RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2015
INNHALD: 1. Rauland statsallmenning 2. Rauland fjellstyre - samansetjing m. v. 3. Rauland fjellstyre sine hytter. 4. Villreinjakt 5. Småviltjakt. 6. Fiske. Nytt uthus kom på plass på Store Meinsvatn. Ein kjempejobb utført på dugnad. Foto: S.Olsnes
1. Rauland statsallmenning Rauland statsallmenning ligg i Vinje kommune i Telemark fylke og er på omlag 67000 dekar høgfjell 1300-1600 m. o. h. Heile allmenningen ligg innafor Hardangervidda nasjonalpark. Allmenningen ligg langt frå allfarveg og turist løyper, difor er det heller liten trafikk der. Fjellstyret har 3 hytter som alltid står oppe for ålmenta. 2. Rauland fjellstyre Fjellstyre er for perioden 2011-2015 samansett slik: Medlem Dorthe Huitfeldt, leiar Marit Jortveit Jarle Nordjordet Tor Aage Dale Halvor Fehn, nestleiar Vara: Lena Romtveit Ingunn Garvoll Svein Rorgemoen Ågot Storlid Svein Loftsgarden Fjellstyret hadde i 2014 3 styremøte og eit telefonmøte. Det vart handsama 19 saker. Fjellstyret har heller ikkje i år vurdert å ta ut møtegodtgjersle. Infoside for Rauland statsallmenning ligg på heimesida til Fjellstyra på Hardangervidda. Salg av kort til småviltjakt og fiske er på inatur.no. Fjellstyra på Hardangervidda AS (FH) Det er 7 fjellstyre som er aksjonærar i FH: Røldal fjellstyre Odda fjellstyre Ullensvang fjellstyre Ulvik fjellstyre Eidfjord fjellstyre Øvre Numedal fjellstyre Rauland fjellstyre. I tillegg er Hardangervidda Grunneigarsamskipnad inne med ein liten aksjepost. Leiar i Rauland Fjellstyre sit i styret for FH as. Marit Jortveit er vara. Noregs Fjellstyresamband (NFS). Alle fjellstyra i Norge er med i NFS (94 fjellstyre). Dorthe Huitfeldt sit i styret i NFS. Hardangervidda fjelloppsyn HF er driftsapparatet til Fjellstyra på Hardangervidda as. Rauland Fjellstyre leiger sekretærtenester frå HF, samt enkelte felttenester etter eige ynskje gjennom året. HF ivaretek brannsikringsarbeidet og feiing på hyttene.
3. Rauland fjellstyre sine hytter Alle hyttene står opne med ved, propan og anna naudsynt utstyr. Hytteleige betalast på hyttene i eigne kasser eller på bankgiro. Hytteleige: Raulendingar. Andre: Kr. 50,- Kr. 150,- Born under 16 år gratis. Alle hyttene er utstyrt med madrassar, kjøkkenutstyr, propan og ved. Solcelleanlegg er det på alle hyttene. Det vart transportert inn 50 sekkar med ved (80 l). Halvor Fehn sto for organiseringa av transporten og transporten føregjekk på dugnad. Det er kjøpt inn ny båt til Store Meinsvatn. Denne kjem inn vinteren 2015. Den gamle båten flyttast til Kostveit. Store Meinsvatn 1420 m.o.h. Hytta ligg i sørenden på Store Meinsvatn, er på 35 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Hytta har eige oppsynsrom som Hardangervidda fjelloppsyn as leiger. Det gamle uthuset vart rive og det vart sett opp nytt i 2015. Ein stor takk til alle som har vore med på dugnadsarbeidet. Kostveitvatn 1400 m.o.h. Hytta ligg i sørvestre delen av Kostveitvatn, er på 28 m2 og har 5 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Det er ikkje gjort større arbeid her i 2015. Saltpytt 1430 m.o.h. Hytta ligg på øvre del av Saltpyttflotti, er på 42 m2 og har 8 senger med madrasser. Det er solcelleanlegg, kjøkkenutstyr, propan og ved på hytta. Det vart ikkje gjort arbeid her utover vanleg supplering av utstyr og ved/propan. Alle hyttene gjennomgår årleg brannvernkontroll i regi av HF.
4. Villreinjakt Samjaktavtaler: Alle innanbygdsbuande i Rauland som hadde kort på andre vald kunne nytte dei frå fyrste dag mot eit gebyr på kr 400,- pr jeger.. Det var i 2015 gjensidig samjaktavtale mellom RS og Berunuten Vest. Dette gjaldt fom 31 august og ut jakta. Ordninga er vederlagsfri. Kvoten for 2015 på Rauland Statsallmenning vart på 10 frie dyr, 47 simle/ungdyr og 10 kalvar. Det vart kjøpt inn 12 kort frå Ulvik fjellstyre. Her vart all SU kort seldt vidare til utanbygds. I tillegg vart 10% av eigne SU kort seldt til utanbygds. Dette har fungert fint og har gjeve ei fin ekstrainntekt. Fellingsresultat 2015: Kalv 1,5 2,5 og eldre Sum Han 4 4 3 11 Ho 5 3 17 25 Sum 9 7 20 36 Dette tilsvarar ein fellingsprosent på 53,73 Prisar på fellingsløyve av rein: Innanbygds: Utanbygds: Fritt dyr 2200,- 4400,- Simle/ungdyr 1500,- 3000,- Kalv 500,- 1000,- Fjellstyret har vidareført ei skjerpa haldning til Fjellovas reglar om innanbygds og utanbygds. Desse reglane finn ein i 23 og 24 og dei omhandlar reglar om kven som er å rekne som innanbygdsbuande og dermed har rett til reinsjakt. Fjellstyret ynskjer derfor å halde fram med tidleg frist for søknadar om reinsjakt. Fjellstyret har diskutert digital løysing for sal/søknad på reinsjakt. Styret vil kome tilbake til dette i 2016.. 5. Småviltjakt Det var ikkje småviltjakt på Rauland statsallmenning i 2015. Dette pga låge rjupebestandar og derfor freding i eitt år. Styret vil handsame dette spørsmålet på nytt fyrste halvår 2016. Prisar småviltjakt: Innanbygds: Utanbygds: 3 dagar Kr.250,- Kr. 500,- vekekort Kr.500,- Kr. 1000,- Sesongkort Kr.850,- Kr. 1700,-
6. Fiske Det vert seld fiskekort for stong og isfiske. det er ingen avgrensing i tid for fiske på allmenningen. Prisar fiske: 3 dagar Kr. 60,- Vekekort Kr. 100,- Årskort Kr. 300,- Fastbuande i Rauland som løyser fiskekort, kan fiske med 5 garn med fri maskevidde. Det er båt i Store Meinsvatn. Fjellstyret er også med i ei felles fiskekortordning saman med Vinje HG. Alt for liten tilbakemelding på fiskekorta og på grunn av fellesordninga med fiskekort har ein ingen oversikt over mengde fisk som er teken opp i vatna på allmenningen. Det vert meldt om gode fangstar av fin kvalitet frå enkelte sportsfiskarar. Spesielt er det fin fisk i Kolsnutgryslene og Hokkebrotvatnet. Det vart løyst 32 fiskekort for stongfiske via inatur i 2015, ein nedgang på 10 kort frå 2014, men likevel 10 fleire enn i 2013. Sidan sesongen i år vart svært kort er dette eit greitt tal. I tillegg kjem kort som er kjøpt lokalt. Her utgjer felleskortet med Vinje HG størsteparten av salet. Dei utsalsstadane som sel papirkort berre for RS har ikkje sal i 2015. Det vart utført prøvefiske i Kostveitvatn i 2015. Resultatet syner gamal fisk med dårleg kondisjon, men materialet vil vere for lite til å kunne trekke eintydige konklusjonar. Det var og eit svært spesielt år med tanke på sein vår og dårleg mattilgang for fisken. Fjellstyret vil takke alle for den flotte dugnadsinnsatsen dei gjorde i 2015. Rauland 26.01.16 ------------------------------------ --------------------------------- Dorthe Huitfeldt Sveinung Olsnes Leiar Sek.