SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Viltnemnda Møtedato: 04.05.2015 Møtetid: 19:00-20:30 Møtestad: Kommunehuset Av 5 medlemmer møtte 5, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Asbjørn Fossmark I staden møtte: Ove Gåsdal Andre som var til stades på møtet: Johan Bergerud frå landbrukskontoret Møteleiar: Møtesekretær: Jon Magne Bogevik Johan Bergerud Merknader: Orienteringar/meldingar: Spørsmål/interpellasjonar: Dokument utlevert i møtet:
Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 15.05.2015 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær
Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/15 15/280 Faste saker 002/15 14/419 Fordeling av tilskot av konsesjonsmidlar i Samnanger kommune (vilt- og fiskefond) 003/15 15/277 Søknad om tilskot frå det kommunale viltfondet til NM for elghund- bandhud 2015
SAKNR. 001/15 FASTE SAKER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering 04.05.2015 VILTNEMNDA Handsaming i møtet: Utvalet sitt kvarter: Jon Magne Bogevik: Melding om til saman 5 daude hjortekalvar no i vår. Ofte er overgongen til friskt beite for hardt for dyra. Ikkje uvanleg å finna nokon daude dyr på denne tida, men 5 var litt mykje. Veg: Fleire grunneigarar er uroa for at den nye vegen frå Tyssebura til Frølandsbrua har store og longe hindringar for hjorten som kryssar vegen og elva, Både murane og gjerde mot elva er så høge at hjorten ikkje kan kryssa der. Hjorten vil etter noko tid finna nye vegar å gå men ein må rekna med ein auke i hjortepåkjørslar i området dei fyrste åra. Landbrukskontoret har sendt brev til vegvesenet kor det vart tilrådd å setja opp varselskilt om kryssande hjort. VILT-001/15 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke SAKNR. 002/15 FORDELING AV TILSKOT AV KONSESJONSMIDLAR I SAMNANGER KOMMUNE (VILT- OG FISKEFOND) Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 04.05.2015 VILTNEMNDA Handsaming i møtet: Ove Gåsdal sa seg ugild i saka då han er leiar av Samnanger jeger og fiskarlag. Viltnmeda var einige i vurderinga om ugildskap og Ove Gåsdal gekk frå. Margunn Lønnebakken kom med følgjande framlegg i saka: Samnanger kommune løyver kr 10000,- til ungdomsgruppa i Samnanger jeger og fiskarlag, til deira prosjekt for å få opp interessa for jakt på predatorar.
Samnanger kommune løyver kr 58000,- til Samnanger jeger og fiskarlag til ymse prosjekt i samband med fiskekultuivering. Samnanger kommune godkjenner og utbetaling av det faste tilskotet for 2013 og 2014 med til saman kr 30000,-. Om søknad om tilskot til oppføring av ly ved fiskesti ved Frølandsvatnet: Viltnemda stillar seg positiv til tiltaket men vil ikkje løyve midlar før plassering og utsjånad på tiltaket er bestemt. Vi ber om å få sjå planar for utsjånad, plassering og kostnadsoverslag før det vert løyvd midlar. Byggeløyve eller likande for prosjektet må og vera godkjent før det vert løyvd midlar. Midlane skal takast frå konsesjonsmidlar i Samnanger kommune (vilt og fiskefond). Framlegget til Margunn Lønnebakken vart samrøystes vedteke. VILT-002/15 VEDTAK: Samnanger kommune løyver kr 10000,- til ungdomsgruppa i Samnanger jeger og fiskarlag, til deira prosjekt for å få opp interessa for jakt på predatorar. Samnanger kommune løyver kr 58000,- til Samnanger jeger og fiskarlag til ymse prosjekt i samband med fiskekultuivering. Samnanger kommune godkjenner og utbetaling av det faste tilskotet for 2013 og 2014 med til saman kr 30000,-. Om søknad om tilskot til oppføring av ly ved fiskesti ved Frølandsvatnet: Viltnemda stillar seg positiv til tiltaket men vil ikkje løyve midlar før plassering og utsjånad på tiltaket er bestemt. Vi ber om å få sjå planar for utsjånad, plassering og kostnadsoverslag før det vert løyvd midlar. Byggeløyve eller likande for prosjektet må og vera godkjent før det vert løyvd midlar. Midlane skal takast frå konsesjonsmidlar i Samnanger kommune (vilt og fiskefond) SAKNR. 003/15 SØKNAD OM TILSKOT FRÅ DET KOMMUNALE VILTFONDET TIL NM FOR ELGHUND- BANDHUD 2015 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Samnanger kommune løyver kr 2760,- frå det kommunale viltfondet i tilskot til Hordaland elghundklubb for arrangering av NM for elghund- båndhund 2015. Vedtaket har heimel i Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort 5. 04.05.2015 VILTNEMNDA Handsaming i møtet: Ove Gåsdal tok igjen plass i møtet.
VILT-003/15 VEDTAK: Rådmannen sitt framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke.
7