Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort



Like dokumenter
Å leve av og med naturen.

«Så bra.» Gjertrud plukka opp den store panna og dumpa den ned i såpevatnet. Det skvulpa opp og danna ein stor våt flekk på genseren hennar.

Eg har det på tunga : Å snakke seg til innsikt

Har du nokon å snakke med om dette?

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Bygdebrev nr 8. til alle husstandane i vinje skulekrins desember 2013

Eg sender ein rapport om dei STORE hendingane i året som er slutt. Forteljinga er i tolv bolkar, så du må vere tolmodig.

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Det nytter. Skuleinterne tiltak

Vi ønsker å takke Fritt Ord for støtte til boka. God lesning, Emil Johan Wilmar. Oslo, Side 2

Gå ut og gjer disiplar

KVIFOR ER DET FEIL I DET NYE NORSKVERKET VÅRT? KOR MANGE FEIL KAN VI FINNE I LØPET AV SKULEÅRET?

Kva folk trudde før og no

Innlandskrabber på kvalfangst årsaker og omfang

VI KJENNER NOEN FORENINGEN FOR MUSKELSYKE

slik at Temaparken, Bulandet i fortid og notid, kom på kartet. Gjennom bilete, ord og gjenstandar har vi fått fortalt historia vår,

Dunker-ringens Påskrik nr. 36 desember 2006

Ivar Aasen nynorskens far

Barterapi. B: Denne kunden er nok under diagnosen: Sterkt depressiv og trur at verda hatar ein. Best å gi han ein behandling med min spesielle drink.

En samling minner fra fjell-garden Brattebø

Inger Lise. Beste helsing frå

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Ulikskapens magre kår eit eit hinder for god stadsutvikling? Ulikhetens magre kår Ulikhetens magre Eksempel I: J g er me

nr.2 Kyrkjeblad for Gloppen mars 2015 Årgang 45 Han har stått opp!

Sommartur til Sverige,

På flukt som jaget vilt!

Om skriftspråket vårt

Transkript:

Middle East Girl s Football Festival I Jordan Dei 9 dagane som gjekk så alt for fort Frå 18. 27. november tok eg og 15 andre jenter turen til Amman i Jordan. Festivalen er eit tiltak i regi av NFF og UD, og kjem i stand gjennom samarbeid med fotballforbundet i Jordan. Deltakarane er jenter i alderen 14-16 år, og målsetjinga er, forutan å dele erfaringar og få fotballfagleg påfyll, å skape kulturell forståing og venskap på tvers av grenser. Både Iran, Irak, Jordan, Libanon, Palestina og Noreg deltok på festivalen. Turen starta på gardemoen då 16 spente jenter møtte kvarandre for fyste gong. Me tok vi fly til Istanbul før reisa gjekk vidare til Amman. På flyet blei me stadig betre kjende med kvarandre, og me gledde oss alle saman til å kome fram. Sjølv om reisa i tid, blei ganske så lang, gjekk turen likevel kjapt. Me hadde mykje å snakke om, og alle sklei fort inn med kvarandre. Me kom seint til hotellet, og var trøytte då me kom fram. På reisa frå flyplassen med buss til hotellet, fekk me ei tidleg oppleving av kva som kom i vente, då me såg både esel og kamel. Me blei positivt overraska av standaren på hotellet. I lobbyen var det ei stor sofagruppe med peis og varme, matsalen var koseleg med bra standar, og romma var store og flotte. Me åt til saman 3 måltid for dagen, og i tillegg hadde me knekkebrød og pålegg tilgjengeleg dersom vi hadde lyst på meir mat. Som sagt kom me ned fredag 18. november, men festivalen begynte ikkje før søndags kveld, 21.november. På laurdag stod me opp til overskya vær og tok turen ut i ørkenen. Også denne reisa var lang, så når me var framme var det allereie mørkt. Me fekk i grunn litt sjokk då me såg at me skulle tilbringe natta i telt, men humøret var likevel på topp. Heldigvis skulle me ikkje sove på bakken. Inni telta var det innreia med senger og dyner, så i grunn var det heilt ok. Me hadde også eit lite hus med toalett og vatn som var tilgjengeleg. Ut på kvelden fekk me mat og drikke, og me fekk oppleve eit liksom-bryllaup samt dans og song. Bortsett frå at det var ganske kaldt på kvelden, og i telta på natta, hadde me ein kjempefin kveld med mange opplevingar.

På søndagen var det jeepsafari og kamelriding som stod for tur. Me stod opp til sol og fint vær klokka 6 om morgonen, og for dei sprekaste var treningsøkta allereie unnagjort (Martine, Sandra og Kaja). Me spaserte opp på eit fjell som låg like bak campingplassen, og utsikten samt soloppgangen var ubeskriveleg flott. Etter ein god frukost var vi klare for safari. Vi køyrte rundt i ørkenen og stoppa med jamne mellomrom for å ta bilde og for å sjå oss rundt. Det eine stoppet blir minne for livet! Sola steikte og himmelen var knallblå, og på bakken låg det 3 kamelar klare til å ta jentene på rundtur. Alle ville sjølvsagt prøve kamelane, og dette er noko vi seint vil gløyme. Etter ein liten gåtur i varmen, smakte det svært godt med lunsj i sola. Etter ei fantastisk oppleving i ørken var det tid for å reise tilbake til hotellet. Der venta alle dei andre nasjonane og det var klart for opningsseremoni. Alle spelarane fekk tidleg kontakt med kvarandre, og etterkvart som dagane gjekk, knytte me sterke band. Me blei delte inn slik at det var 2 spelarar frå alle nasjonane på kvar gruppe, og det var totalt 8 grupper. 3 av dagane spelte me også kamp. Gruppa mi vann 2 av 3 kampar, og eg blei svært imponert over at enkelte spelarar kunne utvikle seg så mykje i løpet av eit par dagar med treningar og kampar. Nivået var ikkje særleg å skryte av for å seie det sånn. Jentene frå Iran var veldig gode, medan dei andre nasjonane hang litt etter. Sjølv om enkelte var betre enn andre, så lærde me likevel mykje av kvarandre. I tillegg til at det var spelarar frå andre land på gruppa mi, hadde me også 2 utanlandske trenarar som snakka persisk og arabisk. Dei forklarte nokre gongar på engelsk, men mesteparten av treningane og kamptaktikkane gjekk føre seg på arabisk. Sjølv om eg og Rezarta (romkameraten min frå Porsgrunn) verken kunne arabisk eller persisk, klarde me likevel å skjønne og forstå, på grunn av at trenarane var flinke til å vise døme på øvingar i treningsøkta. Treningane var i grunn ganske rolege, men dei var svært lærerike. Me lærde nye øvingar og andre morosame aktivitetar, som eg vil ta med meg vidare.

Det eg synest var det artigaste, var kampane. Då skulle gruppa vår prøve seg mot andre grupper, noko som var veldig interessant. Det var gode prestasjonar og dårlege prestasjonar. Vi såg og lærde av dette, slik at me kunne bli enda betre både som lag og som individuelle. Etter kampane var trenarane anten veldig glade, eller så hang dei med leppa. Dei hadde nemleg eit svært høgt konkurranseinstinkt. Før kampane kom dei rundt og sa: We must win, we must win!. Ettersom vi tapte den eine kampen, var det ikkje så mykje prat frå dei på bussen heim til hotellet. Sjølv om kampane gjekk bra eller dårleg, var det ingen av spelarane som brydde seg, fordi at alle som deltok på festivalen, var der for å lære. Når me var ferdig med å spele fotball for dagen, brukte dei norske jentene tida på å sjå i butikkar i gatene, eller tilbringe tid saman med dei andre nasjonane. Det var i grunn ikkje så mykje tid til overs for å vere heilt ærleg. Einaste gongen me hadde privattid, var på kveldane etter middagen. Ein vanleg dag gjekk slik: stå opp frukost trening lunsj kamp dusje middag kveld. På onsdag 23.november tok alle nasjonane turen til Dødehavet. Nok ein dag med sol, blå himmel og varme. Kunne ikkje fått det betre. Me stoppa på eit hotell som var ekstremt vakkert. Der hadde me moglegheit for å bade i det salte vatnet etterfylgt av avslapping på ei solseng, om ein skulle ynskje det. Med ein gong me kom, kasta eg meg uti. Ein skulle ikkje tru det, men det var omtrent fysisk umogleg å bade vanleg med beina nedover. Eg la meg på magen og flaut som eit oppblåsbart badedyr. Fantastisk oppleving! Den norske nasjonen var ved Dødehavet til sola gjekk ned, medan dei andre landa reiste tidlegare tilbake på hotellet. Vi hadde det heilt utruleg og koste oss heilt til den siste solstrålen forsvann bak fjella.

Dei 9 dagane gjekk så alt for fort. Plutseleg var opphaldet over, og no sit me att med mykje ny kunnskap og mange minner me aldri vil gløyme. Me lærde å respektere både menneskjer, religionar og kulturar. Ja, mange spelte med hijab, og dei frå Iran måtte til og med spele med nikkers, høge sokkar og genserar som gjekk heilt ut til hånleddet på grunn av religion. Men me fekk ikkje berre kunnskap frå dei andre nasjonane. Også Noreg hadde mykje å by på. Per Ravn Omdal (tidlegare president i Noregs Fotballforbund og har hatt viktige nasjonale verv i UEFA og FIFA) stod for møter og talar der han forklarde om kvinnefotball i Noreg og andre land. Dersom Fotballforbundet ikkje hadde kome seg ned til Midtausten med festivalar og liknande, hadde det mest sannsynleg ikkje vore slik at jenter og gutar kan spele fotball på same bane. For slik var det nemleg ikkje før. Ikkje nok med Per, men me fekk også møte ambassadøren i Jordan, og det er ikkje kvardagskost. Heilt til slutt vil eg takke Sogn og Fjordane Fotballkrets samt Noregs Fotballforbund for at akkurat eg fekk lov til å oppleve dette eventyret som ingen kan førestille seg.