Styre og forvaltar oppgåver og ansvar Kompetanseprogram 4.-5.april 2016
Agenda Styret Rolle, oppgåver og ansvar Forvaltar Rolle, oppgåver og ansvar Riksrevisjonen Årshjul
Nasjonalparkstyret / Verneområdestyret Styret er oppnemnd av Miljødirektoraret etter innstilling frå kommunar og fylkeskommunar. Følgjer valperioden for kommunestyre og fylkesting. Styret er oppnemnt av staten og skal forvalte nasjonalparken/verneområdet på vegne av fellesskapet. Viktig at medlemmene ser heilskapen i forvaltninga, og ikkje berre interessene til «sin» kommune. Styret bør ha minst 4 møter i året.
Styret sine oppgåver Forvalta verneområda i samsvar med regelverk og politiske føringar Fatte vedtak etter verneforskrifta og naturmangfaldlova 48. Planarbeid Forvaltningsplan, skjøtselsplaner, tiltaksplaner,
Styret sine oppgåver Prioritering av tiltak Skjøtsel, tilrettelegging og informasjon Tiltaksmidlar over statsbudsjettet, fordelt av Miljødirektoratet Samarbeid med lokalt SNO Grensemerking og vedlikehald av merking av verneområda Melda brot på verneforskrifta til politiet dersom det er grunn til å anta at forholdet er straffbart
Styret sine utval Arbeidsutval Styret kan nedsette arbeidsutval, og delegere visse oppgåver til AU. Det vert då eit formelt vedtaksorgan i forvaltninga. Møte etter møteplan eller etter behov. Behov for AU er blitt redusert gjennom delegering til forvaltar.
Styret sine utval Fagleg Rådgjevande utval: Styret skal opprette Fagleg Rådgjevande utval. Representantar for grunneigarar, brukarar, næringsliv, organisasjonar. Ingen formell mynde. Skal kom med råd til styret. Bør ha minst eitt årleg møte med styret. Administrativt kontaktutval: Styret bør opprette Administrativt kontaktutval. Representantar frå administrasjonane/fagpersonar i kommunane.
Nasjonalparkforvaltar / Verneområdeforvaltar Forvaltar er underlagt styret, men tilsett hjå Fylkesmannen. Styret har styringsrett og instruksjonsmynde overfor forvaltar. Forvaltar har rettar og plikter på linje med andre statlege tilsette hjå FM. Styret disponerer forvaltar si arbeidstid. Overtid etter avtale med fylkesmann.
Forvaltar sine oppgåver - 1: Sekretær for styret Handsame sakene som kjem inn (søknadar, innkomne brev m.m.) Greie ut sakene og kome med innstilling til styret Delegerte vedtak
Forvaltar sine oppgåver - 2: Sørge for at «flyten» med sakspapir, vedtak, innkomande og utgåande post, rapportering osb. går som den skal Registrere vedtak i miljøvedtaksregisteret Sekretær for utvala Planarbeid
Forvaltar sine oppgåver 3: Følgje opp vedtak Sette i gang og følgje opp tiltak Anbodsprosessar Informasjonsarbeid Nettside Kontakt/samarbeid med SNO Kompetanseheving Arrangere møte o.l.
Forvaltar sitt ansvar At det ligg ei tilfredsstillande fagleg og juridisk vurdering bak innstillingar til styret. Seie i frå om vedtak etc. som styret gjer ikkje er juridisk eller naturfagleg haldbare. Sakshandsaming og prosessar i tråd med forvaltningslova og anna lovverk Dersom styret fattar vedtak i strid med forvaltar si innstilling, skal forvaltar hjelpe styret med å forfatte nytt vedtak.
Riksrevisjonen undersøking om lokal forvaltning 2014 Modellen er i hovudsak sett i verk etter intensjonen Større lokal medverknad og betre samhandling lokalt. Oppnemning av styra. Vedtekter ikkje i samsvar med stortingsvedtak Mange aktørar og tre nivå. Lite tids- og kostnadseffektivt.
Riksrevisjonen undersøking 2014 Fylkesmennene har litt ulik tilnærming til si rolle. Behov for å klargjere styra sin styringsrett og instruksjonsmynde overfor forvaltar Lang klagehandsamingstid God oppfølging frå Miljødirektoratet
Planar - Forvaltningsplan Forvaltningsplan er veldig sentral. Den er ikkje juridisk bindande (med nokre unntak), men skal vere utfyllande og konkretiserande i høve verneforskrifta. Alle verneområder skal ha forvaltningsplan. Desse skal normalt reviderast om lag kvart tiande år. Styret sitt ansvar Grovarbeidet skal forvaltar ta seg av. Miljødirektoratet skal godkjenne forvaltningsplanane.
Andre planer Skjøtselsplan er mindre omfattande plan for korleis ein skal ta vare på til dømes eit kulturlandskap. Tiltaksplan er normalt sett ei enkel og konkret oversikt over dei tiltak som ein skal gjennomføre. Den bør vere fleirårig, men samstundes eit «dynamisk» dokument. Besøksstrategi kan vera eit vedlegg til forvaltninsplan.
Besøksstrategi Vore eit satsingsområde for nasjonale myndigheiter siste åra Plan for korleis forvaltninga skal møte og handtere besøkande til nasjonalparken/verneområdet Kunnskapsbasert «Korleis gje besøkande gode opplevingar og auka lokal næringsskaping, utan at det går ut over verne- og naturverdiar?»
Årshjul Tid på året Januar Februar Faste oppgåver Får midlar frå miljødirektoratet Mars Bestillingsdialogmøte 2 April Mai Juni Planlegge tiltak Tenestekjøp Følge opp gjennomføring av tiltak
Årshjul Tid på året Faste oppgåver Juli August Følge opp gjennomføring av tiltak September Oktober Sette opp neste års tiltak November Bestillingsdialogmøte 1 Desember Sende inn bestillingsdialog Rapportering Budsjett