Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014



Like dokumenter
Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

AKTIVITETAR / UTFLUKTER FRÅ LOEN 2013

Lærarrettleiing 2. Frå jord til bord

Sommartur til Sverige,

Modalen. Liten kommune med stor kraft

Gå ut og gjer disiplar

Å leve av og med naturen.

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Cairngorm National Park i Skottland

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

Arbeidsplan 2014 Valldal Idrettslag

Vil ha dei unge heim att

Hemsedal kommunehus - opnings der:

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

9 frammøtte medlemsbedrifter. Frå styret Hans Nesheim, Tommy Lindskog og Elin Vassbotten

Det nytter. Skuleinterne tiltak

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Gluggen. Nr. 3/2008 Skule- og bygdeavis for Ulvik 35. årgang. Ny førsteklasse på Brakanes skule

Frå novelle til teikneserie

Aktiv kvar dag i barnehagen

Bygdebrev nr 8. til alle husstandane i vinje skulekrins desember 2013

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

TIL DEG SOM SKAL REISE UT OG FAMILIEN DIN

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Frå Atlanterhavet til fjord og innland i Hordaland og Sogn og Fjordane fylke

Transkript:

Tilbod frå Lom bygdamuseum 2014 Gudbrandsdalsmusea avd. Lom bygdamuseum har følgjande tilbod i 2014: Generelle opningstider i sesong: Tysdag 24. juni sundag 10. august. Museet er ope tysdag sundag kl. 11-16. Elles etter avtale. Program (kan endrast litt): -Kvar onsdag i juli til og med 6. august har vi aktivitetsdagar for heile familien frå kl. 12-14. -Feiring av Olsok tysdag 29. juli med opne hus og aktivitetar frå. kl. 10-14 -Utstilling i Storstabburet: "Vatn og korn"- om den særeigne vatnings- og dyrkingskulturen i Lom -Utstilling i stallen på Lomsgarden: "Stor kunstner i lite format" om treskjærer Hans Lilleødegaard sitt liv og virke. Prisar: Friluftsområdet har fri inngang. Omvisingar og enkelte utstillingar har eigne prisar. Ta kontakt med museet for gruppeavtale. 1. Vanleg omvising "Vatn og liv i Lom" Runde: Storstabburet Lomsgarden husmannsplassen- setra Vi møtes foran Storstabburet, truleg det største stabburet i landet og tidlegare kornlager for prestegarden. Her vitjar vi utstillinga Korn og vatn som fortel om den særeigne vatnings- og dyrkingsmåten i området, sjølve livsgrunnlaget for bosetting her. Etter dette følgjer vi vassvegen innover i museet og ser på korleis den buktar seg gjennom landskapet. Vi besøker den staselege Glømsdalsstugu med sine store rom og flotte utskjeringar før vi går vidare til husmannsplassen og setra. Saman gjev disse tuna eit godt bilete av livet her i bygda, for båe små og store. Periode: Mai september (avhengig av veret) Lengde: 1 time Pris: 50 kr pr. person for grupper under 20 (minstepris kr 500) 45 kr. pr. person for grupper frå 20 og oppover 2. Kort omvising "Vatn og liv i Lom" Runde: Storstabburet Lomsgarden Vi møtes foran Storstabburet, truleg det største stabburet i landet og tidlegare kornlager for prestegarden. Her vitjar vi utstillinga Korn og vatn som fortel om den særeigne vatnings- og dyrkingsmåten i området, sjølve livsgrunnlaget for bosetting her. Etter dette følgjer vi vassvegen innover i museet og ser på korleis den buktar seg gjennom landskapet. Vi besøker den staselege

Glømsdalsstugu med sine store rom og flotte utskjeringar som gir eit bilete på dei rike bygge- og handverkstradisjonane i området. Periode: Mai september (avhengig av veret) Lengde: ½ time Pris: 50 kr pr. person for grupper under 20 (minstepris kr 500) 45 kr. Pr. person for grupper frå 20 og oppover 3. Omvising og aktivitet "Seterliv" Runde: Setra på Lom bygdamuseum Vi møtes foran Storstabburet, angiveleg Noregs største stabbur og tidlegare kornlager for prestegarden og går til seteranlegget på bygdamuseet. Her fortel guiden om setertradisjonar, budeias status og arbeidsoppgåver. Etterpå får gruppa sjølv delta i arbeidet med å kinne smør, som de får ta med heim etterpå. Periode: Mai september (avhengig av veret) Lengde: 1-1 1/2 time (avhengig av kva kunden ønskjer) Pris: Maks 10 personer. Viss det er større grupper kan dette kombineras med omvising, slik at gruppa deles i to. 70 kr pr. person (minstepris kr. 500). Rabatt om det kombinerast med annen omvising. 4. Stemningssrunde på kvelden "Om tru og overtru" Runde: Storstabburet Lomsgarden husmannsplassen- setra Med tente faklar langs vegen møtes vi i kveldinga foran Storstabburet, angiveleg Noregs største stabbur og tidlegare kornlager for prestegarden. Gjennom ei runde i bygdamuseet fortel guiden om tru og overtru i området gjennom generasjonar, om kyrka si status og om tradisjonar som fortsatt lev vidare. Runda blir avslutta med eit lokalt segn i Glømsdalsstugu. Periode: Mai september (med muligheit for å forlengast begge veger om det er vær til det) Lengde: ½ - ¾ time Pris: 50 kr pr. person for grupper under 20 (minstepris kr 500) 45 kr. Pr. person for grupper frå 20 og oppover Vi kan også ordne underholdning frå kr. 300-1000 avhengig av antall musikarar.

5. Stemningsrunde med kaffi på kvelden "Vatn og liv i Lom" Runde: Storstabburet Lomsgarden husmannsplassen- setra Innehelder følgjande: Med tente faklar langs vegen møtes vi i kveldinga foran Storstabburet, angiveleg Noregs største stabbur og tidlegare kornlager for prestegarden. Guiden fortel om stabburet og den særeigne vatnings- og dyrkingskulturen som er grunnlaget for livet her i bygda. Vi går deretter til Glømsdalsstugu og får høyre om levemåte og tidlegare byggeskikk. Runda blir avslutta med bålkaffe inne i Glømsdalsstugu. Kunden kan evt. sjøl ta med kaffimat, eller så kan vi ordne det. Periode: Oktober April Lengde: 1 time Pris: 70 kr pr. person for grupper under 20 (minstepris kr 700) 65 kr. Pr. person for grupper frå 20 og oppover Tillegg for kaffimat: 25 kr. pr. person Vi kan også ordne underholdning frå kr. 300-1000 avhengig av antall musikarar. Om de ynskjer anna opplegg kan vi skreddarsy for grupper. Ta kontakt med avdelingsleiar Thea G. Dalen på tlf. 47 45 15 23 Velkomen til Lom bygdamuseum!