SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring i SFO-vedtektene frå skuleåret 2017/2018

Like dokumenter
Saksframlegg. Kvinnherad kommune

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 18/1343. Betalingssatsar og tilbod i 2019 for barnehage og SFO

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtektsendring kommunale skolefritidsordninger i Fosnes kommune. Utvalg Utvalgssak Møtedato Fosnes formannskap Fosnes kommunestyre

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

Plan for Liabygda SFO

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA

Satser for egenbetaling i barnehage er hjemlet i Lov om barnehager, 15. foreldrebetaling:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Vedtekter for skolefritidsordning (SFO) i Agdenes. Forslag

Vedtekter kommunale barnehagar

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Bjørnehiet SFO - informasjon

BESTEMMELSER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGER I SOLA KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Revidert Oppvekst og omsorg,

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Barnehagebruksplan

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGER I SIGDAL. Vedtatt i Kommunestyret , sak KS-123/ FORMÅL

Satser for egenbetaling i barnehage er hjemlet i Lov om barnehager, 15. foreldrebetaling:

Vedtatt av Trondheim bystyre , endret av Bystyret i mai 2005, august 2007 og i september 2013.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Medlemmene kalles med dette inn til møte i Hitra Rådhus K-sal kl. 15:00

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

HJELMELAND KOMMUNE Møtebok

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VELKOMEN TIL BJØRNEHIET SFO LEIKANGER BARNESKULE

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

RAMMEPLAN FOR SKOLEFRITIDSORDNINGEN I LØRENSKOG KOMMUNE.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Berit Kathrine Jokerud Arkiv: A22 Arkivsaksnr.: 12/1307

HITRA KOMMUNE. Innkalling til møte i Oppvekstkomiteen Fillan den: Medlemmer og varamedlemmer av Oppvekstkomiteen

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Definisjon og formål. Målsetjing

Velkommen til orienteringsmøte om skulestart Torsdag

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

Transkript:

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2017/465-498/2017 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 09.01.2017 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 14/17 Komité for drift og forvaltning 07.02.2017 Framlegg til endring i SFO-vedtektene frå skuleåret 2017/2018 Samandrag av saka: SFO-vedtektene for Fjell kommune vart sist endra i 2014. Tal på barn i ordningane varierer per januar 2017 frå midt på tjuetalet på Misje, til rundt 120 i Foldnes SFO. Det er ønskjeleg å gjere endringar i vedtektene for å sikre likeverdige og fagleg gode SFO-tilbod ved å: endre plasstypar så opphaldstida er klår. sikre fagleg kvalitet i tenesta ved tilsetting av nye SFO-leiarar. Heve krav om relevant utdanning, til minimum på Bachelor-nivå. opne for moglegheit for redusert betaling for familiar med dårleg økonomi for å bidra til at barn som treng det, får plass i SFO på eigne vilkår. innføre søskenmoderasjon på tvers av barnehage og skule. gjere endring i vilkår for ferie-sfo på Bjorøy og presisere søknadsfrist samt at plassering av ferietilboda i kommunen vil kunne variere. sørgje for at nytt SFO-tilbod for barn med spesielle behov på ungdomstrinnet blir teke med i vedtektene. endre søknadsfrist for hovudopptak, for å få informert foreldre til nye 1.klassingar i samband med informasjonsmøter på skulane om våren. Innstilling: Komité for drift og forvaltning stillar seg bak rådmannen sitt forslag til endringar i SFOvedtektene. Dei nye vedtektene gjeld frå skuleåret 2017/2018. Straume, den 27.01.2017 Steinar Nesse Rådmann Wilhelm Anglevik Skulesjef 1

Handsama i Komité for drift og forvaltning - 07.02.2017: Pedagogisk konsulent Nina Høiem var til stades under behandlinga av saka. Komiteen stilte mellom anna spørsmål om Fjell kommune tek betaling for ferie-sfo, noko som vart stadfesta, og ei eventuell oppmoding om endring her må fremjast i budsjettet. Komitéleiar Ernst M. Einarsen (H) etterlyste også saksopplysningar, som vist til i avsnittet i saka om søskenmoderasjon, om talet på familiar med søsken på tvers av kommunal barnehage og skule. Høiem kunne vise til at det gjaldt 130 familiar men at redusert foreldrebetaling ikkje er lagt inn i budsjettet. Einarsen (H) ynskte også å vite kvifor vanleg opningstid for skulefritidsordninga var tatt med i vedtektene, og Høiem kunne vise til bakgrunnen for innføring av maksimal opningstid, ein halvtime lenger enn vanleg opningstid, og at moglegheita framleis er til stades dersom behova skulle kome. Innstillinga vart deretter samrøystes vedteken. Vedtak i Komité for drift og forvaltning - 07.02.2017: Komité for drift og forvaltning stillar seg bak rådmannen sitt forslag til endringar i SFOvedtektene. Dei nye vedtektene gjeld frå skuleåret 2017/2018. Dokument vedlagt saka: Ingen Saksopplysningar: SFO-vedtektene for Fjell kommune vart sist endra i 2014. Tal på barn i ordningane varierer frå midt på tjuetalet på Misje til mellom 120 130 i Foldnes SFO. Det er fleire faktorar som gjer til at kommunen igjen bør endre vedtektene for skulefritidsordninga (SFO). Skulefritidsordninga er heimla i opplæringslova, 13 7 som seier: «Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1. 4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1. 7. årstrinn. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om A) eigarforhold B) kven som er opptaksmyndigheit C) opptakskriterium D) opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen E) foreldrebetaling F) leike- og opphaldsareal G) dagleg opphaldstid og årleg opphaldstid H) bemanning og leiing Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet(A)kan gjere unntak frå kravet. Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra. For krav om politiattest gjeld reglane i 10-9. 2

Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar. Departementet kan gi nærmare forskrifter (B)om skolefritidsordninga.» (A delegert til fylkesmannen. B forskrift 23.06.2006 nr. 724 12 1. Tryggleik for elevane )» Det er naudsynt å gjere endringar i vedtektene for å sikre likeverdige SFO-tilbod på tross av ulikskap i storleik derfor endre plasstypar så opphaldstida er klår. I dag har Fjell kommune ei ordning med delt plass inntil 10 timar i veka i SFO. Dette har blitt praktisert ulikt i dei ulike SFO-ane, noko som er uheldig. At ein i dei minste SFO-ane som har 20-30 barn kan tilpasse den delte ordninga til den einskilde familie er ikkje greitt for den som har plass til sitt barn i ein stor SFO med over 100 barn, der ei slik tilpassing ikkje let seg gjere av organisatoriske årsakar. Ei teneste til same pris må være så lik som mogleg for brukarane uavhengig av kvar i kommunen dei bur. Ordninga med delt plass inntil 10 timar, har også vist seg å bli tolka ulikt. For å gjere det klårt kva teneste foreldra kjøper foreslår rådmannen at dei faste ordningane blir slik: Morgonplass blir uendra. Gjeld kvar dag heile veka, frå SFO opnar til skulen byrjar. (Pris gjeldande for 2017, kr 920,-) Heil plass gjeld frå 11 t/veka blir erstatta av; heil plass (Pris gjeldande for 2017, kr 2480,-) Delt plass inntil 10 t/veka blir erstatta av; ettermiddagsplass etter skuletid fram til kl 15.30. (Pris gjeldande for 2017, kr 1870,-) Sikre fagleg kvalitet i tenesta ved tilsetting av nye SFO-leiarar. Heve krav om relevant utdanning, til minimum på Bachelor-nivå. I dag har Fjell kommune krav om minimum fagbrev for den som skal være leiar i SFO. Dei fleste barna frå 1. 3.(4.) klassetrinna i Fjell tilbringar tid i SFO kvar dag. Mange av dei har utfordringar som krev solid fagkunnskap om pedagogiske tiltak og sosiale omsyn. I samband med at det er fleire barn i SFO no enn i skulefritidsordninga «sin barndom», har det også blitt fleire tilsette. SFO-leiaren skal kunne rettleie dei andre tilsette i SFO på ein fagleg god og trygg måte. Aktuelle utdanningar for ein SFO-leiar kan være; barnehagelærar, lærar, vernepleiar, sosionom. Økonomiske og administrative konsekvensar: Fjell kommune har 13 barneskular. Dei sist tilsette SFO-leiarane har utdanning på ønskja nivå. Skilnad i toppløn for ein fagarbeidar og ein tilsett på bachelor-nivå er omlag 50 000,- Endringa i vedtektene får i realiteten ingen økonomiske konsekvensar, men må på plass for å få samsvar mellom teori og praksis. Det blir ingen administrative konsekvensar for dei eksisterande SFO-ordningane, kravet til auke kompetansenivå vil gjelde ved tilsetting av nye SFO-leiarar. Opne for moglegheit for redusert betaling for familiar med dårleg økonomi for å bidra til at barn som treng det av økonomiske eller pedagogiske grunnar, får plass i SFO. Det er svært få barn på dei lågaste klassetrinna som ikkje går i SFO. Dei som ikkje har plass i SFO, er gjerne dei som fagleg sett treng det mest. Det kan være barn i familiar der foreldra 3

ikkje er i arbeid grunna dårleg fysisk- og/eller psykisk helse, eller dei er ramma av arbeidsløyse. Nokre av desse foreldra evnar kanskje ikkje å være gode nok omsorgspersonar, når dei har det vanskeleg sjølv. Det kan være etnisk norske som strevar med livet på ulike måtar, eller flyktningar og innvandrarar som skal delta på obligatorisk opplæring. Barna til desse gruppene har ekstra godt av å være i SFO med gode, trygge vaksne rundt seg. PPT, skulen, helsevesen, NAV eller barnevern ser kanskje at barnet/barna treng et skulefritids-tilbod for å kunne utvikle språk, motoriske ferdigheiter eller betre den sosiale kompetansen. Foreldra kan eller vil ikkje prioritere å betale dyrt for SFO-plass når økonomien er stram, eller dei ser ikkje at barnet treng å være i SFO når mor og/eller far er heime. Ein SFO-plass kan i tillegg til å hjelpe barn som har allereie har utfordringar, også verke førebyggjande for utvikling av vanskar hos barn frå familiar i krise. Det bør derfor være mogleg for familiar med dårleg råd å få SFO-plass til redusert pris når nemnde sakkyndige tilrår det. Økonomiske og administrative konsekvensar: Ei ordning med redusert betaling vil gjelde svært få barn. Plass i SFO vil kunne være eit tiltak som på sikt sparar kommunen for å setje inn meir krevjande tiltak. Eventuelle meirkostnader for skule/sfo i form av ekstra personell eller utstyr må dekkjast innanfor skulens eksisterande budsjett. Foreldra må søkje til den sakkunnige instans som har hand om barnet og/eller familien. Dersom SFO-plass blir tilrådd, må vedkommande instans melde frå til rektor og SFO-leiar på den aktuelle skulen som vil sjå til at mor/far får plass til redusert pris. Per i dag tek PPT, skule, NAV eller barnevern kontakt med skuleadministrasjonen for å hjelpe familiar med dårleg råd å få SFO-plass. Skulesjefen har ingen heimel for å kunne gje reduksjon i pris sjølv om tiltaket er tilrådd av eksempelvis barnevernet, slik vedtektene er per i dag. Endringa som er føreslått vil med praksis som allereie er, ikkje føre til meirarbeid i særleg grad, men heller til konkret løysing i høve problematikken. Innføre søskenmoderasjon på tvers av barnehage og skule. Familiar som har fleire barn i barnehage får søskenmoderasjon. Det same gjeld om dei har fleire barn i SFO. Det blir gitt 25% moderasjon for barn nr 2 og 50% for barn nr 3. Om familien har eit barn i barnehage og eit i skulefritidsordninga er det ingen reduksjon i pris. Dette verkar urimeleg. Det eldste barnet (SFO-barnet) bør reknast som barn nr 1 om ein innførar ordninga. Økonomiske og administrative konsekvensar: Kor mange familiar som har barn på tvers av kommunal barnehage og skule er uvisst per i dag, men tala vil bli lagt fram når saka skal behandlast. Ei ordning med redusert betaling vil naturleg nok gjelde ein del familiar. Administrativt vil det ikkje føre til nemneverdige endringar. Betaling for barnehage- og SFOplass blir allereie sendt på felles faktura. Gjere endring i vilkår for ferie-sfo på Bjorøy og presisere søknadsfrist samt at plassering av ferietilboda i kommunen vil kunne variere. Ferie-SFO har vi inneverande år på Bjorøy, Brattholmen, Foldnes og Ågotnes skular. I vedtektene er det sett ei grense på 15 barn for å halde ope. Vi hadde ope på Knappskog tidlegare, men med få søknader dei siste åra, har vi ikkje tilbod der for tida. På Brattholmen, Foldnes og Ågotnes skular har det dei siste åra vore mange påmelde, og derfor ikkje vore snakk om å stenge. Særleg har påmeldinga vore stor på Brattholmen og Foldnes og ein har måtte tilsette fleire fast personale i ferien. I tillegg blir lærlingar i barne- og 4

ungdomsarbeidarfaget sett opp på vakter. Likevel er det viktig at det er presisert at om påmeldinga er liten, vil barna samlast på ei av ordningane og dei andre stenge. Bjorøy er i ei særstilling samanlikna med resten av Fjell kommune. Det er vanskeleg for foreldre til barn frå 1. 4. klasse som bur på øya å bruke ferie-tilboda elles i kommunen grunna dei geografiske forholda. Minimumskravet til tal på barn for å halde ope i skuleferiane på Bjorøy, er derfor urimeleg. For å sikre at foreldre til barn på Bjorøy får SFOplass i ferien, vil det i alle skuleferiane være ope på Bjorøy SFO, men opningstida vil kunne variere avhengig av kor mange barn som er påmeldt, og når dei treng tilbodet. Er det få barn som kjem, vil opningstida være lik arbeidstida til den fast tilsette. I ferien er det alltid ein fast tilsett på jobb og lærling/ar. Dersom det er mange påmelde skal grunnbemanninga aukast i tråd med vedtektene. Sørgje for at nytt SFO-tilbod for barn med spesielle behov på ungdomstrinnet blir teke med i vedtektene. Tidlegare hadde ungdomsskulane i kommunen tilbod om SFO for ungdommar med spesielle behov, som ikkje kan være heime åleine etter skuletid. Få har dette behovet, og løysinga var ikkje god for den guten/jenta som kanskje var einaste ungdom i SFO kvar ettermiddag. Om sommaren fekk elevane tilbod i spesialavdelinga på Hjelteryggen skule. Dette var ikkje bra for barna, det ble for stor skilnad på elevar på ungdomsskuletrinnet og dei yngre. No har Straume Arbeids- og Aktivitetssenter fått SFO-tilbod for ungdommar i Fjell som treng dette. Tilbodet er ope kvar dag etter skulen. Brukarane er i ungdomsskule- og vidaregåandealder og kjem frå fleire skular. Det er også tilbod om ferie-sfo i skuleferiane. Endre søknadsfrist for hovudopptak, for å få informert foreldre til nye 1.klassingar i samband med informasjonsmøter på skulane om våren. Det har vist seg at mange foreldre ikkje har søkt for dei nye 1. klassingane innan fristen for hovudopptak, 1. april. For å sikre at fleire søkjer innan fristen, foreslår rådmannen å endre denne til 1. mai. Innan den tid har alle skulane hatt informasjonsmøter for dei nye foreldra, og kanskje også førskuledagar. For alle endringar, sjå kolloner med eksisterande vedtekter og framlegg til nye vedtekter. Dei nye vedtektene står i kolona til høgre. Det som er nytt er merka m raud tekst i kursiv. Vedtekter gjeldande frå 1. august 2014 SKULEFRITIDSORDNINGA I FJELL 1 Retningsliner Skulefritidsordninga i Fjell kommune skal følgja lov og forskrifter som gjeld for skulefritids-ordning og dei retningslinene som er vedtekne av «Komité for drift». «Komité for drift» godkjenner vedtektene og får fullmakt til å gjera endringar. 2 Formål Skulefritidsordninga er eit frivillig aktivitets-, kultur- og fritidstilbod for barn i 1. - 4. klasse og barn med spesielle behov frå 1. - 7. klasse. På ungdomstrinnet vil barn med spesielle behov kunne få SFO-plass. Fritidsordninga skal gi barna omsorg, tilsyn og gode utviklingsvilkår. For barn med spesielle behov frå 5.klasse og oppover - kan skulen rådføre seg med PPT. Vedtekter gjeldande frå 1. august 2017 SKULEFRITIDSORDNINGA I FJELL 1 Retningslinjer Skulefritidsordninga i Fjell kommune skal følgja lov og forskrifter som gjeld for skulefritids-ordning og dei retningslinjene som er vedtekne av «Komité for drift og forvaltning». Komitéen godkjenner vedtektene og får fullmakt til å gjera endringar. 2 Formål Skulefritidsordninga er eit frivillig aktivitets-, kultur- og fritidstilbod for barn i 1. - 4. klasse og barn med spesielle behov frå 5. - 7. klasse. På ungdomstrinnet vil barn med spesielle behov kunne få SFO-tilbod etter skuletid og i haust-, vinter- og inntil tre/fire veker av skulesommarferien på Straume Aktivitets- og Arbeidssenter på eigne vilkår. Fritidsordninga skal gi barna omsorg, tilsyn og 5

Skulen sine generelle mål gjeld også for skulefritidsordninga. 3 Overordna styring Fjell kommune er ansvarleg for drift av dei skulefritidsordningar som er omfatta av desse vedtektene. Skulefritidsordninga har «Komité for drift» som ansvarleg styringsorgan, og er administrativt underlagt skulesjefen. 4 Lokal styring Ved den einskilde skulefritidsordning er rektor fagleg og administrativ leiar. Dersom det er fleire enn 23 barn i skulefritidsordninga, skal der vere ein dagleg leiar. Det skal veljast foreldrerepresentantar, «klassekontaktar» på lik line med ein vanleg klasse. Foreldrerådet sitt arbeidsutval skal då utvidast med ein representant frå skulefritidsordninga. Samarbeidsutvalet (SU) er styre for skulefritidsordninga. 5 Tilsette i skulefritidsordninga Dagleg leiar skal ha pedagogisk utdanning eller minimum utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid. Retningsgivande bemanning er 12 barn per vaksen. For barn med spesielle behov for hjelp og omsorg, kan det tilsetjast ekstra personale. Utgiftene til dette blir dekt av kommunen. Det skal ligge føre instruks for dagleg leiar og assistent. (Teke ut i nye vedtekter, då det ikkje let seg gjere i praksis) 6 Inntak av barn Alle barn i 1. 4. klasse er sikra plass etter søknad. Barnet har plassen til plassen vert sagt opp eller ut 4. klasse. Søknadsfristen for hovudinntak er 1. april. Søknadsfristen for ferie-sfo er tre 3- veker før ferien. Søknad om plass skal sendast til den lokale skulefritidsordninga. Søknaden er bindande. 7 Opptaksperiode og oppseiingsfrist Frist for oppseiing/endring av plass er 1 mnd. Oppseiing/endring gjeld frå 1. kvar månad. gode utviklingsvilkår. For barn med spesielle behov frå 5.klasse og oppover - kan skulen rådføre seg med PPT. Skulen sine generelle mål gjeld også for skulefritidsordninga. 3 Overordna styring Fjell kommune er ansvarleg for drift av dei skulefritidsordningar som er omfatta av desse vedtektene. Skulefritidsordninga har «Komité for drift og forvaltning» som ansvarleg styringsorgan, og er administrativt underlagt skulesjefen. 4 Lokal styring Ved den einskilde skulefritidsordning er rektor fagleg og administrativ leiar. Dersom det er fleire enn 23 barn i skulefritidsordninga, skal der vere ein dagleg leiar. Det skal veljast foreldrerepresentantar, «SFO-kontaktar» på lik line med klassekontaktar i skulen. Dersom foreldra ønskjer det, kan ein klassekontakt også representere foreldregruppa i SFO. Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) skal utvidast med representanten frå skulefritidsordninga dersom denne ikkje samtidig er klassekontakt på skulen. Samarbeidsutvalet (SU) er styre for Skulefritidsordninga og fastset opningstid. 5 Tilsette i skulefritidsordninga Dagleg leiar skal ha pedagogisk utdanning eller anna relevant utdanning på bachelor-nivå. Retningsgivande bemanning er 12 barn per vaksen. For barn med spesielle behov for hjelp og omsorg, kan det tilsetjast ekstra personale. Utgiftene til dette blir dekt av kommunen. 6 Inntak av barn Alle barn i 1. 4. klasse er sikra plass etter søknad. Barnet har plassen til plassen vert sagt opp eller ut 4. klasse. Søknadsfristen for hovudinntak er 1. mai. Søknadsfristen for ferie-sfo er av bemanningsmessige årsakar, seinast 3 veker før den aktuelle skuleferien. Søknadsfristen er av same grunn absolutt og bindande. Søknad skjer elektronisk via heimesida til Fjell kommune. www.fjell.kommune.no 7 Opptaksperiode og oppseiing/ endringsfrist Frist for oppseiing av plass er 1 mnd. For endring av plass frå heil til delt plass, gjeld regelen om 1 mnd oppseiing. Auke frå deltidstilbod til heil plass kan skje med verknad frå den dato endringa 6

8 Betaling for opphald Kommunestyret fastset betalingssatsane som skal vera lik for alle kommunale skulefritidsordningar med tilsvarande tilbod. Kommunen kan krevja utgiftene til skulefritidsordning dekka gjennom eigenbetaling av foreldra. Betaling for opphald skjer etterskotsvis kvar månad til kommunekasseraren i Fjell. blir meldt inn. Rekninga vil gjelde for heile månaden! 8 Betaling for opphald Kommunestyret fastset betalingssatsane som skal vera lik for alle kommunale skulefritidsordningar med tilsvarande tilbod. Kommunen kan krevja utgiftene til skulefritidsordning dekka gjennom eigenbetaling av foreldra. Betaling for opphald skjer etterskotsvis kvar månad til kommunekasseraren i Fjell. Det er søskenmoderasjon på 25% for barn nr 2 og 50% for barn nr 3. Ordninga gjeld på tvers av barnehage og SFO. Eldstemann er barn nr 1. Dersom foreldre / føresette ikkje har betalt for opphaldet dei tre siste månadene, vert barnet sagt opp med 1 månads varsel og misser plassen i skulefritidsordninga. Dersom borna vert henta for seint må dei føresette betala kr 250 for kvar påbyrja time. 9 Måltid Skulefritidsordninga bør ha tilgang til kjøkken der det kan lagast enkle måltid. Det er til vanleg felles måltid med matpakke. Drikke blir servert. (Teke ut.) Styret (SU) i enkelte SFO - kan ha fatta lokalt vedtak som gjev barna tilbod om mat. I slike tilfelle krevjast matpengar som tillegg på faktura. 10 Areal ute og inne Lokale og uteareal som er nytta til skulefritidsordning skal vere godkjent etter lov og forskrifter. Lokala skal vere tilrettelagt for funksjons-hemma. Kvar skulefritidsordning skal ha eit baserom der materiale og utstyr kan samlast. Det samla arealet som skulefritidsordninga kan nytte i heile opningstida skal ikkje vere mindre enn 2,5 kvm pr. elev. Kvar skulefritidsordning, ved samarbeids-utvalet, definerer sitt eige uteområde innanfor dei rammene som er sett i forskrifter for helse, miljø og tryggleik. 11 Dagleg opphaldstid og årleg opningstid. Maksimal opningstid i skulefritidsordninga i Fjell er mellom 07.00 og 17.00 Samarbeidsutvalet fastset opningstida ved den enkelte skulefritidsordning ut frå brukarbehov og bemanning. Dersom foreldre / føresette ikkje har betalt for opphaldet dei tre siste månadene, vert barnet sagt opp med 1 månads varsel og misser plassen i skulefritidsordninga. Dersom borna vert henta for seint må dei føresette betala ekstra for kvar påbyrja time. Pris per time* er lik kjøp av ein time* (* Sjå 11 dagleg opphaldstid og årleg opningstid.) Barn frå 5. 7. klasse, og barn som er tilrådd av sakkyndige av sosialøkonomiske grunnar, betaler timesats. Talet på timar må avtalast på førehand. 9 Måltid Skulefritidsordninga bør ha tilgang til kjøkken der det kan lagast enkle måltid. Det er til vanleg felles måltid med matpakke. Styret (SU) i enkelte SFO - kan ha fatta lokalt vedtak som gjev barna tilbod om mat. I slike tilfelle krevjast matpengar som tillegg på faktura. 10 Areal ute og inne Lokale og uteareal som er nytta til skulefritidsordning skal vere godkjent etter lov og forskrifter. Lokala skal vere tilrettelagt for funksjons-hemma. Kvar skulefritidsordning skal ha eit baserom der materiale og utstyr kan samlast. Det samla arealet som skulefritidsordninga kan nytte i heile opningstida skal ikkje vere mindre enn 2,5 kvm pr. elev. Kvar skulefritidsordning, ved samarbeids-utvalet, definerer sitt eige uteområde innanfor dei rammene som er sett i forskrifter for helse, miljø og tryggleik. 11 Dagleg opphaldstid og årleg opningstid. Maksimal opningstid i skulefritidsordninga i Fjell er mellom 07.00 og 17.00. Vanleg opningstid er til kl 16.30. Samarbeidsutvalet fastset opningstida ved den enkelte skulefritidsordning ut frå brukarbehov og 7

bemanning. Skulefritidsordninga har fylgjande plasstypar: - Heil plass, frå 11 t/v veke. - Delt plass, inntil 10 t/v. - Morgonplass, før skuletid. - Plass ei veke*, ein dag* eller ein time* (*NB - må vere avtalt på førehand) - Ferietilbod på 4 5 skular i skulen sine haust-, vinter- og delar av- sommarferien (max 3 veker). - Spesialavdelinga på Hjelteryggen skule, har eige ferietilbod på særlege vilkår. Dei ulike plasstypane kan bli justert dersom endring i lov/forskrifter fører til endra rammer. NB! Dersom det er færre enn fem born som til dagleg vil nytta eit tilbod før skuletid, vil dette til vanleg ikkje bli gitt ved den aktuelle skulen. Dersom det er færre enn 15 born som vil nytta eit tilbod ved ein av ferieordningane, vil dette til vanleg ikkje bli gitt ved den aktuelle ferieordninga Skulefritidsordninga har fylgjande plasstypar: - Morgonplass, før skuletid. - Heil plass - Ettermiddagsplass, etter skuletid fram til 15.30 - Plass ei veke*, ein dag* eller ein time* (*NB - må vere avtalt på førehand) - Ferietilbod på 4 5 skular i skulen sine haust-, vinter- og delar av- sommarferien, (til vanleg 3 - max 4 veker). - Påmeldingsfristen er av bemanningsmessige årsakar, seinast 3 veker før den aktuelle skuleferien. - Spesialavdelinga på Hjelteryggen skule, har eige ferietilbod. Tilbodet er ope for barn med spesielle behov frå alle skulekrinsar. -Straume Arbeids- og Aktivitetssenter har ferietilbod på eigne vilkår for elevar med spesielle behov på ungdomstrinnet. NB! Dersom det er færre enn fem born som til dagleg vil nytta eit tilbod før skuletid, vil dette til vanleg ikkje bli gitt ved den aktuelle skulen. Dersom det er færre enn 15 born som vil nytta eit tilbod ved ein av ferieordningane, vil dette til vanleg ikkje bli gitt ved den aktuelle ferieordninga. (For Bjorøy skule/sfo gjeld eigne reglar av geografiske omsyn.) 12 Tilsyn Fylkesmannen i Hordaland fører tilsyn med ordninga. 12 Tilsyn Fylkesmannen i Hordaland fører tilsyn med ordninga. Vurdering: Det er viktig å sjå til at det ikkje er rom for mistydingar i forhold til kva SFO-tilbod foreldra betalar for. Alle foreldre i Fjell kommune må har reell tilgang til likeverdige tilbod uavhengig av kvar dei bur. Å sjå til at barn som treng det av faglege grunnar, får plass i dei kommunale skulefritidsordningane på tross av at foreldra har dårleg råd, er ikkje bare til hjelp for det enkelte barn og den enkelte familie, men også god samfunnsøkonomi. I barnehagane har dei ordningar som tek i vare familiar som slit økonomisk. Vi bør ha tilnærma lik praksis i dei kommunale barnehagane og skulane når det gjeld å ivareta familiar som treng det. 8