tutti fratelli VINNAR AV REISELOTTERIET Innhald: side side



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Årsmøteprogram APRIL

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Psykologisk førstehjelp i skulen

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Sandeid skule SFO Årsplan

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jon Fosse. For seint. Libretto

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving


Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

IKT-kompetanse for øvingsskular

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Brukarrettleiing E-post lesar

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

ehandel og lokalt næringsliv

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

«Ny Giv» med gjetarhund

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

DIS- Sogn og Fjordane

Stemnehandboka for NKSF

Sjarmerande vinnar 2 Julevask 2 Positivt om skatt 2 Julegleder 2 Innsamling Filippinene 3 Resultat 3 Middag for ei god sak 4

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Høring - finansiering av private barnehager

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Brukarrettleiing. epolitiker

Månadsbrev for ROSA mars 2015

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Møteprotokoll for møte i

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Med god informasjon i bagasjen

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

DB

Velkomen til Røde Kors!

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Rettleiing for revisor sin særattestasjon


Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Månadsplan for Hare November

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Brødsbrytelsen - Nattverden

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Transkript:

Nyheiter og meldingar frå Sogn og Fjordane Røde Kors nr. 6 - desember 2011 tutti fratelli Tutti fratelli vi er alle brør! sa verdas første frivillige i Røde Kors, Castegliones kvinner på slagmarka i Solferino i 1859. Vinnar vart vesle Veronika, 28 veker gamal. VINNAR AV REISELOTTERIET Vesle Veronika Skogen Westervik frå Gulen vann fyrstepremine i Reiselotteriet. Ein yndigare vinnar er knapt muleg. Med seg på tur skal ho ha mamma Evy Skogen, pappa Frode Westervik og storesyster Aurora, nesten 3 år. Ekstra kjekt er det også at det er ein barnefamilie som vann denne reisa, sidan reiselotteriet sitt formål er Ferie for alle og leirane våre. Vi ønskjer familien ein retteleg god tur. I denne gode førjulstida er biletet av vesle sovande Veronika, ei påminning om kva det heile handlar om, håpet som blir tent hos oss gjennom alle nye barn. Må alle små i verda få sove kvar natt og ingen av dei gråte og ingen bli forlatt. Frå alle oss til alle dykk; God Jul og godt Nytt År! Innhald: side side Lesestoff 2 Tippenøkkelen 3 Medlemsregister 2 Premie på panto 4 I godt selskap 2 Basar i Lærdal 4 Humanitært forum 2 Julegleder til barn 4 Vinterleir 2 Julegleder til vaksne 5 Avtalar og bidrag 3 Røde Kors avisa 5 Nasjonale budsjett 3 Opningstider i jula 5 Røde Kors Sogn og Fjordane Langebruvegen 28 Faktura adresse: Tlf: 05003 E-post: dk.sognogfjordane@redcross.no Bank: 3700 20 27616 6803 FØRDE Postb. 6585 Faks: 57 72 31 31 www.rodekors.no/sfj Org.nr: NO 864 139 442 7439 Trondheim

LESESTOFF I JULA - NYTT HOVEDPROGRAM Den trykte versjonen av det nye hovudprogrammet 2011-2014 er tilgjengeleg for bestilling i Røde Kors butikken. Programmet kan også prentast frå Korsveien: Korsveien > Om oss > Styrende dokumenter > Hovedprogram DIBA - FRAMTIDAS MEDLEMSREGISTER DiBa, dialogbasen, skal gje lokalforeiningane ein sjanse til å forvalte medlemmar og frivillige på ein enklare måte, lettare kunne kvalitetssikre innhaldet i basen, og få oversikt over alle som har vendt seg til lokalforeininga. DiBa blir klar I løpet av våren - sommaren 2012. I GODT SELSKAP Statistisk sentralbyrå, SSB, har i 2011 gjennomført ei Levekårsgransking. Eit tema i denne gjaldt deltaking i organisasjonar mellom befolkninga. Granskinga synte at 4 av 10 utfører gratisarbeid. Nær 80 prosent av den norske befolkninga er medlem i ein organisasjon Nesten halvparten er svært eller noko aktive medlemmar I underkant av 40 prosent av befolkninga har utført gratisarbeid for ein organisasjon gjennom det siste året. HUMANITÆRT FORUM Hovudinnlegget var ved sosionom, sosiolog og samfunnsforskar Karin Gustavsen ved Telemarksforskning. Lokalforeiningar som er medlem i 10 prosent klubben er i 2011 Aurland, Balestrand, Bremanger, Olden, Vikane og Svelgen. Tilgang til DiBa kjem via Korsveien. DiBa er eit tilbod til lokalforeiningane, som foreiningane sjølve kan velje å bruke eller ikkje. Gjennom DiBa kan lokalforeiningane melde inn og ut medlemmar og legge til informasjon om t.d. kompetanse og teieplikt. Lokalforeiningane får direkte tilgang til liste over medlemskap, aktivitetar, timelister, vedlikehalde kontaktinformasjon, adresse m.m. Det er kopling mellom DiBa og ressurssystemet. Data i begge system vert oppdatert ved endringar. Leiar eller den i foreininga som har eit særskilt ansvar for medlemskontakt, får tilgang til å operere systemet. Elles kan alle få tilgang til informasjon som ein har rett til å sjå. Hjelp og service i oppstartfasen blir gitt av Røde Kors kundeservice. Om fattige familiar: Som samfunn bør vi hjelpe slik at dei kan stå i det. Til alle tider har barn trengt tryggleik i oppveksten. Humanitært forum, Trude Brosvik Eit svært vellukka humanitært formum vart gjennomført på Skei 18. november. Tema sosial ulikskap i oppvekst ei humanitær utfordring, ga publikum noko å tenkje på, som fleire sa etterpå. Hovudinnlegget var med Karin Gustavsen frå Telemarksforskning. Hennar tilnærming til problemstillinga var prega av solid forsking og kunnskap til barns vilkår i familiar som lever i økonomisk fattigdom. Det var også spennande å møte ein forskar som ikkje var verdinøytral til dei fakta som forskinga på fattigdom i Noreg legg fram. - Den offentlege inntektssikringa er så låg at vi sender folk rett ut i fattigdom. Å utrydde barnefattigdom er å investere i framtidig helse. Rekneskapen vil bli positivt i det lange løp, sa Gustavsen. Kari Vold Olsen, ved fylkesmannen, Geir Knapstad og Kari Vårdal frå Flora ungdomsskule og Trude Brosvik, fylkespolitikar frå KrF heldt også innlegg på forumet. Du kan lese meir om forumet i Røde Korsavisa nr. 2 2011. Artikkelen Barns beste går nærare inn i dei funna som fattigdomsgranskinga viser. VINTERLEIR FOR UNGDOM Helga 13.-15.januar vert det arrangert ein Internasjonal Vinterleiar i regi av Røde Kors ungdom. Invitasjon, oversikt over program og meir info vil kome nærare jul. Spørsmål om vinterleiren ta kontakt med Christian Vik på distriktskontoret. 2

NYE SAMARBEIDSAVTALAR OG BIDRAG FRÅ NÆRINGSLIVET Norges Røde Kors melder om nye avtaler som er etablert med næringslivet: Elkjøp: 5 mill til Vann for livet i 2011 MøllerGruppen: forlenga hovudpartnaravtale 3 MNOK pr. år / 3 år Odfjell Drilling: ny prosjektpartnar 1 mill pr. år / 3 år til nødhjelp Gjensidigestiftelsen: til oppvekst- og juleaktivitetar 4 mill Telenor: 750 000 ekstra til flomkatastrofane 1. Auka midlar til frivillig beredskap 5 mill, (Røde Kors kan forvente 1/3) 2. Auke i tilskot til Ferie for alle (storbytiltak) 3. Auken er ikkje innarbeida i budsjettet, men gir rom for å auke aktivitet på desse områda VERN OM TIPPENØKKELEN Speleoverskotet til Norsk Tipping går til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Norsk Tipping har no utfordringar med å auke omsetninga. Røde Kors er ein av mottakarane av dette overskotet og det kan vere nyttig for oss å ha nokre gode argument til rådigheit når temaet vert diskutert. Røde Kors ønskjer å styrke Norsk Tipping, slik at speleoverskotet aukar til nytte for frivilligheita. Røde Kors meiner at debatten bør handle om korleis vi skal styrke Norsk Tipping, slik at overskotet aukar Røde Kors støttar aktivt opp under den norske einerettsmodellen med Norsk Tipping som instrument for å skape inntekter til frivillig humanitær aktivitet Røde Kors samarbeider med Norsk Tipping fordi det styrkjer handlekraft og fører til fleire og betre humanitære aktivitetar OMRÅDEØVING INDRE SOGN Laurdag 12. november var det områdeøving i Indre Sogn, med Hafslo og Luster som vertskorps. Totalt var det ca 60 frivillige involvert denne dagen, med andre ord ei stor øving. Hjelpekorpsmannskapa fekk trena seg på mange ulike moment, mellom anna søk barmark, redning i vatn og bratt lende. Dei som sat i KO fekk også store utfordringar då søket som i starten var etter ein person utvikla seg til å bli søk/redning av 5 personar. I etterkant av øvinga ser me at bruk av tracking er til stor hjelp for KO. Det som også går igjen er att bruk av samband må øvast meir på. På øvinga var Norske Redningshundar med oss med i alt 6 personar, ein operativ leiar, ein observatør og 4 hundar med førarar. Dei meinte øvinga var lærerik og yngste meir samarbeid med Røde Kors. NORGES RØDE KORS - ENDRINGAR BUDSJETT 2012 Generalsekretær Åsne Havnelid melder frå allmøte i desember desse føresetnadane for 2012: Inntekter frå Norsk Tipping er justert ned til 208,5 mill basert på prognoser frå selskapet (215 mill i 2011 og i opphavleg budsjettforslag) Inntektsprognosen for Panto er auka frå 13 til 15 mill halvparten av auken er forventa å tilfalle lokalforeiningane Budsjettposten for omstilling (5,5 mill i opphavleg budsjettforslag) blir fjerna Positive signal frå statsbudsjettet: Lov om endringar i pengespel- og lotterilovgjevinga, (automatforliket) var eit stort og ønska kompromiss mellom dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane og staten Røde Kors støtta lova og forarbeida heilhjerta fordi vi meinte, og meiner, det er viktig og riktig at spel- og lotterimarknaden bli regulert på ein formålsteneleg og rettferdig måte Kompromisset mellom oss og staten handlar om at vi har gitt frå oss sjansen til å drive spel og store landsdekkande lotteri i Noreg til Norsk Tipping, mot at vi får stabile og føreseielege rammevilkår tilbake gjennom ein del av inntektene Endringar i rammevilkåra kan få konsekvensar for sjølve kompromisset, og inntektene frå Norsk Tipping er langt lågare enn inntektene vi hadde når vi sjølv hadde ansvaret Som dei andre mottakarane av overskotet ønskjer Røde Kors å auke inntektene, og meiner den beste måten å gjere dette på er gjennom dialog og samarbeid for å styrke Norsk Tipping I samsvar med styresmaktene og Norsk Tipping har Røde Kors gjennom dette samarbeidet lagt framtidige spel og lotteri til Norsk Tipping, og sikrar ytterlegare legitimitet til den norske einerettsmodellen Det er viktig at Norsk Tipping får flere bein å stå på for å vere betre rusta i konkurranse med internasjonale spelselskap Den norske einerettsmodellen har blitt til gjennom ei rekkje kompromiss mellom aktørar med inntekter, erfaring og kompetanse frå spel og lotteri, og styresmaktene som regulerer spelmarknaden 3

PANTOLOTTERIET PÅ LANDSMØTET Asbjørn Sande tv. saman med Per Christopher Prebensen prosjektleiar spel Norges Røde Kors Tru det eller ei, men Asbjørn Sande frå Svelgen vann pantokonkurransen på Landsmøtet, ein flott gåvesjekk på ei reise! Prebensen hevda at plassen framfor flaskeautomaten var ein av dei beste møteplassane under Landsmøtet. Med seg hadde han 200 vinstar å dele ut og mange sjekka vinnarlukka si. Så vart det Sande som fekk hovudpremien. LEIARSAMLING 7. JANUAR Dei siste to åra er Røde Korsåret starta med leiarsamling på Skei. Lokalforeiningsleiar og nestleiar, og leiarar av lokalråd møter saman med representantar frå distriktsråda, distriktsstyret og distriktstilsette for å ta opp, diskutere og få informasjon om aktuelle tema. Det er kome tydelege tilbakemeldingar frå lokale ledd om at ein ynskjer dette som oppstart for 2012 òg. Laurdag 7. januar 2012 vert det difor leiarsamling på Skei hotell. MAGI OG FORVIKLINGAR Denne fornøyelege historia fortel om eit fantastisk basarresultat hos Lærdal Røde Kors (det beste så langt etter 32 år) og historia om ein kasserar si oppleving av eit sluttresultat som i fyrste omgang ikkje heilt stemde med det dei hadde opplyst ved avslutning på basaren. Det var ein god gamaldags basar med masse folk og mange fine vinstar og inntekter som passerte ei magisk grense. Røde Kors basaren i skulen på Lærdalsøyri, søndag 20. november. Olav Teigen: Ein del forfattarar fortel at dei vaknar nattestid og får ein lys ide, som dei straks krotar ned. Eg vakna i natt til ei openbaring, og det tok litt tid før eg sovna igjen! Saken er den at eg kjende litt uro etter e-posten om sluttresultatet for basaren eg sende ut i går, kr 57.536,-. Det undra meg at Severin etter snart ein mannsalder bak kassa på basaren hadde teke så hardt i at vi var nesten 3000 kroner skeive på sluttsummen. Det hadde aldri skjedd før. I tillegg visste eg kor mange årar som var ute kvar omgang, så det undra meg at vi ikkje sat med ein total sum på ca. kr 60.000,- slik Severin og Bjørn hadde rekna, inkludert kr 2.000,- vi fekk i gåve til basaren, kr 1.000,- frå Trevaren og kr 1.000,- frå tannlege Lem. I natt fekk eg svaret. Siste veka før basaren samla eg vekslepeng frå loddsalet til bruk på basaren. Søndag før eg reiste ned på skulen samla eg vekslepengane i posar og setlar. I ein eigen pose la eg nokre 500-lappar og 200-lappar samt ein del mynt eg tykte vi hadde nok av. Dette la eg inn på mitt vesle "heimekontor". Måndag då eg bar tungt til banken var ikkje posen i tankane mine. Men den kom til meg i natt. Det fyrste eg gjorde då eg hadde talt opp var å ringe Severin. I posen låg kr 2.640,50 som betyr eit samla sluttresultat på kr 60.177,- Eit hjartesukk Ja, ja Olemann, vi får håpe det er alderen, og ikkje same fenomen som Petrus leid av i ein av mine kjære fangstbøker frå Grønland. Han underslo litt av fangsten frå ein kamerat og om han var det sagt at han var komen til på fallande måne og fødd på fjæra sjø, den fjomsen! JULEGLEDER TIL BARN Sogn og Fjordane Røde Kors har i år fått 125 657 kroner gjennom Gjensidigestiftinga til julegleder for 203 barn i Sogn og Fjordane. Som i fjor er arbeidsmåten i aktiviteten å avdekke (hindre og linde nød), det er ein lokal aktivitet og den er utelukkande positiv. Julegledene er ei hjelp til utsette og sårbare barn. Erfaringane frå i fjor var gode og Sogn og Fjordane Røde Kors har fått tilbakemeldingar om at dette er ein svært meiningsfull aktivitet. Felles er eit ønskje om å sette fokus på at det er finns barn i familiar i alle kommunar som ikkje har like lett for å glede seg til jul. I juleaksjonen rettar vi difor eit spesielt fokus på følgjande grupper: Barn som lever i familiar med dårleg råd, barn på asylmottak og krisesenter. Ei helt vanleg Jul : Til dei prosjekta som skal gjennomførast med hjelp av midlar frå Juleaksjonen 2011 er det i år også stilt ein nokre særskilde krav: Barnet skal stå i fokus og bli direkte involvert i hendinga/aktiviteten Barnet skal få oppleve å ta del i eit fellesskap 4

Hendinga/aktiviteten skal i noko form få barnet til å kjenne meistringsglede, omsorg og ei heilt vanleg jul Aktiviteten skal vere noko utover det vanlege Behova er svært ulike frå barn til barn, situasjon til situasjon og kommune til kommune. Ut frå gitte budsjettrammer er lokalforeiningane oppmoda om på best muleg måte å fylle målet med at utsette og sårbare barn skal få ei heilt vanleg jul. Midlane kan gå til: Julegåver, leikar, kle eller andre gåver som barna treng. Juleopplevingar, juletrefest, aketur, besøk på juleteater, julebesøket: tog/flybillett for seg sjølv eller nær familie/vener eller julehuset, med juletre, pynt, mat. Fjorårets aksjon synte at lokalforeiningane viste stor dyktigheit i å finne barna og avdekke kven som hadde behov for ekstra hjelp i jula. RØDE KORS AVISA NR. 2 2011 Avisa er sendt Posten for distribusjon og det er venta at ho er i dei alle fleste postkassane veke 50. I tillegg til 42 000 hushald er avisa sendt til alle kommunar, fylkeskommune, fylkesmann, samarbeidspartar og andre som Røde Kors ønskjer skal kjenne til arbeidet vårt. Det er framleis aviser til overs, som lokalforeiningane kan få å bruke til stands eller liknande. Med dei store postmengdene som kjem til kvar av oss, hender det at avisa vår ved eit uhell hamnar i bosspannet. Difor kan det vere greitt å ha nokre på lur. Er de i Førde så kom gjerne oppom for å ta med aviser heim. JULEGÅVETIPS OG ØNSKJER - PÅ GIMEDHJERTET.NO Også i år har Røde Kors symbolkort og andre gåver, som krus, julekuler, på www.gimedhjertet.no. Desse har falt i smak og mange har handla hos Røde Kors. Det er framleis muleg å tinge julegåver og få dei levert før jul. MEN det hastar. Tingar du varene før 16. desember garanterer Posten levering før jul. RØDE KORS JULEKORT PÅ ESSO Nokre ESSO-stasjonar sel julekort for å støtte Røde Kors i det internasjonale malaria-arbeidet. Sjå etter julekortet på din Esso-stasjon og ver med å støtte dette viktige arbeidt. Kvart 45. sekund dør eit barn av malaria. 5 kr per kort går uavkorta til Røde Kors sitt malaria-arbeid. Korta vert selde i pakkar på 10 stk. OPNINGSTIDENE I JULA Distriktskontoret har redusert bemanning i romjula. 23. desember ope til kl 12:00 27. 30. desember ope frå 10:00-15:00 Tlf. 05003/Faks 57 723131 e-post: dk.sognogfjordane@redcross.no www.rodekors.no/sfj 5