COMMISSION REGULATION (EU) No 16/2011 of 10 January 2011 laying down implementing measures for the Rapid alert system for food and feed

Like dokumenter
NOR/311R1170.ggr OJ L 299/11, p. 1-3

NOR/311R0665.GGR OJ L 182/11, p. 5-7

(UOFFISIELL OMSETJING)

NOR/311R0432.ggr OJ L 115/11, p. 1-4 COMMISSION REGULATION (EU) No 432/2011 of 4 May 2011 refusing to authorise certain health claims made on foods,

NOR/311R0868.sd OJ L 226/11, p. 2-4

(UOFFISIELL OMSETJING)

(UOFFISIELL OMSETJING)

Nr. 7/286 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 263/2011. av 17. mars 2011

NOR/310R T OJ L 113/10, p. 6-10

NOR/311R1160.ggr OJ L 296/11, p

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

COMMISSION REGULATION (EU) No 875/2010 of 5 October 2010 concerning the authorisation for 10 years of an additive in feedingstuffs

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 324/2008. av 9. april 2008

Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010. av 5. mai 2010

EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 98/27/EF. av 19. mai 1998

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 2006/94/EF. av 12. desember 2006

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) nr. 2232/96

NOR/307R T OJ L 201/07, p. 3-5

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende RÅDSDIREKTIV 2008/71/EF. av 15. juli om identifikasjon og registrering av svin

NOR/311R0527.sd OJ L 143/11, p. 6-9

Nr. 20/84 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 12. april 1999

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 181/2008. av 28. februar 2008

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 28. august 2007

Prop. 126 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995

Nr. 11/10 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSAVGJERD. av 20. mars 2014

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 10/2008. av 8. januar 2008

KOMMISJONSVEDTAK. av 9. juli 1997

KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 997/1999. av 11. mai 1999

NOR/310R0892.ggr OJ L 266/10, p. 6-9

KOMMISJONSVEDTAK. av 16. september 1998

RÅDSDIREKTIV 96/59/EF. av 16. september om disponering av polyklorerte bifenyl og polyklorerte terfenyl (PCB og PCT)(*)

NOR/308R0282.ggr OJ L 86/08, p. 9-17

Nr. 9/490 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSVEDTAK nr. 2256/2003/EF. av 17. november 2003

KOMMISJONSVEDTAK. av 9. mars 1998 (98/213/EF)

Nr. 76/934 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 2010/41/EU. av 7. juli 2010

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) nr. 1102/2008. av 22.

CELEX-NR.ini

NOR/311R0026.cfo OJ L 11/12, p Commission Regulation (EU) No 26/2011 of 14 January 2011 concerning the authorisation of vitamin E as a feed

Nr. 47/4 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 807/2001. av 25. april 2001

Nr. 4/488 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSAVGJERD (EU) 2017/191. av 1.

Nr. 57/330 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende RÅDSVEDTAK. av 23. oktober 2001

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 2002/15/EF. av 11. mars 2002

KOMMISJONSVEDTAK. av 3. februar 1997

Nr. 26/154 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSAVGJERD nr. 293/2000/EF. av 24.

Prop. 128 L. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endringer i lov om merking av forbruksvarer mv. (forbrukermerkeloven)

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 87/11 KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSBESLUTNING (EU) 2015/1918. av 22.

Nr. 56/1850 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSAVGJERD nr. 1351/2008/EF. av 16.

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

NOR/305R T OJ L 107/05, p Commission Regulation (EC) No 642/2005 of 27 April 2005 imposing testing and information requirements on the

NOR/314R0462.OHFO OJ L 134/14, p

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

Nr. 6/272 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSAVGJERD nr. 1411/2001/EF. av 27. juni 2001

NOR/310D0409.sd OJ L 189/10, p

NOR/311R1263.grbo OJ L 322/11, p. 3-8 COMMISSION IMPLEMENTING REGULATION (EU) No 1263/2011 of 5 December 2011 concerning the authorisation of

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSREKOMMANDASJON av 4. juli 2002

NOR/307R T OJ L 340/07, p

St.prp. nr. 7 ( )

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) nr. 1102/2008. av 22. oktober 2008

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 98/26/EF

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

Nr. 9/512 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSVEDTAK nr. 787/2004. av 21. april 2004

NOR/314R0632.ohfo OJ L 175/14, p. 1-5

Nr. 3/182 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 26. mars 1999

Nr. 57/182 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. mars 2000

KOMMISJONSVEDTAK. av 30. juni 1998 (98/437/EF)

AVGJERD I EØS-KOMITEEN nr. 91/2005. av 8. juli om endring av vedlegg I til EØS-avtala (Veterinære og plantesanitære tilhøve)

NOR/314R0317.besa OJ L 93/2014, p

(UOFFISIELL OMSETJING)

KOMMISJONSVEDTAK. av 17. februar 1997

(UOFFISIELL OMSETJING)

Nr. 4/122 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSAVGJERD. av 1. juli 2011

Nr. 58/172 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 2009/24/EF. av 23. april 2009

NOR/306R T OJ L 320/2006, p

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

COMMISSION DELEGATED REGULATION (EU) No 518/2014 of 5 March 2014 amending Commission Delegated Regulations (EU) No 1059/2010, (EU) No 1060/2010, (EU)

KOMMISJONSVEDTAK. av 24. oktober om gjennomføring av artikkel 20 nr. 2 i rådsdirektiv 89/106/EØF om byggjevarer(*) (95/467/EF)

NOR/310R T OJ L 90/10, p. 1-3

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

NOR/310R1015.ggr OJ L 293/10, p

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

Nr. 27/276 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONSREKOMMANDASJON. av 1. mars 2001

St.prp. nr. 25 ( )

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

COMMISSION REGULATION (EU) No 488/2012 of 8 June 2012 amending Regulation (EC) No 658/2007 concerning financial penalties for infringement of certain

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

NOR/310R0939.ohfo OJ L 277/10, p. 4-7

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

Prop. 133 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

NOR/304R T OJ L 379/05, p

EØS-komiteens beslutning nr. 139/2006 av 27. oktober 2006 om endring av EØSavtalens

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende KOMMISJONSDIREKTIV 2006/70/EF. av 1. august 2006

KOMMISJONSVEDTAK. av 9. mars 1998

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

Transkript:

COMMISSION REGULATION (EU) No 16/2011 of 10 January 2011 laying down implementing measures for the Rapid alert system for food and feed NOR/311R0016.sd OJ L 6/11, p. 7-10

KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 16/2011 av 10. januar 2011 om fastsetjing av gjennomføringstiltak for snøggvarslingssystemet for næringsmiddel og fôr EUROPAKOMMISJONEN HAR med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 178/2002 av 28. januar 2002 om fastsettelse av allmenne prinsipper og krav i næringsmiddelregelverket, om opprettelse av Den europeiske myndighet for næringsmiddeltrygghet og om fastsettelse av framgangsmåter i forbindelse med næringsmiddeltrygghet( 1 ), særleg artikkel 51, og ut frå desse synsmåtane: 1) Ved forordning (EF) nr. 178/2002 vert det innført eit snøggvarslingssystem for næringsmiddel og fôr (heretter kalla «RASFF»), som vert forvalta av Kommisjonen og omfattar medlemsstatane, Kommisjonen og Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik, for å gje kontrollstyresmaktene eit effektivt verktøy for å melde frå om helserisikoar for menneske på grunn av næringsmiddel og fôr. I artikkel 50 i den nemnde forordninga er det fastsett verkeområde for og krav til drifta av RASFF. 2) I artikkel 51 i forordning (EF) nr. 178/2002 er det fastsett at Kommisjonen skal innføre gjennomføringstiltak for artikkel 50 i den nemnde forordninga, særleg når det gjeld kva særlege vilkår og framgangsmåtar som skal gjelde for vidareformidling av meldingar og tilleggsopplysningar. 3) Det er medlemsstatane som først og fremst er ansvarlege for å handheve EU-regelverket. Dei utfører offentlege kontrollar, som det er fastsett reglar for i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 882/2004 av 29. april 2004 om offentlig kontroll for å sikre at fôrvare- og næringsmiddelregelverket samt bestemmelsene om dyrs helse og velferd overholdes( 2 ). RASFF støttar verksemda til medlemsstatane ved å gjere det mogleg med ei snøgg utveksling av opplysningar om risikoar som er knytte til næringsmiddel og fôr, og om tiltak som er gjorde eller skal gjerast for å motverke slike risikoar. 4) Ved artikkel 29 i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 183/2005 av 12. januar 2005 om fastsettelse av krav til fôrvarehygiene( 3 ) vert verkeområdet for RASFF utvida til å gjelde for alvorlege risikoar for dyrehelsa og for miljøet. Termen «risiko» slik han vert nytta i denne forordninga, skal difor forståast som ein direkte eller indirekte helserisiko for menneske i samband med næringsmiddel, materiale og gjenstandar som er meinte å kome i kontakt med næringsmiddel, eller fôr i samsvar med forordning (EF) nr. 178/2002, eller som ein alvorleg risiko for menneskehelsa, dyrehelsa eller miljøet i samband med fôr, i samsvar med forordning (EF) nr. 183/2005. 5) Det bør fastsetjast reglar slik at RASFF kan fungere korrekt, både i tilfelle der det vert påvist ein alvorleg risiko slik det er definert i artikkel 50 nr. 2 i forordning (EF) nr. 178/2002, og i andre tilfelle der risikoen er mindre alvorleg eller akutt, men likevel gjer det naudsynt med ei effektiv utveksling av opplysningar mellom medlemmene i RASFF-nettverket. Meldingar vert klassifiserte som varselmeldingar, informasjonsmeldingar og meldingar om avvising ved grensa, noko som skal gjere det mogleg for medlemmene av nettverket å handtere dei på ein meir effektiv måte. 6) For at RASFF skal kunne fungere effektivt, bør det utarbeidast krav til framgangsmåten for vidareformidling av ulike typar meldingar. Varselmeldingar bør vidareformidlast og handsamast med høg prioritet. Meldingar om avvising på grensa er særleg viktige for dei kontrollane som vert utførde ved grensekontrollstasjonane og ved utpeikte innførselsstader langs grensa til Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet. Bruk av malar og dataordbøker vil gjere meldingane meir leselege og lettare å forstå. Ved å markere kva medlemmer av nettverket som skal varslast om visse meldingar, kan det sikrast at desse medlemmene vert gjorde merksame på desse meldingane, og at meldingane difor vert handsama snøgt. 7) I samsvar med forordning (EF) nr. 178/2002 har Kommisjonen, medlemsstatane og EFSA peikt ut kontaktpunkt som representerer medlemmene av nettverket, for såleis å sikre korrekt og snøgg kommunikasjon. For å gjennomføre artikkel 50 i ( 1 ) TEF L 31 av 1.2.2002, s. 1 ( 2 ) TEU L 165 av 30.4.2004, s. 1. ( 3 ) TEU L 35 av 8.2.2005, s. 1

2 den nemnde forordninga, og for å unngå moglege feil ved vidareformidlinga av meldingar, bør det berre peikast ut eitt kontaktpunkt for kvar av medlemmene av nettverket. Dette kontaktpunktet bør leggje til rette for ei snøgg vidareformidling til ei rett styresmakt i ein medlemsstat. 8) For å sikre at nettverket fungerer på ein korrekt og effektiv måte medlemmene imellom, bør det innførast felles reglar for arbeidsoppgåvene til kontaktpunkta. Det bør òg fastsetjast føresegner om den samordnande rolla til Kommisjonen, medrekna kontroll av meldingane. I samband med dette bør Kommisjonen òg hjelpe medlemmene av nettverket med å gjere høvelege tiltak ved å identifisere dei farane og aktørane som ofte er omtala i meldingane. 9) I tilfelle der ei vidareformidla melding, trass i dei kontrollane som den meldande medlemmen og Kommisjonen har utført, viser seg å vere feil eller ugrunna, bør det fastsetjast ein framgangsmåte som anten gjer det mogleg å endre meldinga eller trekkje henne tilbake frå systemet. 10) I samsvar med nr. 3 og 4 i artikkel 50 i forordning (EF) nr. 178/2002 skal Kommisjonen melde frå til tredjestatar om visse RASFF-meldingar. Utan at det rører ved dei særlege føresegnene i avtaler som er gjorde i medhald av artikkel 50 nr. 6 i forordning (EF) nr. 178/2002, bør Kommisjonen syte for at det er direkte kontakt med styresmaktene for næringsmiddeltryggleik i tredjestatar, slik at han kan sende ut meldingar til desse tredjestatane og samstundes sikre utvekslinga av relevante opplysningar om desse meldingane og om eventuelle direkte eller indirekte helserisikoar som næringsmiddel eller fôr inneber. 11) Artikkel 10 i forordning (EF) nr. 178/2002 krev at dei offentlege styresmaktene m.a. skal informere ålmenta om helserisikoar for menneske. Kommisjonen bør leggje fram samanfattande opplysningar om dei RASFF-meldingane som vert vidareformidla, og årlege rapportar om dei tendensane innanfor næringsmiddeltryggleiksspørsmål som vert melde gjennom RASFF, og om utviklinga av sjølve nettverket for å informere medlemmene, aktørane og ålmenta. 12) Denne forordninga er vorten drøfta med Den europeiske styresmakta for næringsmiddeltryggleik. 13) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for næringsmiddelkjeda og dyrehelsa VEDTEKE DENNE FORORDNINGA: Artikkel 1 Definisjonar I tillegg til dei definisjonane som er fastsette i forordning (EF) nr. 178/2002 og (EF) nr. 882/2004, tyder: 1. «nettverk» snøggvarslingssystemet for melding om ein direkte eller indirekte helserisiko for menneske på grunn av næringsmiddel eller fôr, slik det er fastsett i artikkel 50 i forordning (EF) nr. 178/2002, 2. «medlem av nettverket» ein medlemsstat, Kommisjonen, Den europeiske næringsmiddelstyresmakta og alle tredjestatar eller internasjonale organisasjonar som har gjort avtale med Den europeiske unionen i samsvar med artikkel 50 nr. 6 i forordning (EF) nr. 178/2002, 3. «kontaktpunkt» det utpeikte kontaktpunktet som representerer medlemmen av nettverket, 4. «varselmelding» ei melding om ein risiko som krev eller kan krevje snøgg handling i ein annan medlemsstat, 5. «informasjonsmelding» ei melding om ein risiko som ikkje krev snøgg handling i ein annan medlemsstat, a) «informasjonsmelding for oppfølging» ei informasjonsmelding knytt til eit produkt som er eller kan verte bringa i omsetning i ein annan medlemsstat, b) «informasjonsmelding til orientering» ei informasjonsmelding knytt til eit produkt som i) er å finne berre i meldarmedlemsstaten, eller ii) ikkje er bringa i omsetning, eller iii) ikkje lenger finst på marknaden, 6. «melding om avvising på grensa» avvising av eit parti, ein container eller ei last med næringsmiddel eller fôr slik det er nemnt i artikkel 50 nr. 3 bokstav c) i forordning (EF) nr. 178/2002, 7. «opphavleg melding» ei varselmelding, ei informasjonsmelding eller ei melding om avvising på grensa, 8. «oppfølgingsmelding» ei melding som inneheld tilleggsopplysningar som utfyller ei opphavleg melding, 9. «profesjonelle aktørar» driftsansvarlege for næringsmiddelføretak og driftsansvarlege for fôrføretak slik det er definert i

3 forordning (EF) nr. 178/2002, eller driftsansvarlege for føretak slik det er definert i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1935/2004( 1 ). Artikkel 2 Arbeidsoppgåvene til medlemmene av nettverket 1. Medlemmene av nettverket skal syte for at nettverket fungerer effektivt innanfor deira jurisdiksjon. 2. Kvar av medlemmene av nettverket skal peike ut eitt kontaktpunkt, og gje kontaktpunktet til Kommisjonen melding om kven som er utpeikt, saman med nærmare opplysningar om dei personane som er ansvarlege for drifta, og kontaktopplysningane for desse. For dette føremålet skal dei nytte den malen for kontaktpunktopplysningar som kontaktpunktet til Kommisjonen skal utarbeide. 3. Kontaktpunktet til Kommisjonen skal vedlikehalde og ajourføre lista over kontaktpunkt, og gjere denne tilgjengeleg for alle medlemmene av nettverket. Medlemmene av nettverket skal straks melde frå til kontaktpunktet til Kommisjonen om alle endringar som gjeld deira kontaktpunkt og kontaktopplysningar. 4. Kontaktpunktet til Kommisjonen skal syte for at medlemmene av nettverket får dei malane som skal nyttast til meldingsføremål. 5. For føremåla med nettverket skal medlemmene av nettverket syte for effektiv kommunikasjon mellom kontaktpunkta sine og dei rette styresmaktene innanfor jurisdiksjonen sin på den eine sida, og mellom kontaktpunkta sine og kontaktpunkta til Kommisjonen på den andre. Dei skal særleg a) etablere eit effektivt kommunikasjonsnett mellom kontaktpunkta sine og alle relevante rette styresmakter innanfor jurisdiksjonen sin, slik at ei melding straks kan formidlast vidare til dei rette styresmaktene med sikte på iverksetjing av høvelege tiltak, og slik at nettet alltid kan haldast i god stand, b) definere rollene og ansvarsområda til kontaktpunkta sine og til kontaktpunkta til dei relevante rette styresmaktene innanfor jurisdiksjonen sin, når det gjeld førebuing og overføring av meldingar som er sende til kontaktpunktet til Kommisjonen, og når det gjeld vurdering og fordeling av meldingar som kontaktpunktet til Kommisjonen har motteke. 6. Alle kontaktpunkta skal syte for at ein vakthavande tenestemann kan kontaktast utanom kontortid heile døgnet alle dagar i veka i tilfelle naudssituasjonar. Artikkel 3 Varselmeldingar 1. Medlemmene av nettverket skal sende varselmeldingar til kontaktpunktet til Kommisjonen snarast mogleg og seinast 48 timar etter at dei mottok meldinga om risikoen. Varselmeldingane skal innehalde alle tilgjengelege opplysningar, særleg om risikoen og om produktet som er opphav til risikoen. Vidareformidlinga av varselmeldingar skal ikkje forseinkast utan grunn, sjølv om ikkje alle relevante opplysningar er vortne samla inn. 2. Etter å ha gjennomført den kontrollen som er nemnd i artikkel 8, skal kontaktpunktet til Kommisjonen vidareformidle varselmeldingar til alle medlemmene av nettverket innan 24 timar etter at meldingane er mottekne. 3. Utanfor kontortid skal medlemmene av nettverket melde frå om vidareformidlinga av ei varselmelding eller oppfølgingsmelding ved å ringje naudtelefonnummeret til kontaktpunktet til Kommisjonen. Kontaktpunktet til Kommisjonen skal melde frå til dei medlemmene av nettverket som er markerte for oppfølging, ved å ringje til naudtelefonnummeret deira. Artikkel 4 Informasjonsmeldingar 1. Medlemmene av nettverket skal snarast mogleg sende over informasjonsmeldingar til kontaktpunktet til Kommisjonen. Meldingane skal innehalde alle tilgjengelege opplysningar, særleg om risikoen og om produktet som er opphav til risikoen. 2. Etter å ha gjennomført den kontrollen som er nemnd i artikkel 8, skal kontaktpunktet til Kommisjonen snarast mogleg vidareformidle informasjonsmeldingar til alle medlemmene av nettverket. Artikkel 5 Meldingar om avvising på grensa 1. Medlemmene av nettverket skal snarast mogleg sende over meldingar om avvising på grensa til kontaktpunktet til ( 1 ) TEU L 338 av 13.11.2004, s. 4.

4 Kommisjonen. Meldingane skal innehalde alle tilgjengelege opplysningar, særleg om risikoen og om produktet som er opphav til risikoen. 2. Kontaktpunktet til Kommisjonen skal vidareformidle meldingar om avvising på grensa til grensekontrollstasjonar slik det er definert i rådsdirektiv 97/78/EF av 18. desember 1997 om fastsettelse av prinsippene for organisering av veterinærkontrollene av produkter som innføres til Fellesskapet fra tredjestater( 1 ) og til utpeikte innførselsstader slik det er nemnt i forordning (EF) nr. 882/2004. Artikkel 6 Oppfølgingsmeldingar 1. Når ein medlem av nettverket har tilleggsopplysningar om risikoen eller om det produktet som er nemnt i ei opphavleg melding, skal han straks vidareformidle ei oppfølgingsmelding gjennom kontaktpunktet sitt til kontaktpunktet til Kommisjonen. 2. Når ein medlem av nettverket har bede om oppfølgingsopplysningar som gjeld ei opphavleg melding, skal desse opplysningane snarast mogleg leggjast fram i den grad dette er mogleg. 3. Når det vert gjort tiltak etter at ei opphavleg melding er motteken slik det er nemnt i artikkel 50 nr. 5 i forordning (EF) nr. 178/2002, skal den medlemmen som gjorde tiltaket, straks vidareformidle nærmare opplysningar om dette til kontaktpunktet til Kommisjonen i form av ei oppfølgingsmelding. 4. Dersom det tiltaket som er nemnt i nr. 3, inneber at eit produkt vert halde tilbake og returnert til ein avsendar som har bustaden sin i ein annan medlemsstat, a) skal medlemsstaten som gjer tiltaket, leggje fram relevante opplysningar om det returnerte produktet gjennom ei oppfølgingsmelding, med mindre desse opplysningane alt var tekne med fullt ut i den opphavlege meldinga, b) skal medlemsstaten som får produkta i retur, melde frå om tiltaket som er gjort med omsyn til dei returnerte produkta, i form av ei oppfølgingsmelding. 5. Kontaktpunktet til Kommisjonen skal vidareformidle oppfølgingsmeldingar til alle medlemmene av nettverket snarast mogleg, og innan 24 timar når det gjeld oppfølgingsmeldingar som gjeld varselmeldingar. Artikkel 7 Innsending av meldingar 1. Meldingar skal sendast inn ved bruk av dei malane som kontaktpunktet til Kommisjonen har utarbeidd. 2. Alle relevante felt i malen skal fyllast ut for å sikre at det eller dei produkta og den eller dei risikoane som det gjeld, kan identifiserast på ein tydeleg måte, og for å gje opplysningar om sporing av produktet eller produkta. Dataordbøkene som kontaktpunktet til Kommisjonen stiller til rådvelde, skal nyttast i størst mogleg grad. 3. Meldingane skal klassifiserast i samsvar med dei definisjonane som er fastsette i artikkel 1, i ein av dei følgjande kategoriane: a) opphavleg melding i) varselmelding, ii) informasjonsmelding for oppfølging, iii) informasjonsmelding til orientering, iv) meldingar om avvising på grensa, b) oppfølgingsmelding. 4. Meldingane skal innehalde opplysningar om kva medlemmer av nettverket som er bedne om å følgje opp meldinga. 5. Alle relevante dokument skal leggjast ved meldinga og snarast mogleg sendast over til kontaktpunktet til Kommisjonen. Artikkel 8 Kontroll av meldinga Før ei melding vert vidareformidla til alle medlemmene av nettverket, skal kontaktpunktet til Kommisjonen ( 1 ) TEF L 24 av 30.1.1998, s. 9.

5 a) kontrollere at meldinga er fullstendig og leseleg, og at dei korrekte opplysningane frå dei ordbøkene som er nemnde i artikkel 7 nr. 2, er førde opp, b) kontrollere at det er gjeve opplysningar om korrekt rettsgrunnlag for dei tilfella av manglande etterleving som er påviste; eit ukorrekt rettsgrunnlag skal likevel ikkje vere til hinder for at meldinga kan vidareformidlast dersom det vart påvist ein risiko, c) kontrollere at føremålet for meldinga fell innanfor verkeområdet til nettverket slik det er fastsett i artikkel 50 i forordning (EF) nr. 178/2002, d) sikre at dei viktigaste opplysningane i meldinga er gjevne på eit språk som er lett forståeleg for alle medlemmene av nettverket, e) kontrollere at det er samsvar med dei krava som er fastsette i denne forordninga, f) identifisere profesjonelle aktørar og/eller farar og/eller opphavsstatar som ofte er omtala i meldingane. For å kunne halde fristen for vidareformidling kan Kommisjonen gjere små endringar i ei melding, på det vilkåret at den meldande medlemmen har sagt seg samd i dette på førehand. Artikkel 9 Tilbaketrekking og endringar av ei melding 1. Alle medlemmer av nettverket kan be om at ei melding som er vidareformidla gjennom nettverket, vert trekt tilbake av kontaktpunktet til Kommisjonen etter avtale med den meldande medlemmen dersom dei opplysningane som ligg til grunn for det tiltaket som skal gjerast, viser seg å vere ugrunna, eller dersom meldinga vart vidareformidla ved ein feil. 2. Alle medlemmer av nettverket kan be om at ei melding vert endra, etter avtale med den meldande medlemmen. Ei oppfølgingsmelding skal ikkje reknast som ei endring av ei melding, og kan difor vidareformidlast utan samtykke frå nokon av dei andre medlemmene av nettverket. Artikkel 10 Utveksling av opplysningar med tredjestatar 1. Dersom produktet som det er gjeve melding om, har opphav i eller vert distribuert frå ein tredjestat, skal Kommisjonen straks melde frå til tredjestaten. 2. Utan at det rører ved dei særlege føresegnene i avtaler som er gjorde i medhald av artikkel 50 nr. 6 i forordning (EF) nr. 178/2002, skal kontaktpunktet til Kommisjonen ta kontakt med eitt enkelt utpeikt kontaktpunkt i tredjestaten, dersom eit slikt kontaktpunkt finst, med sikte på å betre kommunikasjonen, m.a. ved hjelp av informasjonsteknologi. Kontaktpunktet til Kommisjonen skal sende over meldingar til dette kontaktpunktet i tredjestaten til orientering eller oppfølging, alt etter kor alvorleg risikoen er. Kommisjonen kan offentleggjere Artikkel 11 Offentleggjering a) eit samandrag av alle varselmeldingar, informasjonsmeldingar og meldingar om avvising på grensa som inneheld opplysningar om klassifiseringa og statusen til meldinga, produkta og dei påviste risikoane, opphavsstaten, statane der produkta var distribuerte, den meldande medlemmen av nettverket, grunnlaget for meldinga og dei tiltaka som er gjorde, b) ein årleg rapport om dei meldingane som vert vidareformidla gjennom nettverket. Artikkel 12 Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen. Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane. Utferda i Brussel, 10. januar 2011. For Kommisjonen José Manuel BARROSO President

6