i feltet Aboner på nyheter på hovudsida. Då får du melding på epost kvar gong det er lagt ut noko under nyheiter, og du kan lettare halde deg oppdatert