VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI 2015 2019 www.sp.no 1
SENTERPARTIET SITT GRUNNSYN Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil ha eit samfunn med frie, sjølvstendige menneske som har tru på eigne evner og tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapen, for naturen og for miljøet. Partiet sitt menneskesyn har utspring i det kristne verdigrunnlaget og i humanistiske verdiar. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og respekten for menneskeverdet er overordna andre verdiar. Senterpartiet vil: Ha nære og gode tenester i Leikanger. At Leikanger skal bestå som eigen kommune så lenge innbyggjarane ynskjer det. Ha eit symjebasseng til bruk for alle. Støtta opp om landbruk, matproduksjon, jordvern og stell av kulturlandskapet. Leggja til rette for byggjeklare tomter i heile kommunen. SENTERPARTIET SINE MÅL FOR LEIKANGER Målet for Senterpartiet er at alle som bur og jobbar i Leikanger kommune skal trivast. Leikanger er og skal vera blant dei mest attraktive kommunane i landet! Me vil at Leikanger skal tilby nære og gode tenester, eit ope samfunn, godt bumiljø og trygg oppvekst. Senterpartiet vil derfor stå opp mot sentraliseringskreftene. Leikanger skal vera ein god vertskommune og bidra til å skapa nye arbeidsplassar både i offentleg og privat sektor. Senterpartiet vil at det offentlege skal ha hovudansvaret for samfunnsutviklinga i lokalsamfunnet. Me vil at innbyggjarane og næringslivet får påverka utviklinga av infrastruktur og tenestetilbod i kommunen Leikanger kommune er rik på ressursar i naturen og kulturlandskapet. Senterpartiet ynskjer å utnytta desse ressursane på ein god måte. All utvikling i Leikanger skal skje på ein miljømessig berekraftig og framtidsretta måte. Me vil ta heile kommunen i bruk ved å utvikla nye buområde og samtidig ta vare på den beste matjorda. Me vil leggja til rette for at det skal vera godt å bu både i og utanfor sentrum. Senterpartiet vil ha eit aktivt kultur- og idrettstilbod. 2
matproduksjon; nære tenester; byggjeklare tomter; jordvern; frivilligheit; basseng; omsorg; sjølvstende Sakene våre LEIKANGER SOM KOMMUNE Leikanger skal bestå som eigen kommune så lenge dette er ein føresetnad for å oppretthalda nære og gode tenester. Vidareutvikla samarbeidet med nabokommunane heller enn å slå kommunane saman. Det skal vera lett for innbyggjarane å koma i kontakt med den politiske og administrative leiinga i kommunen kommunesamanslåing vil føra til større avstand mellom innbyggjarar og folkevalde. Opne og gode prosessar i saker som angår innbyggjarane. Leikanger kommune sine tenester skal vera av ein så god kvalitet at kommunen utmerkar seg nasjonalt. 3
AREAL, NÆRING OG BUSTAD Leikanger skal vera den offentlege hovudstaden i Sogn og Fjordane. Støtta opp om all næringsutvikling i kommunen. Jord- og skogbruk er spesielt viktige næringar for å oppretthalda Leikanger sitt særpreg. Leikanger skal ha eit aktivt og framtidsretta landbruk. Godt jordbruksareal skal bli brukt til matproduksjon. Leggja til rette for eit variert bumiljø i heile kommunen. Samarbeida med grunneigarane om gode tilkomstvegar og utvikling av utmarksressursane. Satsa på den kommunale landbruksrådgjevingstenesta. 4
KOMMUNIKASJON God og trygg infrastruktur for gåande, for køyrande og for næringslivet i kommunen. Rusta opp det kommunale vegnettet og sikra trygg skuleveg. Raskt breiband til alle husstandar. BARN, UNGDOM OG OPPVEKST Barnehagane, skulane og SFO skal ha rammer som sikrar eit godt tilbod. Dei kommunale barnehagane skal samarbeida om eit sommarope tilbod. Ta vare på kommunale bygg, skular og barnehagar, herunder bassengbygget på ungdomsskulen. Ungdomen skal kunna ta utdanning i nærområdet. Tilby og formidla sommarjobbar til ungdom. OMSORG Tilby gode omsorgstenester både heime hjå den einskilde og på institusjon. Ha ein fungerande seniorskyss. Byggja fleire omsorgsbustader. 5
FRITID, KULTUR OG IDRETT Satsa på møteplassar, som til dømes idrettsanlegg, leikeplassar, friareal og basseng. Leggja til rette for vinteridrett i snøsikre område, og for aktivitet ved fjorden. Støtta opp om lag og foreiningar innan kultur og idrett, spesielt dei tilboda som er retta mot born og ungdom. KOMMUNEN SOM ARBEIDSGJEVAR Leikanger kommune skal vera ein attraktiv arbeidsplass der dei tilsette har god kompetanse. Kommunen skal tilby fleire ungdomar lærlingplassar. 6
LEIKANGER SENTERPARTI LISTEKANDIDATAR 2015 2019 1. kandidat/ordførarkandidat OLE SIMEN NESDAL f. 1970 2. kandidat INGEBORG SIVERTSTØL f. 1979 3. kandidat BJØRN SANDVIK SØLSNÆS f. 1995 4. kandidat LAILA NJØS EIKELAND f. 1963 7
Leikanger Senterparti Kommunevallista 2015 2019 Nr. Namn 1 Ole Simen Nesdal f. 1970 2 Ingeborg Sivertstøl f. 1979 3 Bjørn Sandvik Sølsnæs f. 1995 (Senterungdomen) 4 Laila Njøs Eikeland f. 1963 5 Sindre Børsheim Ramung f. 1982 6 Turid Cecilie Oppedal f. 1977 7 Eirik Hansson Hamre f. 1963 8 Signe Gudveig Rauboti f. 1983 9 Solveig Nygard f. 1958 10 Gabriel Skjulhaug Yttri f. 1997 (Senterungdomen) 11 Anne Elisabeth Lunde f. 1967 12 Tomas Ølmheim f. 1992 (Senterungdomen) 13 Runa Aaland Eggum f. 1980 14 Bodil Merete Andersen Strand f. 1959 15 Tor Eirik Hamre f. 1947 16 Siri Skjulhaug f. 1975 17 Knut Eggum f. 1952 18 Marte Broch Hauge f. 1990 (Senterungdomen) 19 Jo Palne Vikøren f. 1962 20 Siri Johanne Sand Njøs f. 1970 21 Endre Gjerde f. 1944 Leikanger Senterparti ynskjer deg eit godt val! Leikanger Senterparti v/ordførarkandidat Ole Simen Nesdal E-post: olenes@vegvesen.no Mobil: 996 07 677 senterpartiet.no INNMELDING: Bli SP-medlem send «SP» til 2360. (for deg under 30) Bli Senterungdoms-medlem send «SUL» til 2360