TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Like dokumenter
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Foto: Naustvågen barnehage

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Retningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Foto: Naustvågen barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Revidert Oppvekst og omsorg,

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

VEDTEKTER for Læringsverkstedet Eid barnehage AS, i Eid kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Innhold VEDTEKTER Formål Formål og forvaltning Barnehagens areal Opningstid Ferie Betaling

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Transkript:

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE Vedtektene blei godkjende av Time kommunestyre 20.06.00, sak 4 /00. Revidert av hovudutval for undervisning 14.11.01, sak 40/01 og 29.01.03, sak 02/03. Endra av Time kommunestyre den 15. februar 2005, sak 08/05 Sist endra av Time kommunestyre 12. desember 2006. Det tas forbehold om at endringar av vedtektene blir godkjent av utval for levekår den 28.januar 2008. 1 Eigartilhøve og ansvar for drift av barnehagane 1.1 Vedtektene gjeld barnehagar som blir drivne av Time kommune. 1.2 Utval for Levekår er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Time. 1.3 Barnehagane er administrativt knytta til tenesteområde oppvekst. 2 Formål Barnehagane skal vera ei pedagogisk tilrettelagt verksemd. Dei skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar, Kunnskapsdepartementet sine forskrifter, nasjonal rammeplan, kommunale vedtekter og den enkelte barnehage sin årsplan. Saman med heimen skal barnehagen gi barna oppvekstvilkår som gir dei lyst på livet og evne til å meistra det. Gjennom tilrettelagt opplæring skal barnehagen leggja eit godt grunnlag for barns utvikling og livslang læring. Barnehagen skal vere ei kvalitativ god og fleksibel teneste som tek sikte på å imøtekoma dei behov innbyggjarane i Time har. 3 Opptak 3.1 Time opptakskrins er barn som bur i Time kommune og barn med lovfesta rett til barnehageplass. Barn med lovfesta rett er barn som fyller eit år innan utgangen av august det året dei søkjer om barnehageplass.(jf barnehagelova 12a). Det er eit hovudopptak til barnehagane. Søknadsfrist er satt til 1.mars. Barn må vera 9 månadar ved oppstart i barnehagen for å få plass dersom det er ledig kapasitet. 3.2 Time kommune oppfylgjer plikten sin, jmf. 12a, rett til barnehageplass ved å kunne tilby barnehageplass innan kommunegrensa. 3.3 Opptakskriterium: Opptak av barn skjer i samsvar med kriterium for samordna opptak som er sett i Time kommune

3.4 Prioriterte barn 1. Barn med funksjonshemming skal ha prioritet ved opptak dersom barnet etter sakkunnig vurdering er funne å kunne ha nytte av opphald i barnehage. (jf. 13 i Lov om barnehagar). Barn som er omfatta av omsorgsvedtak og andre vedtak fatta i fylkesnemnda i medhald av Lov om barneverntenester 4-12 og 4-4. (jf. 7-2 første ledd). 2. Søskenprioritet i same barnehage. Det gis prioritert plass til søsken av barn som alt har plass, og som fortsettar i barnehagen. 3.5 Barn som søkjer etter frist for hovudopptak eller ikkje har Lovfesta rett til barnehageplass. 1. Barn med funksjonshemming skal ha prioritet ved opptak dersom barnet etter sakkunnig vurdering er funne å kunne ha nytte av opphald i barnehage. (jf. 13 i Lov om barnehagar). Barn som er omfatta av omsorgsvedtak og andre vedtak fatta i fylkesnemnda i medhald av Lov om barneverntenester 4-12 og 4-4. (jf. 7-2 første ledd). 2. Barn som har særlege behov for plass pga. sosiale, kulturelle, pedagogiske, sosialøkonomiske, språklege eller miljømessige tilhøve. Dokumenterast med skriftleg anbefaling frå ppt-kontor, helsesyster eller barnevern. 3. Barn frå familiar som har store belastningar pga. alvorleg sjukdom og/eller funksjonshemming. Dokumenterast med skriftleg anbefaling frå ppt-kontor, helsesyster eller barnevern. 4. Personalplassar til personalpolitiske tiltak for stillingar som er vanskelege å rekruttera til. 3.6 Tildelt plass gjeld fram til skulepliktig alder, dvs. frå opptaksdato til skulestart det året barnet fyller 6 år. 3.7 Oppseiing av barnehageplass skal gjerast skriftleg til barnehagen. Oppseiingstida er til vanleg 1 månad etter oppseiinga. Plassen kan ikkje seiast opp etter 1. mars for inneverande barnehageår. Ved oppseiing etter 1. mars må det betalast ut barnehageåret sjølv om plassen ikkje vert nytta. Det kan berre søkjast fritak frå betaling etter oppseiingsmånaden dersom barnet flytter frå kommunen. 3.8 Reservering av plassar til personale. 1. Rådmannen kan disponere barnehageplassar som personalpolitiske tiltak for stillingar det er vanskeleg å rekruttere til. 2. Dersom den tilsette sluttar i Time kommune, mister barnet barnehageplassen. 3. Barn med personalplass og som er busett i Time kommune, kan søkje om ordinær kommunal barnehageplass. 4. Rådmannen har utarbeidd føresetnader for tildeling 3.9 Dei opne barnehagane har ikkje opptak. Barnet møter opp saman med føresette eller ein annan vaksen person, registrerer oppmøte og kan vera heile opningstida i barnehage. 4 Opningstida 4.1 Barnehage og skule har same oppstartdato i august. Heildagsbarnehagane har ope 12 månadar.

Korttidsbarnehagane følgjer skuleruta. Julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag held barnehagane stengd. 4.2 Barna må ha minst 5 veker ferie i løpet av barnehageåret. Tre veker må takast samanhengande i perioden 01.06 skulestart. Planleggingsdagande kan reknast som ferie. Foreldre som kan dokumentere at dei ikkje har tariff-festa rett på dei siste fire feriedagane opp til 5 veker, får dispensasjon for desse 4 dagane. Barnehagen må ha beskjed innan 1. mai når det gjeld sommarferie. I sommarperioden samarbeidar barnehagane i kvart område om ferieavviklinga. 4.3 Personalet i barnehagen har rett til 5 planleggingsdagar i året. Desse dagane er barnehagane stengde. 5 Betaling 5.1 Betaling for barnehageplass skjer etter reglar og satsar som til ei kvar tid vert fastsett av Time kommunestyre. Kommunen har utarbeidd eigne retningsliner for fastsetting av betalingssats og betalingsrutinar. 5.2 Dokumentasjon på inntekt skal kvart år leverast administrasjonen seinast 1. august. Ved tildeling av plass skal føresette få vita betalingssatsen. Retningslinene for fastsetting av betalingssatsar skal informerast om ved tildeling av barnehageplass. 5.3 Årsbetalinga skal fordelast i årlege fastsette terminar. Dersom avgifta ikkje blir betalt på føreskriven måte, føretek kommunekassen innfordring som vanleg for forfalne kommunale avgifter. 5.4 Vedtak om fastsett betalingsavgift kan påklagast. Klageutvalet er endeleg klageinstans. Klagen skal sendast kommunalsjef for oppvekst innan tre 3 veker etter at vedtaket er gjort kjent for føresette. 5.5 Dersom familien ikkje har betalt opphaldavgifta i privat barnehage, kommunal barnehage eller skulefritidsordning blir det ikkje gitt tilbod om barnehageplass. 5.6 I opne barnehagar betaler brukar inngangspengar ved kvart oppmøte. 5.7 Barnet kan mista plassen ved: - Manglande betaling. - Dersom ein oppgjer urette opplysningar ved opptak - Dersom ein unngår å gje melding om endringar i familiesituasjonen som har konsekvensar for barnehagetilbodet. - Dersom barnet uteblir frå barnehagen i lengre tid utan at personalet er varsla. 6 Foreldreråd og samarbeidsutval 6.1 Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval, jf. 4 og 5 i Lov om barnehagar. 6.2 Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle barn i barnehagen. 6.3 Samarbeidsutvalet består av foreldre/føresette, tilsette og eigar av barnehagen. 7 Leike- og opphaldsareal per barn

7.1 Hovudregel for arealutnytting: For barn over 3 år: 4 m² netto leike- og opphaldsareal. 7.2 For barn under 3 år og for funksjonshemma barn: 5,3 m² netto leike- og opphaldsareal. 8 Internkontroll 8.1 Barnehagane er omfatta av forskrift for internkontroll. Det skal finnast dokumentasjon for internkontrollsystem i kvar barnehage. 8.2 Barna får mjølk og frukt i barnehagen. Brødmat tek ein med heimanfrå eller etter avtale med barnehagen. 9 Barnas helse Før barnet begynner i barnehage skal det leggjast fram erklæring om barnets helse. Dersom barnet har møtt til ordinær undersøking på helsestasjonen kan ein slik erklæring verta gitt av føresette. 10 Forsikring Time kommune har ulykkesforsikring av barna. Forsikringa gjeld reise til/frå barnehagen og heimen ved levering og henting og den tida barna er i barnehagen. Forsikringa gjeld ikkje tap av personlege eigendelar. 11 Teieplikt For folkevalde, administrasjon og tilsette i barnehagane gjeld reglane om teieplikt i forvaltningslova 13 1 3 f. 12 Endring av vedtektene Endring av vedtektene skal gjerast av kommunestyret.

Forslag til nye kriterium TIME KOMMUNE Kriterium for samordna opptak for barnehagane i Time kommune. Vedtektene blei godkjende av Time kommunestyre 12.12.06 1. Innleiing Alle godkjente barnehagar skal etter Lov om barnehagar 12 ha samordna opptaksprosess i kommunen. Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage og merknadar til denne forskrift ligg som grunnlag for kriterium som er laga for samordna opptak for barnehagane i Time kommune. Kommunen har ansvaret for å tilretteleggja for samordna opptaksprosess. Det skal etter lova takast omsyn til barnehagens mangfald og eigenart. I dette ligg det at barnehagens formål, opptakskrets, opptakskriterium og eigarform skal respekterast. Dette skal koma fram av barnehaganes vedtekter. Alle godkjente private, kommunale og familiebarnehagar i Time kommune samarbeidar om opptak av barn til barnehagane. Ordninga gjeld ikkje for opne barnehagar då det ikkje vert gjort opptak av barn til desse barnehagane. Samordna opptaksprosess skal særleg ivareta 4 hovudmål: 1. Samordninga skal bidra til ein effektiv fordeling av barnehageplassar ut frå søkjaren sine ønskjer og behov. 2. Samordninga skal sikre likebehandling av barn, og likebehandling av private og kommunale barnehagar. 3. Samordninga skal vere reiskap for kommunen i arbeidet med å sørgje for at det er tilstrekkeleg tal på barnehageplassar. 4. Samordna opptak skal gje søkjarane ei betre oversikt over det samla barnehagetilbodet i Time kommune. 2 Opptakskrets og opptakskriterium. 2.1: Barnehagens vedtekter skal definera barnehagens opptakskrins og opptakskriterium. Opptakskriteria må vere objektive og etterprøvelege. Opptakskskriterium skal gje søkjarar med rett til prioritering etter barnehagelovens 13 første prioritet. I tilegg skal opptakskriterium sikra at barn med rett til barnehageplass får denne retten ( jf. Lov om barnehage 12a) 2.2: Prioriteringar utover lova kan variere etter den enkelte barnehage sine vedtekter.

2.3: Samordning mellom barnehagane. Det er styrar i den enkelte barnehage som gjennomfører opptak av barn til ledige barnehageplassar. Styrar skal ivareta søkjars ønskjer og behov. Ved ledig plass skal det tas opp barn ut frå venteliste. Har barnet andre barnehagar som sitt fyrste, andre, tredje osv ønskje må ein ta kontakt med desse barnehagane for å koordinere opptaket. 2.4 Saksgang ved opptak, endringar i barnehagetilbod eller oppseiing av plass. Det er styrar som gjennomfører opptak som har ansvar for å gjennomføre opptaket administrativt. I dette ligg det at ein følgjer rutinar for opptak, oppseiing og endringar i tilbod for plasserte barn. Opptak og endringar av tilbod; 1: Gjennomgang av søkjarar for sin barnehage: 2: Undersøkje om barn har bustadadresse i Time kommune. 3: Gje søkjarar prioriteringar ut frå eigne vedtekter 4: Gjennomføre vedtak ut frå trekking av tildelte plassar 5: Sende ut brev om tildelt plass. 6: Mota og registrere svar på tildelt plass 7: Gjennomføre nye opptak av ledige plassar 8: Koordinere med andre styrarar Oppseiing av barnehageplass: 1: Mota og registrere svar oppseiinga 2: Vedtak ut frå eigne vedtekter. 3: Sende ut brev med svar på oppseiinga 4: Registrer vedtak i Web. 3 Tildeling av plass i prioritert rekkefølgje 3.1: Tildeling av plass skal skje i samsvar med fastsette opptakskriterium. 3.2: Det er eit årleg hovudopptak i Time kommune. Kunngjering av søknadsfrist for komande barnehageår vil skje gjennom lokalpressa, ved oppslag i barnehagane i kommunen og på heimesida til Time kommune. Søkjarane som ønskjer å bytte barnehageplass frå ein barnehage til ein annan må søkje om dette ved hovudopptaket. Søknadsfrist for hovudopptak er 1.mars. 3.3: Alle må søkje elektronisk på Barnehage-Web om barnehageplass i Time kommune. Alle får skriftleg melding frå Time kommune når søknaden er registrert. 3.4: Prioriteringar etter barnehagelova 13 vil bli satt av Opptaksnemnda. Opptaksnemnda består av 2 personar frå fagstab Oppvekst, ein styrar frå dei kommunale barnehagane og ein styrar frå dei private barnehagar. Opptaksnemnda skal setje prioritering på søkjarane for så å gjennomføra opptak for søkjarar som har rett til barnehageplass etter 13 i Lov om barnehagar. 3.5: Etter opptak av prioriterte barn etter 13 i Lov om barnehagar skal alle barnehagar ta opp barn etter eigne prioriteringar ut frå barnehagen sine vedtekter. Barn som får tildelt prioritert plass i den enkelte barnehage skal kodes slik prioriteringa kjem fram i

tildeling av plass. Vedtektene i den enkelte barnehage skal sikra at barn som tilhører barnehagens opptakskrins med lovfesta rett blir prioritert før barn som ikkje innehar denne retten (Lov om barnehage 12a) 3.6: Etter innstilling og plassering av eigne prioriteringar kan styrar gjennomføre interne endringar i tal på dagar og opphaldstid. 3.7: For barn som ikkje fell inn under prioriteringane, vil tildelinga vert slik: 9.mnd -2 år: Trekning uavhengig av alder 3-5 år: Trekning uavhengig av alder 3.8: Alle som søkjar vil få skriftleg melding om, og i kva barnehage, dei har fått tilbod om barnehageplass. I brevet blir det orientert om rettighetar ein har jf 4, 6 og 9 i Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage. Brev om tilbod blir send ut av den enkelte styrar. 3.9: Dei som ikkje har fått fyrste ønskje oppfylt får sjanse til å stå på venteliste for fyrste ønskje. 3.10: Klager på vedtak skal sendast skriftleg til tenesteområde Oppvekst innan tre veker etter at vedtaket er kjent for søkjar. Klagen skal sendast kommunalsjef for Oppvekst, Time kommune. Blir klagen tatt til følgje vil barnet få tilbod om fyrste ledige plass etter at barn med prioritering etter barnehagelovas 13 har fått plass. 3.11: Trekningslista vil fungera som venteliste for barn som ikkje har fått tildelt barnehageplass. Ventelista består av både trekte og prioriterte barn. Denne vil ikkje vere offentlige av omsyn til teieplikt. 3.12: Barnehagesøknadar som kjem inn etter søknadsfrist til hovudopptaket vil verta lagt bak trekningslista fram til neste års hovudopptak. Tildeling av ledige plassar vil bli gjennomført ut frå barnehagens eigne vedtekter. 3.13: Barn med rett til prioriteringar etter 13 som søkjar etter frist for hovudopptak vil verta behandla i tråd med 4, 6 og 9 i Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage. 4 Rutinar/ tidsplan for samordna opptak 4.1: Fagstab Oppvekst lagar ein oppdatert tidsplan før kvart hovudopptak. Denne skal avklare; Oppgåver som skal gjerast Ansvar for gjennomføringa av oppgåver Tidsfristar og tidspunkt 4.2: Felles skjema som ein skal nytta ved opptak. Endring i opphaldtid internt i eigen barnehage Melding om ledig kapasitet