VINJE KOMMUNE MØTEBOK Utval Stad Dato Kl. Eldrerådet Formannskapssalen 06.12.2011 09:00 Desse representantane møtte Namn Repr Vara for Margit Apeland Halvor Midtveit Else Gunhild Hamnes Saker til handsaming 11/01-11/02 Merknader Grunna kort varsel blei det ikkje kalla inn vara for Gudrun Rorge. Margit Berg Hansen møtte ikkje. Andre som møtte Namn Alv Dag Brandal Jan Myrekrok Stilling Heimetenestesjef Plan- og økonomisjef Halvor Midtveit leiar Reidun Lofthus administrasjonssekretær 1/5
Saksliste Saksnr Tittel PS 11/1 Referat og meldingar RS 11/1 Møtebok frå førre møte PS 11/2 Budsjett 2012 / økonomiplan 2012-2015 2/5
PS 11/1 RS 11/1 Referat og meldingar Møtebok frå førre møte Handsaming i Eldrerådet 06.12.2011: Heimetenestesjef Alv Dag Brandal informerte om PU-bustadene. Framlagde referat og meldingar blei teke til etterretning. PS 11/2 Budsjett 2012 / økonomiplan 2012-2015 Rådmannens framlegg til vedtak: 1. Kommunestyret vedtek forslag til Budsjett 2012 og Økonomiplan 2012 2015 slik det ligg føre i dokument frå rådmannen av 07.11.11. 2. Det kommunale skattøret vert fastsett til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. 3. I medhald av lov om eigedomskatt av 6. juni 1975 nr. 29, vert det skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk i kommunen med 7 promille av takstverdi. 4. Vinje kommune tek opp lån stort kr 64.000.000,- til finansiering av investeringar for 2012, med avdragstid 30 år. 5. Salsprisen for særavtalekraft vert uendra frå 2011. 6. Satsar for sals- og skjenkeavgifter for 2012 vert fastsett i samsvar med forskrift til alkohollova. 7. Dei kommunale vass- og kloakkavgiftene vert uendra frå 2011. 8. Årlege renovasjonsavgifter vert fastsett som tilrådd av styret for Renovest. 9. Den kommunale feieavgifta vert uendra frå 2011. 10. Timeprisen for landbruksvikar vert auka frå 150,- pr. time til kr. 160,- pr time. Rådmannen, 07.11.11 Hans Kristian Lehmann, rådmann /s/ Handsaming i Formannskapet 17.11.2011: Framlegg frå formannskapet: 1. Formannskapet legg rådmannens framlegg til budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i kommunelova. 2. Partia vil koma attende med eigne framlegg i samband med handsaminga i kommunestyret. 3/5
Framlegget frå formannskapet blei samrøystes vedteke. 1. Formannskapet legg rådmannens framlegg til budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 ut til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i kommunelova. 2. Partia vil koma attende med eigne framlegg i samband med handsaminga i kommunestyret. Saksordførar: Jon Rikard Kleven Handsaming i Arbeidsmiljøutvalet 16.11.2011: Framlegg: AMU har følgjande merknader til rådmannens innstilling til budsjett 2012/økonomiplan 2012 2015: 1. AMU er uroa over at ein nyttar ostehøvel ved kutt i budsjettramma. I saka går det ikkje fram kva som vil bli konsekvensane av kuttforslaga. 2. AMU meiner kommunestyret må: a. fastsetje mål for kommunale tenestar, som seinare må avspegle dei økonomiske rammene til einingane b. vurdere strukturen av kommunale tenestar 3. AMU meiner det er viktig å prioritere tideleg innsats ovanfor brukarar med særskilt trong. 4. AMU meiner ein må rette fokus mot eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø, då rammene skal reduserast med om lag 12 mill. 5. AMU meiner at talet på lærlingar må oppretthaldast på 2010-nivået. 6. AMU meiner at frisklivstilbodet må oppretthaldast på dagens nivå. Framlegget blei samrøystes vedteke. AMU har følgjande merknader til rådmannens innstilling til budsjett 2012/økonomiplan 2012 2015: 1) AMU er uroa over at ein nyttar ostehøvel ved kutt i budsjettramma. I saka går det ikkje fram kva som vil bli konsekvensane av kuttforslaga. 2) AMU meiner kommunestyret må: a. fastsetje mål for kommunale tenestar, som seinare må avspegle dei økonomiske rammene til einingane b. vurdere strukturen av kommunale tenestar 3) AMU meiner det er viktig å prioritere tideleg innsats ovanfor brukarar med særskilt trong. 4) AMU meiner ein må rette fokus mot eit godt og forsvarleg arbeidsmiljø, då rammene skal reduserast med om lag 12 mill. 5) AMU meiner at talet på lærlingar må oppretthaldast på 2010-nivået. 6) AMU meiner at frisklivstilbodet må oppretthaldast på dagens nivå. 4/5
Handsaming i Eldrerådet 06.12.2011: Framlegg frå eldrerådet: Samlokalisering av PU-bustadene på Kårsteintomta bør forserast, slik at ikkje heile heimetenesteeininga blir belasta lengre enn høgst nødvendig. Desse bustadene bør byggjast utan bruk av heis, så sant det let seg gjere. Ein vil peike på at ein heis er kostbar og kan ikkje nyttast som rømningsveg. Andre større prosjekt bør ein utsette til ein har full bemanning på teknisk drift og vedlikehald, slik at prosjekta kan utførast på ein så økonomisk og rasjonell måte som råd. Ein er tvilande til at ein kan rette opp økonomien i Vinje kommune, grunna den store lånegjelda, ved å nytte ostehøvelprinsippet. Framlegget frå eldrerådet blei samrøystes vedteke. Samlokalisering av PU-bustadene på Kårsteintomta bør forserast, slik at ikkje heile heimetenesteeininga blir belasta lengre enn høgst nødvendig. Desse bustadene bør byggjast utan bruk av heis, så sant det let seg gjere. Ein vil peike på at ein heis er kostbar og kan ikkje nyttast som rømningsveg. Andre større prosjekt bør ein utsette til ein har full bemanning på teknisk drift og vedlikehald, slik at prosjekta kan utførast på ein så økonomisk og rasjonell måte som råd. Ein er tvilande til at ein kan rette opp økonomien i Vinje kommune, grunna den store lånegjelda, ved å nytte ostehøvelprinsippet. 5/5