SKULEREGLEMENT Sygna vidaregåande skule FØREORD Føremålet med dette reglementet er å skapa eit kristent skulemiljø prega av respekt, tryggleik og godt arbeids- og læringsmiljø for både elevar og tilsette ved Sygna vidaregåande skule. Sygna følgjer privatskulelova med forskrift. Sygna er ein internatskule, eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Dei elevane som ikkje bur heime, skal bu i internatet. Berre i særskilde høve kan det etter søknad gjevast dispensasjon frå denne regelen. Sygna er ein privatskule, der elevane betalar skulepengar. Alle elevane må retta seg etter heile reglementet, som òg gjeld arrangement utanfor skulen sitt område der skulen er involvert, t.d. ekskursjonar og turar, viss ikkje anna er avtalt. 1.1 Rettar og plikter generelt Eleven har rett på undervisning, hjelp og rettleiing i samsvar med dei lover og forskrifter som gjeld for skulen. Når det er trong for det og sakkunnig vurdering tilseier det, vil han/ho også ha rett på spesialundervisning. Samstundes har eleven plikt til å samarbeida med medelevar og tilsette for å skapa eit godt skulemiljø. Eleven må kjenna dei aktuelle vedtektene som finst i offentlege lover, reglement og instruksar, og like eins skulen sine interne regelverk, og retta seg etter desse. Skulen har ansvar for å gjera desse kjende. Som elev har ein eit sjølvstendig ansvar for si eiga læring. Samstundes ligg det i elevstatusen plikt til å ta del i undervisninga i den form ho vert gjeven og å møta presist til timane. Med eit høgt fråvere og/eller fråvere frå varsla prøvar, elevøvingar og liknande, vil det kunna verta vanskeleg å setja standpunktkarakter. Dersom det trengst for å få karaktergrunnlag, har skulen høve til å påleggja elev å møta til ekstra prøve. Dette fører likevel ikkje til at eleven automatisk har rett til slik prøve. Vurdering vert gjeve som i tilsvarande offentlege skular. Sjå elles eige reglement for inntak til skule. Morgonsamlinga er obligatorisk for alle elevar som har første og/eller andre time. Elevar som ikkje møter på denne, har sjølv ansvar for å gjera seg kjent med informasjon som vert gjeven. 1.2 Ordning for fråvere og karaktergrunnlag Eleven skal sjølv halda oversikt over eige fråvere i enkeltfag og har sjølv ansvar for at fråveret held seg på eit akseptabelt nivå. Er fråveret i ferd med å verta stort (ca 10 %) i eit fag i ein termin, skal det gjevast skriftleg melding frå faglærar til elev (med kopi til føresette for elevar under 18 år). Ved lågt fråvere er det skulen sitt ansvar å skaffa grunnlag til å kunna gje halvårs- og sluttvurdering med karakter. Om tilstrekkeleg karaktergrunnlag ligg føre, skal det setjast karakter. Har ein elev
særlege grunnar til stort fråvere, (dokumentert), vil skulen prøva å samarbeida tett med eleven for å skaffa karaktergrunnlag. Eleven har ansvar for å varsla skulen ved sjukdom og planlagt fråvere etter eigne reglar. 1.3 Undervisningsutstyr Eleven må følgja vernereglane og skaffa seg materiell, utstyr og klede som undervisninga krev, og som skulen ikkje held. 1.4 Framferd i skulen Alle skal vera med å skapa trivsel og arbeidsglede i skulen og visa omsorg for kvarandre. 1.4.1 Aktsemd og erstatningsansvar Kvar enkelt må ta godt vare på det han sjølv eig og stella fint med andre sin eigedom. Kjem ein i skade for å øydeleggja noko, skal ein straks melda frå. Rektor avgjer storleiken på eventuell erstatning. 1.4.2 Mobbing Sygna vidaregåande skule skal vera ein mobbefri skule. Skulen sin handlingsplan mot mobbing skal gjerast kjent for elevane og følgjast opp. 1.4.2 Røyking og rusmiddel Skulen vil arbeida for eit røykfritt miljø. Det er ikkje tillete å røykja på Sygna sitt område i skuletida. Det er forbode å ha med seg, lagra og bruka rusmiddel eller visa seg påverka av dette på skulen sitt område (nullgrense). Dette gjeld òg arrangement utanfor skulen som Sygna har ansvar for. Ved mistanke om alkohol- eller narkotikabruk kan skulen krevja at nødvendige prøvar vert tekne. Skulen vil konfiskera eventuelle rusmiddel og destruera desse. 1.4.3 Oppslag Til kunngjeringar og oppslag nyttar ein oppslagstavlene og infoskjermen. Innlegg, teikningar og bilete som er krenkjande for enkeltpersonar eller grupper er forbodne. I utgangspunktet skal oppslagstavlene og infoskjermen berre nyttast til informasjon frå skulen eller skulen sine samarbeidspartnarar. Oppslag innandørs skal stemplast av skulen. 1.4.4 Skuleområde, skulebygg og inventar Elevane skal halda skulebygg og skuleområde reint for papir, sneipar, snus, flasker, tyggjegummi og anna avfall. Skulebygg og inventar skal takast vare på. Det er ikkje lov å skriva/ teikna på pultar og veggar. 1.4.5 Orden og åtferd Det skal gjevast éin karakter i orden og éin i åtferd (forskrift til privatskulelova 4-9) Karakterane God (G), Nokså god (Ng) og Lite god (Lg) skal nyttast. Sjå eige reglement for fastsetjing av karakter i orden og åtferd. 1.5 Kontakt mellom skule og heim Foreldre/føresette er alltid velkomne til å ta kontakt med skulen. Skulen inviterer kvar haust til foreldremøte med høve til individuell samtale. Dersom det er fare for at ein elev ikkje får bestått halvårs- og/eller sluttvurdering med karakter, eller ikkje får karakter grunna stort fråvere, vil skulen orientera heimen når eleven er under 18 år. Det same gjeld dersom det er fare for at eleven kan få nedsett karakter i orden og/eller åtferd. Sjå og 1.2.
1.6 Helse Elevane har tilbod om helsetenester på linje med offentlege skular (m.a. helsesyster) (privatskulelova 3-8). 1.7 Parkering Elevar og gjester må parkera på tilvist parkeringsplass. Køyring opp til internatet skal berre skje i særskilte tilfelle. Køyring på skuleområdet må skje med særleg varsemd. Skulen kan utarbeida nærare reglar for køyring på skuleområdet. 1.8 Brann Ved brann/brannalarm er det viktig at alle elevane følgjer oppsett instruks for varsling og evakuering og rettar seg etter meldingar som vert gjevne. Brannvarslar, skilt og sløkkingsutstyr skal ikkje rørast anna enn når brann vert oppdaga. REAKSJONAR 2.1 Rapportering og føring av regelbrot Kontaktlærar fører oversyn over brot på skulereglementet og ser til at desse vert dokumenterte. Dette gir grunnlag for karaktersetjing i orden og åtferd, samt andre reaksjonar. 2.2 Reaksjonar Dersom ein elev ikkje rettar seg etter dei krav ein set til god orden og åtferd, kan skulen nytta desse reaksjonane: 2.2.1 Interne tiltak Ein elev som ikkje rettar seg etter skulereglementet, skal lærar eller andre tilsette visa til rette, og eleven skal ha høve til å forklara seg. Faglærar kan visa ut elev frå klasse for resten av timen. Rektor eller undervisningsinspektør kan visa elev ut frå klassen for resten av skuledagen etter at han/ho har hatt samtale med eleven. Når omsyn til høvisk framferd, ro og orden tilseier det, kan lærar eller andre tilsette visa elev til rektor eller inspektør. Rektor/inspektør kan gje påtale og åtvaring. Ved gjentaking og alvorleg reglementsbrot nyttar ein òg skriftleg åtvaring. Er eleven umyndig, vert foreldre/føresette underretta. 2.2.2 Tidsavgrensa bortvising Tidsavgrensa bortvising kan nyttast av skulen dersom ein elev: - alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet - oppfører seg slik at han/ho er til urimeleg tyngsle for miljøet 3-10 i privatskulelova gir skulen rett til å visa elev bort frå skulen i inntil fem dagar. Rektor gjer vedtak om å visa elev bort frå skulen etter råd frå lærarråd. Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdera om det er råd å bruka andre hjelpetiltak eller reaksjonar. Før vedtak om bortvising vert gjort, skal eleven få gjera seg kjent med saka og få høve til å forklara seg for den/dei som skal ta avgjerd om bortvising. Dersom eleven er umyndig, skal skulen gje melding til foreldre/føresette om reaksjonane og årsakene til desse. Vedtak om tidsavgrensa bortvising kan klagast inn for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. 2.2.3 Utvising for resten av skuleåret/ tap av rettar
Elev kan etter vedtak av fylkeskommunen ( i eleven sitt heimefylke) visast bort frå skulen resten av skuleåret. I samband med slik bortvising kan fylkeskommunen òg vedta at eleven skal mista retten til vidaregåande opplæring etter 3-10 i privatskulelova). Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdera å bruka andre hjelpetiltak eller reaksjonar. Eleven skal få gjera seg kjent med saka og få høve til å forklara seg for den/dei som eventuelt skal ta avgjerd om utvising. Dersom eleven er umyndig, skal skulen gje melding til foreldre/ føresette om tiltaket og årsaka til dette. Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova. Klage som gjeld utvisning eller tap av rettar i høve til skulen skal rettast til Kunnskapsdepartementet ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
INTERNATREGLEMENT Sygna vidaregåande skule FØREORD Føremålet med dette reglementet er å skapa eit kristent skulemiljø prega av respekt, tryggleik og godt bu- og arbeidsmiljø for elevane ved Sygna vidaregåande skule. Sygna er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og følgjer difor retningslinjene til denne organisasjonen. Sygna er ein internatskule. Dei elevane som ikkje bur heime, skal bu i internatet. Berre i særskilde høve kan det etter søknad gjevast dispensasjon frå denne regelen. Alle elevane må retta seg etter heile reglementet. Reglementet gjeld og arrangement utanfor internatområdet der skulen er involvert, t.d. ekskursjonar og turar, viss ikkje anna er avtalt. 1.1 Generelle rettar og plikter På eit internat bur mange tett saman og god orden og godt reinhald er viktig både for helse og trivsel. Som internatbuar tek du del i ansvaret for å skapa eit reint og triveleg miljø. I internata skal ein følgja dei instruksane som til kvar tid gjeld. Alle elevar som er ferdige på Sygna kan få eit internatvitnemål. For å få positiv attest på dette, må eleven ha vist at han/ho har lagt vinn på å retta seg etter reglementet. 1.1.1 Reinhald Internatbuarane har ansvar for å halda rommet sitt i orden. Internatleiar har høve til å halde regelmessig tilsyn med rommet. I tillegg har eleven ansvar for oppvask og orden på fellesrom og uteområde etter fastsett liste og eigen instruks. 1.1.2 Matsalen Det er viktig at det er ro og orden i matsalen, slik at måltida vert triveleg for alle. Etter måltida ryddar kvar enkelt etter seg. Bestikk og servise skal ikkje takast ut av matsalen, og der skal ingen gå utan skjorte/genser eller sko, og unødig yttertøy skal hengjast på gangen. Gå heller ikkje inn i matsalen med sveitt treningstøy (for eksempel etter kroppsøvingstime). 1.1.3 Ulike internatoppgåver Internatbuarane har ulike oppgåver som tener fellesskapet. Kjøken- og resepsjonsteneste, samt internatvask er døme på slike oppgåver. Desse oppgåvene pliktar elevane å setja seg inn i og følgja opp. 1.1.4 Brannlister og utskrivingslister I tilfelle brann er det særs viktig at vi har ei så god oversikt som råd er over kven som er på internata. Difor har vi ei ordning med brannliste som elevane skal signera. Brannlista: Denne skal signerast av kvar enkelt elev mellom kveldsmat og innetid. Har du gjest på rommet, skal dette førast opp under merknad. Overnattar du på anna internat, er borte eller av gyldig grunn skulle koma inn seinare enn stengetid, må dette òg førast under merknad. Lista skal vere oversiktleg, så helsingar og teikningar skal ikkje førekoma.
Mellom anna for at kjøkenet skal få oversikt over kor mange som er på internatet i helgene og for at vi skal klara å følgja opp reisemeldingsnotat frå foreldre, har vi utskrivingsliste i helgene. Utskrivingslista: Alle elevar må signera utskrivingslista seinast torsdag kl. 22.30, dette gjeld òg dersom dei skal vera på internatet i helga. Skal ein vekk, må ein notera tidsrommet ein er vekke. Dei som skal vekk i helga må i tillegg til å skriva seg på utskrivingslista òg skriva at dei er borte på brannlista for dei aktuelle dagane og fylla ut reisemelding. Denne skal helst leverast før lunsj torsdag og seinast ved kveldsmat dagen ein reiser. 1.2 Internattillitselev På kvart internat vert det valt internattillitselev. Denne er bindeledd mellom internatbuarane og skulen. Internattillitseleven har òg ansvar for å organisera fellesvask, sjå til at arbeidet vert gjort, leia internatsamlingar og liknande saman med internatleiar. Sjå eigen instruks. 1.3 Ro i internatet Skulen har ønskje og målsetjing om at internatet skal vera ein heim, der det er gode bu- og arbeidsvilkår. I dette ligg det óg å respektera andre sin trong for arbeidsro, kvile og søvn. Ved bruk av musikkinstrument, stereoanlegg og liknande må du alltid visa omsyn. Misbruk kan føra til inndraging. 1.3.1 Studietid Måndag - torsdag, mellom middag og kvelds, er det studietid. Då skal det vera arbeidsro på internata. 1.3.2 Innetider og nattero Natt er definert som tidsrommet frå stengetid til kl. 06.00. På dagar før skuledagar skal alle vera på sine internat kl 22.30, og det skal då vera ro. Klokka 23.30 skal kvar einskild vera på rommet sitt. Etter kl 22.30 skal ingen nytta internatkjøkenet eller på annan måte laga til mat eller drikke som krev oppvarming. Tørketrommel og levande lys skal heller ikkje nyttast etter innetid. Har ein besøk (som ikkje skal overnatta), skal desse forlata skulen sitt område innan innetid. 1.3.3. Innetider i helgene Fredag og laurdag skal internatbuarane vera på eigne internat kl. 01.00. Elevar på Vg1 og Vg2 skal vera på Sygna sitt område kl. 24.00. Elevar på Vg3 skal vera på sygnaområdet kl. 01.00. Det er ikkje romtid i helgene. 1.4 Overnatting hjå kvarandre Det er berre lov å overnatta på medelev sitt rom netter før fridagar. Dette må førast inn på barnnlista og det skal gjevast melding til tilsyn. Elevar av motsatt kjønn og kjærestepar skal ikkje bu eller overnatta på same rom. 1.5 Gjester, reisemelding og feriar 1.5.1 Gjester Slekt og vener er velkomne til Sygna på besøk. Gjeld det meir enn tre overnattingsdøgn, må eleven på be om løyve frå internatleiar minst fem dagar på førehand.. Foreldre og søsken under fylte 16 år bur og et gratis i inntil tre døgn, og desse kan overnatta på eleven sitt eige rom. Andre gjester bur hjå eleven eller på anna tilvist rom, som normalt ikkje er på internat for motsett kjønn. Betaling skjer etter fastsette takstar
og vert ordna med tilsyn. Internatbuaren har ansvar for å informera gjestene sine om skulen sitt internatreglement. Eleven som har besøk står ansvarleg for gjestene sine, og må sørgje for at alle som skal overnatta vert registrerte i tilsynsperm og på brannlistene. 1.5.2 Reisemelding og utskriving frå internat Internatbuarane skal melda frå når dei reiser bort i helgene. Skal dei andre stader enn heim, må dei levera reisemelding der dei òg stadfestar at foreldra er informerte om kor dei reiser. Skulen reknar då med at umyndige elevar har løyve frå heimen. Det er ikkje lov for umyndige elevar å skriva seg ut for å overnatta hos personar i Balestrand kommune. Det vert likevel gitt opning for at umyndige elevar i spesielle tilfelle (t.d. overnatting i naturen) kan søkja om lov til dette. Sjå eige reglement. Internatbuarane kan ikkje overnatta borte frå internatet før skuledag utan med særskilt løyve, og det må leverast reisemelding. 1.5.3 Feriar I feriar og langhelga om hausten er skulen stengt. Internatbuarane har difor ikkje høve til å vera i internata. 1.5.4 Parkering Elevar og gjester må parkera på tilvist parkeringsplass. Køyring opp til internatet skal berre skje i særskilte tilfelle. Køyring på skuleområdet må skje med særleg varsemd. 1.6 Røyking og rusmiddel Skulen vil arbeida for eit røykfritt miljø. Det er berre lov å røykja på tilviste stader. Det er forbode å ha med seg, lagra og bruka rusmiddel eller visa seg påverka av dette på skulen sitt område (nullgrense). Dette gjeld òg arrangement utanfor skulen, som Sygna har ansvar for. Ved mistanke om alkohol- eller narkotikabruk kan skulen gjennomføra romsjekk og krevja at turvande prøvar vert tekne. Skulen vil konfiskera eventuelle rusmiddel og destruera desse. 1.7 Erstatningsansvar og eigedelar 1.7.1 Depositum Internatbuar betaler depositum ved skulestart. Dette kan til dømes nyttast til å dekka manglande reingjering eller skade på bygning og utstyr valda av eleven. Depositumet, etter eventuelle fråtrekk, vert betalt tilbake ved slutten av skuleåret. 1.7.2 Eigedelar Internatbuar har ansvar for å ta vare på det han/ho eig. Skulen rår til å halda rommet låst. Elevane sine eigedelar er ikkje forsikra av skulen utan ved brann. Skulen har ikkje ansvar for tøy som vert borte eller skadd ved bruk av vaskemaskin og tørketrommel. Det er ikkje lov å ha våpen eller ammunisjon i internatet. Skulen tek vare på slikt utstyr i sikra skåp. 1.8 Brann Ved brann/brannalarm er det viktig at alle elevane følgjer oppsett instruks for varsling og evakuering og rettar seg etter dei meldingane som vert gjevne. Brannvarslar, skilt og sløkkingsutstyr skal ikkje rørast anna enn når brann vert oppdaga.
1.9 Møblar og inventar Elevar som bur i internatet er ansvarlege for inventar og utstyr på rommet. Ein må følgja godkjent møbleringsplan, mellom anna av brannomsyn. Det er ikkje høve til å ta skulen sine møblar eller skulen sitt inventar ut. 1.10 Husdyr Av helsemessige årsaker kan internatbuarane ikkje ha husdyr i internatet. 1.11 Informasjon og reglar Internatbuarane pliktar å setja seg inn i informasjon og reglar og retta seg etter dette. Sjå eige informasjonshefte. INTERNATREGLEMENT - REAKSJONAR 2.1 Rapportering og føring av regelbrot Personalet rapporterer reglementsbrot til undervisningsinspektør. Det vert ført oversyn over brot på reglementet. 2.2 Reaksjonar Dersom ein elev ikkje rettar seg etter internatreglementet, kan skulen nytta desse reaksjonane: 2.2.1 Interne tiltak Ein elev som ikkje rettar seg etter internatreglementet, skal tilsette ved skulen visa til rette, og eleven skal ha høve til å forklara seg. Ved gjentaking og alvorleg reglementsbrot nyttar ein òg skriftleg åtvaring. Er eleven umyndig, vert foreldre/føresette underretta. Skulen kan for kortare eller lengre tid ta frå elevar rettar dei normalt har i internatet. 2.2.2 Tidsavgrensa bortvising Tidsavgrensa bortvising kan nyttast av skulen dersom elev: - alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet - oppfører seg slik at han/ho er til urimeleg belastning for miljøet. Det er disiplinærutvalet som gjer vedtak om bortvising frå internat. Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdera om det er råd å bruka andre hjelpetiltak eller reaksjonar. Før vedtak om bortvising vert gjort, skal eleven få gjera seg kjent med saka og få høve til å forklara seg for den/dei som skal ta avgjerd om bortvising. Skulen gir melding til foreldre/føresette til umyndige elevar (og elevar der føresette er økonomisk ansvarlege for internatopphaldet) om reaksjonane og årsakene til desse. Vedtak om tidsavgrensa bortvising kan klagast inn for styret for skulen. 2.2.3 Utvising for resten av skuleåret/ tap av rettar Ved gjentekne eller alvorlege enkeltbrot på internatreglementet kan skulen visa elev ut frå internatet for resten av skuleåret. Det er disiplinærutvalet som kan gjera eit slikt vedtak. Eit utvida lærarråd er då høyringsinstans. Styret for Sygna er klageinstans i saker som gjeld utvising frå internat resten av skuleår. Før det blir gjort vedtak om utvising, skal ein vurdera om det er råd å bruka andre hjelpetiltak eller reaksjonar. Før vedtak om utvising vert gjort, skal eleven få gjera seg kjent med saka og få høve til å forklara seg for den/dei som skal ta
avgjerd om utvising. Skulen gir melding til foreldre/føresette til umyndige elevar (og elevar der føresette er økonomisk ansvarlege for internatopphaldet) om reaksjonane og årsakene til desse. Vedtak om utvising kan klagast inn for styret for skulen.. 2.3 Internatpengar Manglande betaling av internatpengar kan føra til utvising frå internatet. Før eventuell utvisning må skulen ha sendt minst to purringar og varsel må vera gjeve.