Møteprotokoll Verneområdestyret for SVR Utval: Møtested: Norsk Villreinsenter Sør, Skinnarbu Dato: 24.8.2016 Tidspunkt: 9.00 11.30 Desse faste medlemmene møtte Namn Oddmund Ljosland Oddlaug H Tjomsland Bjørn Laugaland Thor Jørgen Tjørhom Gerd Helen Bø Per Sverre Kvinlaug Steinar Kyrvestad Margrethe Handeland Leiv Rygg Bjarte Sveinsvoll Dagestad Eva Nilsen Desse medlemmene hadde meldt forfall Namn Margunn Nedrebø Kari Raustein Jan Dalen Frå administrasjonen møtte Namn Guro Sødergren Alf Odden Tarjei Haugen Funksjon Nestleiar Leiar Funksjon Stilling Områdeforvaltar Områdeforvaltar Områdeforvaltar Underskrifter Vi stadfester med underskriftene våre at det som er ført i møteprotokollen, er i samsvar med det som vart vedtatt på møtet. Bjørn Laugaland (sign.) Oddlaug H Tjomsland (sign.) Per Sverre Kvinlaug (sign.)
Saksliste Utvalssaksnr ST 30/16 ST 31/16 ST 32/16 ST 33/16 ST 34/16 ST 35/16 ST 36/16 ST 37/16 Innhald Lukka Arkivsaksnr Godkjenning av innkalling og saksliste Val av to representantar til å skrive under møteprotokollen saman med styreleiar Orienteringar Klage på vedtak om løyve til å bygge Pytten og Langevassåne småkraftverk Klage på avslag om dispensasjon til transport med snøskuter i SVR Søknad om bruk av minigravar og utbetringstiltak på driftevegen frå Øvre Espedalsstøl i Frafjordheiane landskapsvernområde, gnr/bnr, 48/1, Forsand kommune, Øvre Espedal Velforening Klagesak - Søknad frå Sira-Kvina kraftselskap om dispensasjon til bygging av Storå kraftverk i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområder, Sirdal kommune Eventuelt 431 444 432.2 ST 30/16 Godkjenning av innkalling og saksliste. Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Innkalling og sakliste vert godkjende ST 31/16 Val av to representantar til å skrive under møteprotokollen saman med styreleiar Oddlaug H Tjomsland og Per Sverre Kvinlaug vart foreslått til å skrive under møteprotokollen saman med styreleiar.
Oddlaug H Tjomsland og Per Sverre Kvinlaug vert valde til å skrive under møteprotokollen saman med styreleiar. et var samrøystes. ST 32/16 Orienteringer Sekretariatet orienterte om desse sakene 1.Bruk av droner og nedsetting av boltar på Kjerag, Frafjordheiane landskapsvernområde. I løpet av sommaren har det vore stor auke i trafikken til Kjerag-platået. Det har vore fleire tilfelle av bruk av droner og også nedsetting av klatreboltar i området. Boltane er sett opp av utanlandske ekstremsportgrupper. Sekretariatet har sett opp ein midlertidig informasjonsplakat om at bruke av droner er søknadspliktig. I tillegg har sekretariatet tatt initiativ til eit møte med alle som har interesser og aktivitetar i Kjerag-området for å kartlegge omfanget av aktivitetane og diskutere kva for tiltak som er aktuelle. Invitasjon til eit slikt møte vert sendt ut om nokre dagar. Verneområdestyret må vere representert. 2. Forvaltingsplan for tre små verneområde på Hovden. Utkast til forvaltingsplan er sendt Miljødirektoratet for fagleg gjennomgang. Så snart vi har fått tilbakemelding vil planen bli tatt opp i AU og sendt på offentleg høyring. Prosjektleiar Jorunn Haugen har fått annan jobb. Engasjementet hennar vart difor avslutta 30. juni. Sekretariatet tar seg av det arbeidet som står att av forvaltingsplanen. 3. Opparbeiding av ulovleg parkeringsplass ved Grytdalen hyttefelt i Sirdal kommune Sekretariatet har blitt gjort merksam på at det er etablert ein parkeringsplass for to tre bilar langs vegen mellom Ådneram og Lysebotn, inne i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Parkeringsplassen er opparbeid utan løyve frå grunneigar. Sirdal kommune, SVR og Statens vegvesen har heller ikkje mottekje søknad. Sekretariatet utarbeider eit brev med krav om at parkeringsplassen må fjernast og området pussast opp så godt som råd før 1. november. Styreleiar signerer brevet. 4. Heiedagane 2016 Heiedagane er lagt til Hovden/Bykle kommune. Program for heile veka vart lagt fram for styret. Tysdag 13. september er det fagseminar på Hovden grendehus med tema: «Hovden som innfallsport til verneområda i Setesdal» 5. Tilsetting av ny forvaltar i Valle Det er 36 søkjarar til stillinga. Styreleiar og nestleiar må vere med på intervjua.
6. Sekretariatet la fram oversyn over vedtak i delegerte saker sidan mars i år. Styret hadde ingen merknader eller spørsmål til vedtaka. Styret tar sakene til orientering. et var samrøystes. ST 33/16 Klage på vedtak om løyve til å bygge Pytten og Langevassåne småkraftverk Forslag til vedtak Verneområdestyret for SVR tar klagene på vedtak i styresak 18/16 til fylgje og gjer dette vedtaket: I medhald av kapittel IV, punkt 1.1 i forskrift om vern av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde får Småkraft AS avslag på søknaden om dispensasjon til å bygge Langevassåne og Pytten kraftverk i Bygland kommune. Verneområdestyret oppmodar Bygland kommune, Fylkesmannens landbruksavdeling og Aust-Agder fylkeskommune til saman med grunneigar å finne løysingar som kan lette bruken av fjellgarden Pytten og sikre bevaring av kulturlandskapet og kulturminna. Forvaltingssekretariatet tar initiativ til at dette arbeidet vert sett i gang. Styret diskuterte saka. Leiv Rygg la fram dette forslaget til vedtak: «Verneområdestyret opprettheld sitt vedtak i styresak 18/16. Verneområdestyret ser ikkje at klagene har ført nye argument inn i saka. Det er naudsynt å sjå området ved Pytten ved sjølvsyn for å vurdere denne saka godt nok. Verneområdestyret ber difor Miljødirektoratet om å ta ei befaring til Pytten i samband med klagebehandlinga.» 10 styremedlemmer stemte for forslaget til Leiv Rygg. Eitt styremedlem stemte for forslaget til vedtak. Verneområdestyret opprettheld sitt vedtak i styresak 18/16. Verneområdetstyret ser ikkje at klagene har ført nye argument inn i saka. Det er naudsynt å sjå området ved Pytten ved sjølvsyn for å vurdere denne saka godt nok. Verneområdestyret ber difor Miljødirektoratet om å ta ei befaring til Pytten i samband med klagebehandlinga. et vart gjort med 10 av 11 stemmer.
ST 34/16 Klage på avslag om dispensasjon til transport med snøskuter i SVR Forslag til vedtak Verneområdestyret for SVR stadfester vedtaket i AU-sak 9/2016. Klaga vert sendt til Miljødirektoratet for endeleg handsaming. Styret diskuterte saka. Steinar Kyrvestad la fram dette forslaget til vedtak: «Verneområdestyret for SVR meiner AU burde gjeve løyve til snøskuterløyve vedr. utstyr til reinsjakt.» Forslaga vart stemt over. Eitt styremedlem stemte for forslaget til Steinar Kyrvestad. 10 medlemmer stemte for forslaget til vedtak. Som forslaget til vedtak. et vart gjort med 10 av 11 stemmer. ST 35/16 Søknad om bruk av minigravar og utbetringstiltak på driftevegen frå Øvre Espedalsstøl i Frafjordheiane landskapsvernområde, gnr/bnr, 48/1, Forsand kommune, Øvre Espedal Velforening Forvalters innstilling I medhald av 2 og 3, punkt 5.1 i Forskrift om vern av Frafjordheiane landskapsvernområde, samt 48 i naturmangfaldlova, får Øvre Espedal velforening v/ Laila Espedal løyve til å bruke minigravar for å utføre utbetringstiltak på driftevegen ut frå Øvre Espedalsstøl, gnr/bnr, 48/1 i Forsand kommune. Løyvet gjeld transport av minigravaren opp til Øvre Espedalsstøl og bruk av minigravaren over ein strekning på inntil 1 km innover driftevegen frå Øvre Espedalsstøl. Løyvet gjeld for tidsrommet 15.06-31.12.2017. Løyve blir gjeve med desse vilkåra: Minigravaren skal berre brukast langs stitraseen slik den er teikna inn på kartet som følgjer saksutgreiinga. Minigravaren skal ha gummibelter for å redusere slitasjen på terrenget. Minigravaren skal berre brukast på stader det ikkje oppstår kjørespor. Det må innhentast naudsynt løyve frå grunneigar, samt Forsand kommune. Andre vilkår går fram av standard løyve I medhald av 2, 3, punkt 1.1 og 3, punkt 1.3, bokstav c og d i Forskrift om vern av Frafjordheiane landskapsvernområde, får Øvre Espedal velforening v/ Laila Espedal løyve til å utføre utbetringstiltak på driftevegen søraustover frå Øvre Espedalsstøl, gnr/bnr, 48/1 i Forsand kommune.
Løyvet gjeld utbetringstiltak over ein strekning på inntil 1 km frå Øvre Espedalsstøl. Løyvet omfattar tiltak som grøfting, nedgraving av stein, nedlegging av rør og opplegging av masse i stitraseen. Rydding av vegetasjon langs stien kan gjennomførast utan søknad. Løyvet gjeld fram til 24.08.2019. Løyve blir gjeve med desse vilkåra Det må ikkje gjennomførast tiltak innanfor ein radius på 50 m frå registrert kulturminne ved Øvre Espedalsstøl som er teikna inn på kart som følgjer saksutgreiinga. Det må ikkje gjerast tiltak på strekningar av driftevegen kor det ikkje er erosjonskader eller problem med vassig. Den opparbeida stien, inkludert grøfter, skal ikkje ha ein bredde som overstig 1.5 m. Grøfta langs stien skal ikkje være djupare enn 40 cm eller ei breidde som overstig 40 cm. Overskotsmasse frå grøftinga skal leggast i stitraseen. Der det leggast ned rør skal røra dekkast til med masse. Det må innhentast naudsynt løyve frå grunneigar, samt Forsand kommune. Styret diskuterte søknaden. Som forslaget til vedtak. et var samrøystes. ST 36/16 Klagesak - Søknad frå Sira-Kvina kraftselskap om dispensasjon til bygging av Storå kraftverk i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Frafjordheiane landskapsvernområder, Sirdal kommune Forvalters innstilling Verneområdestyret tek klagene frå Fylkesmannen i Aust og Vest Agder og Villreinnemnda for Setesdalområdet til følgje, og gjer om sitt vedtak frå Styresak 17/2016. I medhald av naturmangfaldlova sin 48, får ikkje Sira-Kvina kraftselskap dispensasjon til å bygge Storå kraftverk. Tiltaket blir ikkje vurdert å oppfylle vilkåra for nokon av dei tre alternativa for dispensasjon etter naturmangfaldlova sin 48. Styret diskuterte saka. Thor Jørgen Tjørhom la fram dette forslaget: «Verneområdestyret opprettheld sitt vedtak i styresak 17/16. Verneområdestyret ser ikkje at klagene har ført nye argument inn i saka.»
Forslag vart stemt over. Ti styremedlemmer stemte for forslaget til Thor Jørgen Tjørhom, eitt styremedlem stemte for forslaget til vedtak. Verneområdestyret opprettheld sitt vedtak i styresak 17/16. Verneområdestyret ser ikkje at klagene har ført nye argument inn i saka. et vart gjort med 10 av 11 stemmer. ST 37/16 Eventuelt Ingen saker vart tatt opp under eventuelt.